Mirabella76 Skrevet 11. april 2012 Forfatter #981 Del Skrevet 11. april 2012 Jeg håper dette går bedre enn du frykter. Tusen takk! Uff, for en situasjon, Mirabella! Stor klem og alle gode ønsker sendes din vei! Tusen takk for omtanken, jenter! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. april 2012 Forfatter #982 Del Skrevet 12. april 2012 (endret) For 2 dagar sidan (på IKM-dagen) tok eg jo ein CB-graviditetstest, som var klart positiv. Det kom opp eit tydelig blått kryss nesten med ein gang. I dag tidleg tok eg ein ny test, ein CB digital graviditetstest. Etter veldig kort tid kom det opp Gravid i displayet. Akkurat slik var det i fjor også, då eg vart gravid og mista tidleg. Graviditetstestane var klart poisitive heilt frå starten av. Då tok eg også slike digitale testar med vekeindikator, som steig jevnlig frå veke til veke, i løpet av dei første vekene. Det betyr jo at HCG-nivået i kroppen min steig. Likevel var fosteret dødt, då eg kom på UL. Så eg stolar ikkje eingang litt på desse positive graviditetstestane! Kroppen min har nemlig lurt meg før, og eg berre veit at det er det som skjer no igjen. Kvar einaste dag kjenner eg veldig svake menssmerter ein eller fleire gangar i løpet av dagen. Smertene er ikkje sterke, men eg veit at det er eit dårlig tegn uansett. Har fortsatt ikkje kjent stikkingar i magen, som eg veit er eit veldig positivt tidleg graviditetstegn for meg. Og heller ingen andre graviditetssymptom - kun dei der forbaska menssmertene! Har ikkje ord for kor grusomt urettferdig eg synst dette er! No har me snart vore prøvarar i 3 år. I løpet av denne tida har eg blitt gravid 2 gangar, og så går det berre gale når eg endelig, etter så lang tid, endelig klarar å bli gravid! Fy søren altså, kor er rettferdigheten i dette her? Eg blir nødt til å bestilla meg ein UL-time om eit par veker, då skal eg vera ca 6 veker på vei. Er vel ingen vits med noko UL før den tid uansett. I veke 6 skal det jo vera mulig å sjå hjerteslag på UL, viss alt er normalt. Eg veit at det ikkje er noko liv, men eg vil berre få det bekrefta fortast mulig, sånn at eg blir ferdig med dette marerittet. Det beste hadde vore om eg berre begynte å blø av meg sjølv. Men det blir vel berre samme dritten som forrige gang, at eg må ta tablettar for å få i gang aborten. Huff, dette er forferdelig! Sit berre her og griner, for eg er så utrulig lei meg. No kan me vel tidlegast håpa på nytt prøverørsforsøk rett etter sommaren, og det følest veldig lenge til. Begynnar også å bli redd for at eg ikkje lenger kan få barn. At det er noko som er feil, sidan eg strevar sånn med å bli gravid, og at fostera ikkje er levedyktige når det endelig klaffar. Og viss det er tilfelle, så er vel oddsa like dårlige om eg blir gravid ved hjelp av prøverør? For når eg no har mista 2 gangar på rad etter så lang prøvetid (eg er 99,9% sikker på at dette går gale), så har eg ingen tru på at det er tilfeldig og innanfor normalen. Og det skremmer meg veldig! Skulle ønskja at nokon kunne lova meg at det var slutt på all elendigheten no, at eg snart blir gravid igjen, og at alt går bra då! Dessverre er det ingen som kan lova meg nokon ting. Det er vel dessverre heller slik at når det no har gått gale 2 gangar på rad, så er det enda større sjanse for at det skal skje igjen. Endret 12. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Marikke Skrevet 12. april 2012 #983 Del Skrevet 12. april 2012 Jeg kommer ikke på noe trøstende å si, men jeg tenker på deg og håper de neste par ukene ikke blir altfor ille. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ilja** Skrevet 12. april 2012 #984 Del Skrevet 12. april 2012 Krysser fingrene for deg, Mirabella Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kommode Skrevet 12. april 2012 #985 Del Skrevet 12. april 2012 Så vondt at du må gå igjennom dette. Håper du får ultralydtime så fort som mulig så du slipper å vente lenger enn nødvendig på å se hvordan det ser ut der inne. Og håper du får masse trøst og klemmer så du kommer deg igjennom de neste to ukene Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 16. april 2012 Forfatter #986 Del Skrevet 16. april 2012 Jeg kommer ikke på noe trøstende å si, men jeg tenker på deg og håper de neste par ukene ikke blir altfor ille. Krysser fingrene for deg, Mirabella Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 16. april 2012 Forfatter #987 Del Skrevet 16. april 2012 (endret) Så vondt at du må gå igjennom dette. Håper du får ultralydtime så fort som mulig så du slipper å vente lenger enn nødvendig på å se hvordan det ser ut der inne. Og håper du får masse trøst og klemmer så du kommer deg igjennom de neste to ukene Ja, det er grusomt å måtte gå gjennom dette her enda ein gang. Fryktelig urettferdig er det. Har fått time til tidleg UL hos gynekolog 26. april. Då skal eg vera litt over 6 veker på vei. Har fortsatt ingen graviditetssymptom, og ingen blødningar. Har ikkje kjent meir av menssmertene dei siste dagane, det følest berre heilt dødt der inne - og det er vel nettopp det det er. Akkurat sånn som sist... Mannen min har reist på jobb i Nordsjøen, så eg må nok koma meg gjennom dei neste vekene uten trøst og klemmar. Har ikkje fortalt til nokon andre enn mannen min at eg har testa positivt, og mistenker ein ny MA. Men eg er glad for at eg har jenta mi på 3 år, å kosa meg med. Når eg er saman med henne, klarar eg lettare leggja vekk alle dei vonde tankane. Gode jenta mi! Slitsomt å koma seg gjennom dagane, eg vil helst berre bli ferdig med all elendigheten fortast mulig. Tenker innimellom at kanskje er det håp likevel, sidan eg ikkje har kjent nokon menssmerter dei siste dagane, og at menssmertene eg har hatt tidlegare har vore ganske svake og berre i magen (kjente ganske sterke menssmerter både i mage og rygg eit par gangar, forrige gang eg mista). Men så veit eg med meg sjølv at det er heilt usannsynlig, og at det berre er eg som ikkje orkar å ta innover meg at eg skal oppleva ein MA enda ein gang, etter snart 3 års prøving. For dei tidlege graviditetssymptoma eg hadde då eg var gravid med jenta mi, har vore totalt fråverande denne gangen. Då eg var gravid med jenta mi, hadde eg heller ingen antydning til menssmerter - mens denne gangen er menssmerter det einaste eg har kjent etter at eg vart gravid! Det seier seg vel egentlig sjølv at denne graviditeten aldri blir noko av. Eg er sikker på at fosteret slutta å utvikla seg rett etter at egget festa seg, sidan eg kjente middels sterke menssmerter allerede den dagen egget festa seg. Tyder vel på at noko var gale heilt frå starten av. Forrige gang eg var gravid, utvikla iallfall fosteret seg fram til nesten 6 veker. Lurer på om problemet mitt kan vera dårlig eggmodning. At egga mine rett og slett er for dårlig modna når eggløysinga skjer, og at fosteret derfor ikkje utviklar seg ordentlig. For den einaste forandringa etter at eg var gravid med jenta mi, er at eg har begynt å få tidlegare eggløysing, og innimellom veldig korte syklusar heilt uten eggløysing. Både denne gangen, og i fjor då eg mista, vart eg gravid i syklusen etter ein syklus uten eggløysing. Det virkar som om kroppen min kun klarar å få til ei bra nok eggløysing, etter ein månad uten eggløysing. For denne gangen kom eggløysinga til normal tid. Når eg får eggløysing i fleire syklusar på rad, så kjem eggløysinga vanlegvis allerede på syklusdag 11-13, og det er altfor tidleg for meg. Då er egga garantert ikkje ordentlig modne. Då eg vart gravid med jenta mi, hadde eg alltid eggløysing mellom syklusdag 14 og 19, så det er egentlig det normale for meg. Så eg mistenker at eg i denne syklusen, og i syklusen eg vart gravid i for eit år sidan, fekk bra nok eggløysing til at eg vart gravid, men at egget ikkje var godt nok modent til at fosteret klarte å utvikla seg. Noko anna eg har tenkt på, er at eg kanskje har for dårlig progesteronproduksjon, etter at egget har festa seg. For det at eg har begynt å få så tidleg EL i dei aller fleste syklusar, og stadig får fleire veldig korte syklusar heilt uten eggløysing, kan vel tyda på at kroppen min produserer for lite progesteron? For det er jo progesteron som må til, for at egga skal modnast ordentlig, etter kva eg har skjønt. Og høg nok progesteronproduksjon er vel også heilt sentralt så lenge fosteret får næring gjennom plommesekken i starten av graviditeten, før morkaka tar over? Eg kjem iallfall til å kreva å få progesteronstøtte heilt fram til veke 12 (minst), viss eg blir gravid etter IVF-forsøk. Vanlegvis sluttar ein vel med det så fort ein testar positivt? Men eg veit at det er mange som har mista fleire gangar, som får progesteronstøtte lenger. Ein annan mulighet til abortane mine, er jo sjølvsagt også at pga alderen min, så er egga mine av dårlig kvalitet. Håpar virkelig ikkje at det er tilfelle, for det går det jo ikkje an å gjera noko med. Men eg synst det er litt rart at egga mine plutselig skal ha blitt så dårlige. Eg opplevde ingen abortar før eg vart gravid med jenta mi etter 8 månaders prøving, og me starta prøvinga på nr 2 då ho berre var 8-9 månader gammal. Så det hadde jo ikkje akkurat gått så lang tid sidan forrige graviditet. Dessuten har eg lav FSH, som tyder på god eggkvalitet - og AMH er også innanfor normalen, så eggreservane mine skal ikkje vera tomme enda. Huff, eg blir heilt gal av å tenka på kva som kan vera grunnen til at eg mistar. Og det verste av alt er å ikkje vita grunnen! Eg trudde at aborten i fjor var ein tilfeldighet, og at me berre hadde uflaks. No trur eg ikkje det lenger. Det er noko eitt eller anna som er feil, men kva? Endret 16. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Luremegpå Skrevet 17. april 2012 #988 Del Skrevet 17. april 2012 Hei Prøv og nyt dagene! Lett for meg og si.men du trenger virkelig gode klemmer og positiv energi. jeg har og mensmerter,og mye vondt i magen hver dag,men du må ha troen! Ha en fin dag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 17. april 2012 #989 Del Skrevet 17. april 2012 (endret) Bare innom med en for å si at jeg tenker på deg. Håper dagene frem til neste fredag går raskt. Når kommer mannen hjem fra jobb igjen? Trasig når han må reise bort når du har det vanskelig Ang progesterontilskudd, jeg gikk på full dose ifbm fryseforsøket frem til uke 10 og så trappet jeg ned gradvis før jeg sluttet da jeg var 11+4 siden jeg ikke følte meg komfortabel med å bråslutte. Endret 17. april 2012 av pusilus Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 18. april 2012 Forfatter #990 Del Skrevet 18. april 2012 (endret) Hei Prøv og nyt dagene! Lett for meg og si.men du trenger virkelig gode klemmer og positiv energi. jeg har og mensmerter,og mye vondt i magen hver dag,men du må ha troen! Ha en fin dag! Gratulerer så mykje med graviditeten! Hadde vore koselig om me kunne følgja kvarandre heilt fram til termin, men detg spørs vel. Kryssar iallfall fingrane for at alt står bra til med den lille i magen din! Ikkje så lett å nyta dagane, sånn situasjonen er no. Men eg skjønnar kva du meinar. Det er dumt å ta sorgene på forskudd, sjølv om eg har ein veldig sterk mistanke om at dette svangerskapet mitt ikkje blir noko av. Men såklart, det er alltid eit bittelite håp, så lenge eg ikkje har fått bekrefta at noko er gale. Så eg lovar å prøva så godt eg kan å ikkje vera altfor trist og lei meg, i veka fram til UL neste torsdag. Men å gleda meg over graviditeten, det klarar eg ikkje. Trur det er ein slags forsvarsmekanisme. Eg klarar ikkje å vera glad for at eg har blitt gravid, så lenge eg veit at sjansen er så stor for at det går gale. Då blir det berre ein enda større nedtur, den dagen eg då får beskjed om at det ikkje er liv. Så lenge eg er forberedt på ein negativ beskjed, så blir det litt lettare å takla, innbiller eg meg. For då blir det som forventa, sjølv om det er kjempetrist uansett. Ikkje kjekt med menssmerter, nei! Kryssar fingrar og tær for at menssmertene me begge har kjent så langt, er heilt ufarlige. Me må jo ha trua, som du seier! Eg tok forresten ein ny digital CB-test i dag, med vekeindikator. I displayet kom det opp "Gravid 3+", som betyr at det er meir enn 3 veker sidan befruktninga, og at eg er meir enn 5 veker på vei. Dette stemmer akkurat med kor langt eg er på vei. Eg er litt over 5 veker på vei no. Så det er jo tydelig at HCG i kroppen min stiger, og det må eg sjølvsagt prøva å sjå positivt på! Det er berre det at eg lot meg lura av slike testar med vekeindikator forrige gang eg vart gravid, og mista. Då tok eg slike testar fleire gangar i løpet av dei første vekene, og testane steig frå 2-3 opp til 3+, når dei skulle. Derfor tenkte eg at det var håp om at alt var i orden, til tross for at eg fleire gangar hadde hatt kraftige menssmerter i mage og rygg. Men då eg kom på UL, var det ikkje liv. Så det var tydelig at kroppen min ikkje hadde skjønt at embryoet var dødt, og fortsatte å produsera HCG. Så egentlig gir jo slike testar ein falsk trygghet, sidan noko kan vera gale likevel, sjølv om testane tyder på det motsatte. Så eg hoppar på ingen måte i taket over dagens graviditetstest. Eg er realistisk, og veit at sjansen er stor for at det er det samme som skjer no, som forrige gang eg var gravid. Men eit lite håp må det jo vera lov å ha! Menssmertene har eg ikkje kjent noko til på fleire dagar. Men fleire gangar har eg kjent ein veldig svak, litt rar følelse, nederst i magen. Det er ikkje sånne stikkingar som eg hadde mykje av tidleg i svangerskapet, då eg var gravid med jenta mi. Det er mykje svakare, ja nesten umerkelig. Faktisk er det sånn at eg nesten lurer på om eg berre innbiller meg det, fordi eg så veldig gjerne ønskjer å kjenna nokon ordentlige graviditetssymptom. Eg har forresten fått UVI. Kjente det for ei vekes tid sidan, men har håpa at det skulle gå over av seg sjølv. Det gjorde det ikkje, så eg har begynt på penicillinkur i dag. Kan like godt vera pga UVIen at eg føler eg har kjent noko i magen nokre gangar, i løpet av dei siste dagane. Ha ein riktig fin dag, du også! Endret 18. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kommode Skrevet 18. april 2012 #991 Del Skrevet 18. april 2012 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Wanita Skrevet 18. april 2012 #992 Del Skrevet 18. april 2012 Håper virkelig at dette går riktige veien! Har selv mistet i MA (en gang) Men det var så vondt så vondt, så regner ikke med du har det noe lettere akkurat!!! Vi er heldige som har klart å få barn før, og har de å trøste oss på. Masse lykke til, håper at når jeg leser her neste uke at du juuubler. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 18. april 2012 Forfatter #993 Del Skrevet 18. april 2012 (endret) Bare innom med en for å si at jeg tenker på deg. Håper dagene frem til neste fredag går raskt. Når kommer mannen hjem fra jobb igjen? Trasig når han må reise bort når du har det vanskelig Ang progesterontilskudd, jeg gikk på full dose ifbm fryseforsøket frem til uke 10 og så trappet jeg ned gradvis før jeg sluttet da jeg var 11+4 siden jeg ikke følte meg komfortabel med å bråslutte. Kjekt å vita at du tenker på meg, pusilus! Det er slitsomme dagar for tida. Heldigvis er eg opptatt med jenta mi, jobb o.l. om dagane, så eg får ikkje så mykje tid til å tenka, utenom på kveldane. Då går heldigvis dagane litt fortare. Berre ei veke igjen til UL no. UL er på torsdag i neste veke, ikkje fredag. Viss alt går etter planen, kjem mannen min heim neste onsdag. Altså dagen før eg skal på UL. Håpar berre han ikkje må bli igjen ei veke ekstra. Det ville ha føltest ille, viss det viser seg at det ikkje er liv, og eg må gjennom ein ny medisinsk abort. Men eg kryssar fingrane for at mannen min kjem seg heim når han skal. Progesterontilskudd trur eg er veldig viktig å testa ut, når ein har mista fleire gangar. Stemmer det at morkaka overtar progesteronproduksjonen først i veke 12, eller skjer det litt tidlegare sidan du slutta med progesterontilskudd litt før du var 12 veker på vei? Eg vil iallfall ikkje ta noko sjansar, viss det går gale denne gangen også. Blir eg gravid igjen, så kjem eg til å kreva å få progesterontilskudd fram til det er 100% sikkert at morkaka har tatt over hormonproduksjonen. Sikkert også lurt å trappa ned gradvis slik du gjorde, og ikkje bråslutta med progesterontilskudd. Endret 18. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 18. april 2012 Forfatter #994 Del Skrevet 18. april 2012 (endret) Håper virkelig at dette går riktige veien! Har selv mistet i MA (en gang) Men det var så vondt så vondt, så regner ikke med du har det noe lettere akkurat!!! Vi er heldige som har klart å få barn før, og har de å trøste oss på. Masse lykke til, håper at når jeg leser her neste uke at du juuubler. Ja, tenk hadde dette gått rette veien! Eg har veldig lite tru på det, men eit ørlite håp må det vel vera lov å ha? Eg kan jo ikkje berre gi opp, så lenge eg ikkje veit 100% sikkert at det har gått gale. Men det er vanskelig å vera positiv, når så mykje tyder på at det ikkje går bra denne gangen heller. Trist å høyra at du også har opplevd MA. Det er forferdelig å mista den lille spiren ein har venta så lenge på. Og sidan me no har vore prøvarar veldig lenge, blir det heile berre enda meir trist, om det skulle gå gale igjen. Ja, me er heldige som har klart å få barn før! Eg tenker ofte på det, når alt følest håplaust og vanskelig. Klarar ikkje ein gang å forestilla meg korleis eg skulle ha klart å koma gjennom denne prøvetida, der eg har opplevd nedturar gang på gang - viss det ikkje hadde vore for at eg hadde jenta mi å kosa meg med! Men eg synst det vil vera ufattelig trist om eg aldri skal få oppleva å bli mamma igjen, og om jenta mi aldri skal få bli storesøster. Får berre håpa at lykka snur ein dag, og at alt det vonde då nesten er gløymt! Takk for lykkeønskingar! Hadde vore fantastisk om eg kunne ha jubla om ei veke. Men eg er realistisk, så eg forventar at det blir ein trist dag. Så får eg heller bli positivt overraska om det skulle visa seg at dette svangerskapet mot alle odds skulle enda bra! Endret 18. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Luremegpå Skrevet 18. april 2012 #995 Del Skrevet 18. april 2012 Btw,fikk du pencilin? Jeg har 2+proteiner i urinen,men fikk beskjed om at det ikke var noe som kunne behandles nå som jeg er gravid.. Merkelig.. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 19. april 2012 Forfatter #996 Del Skrevet 19. april 2012 Btw,fikk du pencilin? Jeg har 2+proteiner i urinen,men fikk beskjed om at det ikke var noe som kunne behandles nå som jeg er gravid.. Merkelig.. Det er ein type penicillin, ja - som er anbefalt mot UVI når ein er gravid. Står også i pakningsvedlegget at det ikkje er påvist fosterskader ved bruk av den medisinen. UVI er jo nødt til å behandlast! Ein gang for fleire år sidan utvikla UVIen min seg til begynnande nyrebekkenbetennelse, og det er jo farlig. Så det går jo ikkje an å la vera å behandla UVI, sjølv om ein er gravid. Men ein må jo sjølvsagt vera sikker på at ein får ein type penicillin som ikkje er skadelig for fosteret. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Luremegpå Skrevet 24. april 2012 #997 Del Skrevet 24. april 2012 Det er ein type penicillin, ja - som er anbefalt mot UVI når ein er gravid. Står også i pakningsvedlegget at det ikkje er påvist fosterskader ved bruk av den medisinen. UVI er jo nødt til å behandlast! Ein gang for fleire år sidan utvikla UVIen min seg til begynnande nyrebekkenbetennelse, og det er jo farlig. Så det går jo ikkje an å la vera å behandla UVI, sjølv om ein er gravid. Men ein må jo sjølvsagt vera sikker på at ein får ein type penicillin som ikkje er skadelig for fosteret. Dustelege, neida, men i dag fikk jeg, for nå er jeg så sykt dårlig i tillegg til svangerskapskvalmen. 4+ var den i dag, kjenner det kunne vært unngått ja! Men du? Hvordan går det??? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Wanita Skrevet 24. april 2012 #998 Del Skrevet 24. april 2012 (endret) Skrev i helt feil dagbok. Unnskyld. Jeg skulle oppdatere meg på din før jeg svarte tenkte jeg for jeg hadde litt dårlig tid i sted. Skal lese mer senere og gi et myyye bedre svar neste gang Endret 24. april 2012 av Wanita Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 24. april 2012 #999 Del Skrevet 24. april 2012 På min klinikk sier de at morkaken tar over produksjonen av progesteron i uke ti, og det har jeg også lest flere steder, likevel er det flere klinikker som kjører progesteron tom uke 12 og da evt med en nedtrapping fra uke ti. Dette kommer helt an på historikk og praksis. Jeg fikk beskjed om at jeg helt fint kunne slutte med det etter ti uker, men det var ingen ting i veien for at jeg brukte et par uker på nedtrapping. Ved fryseforsøk i stimulert syklus er også progesterondosen mye høyere enn ved normal syklus, siden det gule legemet ikke er tilstede Ved ferskforsøk er det vanlig praksis ved min klinikk at det bare er progesterontilskudd frem til positiv test, men det er da også mulig med lenger behandling pga av historikk med aborter. Det er bare å spørre, det skader ikke Jeg har bare fått positive svar. Håper det går bra med deg og at mannen kommer hjem i morgen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 24. april 2012 Forfatter #1000 Del Skrevet 24. april 2012 (endret) Dustelege, neida, men i dag fikk jeg, for nå er jeg så sykt dårlig i tillegg til svangerskapskvalmen. 4+ var den i dag, kjenner det kunne vært unngått ja! Men du? Hvordan går det??? Ja, det høyrest ut som ein skikkelig dustelege! Jammen bra at du fekk penicillinkur i dag iallfall. Ikkje noko kjekt med ubehandla UVI - det veit eg alt om! Kva heiter dei tablettane du fekk? Korleis det går med meg? Vel, eg prøver å tenka minst mulig på det eg har i vente på torsdag. Orkar rett og slett ikkje å tenka for mykje på at eg enda ein gang må oppleva ein MA, for det veit eg heilt sikkert at eg må. Har fortsatt ikkje kjent antydning til nokon som helst graviditetssymptom, kun svake menssmerter innimellom. Så dette kan dessverre ikkje gå bra. Eg har rett og slett ikkje noko som helst håp lenger. Vil berre bli ferdig med denne elendigheten så fort som mulig! Anar ikkje kvifor spirane mine berre dør, når eg endelig blir gravid. Eg blir nødt til å kreva å få progesterontilførsel, kanskje også blodfortynnande eller noko, viss eg blir gravid igjen - i håp om at det kan hindra at eg mistar igjen. Men eg er livredd for at ingenting hjelper, og at eg kjem til å mista uansett, viss eg blir gravid på nytt. Livet er urettferdig! Endret 24. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå