Mirabella76 Skrevet 16. februar 2012 Forfatter #961 Del Skrevet 16. februar 2012 Fytti grisen for ein pinglemens! Eg trudde liksom at eg skulle blø ekstra mykje denne gangen, sidan eg har hatt så mange som 20 eggposar der inne. Men så lite som eg blør no, har eg visst aldri blødd før når eg har hatt mensen. Eg har ingen som helst menssmerter heller. Er ikkje det litt merkelig? Føler at kroppen min blir heilt tullete av alle medisinane eg har proppa i meg i løpet av dette forsøket! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 17. februar 2012 #962 Del Skrevet 17. februar 2012 Ja det hørtes jo rart ut sånn som iallfall jeg tenker er logisk. Flere egg som går til grunne = mer blødning. Men det er vel bare ok å få litt mindre? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 17. februar 2012 #963 Del Skrevet 17. februar 2012 Har ikke mengden noe å si på slinhinnetykkelsen og ikke hvor mange egg som har gåt til grunne? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 17. februar 2012 Forfatter #964 Del Skrevet 17. februar 2012 Ja det hørtes jo rart ut sånn som iallfall jeg tenker er logisk. Flere egg som går til grunne = mer blødning. Men det er vel bare ok å få litt mindre? Ja, det er sånn eg også tenker, for det virkar jo mest logisk! Jammen ikkje godt å vita kva som skjer med kroppen min for tida. Eg synst faktisk ikkje det er greit å blø mindre enn normalt, for då tenker eg med ein gang at det er noko som ikkje er som det skal vera. Har ikke mengden noe å si på slinhinnetykkelsen og ikke hvor mange egg som har gåt til grunne? Anar ikkje, men det er godt mulig. Det einaste eg veit, er at sjukepleiaren eg snakka med på telefonen, sa at livmorslimhinna var på 7 mm (trur eg det var) på siste UL. Er ikkje det lite, og kva betyr det egentlig i eit forsøk korleis tjukkelsen på slimhinna er? I forrige menstruasjon blødde eg meir enn det som er vanlig. Det var den blødningen eg hadde, etter at eg hadde begynt på nasespray. Og så kjem denne menstruasjonen (etter avbrutt forsøk), der eg nesten ikkje blør i det heile tatt. Er det rart eg blir forvirra? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 21. mars 2012 #965 Del Skrevet 21. mars 2012 Hvordan står det til med deg? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 22. mars 2012 #966 Del Skrevet 22. mars 2012 7 mm er i alle fall grensen for å få satt inn befruktet egg på fryseforsøk Jeg vet jo ikke hvor i syklusen du var når du var på ul sist, det kommer jo litt an på det også. Håper du har det bra Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. mars 2012 Forfatter #967 Del Skrevet 27. mars 2012 (endret) Hvordan står det til med deg? Takk for at du spør! Det går vel stort sett greit med meg. Har ikkje orka å skriva noko her inne på ei stund, for eg vart så lei etter at forsøket vårt i februar måtte avbrytast. Men no prøver eg å sjå fram mot nytt forsøk i april/mai, så håpar eg klarar å sjå meir positivt på ting i tida framover! Hjelper iallfall litt på humøret at våren er på vei! 7 mm er i alle fall grensen for å få satt inn befruktet egg på fryseforsøk Jeg vet jo ikke hvor i syklusen du var når du var på ul sist, det kommer jo litt an på det også. Håper du har det bra Ok, då veit eg det! Viss eg ikkje hugsar feil, så var eg på sprøytedag 9 siste gangen eg var på UL. Så det var vel då slimhinna var på 7 mm, reknar eg med. Eg har det greit. Håpar alt går bra med deg og jenta i magen din! Endret 27. mars 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. mars 2012 Forfatter #968 Del Skrevet 27. mars 2012 (endret) Kan jo koma med ei oppdatering på kva som har skjedd sidan sist. Fekk som sagt mensen igjen 15. februar, etter at forsøket vårt måtte avbrytast pga overstimulering. Reknar med at det var enda ein sånn drittsyklus uten EL. Syklusen var nemlig litt kortare enn normalt, og eg fekk heller ikkje utslag på EL-testane. Denne syklusen ser heldigvis ut til å bli litt meir normal. Fekk mensen 11. mars denne syklusen. Eg fekk positiv EL-test på ettermiddagen i går (26. mars), på syklusdag 16. Mannen min er ikkje på jobb no, så då kan eg vel i teorien bli gravid