Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Uff, så leit at du skal ha det sånn Mirabella :klemmer:

Hvis det er noen trøst så kan jeg rapportere om veldig få symptomer sålangt i graviditeten for min del også. Litt ømme pupper (men det har vært veldig til og fra), samt trøttere enn vanlig, men det har vært mest etter uke 10. Ellers så og si ingenting. Men knøttet mitt har det helt fint :) Bekreftet både ved UL (11+4) og hjertelyd som jeg hører på med jevne mellomrom (med hjemme-doppler).

Håper og tror at du vil få fantastiske nyheter på UL imorgen! :klemmer:

Så fint å høyra at knøttet i magen din har det bra! :) Kryssar fingrane for at eg er like heldig i morgon!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Krysser fingrene for morgendagen :hug:

Tusen takk for det, pusilus! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I ettermiddag følte eg meg litt småuggen. Litt seinare, rett før me skulle eta middag, vart eg plutselig kvalm. Stod over vasken og brekte meg fleire gangar, men eg spydde ikkje. Etterpå følte eg meg heilt fin igjen, og har ikkje merka noko meir etterpå.

Eg håpar jo sjølvsagt intenst at det er eit graviditetssymptom! Men egentlig synst eg det virkar ganske usannsynlig. Forrige gang eg var gravid var eg uggen/småkvalm innimellom i fleire veker, før eg i veke 9 begynte å brekka meg/kasta opp. Så det er jo litt rart om eg plutselig blir så kvalm no at eg brekkar meg, når eg ikkje har kjent antydning til verken kvalme eller andre graviditetssymptom før i dag!

Dessuten mistenker eg at kvalmen i dag rett og slett kom av at eg gruar meg noko så vanvittig til ultralyden i morgon. :( For eg har nemlig tendensar til å bli kvalm og brekka meg (og i verste fall kasta opp), viss det er noko eg gruar meg veldig til. Eit eksempel er då eg skulle ha eksamen ein gang. Fekk ikkje sova heile natta, for eg var så nervøs for eksamen dagen etter. Då morgonen kom, og eg måtte stå opp, fekk eg heilt panikk - for eg hadde ikkje sove eit sekund heile natta! Såg for meg at eksamen kom til å gå heilt skeis, fordi eg ikkje ville klara å halda meg våken og konsentrera meg om eksamen i så mange timar, når eg ikkje hadde sove om natta. Eg var så stressa, at eg brekte meg om og om igjen då eg kom på badet. Trur til og med at eg kasta opp litt. Og det kun fordi eg grua meg sånn til eksamen! Så når eg gruar meg veldig til noko, så kan altså kroppen min reagera slik. Så derfor tenker eg at det kan jo henda at nervøsitet for morgondagen, er grunnen til at eg vart så kvalm i dag. Men eg håpar jo sjølvsagt veldig på at det er svangerskapskvalmen som er på vei!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg kjenner veldig godt til det å vera kvalm når eg gruar meg til noko. Eg er akkurat slik sjølv. Og dei gongene eg var mest kvalm i graviditeten med pjokken, var rett før dei tidlige ultralydane. :sjenert:

Lykke til i morgon. Håpar alt står bra til og at du klarar å senka skuldrene litt og få trua etter å ha sett liv. :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for at dåke tenker på meg, jenter! :klem: Det set eg stor pris på! Men UL-opplevelsen i dag vart dessverre ikkje heilt som eg hadde håpa på. :( Det er nok ikkje for ingenting at eg har hatt ein veldig dårlig magefølelse i fleire veker. Eg har jo ikkje hatt eit einaste symptom så langt, og har bekymra meg veldig for det.

Då eg kom inn til gynekologen, så prata me først litt, før det var tid for UL. På skjermen såg eg med ein gang ein fostersekk, men eg kunne ikkje sjå noko hjerte som slo. Tenkte at dette såg ikkje bra ut. Gynekologen sa likevel at han kunne sjå at hjertet slo, og viste meg kor hjertet var. Eg klarte fortsatt ikkje å sjå det - men gynekologen sa at han såg hjerteslag, så då må eg jo stola på at det var sant.

Problemet var berre at fosteret var altfor lite, i forhold til kor langt eg er på vei. :grine: Eg har sjølv rekna meg fram til at eg skal vera 7+4 i dag, og akkurat det samme kom gynekologen fram til. Men fosteret var ikkje større enn at det tilsvarte 5+6. :( Det betyr altså at eg skulle ha vore 12 dagar kortare på vei enn det eg er, i følge størrelsen på fosteret. Og det stemmer jo ikkje i det heile tatt! Gynekologen spurte meg om eg var heilt sikker på at eg var så langt på vei, og om eg kanskje kunne hatt EL seinare. Eg svarte at det var ingen mulighet for det. For eg har brukt EL-testar, og veit nøyaktig kva dag eg hadde EL.

Gynekologen sa at eg likevel ikkje måtte gi opp håpet heilt enda. For så lenge det var hjerteaktivitet, så var det håp! Han sa at det var 50% sjanse for at dette kunne gå bra, men at det var umulig å vita korleis det kom til å gå. Eg må derfor koma tilbake igjen om ei veke, for ny UL. Gynekologen sa at eg då kunne få eit sikkert svar på om dette såg bra ut, eller om svangerskapet måtte avsluttast. Men når eg tenkte på det etterpå, så skjønnar eg ikkje heilt korleis han kan vita noko sikkert om ei veke. For kva om fosteret fortsatt er for lite, men det er hjerteaktivitet då også? Det er vel ingen legar som fjernar eit foster som lever, eller?

Etter undersøkelsen sa gynekologen til meg at uansett korleis dette gjekk, så skulle han garantera at han skulle få meg gravid igjen (uten at eg skjønnar korleis det er mulig å garantera noko sånt...). Han sa at han hadde eit anna behandlingsopplegg for meg då, som han trudde ville fungera bedre på meg enn pergoen som eg brukte før eg vart gravid denne gangen. Eg veit ikkje kva han tenkte på, men men...

Eg håpte så veldig på å få eit positivt svar i dag, etter å ha gått rundt og bekymra meg i fleire veker - men no er eg berre enda meir bekymra enn før. :trist: Etter dagens UL føler eg meg nesten heilt overbevist om at dette kjem til å gå gale, og eg har jo fortsatt ingen graviditetssymptom. Så eg må ærlig innrømma at eg trur det er mykje mindre enn 50% sjanse for at dette skal gå bra. :( Men eg kan jo likevel ikkje gje opp håpet heilt enda!

Å, eg er så ufattelig lei meg! :grine: Kvifor skal eg oppleva dette her, etter endelig å ha blitt gravid etter meir enn 1 1/2 års prøvetid? :cry3: Livet er jammen urettferdig...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, så triste nyheter. Men er det hjerteaktivitet, er det fremdeles håp. Kanskje embryoet har gått i dvale ei stund, og at det derfor ikkje har utvikla seg som normalt? Det blir nok ei veldig tøff veke, dette. Det er usikkerheita som er det verste, synst iallfall eg. :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Uff, så trist at det ble sånn! Og at du ikke kunne få noe sikkert svar så du skal gå rundt og bekymre deg enda lengre... :troest:

Jeg er langt fra ekspert på dette her, men kan det være at Pergo-kuren medførte at det ble sluppet mer enn ett egg? At det som ble befruktet ble sluppet senere enn det du registrerte med EL-test? Mulig jeg er helt på villspor her altså, men jobben min er å analysere og prøve å forklare uventede resultater (driver med forskning, så det skjer ofte).

Som gynekologen sa så er det jo enda håp. Krysser alt jeg har for at du skal få positive nyheter neste uke!! :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Blondie65

Det var jo ikke akkurat dette svaret du ventet på Mirabella. Men jeg er enig med legen din: ikke gi opp helt enda.

Det legen kan finne ut er om fosteret vokser normalt på den uken det er til neste ultralyd og selvsagt få gjort noe med det tidlig dersom det går galt.

Jeg har ikke noen voldsomt vettuge ord å komme med Miraballa, men håper du kan finne litt trøst i at du er i mange av oss sine tanker.

Stor klem :klem:

PS.: Har du noen å snakke med om dette eller bærer du det helt alene. Tror det er viktig at du finner deg en alliert du kan stole på og som du vet at du kan snakke med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Huff da :tristbla:

Vet ikke helt hva jeg skal si jeg. :kose:

Håper av hele mitt hjerte at embryoet har hatt seg en dvaleperiode :pls:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, så triste nyheter. Men er det hjerteaktivitet, er det fremdeles håp. Kanskje embryoet har gått i dvale ei stund, og at det derfor ikkje har utvikla seg som normalt? Det blir nok ei veldig tøff veke, dette. Det er usikkerheita som er det verste, synst iallfall eg. :hug:

Trur nok ikkje at embryoet har gått i dvale, det er nok noko som er gale med den lille spiren i magen min. :( Ja, usikkerheten er veldig vanskelig å takla. :( Går liksom berre rundt og ventar på den endelige dommen. Hadde vore mykje bedre om kroppen min berre kvitta seg med fosteret så fort som mulig, viss noko er gale - i staden for å la meg gå rundt i uvisse i veke etter veke. :sukk:

Uff, så trist at det ble sånn! Og at du ikke kunne få noe sikkert svar så du skal gå rundt og bekymre deg enda lengre... :troest:

Jeg er langt fra ekspert på dette her, men kan det være at Pergo-kuren medførte at det ble sluppet mer enn ett egg? At det som ble befruktet ble sluppet senere enn det du registrerte med EL-test? Mulig jeg er helt på villspor her altså, men jobben min er å analysere og prøve å forklare uventede resultater (driver med forskning, så det skjer ofte).

Som gynekologen sa så er det jo enda håp. Krysser alt jeg har for at du skal få positive nyheter neste uke!! :hug:

Ja, dette er berre trist! :(

Eg er 100% sikker på at det ikkje har blitt sleppt egg seinare enn det eg trur. Eg har tempa tidlegare, og veit korleis syklusen min er. I tillegg brukar eg alltid EL-testar, og har til og med tempa heilt fram til mensen kjem enkelte gangar - berre for å vera sikker på at eg ikkje får positive EL-testar meir enn ein gang i kvar syklus. Og det har aldri skjedd! Dessuten er lutealfasen min alltid nøyaktig like lang kvar einaste syklus. Så sjølv om eg har litt varierande lengde på syklusane frå månad til månad, så veit eg alltid nøyaktig kva dag mensen kjem etter at eg har fått positiv EL-test. Så ja, eg veit akkurat når eg hadde EL, og eg veit heilt sikkert at eg er 8 veker på vei no!

Skulle virkelig ønskja at det var ein mulighet for at eg hadde tatt feil altså - og at eg faktisk var kortare på vei enn det eg har rekna meg fram til at eg er. Men det er dessverre ingen mulighet for det. :(

Det er nok ikkje mykje håp lenger, sjølv om eg skulle ønskja meir enn noko anna at det var det! Eg kjenner kroppen min godt nok til at eg veit at sånn som det følest no, det er ikkje sånn det skal følast å vera gravid. :grine:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var jo ikke akkurat dette svaret du ventet på Mirabella. Men jeg er enig med legen din: ikke gi opp helt enda.

Det legen kan finne ut er om fosteret vokser normalt på den uken det er til neste ultralyd og selvsagt få gjort noe med det tidlig dersom det går galt.

Jeg har ikke noen voldsomt vettuge ord å komme med Miraballa, men håper du kan finne litt trøst i at du er i mange av oss sine tanker.

Stor klem :klem:

PS.: Har du noen å snakke med om dette eller bærer du det helt alene. Tror det er viktig at du finner deg en alliert du kan stole på og som du vet at du kan snakke med.

Godt å vita at det er nokon som tenker på meg! :klem:

Ja, eg har heldigvis nokon å snakka med. Men det er godt å ha eit par forum på internett i tillegg, der eg også kan få ut tankar og frustrasjon! Men eg unngår helst å snakka med mannen min om dette her. :sjenert: Han blir nemlig berre irritert over at eg er så negativ, og allerede har gitt opp håpet. For han stolar heilt på det legen sa, og meinar at det er 50% sjanse for at det skal gå bra. Men eg veit bedre, for det er eg som kjenner kroppen min - og eg veit berre at dette ikkje kjem til å gå bra. :trist:

Huff da :tristbla:

Vet ikke helt hva jeg skal si jeg. :kose:

Håper av hele mitt hjerte at embryoet har hatt seg en dvaleperiode :pls:

Takk for klem! :klem:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I går kveld fekk eg igjen menssmerter på høgre sida, både i magen og ryggen - akkurat sånn eg fekk nokre dagar etter at eg hadde testa positivt! :( Var omtrent like vondt som det var forrige gang. Det varte heile kvelden, men det vart mindre vondt etter kvart. Då eg gjekk for å leggja meg, var det berre så vidt eg kjente det. Men då eg stod opp i dag, kjente eg det fortsatt litt. Og sånn har det vore i heile dag, men mykje svakare enn i går kveld. Det kjem og går heile tida, og enda er ikkje smertene heilt vekke. Men no er det så lite at det meir følest ubehagelig, enn direkte vondt. Har utrulig nok ikkje sett ein bloddråpe foreløpig.

No er eg iallfall minst 99% sikker på at dette ikkje kan gå bra! :( For det første har eg ikkje eit einaste graviditetssymptom, sjølv om eg er 8 veker på vei i dag. :( Og når eg "endelig" kjenner noko, så er det dei forbaska menssmertene som dukkar opp! :sur: Og eg veit jo at mensmerter i mage/rygg er typiske abortsmerter, så eg reknar med at kroppen min jobbar med å bli kvitt fosteret, men ikkje klarar det heilt enda. Kan aldri hugsa at eg hadde menssmerter forrige gang eg var gravid, så eg trur ikkje akkurat det er nokon sjanse for at menssmertene kan vera noko graviditetssymptom.

Det som er så rart, er at etter UL på torsdag, så ga eg liksom opp alt. Fram til då hadde eg jo gått rundt og vore veldig bekymra i fleire veker, men heile tida hadde eg eit håp om at den dårlige magefølelsen min var feil, og at alt var bra med den lille spiren min. Men då eg kom på UL og fekk vita at fosteret var altfor lite, tenkte eg "Det var det eg visste!" For eg hadde jo følt så sterkt på meg at noko var gale. Derfor var det ingen overraskelse å få ein slik beskjed, sjølv om eg vart kjempeskuffa og lei meg.

Og etter UL på torsdag, så har eg følt det heilt anneleis enn eg gjorde før UL. Eg føler liksom ingenting, og synst egentlig det er veldig trist. :( For egentlig burde eg jo vera kjempetrist og ulykkelig no! Men eg klarar rett og slett ikkje å ta inn over meg kva som er i ferd med å skje. Det følest så uvirkelig at eg skal mista den lille oktoberspiren min, som var så ekstremt etterlengta! :( Trur at grunnen til at eg ikkje klarar å sørga, er fordi eg verken har blødd eller abortert enda, og eg veit at hjertet til den lille slo då eg var på UL på torsdag. No har eg rett og slett stengt ute alle følelsar, og orkar ikkje å tenka på det. Og eg bekymrar meg ikkje lenger for at noko er gale, for eg veit allerede at det er det, og at eg ikkje skal bli mamma i oktober likevel. :trist:

Trur at det først er etter at alt er over, at eg kjem til å klara å sørga. Tippar at eg då berre kjem til å grina og grina, og ha det heilt forferdelig i lang tid. :( Og samtidig vera livredd for at eg aldri skal klara å bli gravid igjen! Men akkurat no føler eg som sagt ingenting, og lever som om ingenting har skjedd - og det skremmer meg egentlig litt at kroppen kan reagera sånn...

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Søte deg, ikke ta sorgene på forskudd!!! :troest: De første ukene jeg gikk med S, hadde jeg EKSTREME magesmerter. Kjenner de litt igjen i hva du beskriver.. Det gjorde så vondt at jeg lå på sofaen og vrei meg, og ropte til min kjære at "skal det være slik i ni måneder blir detta den første og siste ungen vi får!!" - Men heldigvis gikk det jo over etter noen uker... ;)

Kroppen vår er faktisk laget sånn at så fort det kommer noe "fremmed" i den, så prøver den å støte det fra seg. Slik sett, gjør vel kroppen alltid et forsøk på å abortere med en gang det har skjedd en unnfangelse... Men det går jo som regel bra, til det nye barnets fordel! ;)

Jeg tror du er litt fylt med bekymrede, triste tanker som gjør at du blir veldig pessimistisk i forhold til dette svangerskapet. Men vet du? Jeg er rimelig sikker på at det kommer til å gå helt fint!! :hjerte: Jeg krysser alle fingre og tær for spiren din! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...