denne syklusen - uten at eg har noko som helst tru på at det skal skje. Det som er litt rart, er at eg pleier å få positiv EL-test 1 eller 2 dagar, og eg pleier vanlegvis å berre testa om morgonen (i forrige prøverunde fekk eg alltid utslag på EL-testane kvar syklus, og då testa eg kun på morgonurin). I går morges var EL-testen negativ. Tok ein ny test på ettermiddagen, fordi eg følte litt ubehag i magen, og ville berre vera heilt sikker på å ikkje gå glipp av eggløysinga. Og den var positiv! I dag tidleg var EL-testen negativ igjen. Lurer sånn på om eg ikkje har hatt ei ordentlig eggløysing, sidan EL-testen var positiv så kort tid. Før har eg som sagt aldri trengt å testa både morgon og ettermiddag/kveld, for å få utslag på EL-testane. Så det var jo berre tilfeldig at eg faktisk fekk positiv EL-test i det heile tatt. Ikkje hadde eg EL-slim heller, noko eg alltid pleier å ha når eg har eggløysing. Hmmm, ikkje lett å skjønna seg på tullekroppen min! 4. april startar eg på Provera for å utsetja mensen litt, sånn at det skal klaffa med at mannen min som jobbar i Nordsjøen, er heime når eg skal ha egguttak/egginnsetting. Ellers måtte me ha venta enda lenger før me fekk koma i gang med nytt forsøk, og kanskje hadde det ikkje klaffa neste gang heller. Når mensen kjem no, har eg hatt to blødningar etter at vårt første forsøk vart avbrote i februar. Og då er det på tide å koma i gang med nytt forsøk! Men eg må seia at eg er litt skeptisk til å klussa med kroppen på den måten. Det beste ville jo ha vore å starta på medisinar igjen, når mensen kom av seg sjølv. Får berre håpa at Proveraen ikkje fører til noko sykluskluss. Begynte også å tenka på at viss eg skulle bli gravid denne syklusen, så kan det vel umulig vera bra å starta på Provera? For det er jo ein teoretisk mulighet for at eg kan bli gravid denne syklusen, sidan mannen min var heime no når eg hadde eggløysing. Eg vil jo ikkje gjera noko som kan ta knekken på ein evt liten spire i kroppen min. Kanskje eg burde ringa klinikken, og spørja om Proveraen kan vera skadelig for fosteret, om eg mot all sannsynlighet skulle vera gravid. Viss alt går som planlagt, så blir det sannsynlegvis egguttak/innsetting i månadsskiftet april/mai. Men eg forventar ingenting, med tanke på korleis forrige forsøk endte - sjølv om eg sjølvsagt håpar på at alt går mykje bedre denne gangen! Eg skal ha kort regime denne gangen, og slepper dermed unna nasesprayen 3 gangar om dagen i fleire veker. Så får me berre kryssa fingrane og håpa på det beste for april-/mai-forsøket vårt! Endret 27. mars 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 28. mars 2012 #969 Del Skrevet 28. mars 2012 Det var godt å høre at du fikk til et forsøk igjen nå snart så det ikke blir altfor lang venting imellom. Har jo aldri vært igjennom noe prøverør, men hormoner kan klusse til hele syklusen både med EL, temperaturer, smerter, varighet... håper det bare er det som gjør det hele litt annerledes for deg. Krysser fingrene for deg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Marikke Skrevet 5. april 2012 #970 Del Skrevet 5. april 2012 Bare innom for å ønske deg en goooood påske! Som du ser på tickeren min, har spiren endelig festet seg her hos meg. Du skal se at spådommen min går i oppfyllelse. (Den om at vi begge går rundt og ruger eller ammer i løpet av 2012) Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. april 2012 Forfatter #971 Del Skrevet 10. april 2012 (endret) Det var godt å høre at du fikk til et forsøk igjen nå snart så det ikke blir altfor lang venting imellom. Har jo aldri vært igjennom noe prøverør, men hormoner kan klusse til hele syklusen både med EL, temperaturer, smerter, varighet... håper det bare er det som gjør det hele litt annerledes for deg. Krysser fingrene for deg Greit når det ikkje blir altfor lang ventetid mellom kvart forsøk, ja. Men i dag skjedde det noko spesielt, så då blir det ikkje noko av april/mai-forsøket vårt likevel. Eg har heldigvis ingen som helst plager, når eg tar medisinar i forbindelse med forsøk. Sånn sett er eg veldig heldig, for eg veit at det er mange som får store plagar av medisinane. Men kva som er grunnen til alt syklusklusset eg har hatt, anar eg ikkje. Det begynte allerede hausten 2010, lenge før me starta med prøverørsforsøk. Takk for fingerkryssing! Bare innom for å ønske deg en goooood påske! Som du ser på tickeren min, har spiren endelig festet seg her hos meg. Du skal se at spådommen min går i oppfyllelse. (Den om at vi begge går rundt og ruger eller ammer i løpet av 2012) Takk for det! Eg har hatt ein fin påske, med bryllup og familekos! Håpar du også har kost deg i påsken! Gratulerer så utrulig mykje med ein spire i magen, Marikke! Så koselig for deg! Kryssar alt eg har for at spådommen din går i oppfyllelse! Endret 10. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. april 2012 Forfatter #972 Del Skrevet 10. april 2012 (endret) Dette vart ein rar dag. Det har skjedd noko som burde ha vore heilt fantastisk - eg skulle ha vore glad og lykkelig no, og svevd på ei rosa sky! I staden er eg lei meg, redd og sint. Sint på kroppen min som ødelegger for meg gang på gang! For eg er 99% sikker på at eg ikkje kan gleda meg over det som har skjedd i dag. At eg om kort tid veit at alt gjekk gale denne gangen også, og at kroppen min har svikta meg igjen! I dag veit eg nemlig 100% sikkert at april/mai-forsøket vårt ikkje blir noko av. Og sidan sommaren nærmar seg, så reknar eg med at me ikkje får nytt forsøk før etter sommaren. Alt dette, fordi kroppen berre lurer meg gang på gang! Kanskje du som leser dette, har gjetta det allerede? For ja, eg fekk faktisk positiv graviditetstest i dag (10. april 2012)! Etter mine berekningar er IKM i dag, og testen var uten tvil positiv. Men som sagt, eg er ikkje glad. Det einaste positiv eg kan sjå i denne situasjonen, er at eg faktisk har klart å bli gravid enda ein gang heilt uten hjelp, litt meir enn 1 år etter at eg vart gravid sist (og mista). For å vera heilt ærlig, så hadde eg heilt gitt opp håpet om at me kunne få det til igjen uten hjelp! Men ein skal tydeligvis aldri sei aldri... Kan jo prøva å forklara kvifor eg berre er trist og lei no, og ikkje det spor glad, slik eg burde ha vore! Eg fekk mensen 11. mars, og positiv EL-test 26. mars. Var veldig usikker på om eg i det heile tatt hadde hatt eggløysing, sidan testen kun var positiv den kvelden (negativ morgonen samme dag, og morgonen etter). Vanlegvis pleier eg å ha positiv EL-test ein heil dag, eller i 2 dagar. Men eg hadde jo tydeligvis eggløysing! Mannen min var heime på denne tida, så eg visste at det var ein teoretisk sjanse for at eg kunne bli gravid. Derfor venta eg på å sjå om eg kjente noko stikk i magen ca 5 dagar etter eggløysing, fordi det har eg hatt dei 2 andre gangane eg har blitt gravid. Men 5-6 dagar etter EL kjente eg ingen stikking, eg fekk derimot ganske kraftige menssmerter. Eg tenkte at då er eg iallfall ikkje gravid, for sånne menssmerter har eg vanlegvis kun når mensen nærmar seg, og så hadde eg slike smerter forrige gang eg mista. Så eg tenkte derfor at dette blir det uansett ikkje noko av, for menssmerter under graviditet er eit veldig dårlig tegn hos meg. Derfor følte eg meg trygg, då eg på den 10. dagen etter eggløysing, starta på Provera for å utsetja mensen litt før forsøket vårt i april/mai. Eg hadde fortsatt ikkje kjent antydning til stikk i magen. Fortsatt har eg ikkje kjent noko stikking i magen, eller andre positive graviditetstegn. Men eg har fleire gangar (seinast i dag) kjent litt menssmerter (men ikkje så sterke som eg kjente på den tida egget festa seg). Og det ser eg på som eit "bevis" på at dette går gale! Då eg var gravid med jenta mi, hadde eg ingen menssmerter i løpet av svangerskapet. Då eg hadde ein MA i mars i fjor, kjente eg faktisk ein del stikkingar både før og rett etter IKM, noko eg veit er eit positivt tegn (hadde masse slike stikkingar i magen, då eg var gravid med jenta mi). Men litt mindre enn ei veke etter at eg testa positivt i februar i fjor, fekk eg sterke menssmerter. Og då viste det seg jo på UL at fosteret hadde slutta å utvikla seg. Så når eg denne gangen kun kjenner menssmerter, og absolutt ingen som helst stikkingar i magen, så er eg dessverre 99% sikker på at dette går gale. Derfor er eg berre så ufattelig redd og lei meg. For viss eg mistar no igjen, så må det jo vera eitt eller anna som er gale enten med egga mine, eller med sædcellene til mannen min. Iallfall eitt eller anna som ikkje stemmer. For det er ikkje vanlig å mista 2 gangar på rad, når eg i tillegg strevar så veldig med å bli gravid! Eg er også utrulig frustrert for at det planlagte forsøket vårt ikkje blir noko av. Og at eg sannsynligvis enda ein gang må gjennom det marerittet det er å mista ein sterkt etterlengta spire! Det at eg har tatt Provera i 6 dagar, er sjølvsagt heller ikkje bra. Sånne medisinar kan skada eit foster. Ringte klinikken med ein gang, etter at eg hadde testa positivt i dag. Var nesten overbevist om at det var eitt eller anna i Proveraen som gjorde at eg fekk positiv graviditetstest. Men det var det altså ikkje. Fekk beskjed om å slutta med Proveraen med ein gang. Ikkje får eg koma til UL på klinikken heller, sidan eg har blitt gravid uten hjelp. Eg må kontakta gynekolog på eiga hand, viss eg vil ha UL. Men eg får vel berre venta litt før eg gjer noko, og sjå om eg begynnar å blø eller ikkje. Eg vil ikkje ha nokon gratulasjonar no, for eg har ingen tru på denne graviditeten. Skulle det derimot skje eit under, og spiren skulle visa seg å vera levedyktig likevel, så skal dåke sjølvsagt få gratulera meg seinare. Men akkurat no treng eg berre trøst - for dette som skulle ha blitt ein lykkedag for meg, er dessverre ingen god dag. Endret 10. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 10. april 2012 #973 Del Skrevet 10. april 2012 Skjønner at du er lei og trist akkurat nå, MEN ingen graviditeter er like sies det jo. Og selvom du ikke har noen av de samme tegnene som da du var gravid med snuppa så kan det være at dette også går bra. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. april 2012 Forfatter #974 Del Skrevet 10. april 2012 (endret) Skjønner at du er lei og trist akkurat nå, MEN ingen graviditeter er like sies det jo. Og selvom du ikke har noen av de samme tegnene som da du var gravid med snuppa så kan det være at dette også går bra. Ja, eg veit det! Men som sagt, så har eg veldig dårlig erfaring med menssmerter når eg er gravid. Då eg hadde ein MA i fjor, viste det seg på UL at fosteret hadde slutta å utvika seg omtrent på den tida eg kjente dei kraftige menssmertene for første gang (litt mindre enn ei veke etter IKM). Derfor klarar eg ikkje å vera optimistisk no dessverre, for eg har ein veldig sterk følelse av kva vei dette her kjem til å gå! Men sjølvsagt, ein kan jo aldri heilt gi opp håpet så lenge ein ikkje veit noko sikkert! Skulle berre ønskja at eg kjente nokre av dei "gode" symptoma no, slik at eg kunne ha gleda meg i staden for å vera trist! Endret 10. april 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 10. april 2012 #975 Del Skrevet 10. april 2012 Skjønner veldig godt de vonde tankene dine. Så jeg håper jo så klart at det bare er fordi det er veldig forskjellig graviditet denne gangen og at alle tegnene ikke er dårlige tegn. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. april 2012 Forfatter #976 Del Skrevet 10. april 2012 Skjønner veldig godt de vonde tankene dine. Så jeg håper jo så klart at det bare er fordi det er veldig forskjellig graviditet denne gangen og at alle tegnene ikke er dårlige tegn. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 10. april 2012 #977 Del Skrevet 10. april 2012 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kommode Skrevet 10. april 2012 #978 Del Skrevet 10. april 2012 Jeg håper dette går bedre enn du frykter. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Marikke Skrevet 11. april 2012 #979 Del Skrevet 11. april 2012 Gratulerer så utrulig mykje med ein spire i magen, Marikke! Så koselig for deg! Kryssar alt eg har for at spådommen din går i oppfyllelse! Tusen takk! Uff, for en situasjon, Mirabella! Stor klem og alle gode ønsker sendes din vei! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 11. april 2012 #980 Del Skrevet 11. april 2012 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå