Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Masse lykke til idag, jeg krysser fingrene for at blodprøvene viser riktig tall og at eggene holder seg til fredag! :klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Forsøket teller ikke hvis du ikke kommer til innsetting mener jeg :Nikke: Det er i alle fall det jeg har forstått etter å ha lest litt rundt omkring.

:hug:

Ja, det var det eg og fann ut, etter å ha lest litt rundt omkring! Så då stemmer nok det. :)

:hug:

Lykke til med blodprøven idag :klem: og ikke minst tankene rundt det hele... :sjenert: Krysser fingrene for at det går bra, du har iallfall en lege som virkelig gjør alt for dere! :)

Takk! :klem:

Det gjekk dessverre ikkje bra i dag! :( Får håpa legen har eit bedre opplegg til meg neste gang.

Masse lykke til idag, jeg krysser fingrene for at blodprøvene viser riktig tall og at eggene holder seg til fredag! :klemmer:

Takk! :klemmer:

Dessverre gjekk det ikkje slik. :( Men kanskje neste gang, viss me er heldige?

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som dåke sikkert skjønnar, så har eg fått vita i dag at forsøket vårt blir avbrutt. :cry3: Så då blir det altså ikkje noko egguttak på fredag likevel, og eg har også slutta på sprayen i dag. No er eg veldig skuffa og lei meg, for det var jo ikkje sånn som dette eg hadde trudd og håpa at det skulle gå! :trist:

Eg var og tok ny blodprøve i dag tidleg, og eg fekk telefon nokre timar seinare. På måndag var jo østradiolverdien min på 20 000 (burde vera på under 10 000), og legen håpte at verdien hadde gått nok ned til i dag. Men dengang ei. Verdien hadde faktisk gått enda meir opp, til 25 000! :omg: Så då var det ingen vei utenom - forsøket måtte dessverre avbrytast! :(

Eg spurte om korleis det kunne skje at verdien fortsatte å gå oppover, når eg tok siste sprøytedose på søndag (for 3 dagar sidan) - og om det kunne ha noko å gjera med at det har skjedd ei spontan eggløysing. Fekk til svar at det kunne virka som om eggløysinga hadde skjedd, sidan verdien fortsatte å stiga. Eg spurte om det kunne skje at eg hadde hatt eggløysing på lørdag då eg kjente eggløysingssmerter, viss eg f.eks hadde fått ein litt for liten spraydose på forhånd. Det var visst veldig usannsynlig, sidan eg har tatt spray 3 gangar om dagen. Mange spraya berre 2 gangar om dagen, sa ho, og det skulle også halda. Så ho forstod i så fall ikkje korleis det kunne ha skjedd, men meinte likevel at verdien på prøven min kunne tyda på at eggløysinga var over. :sukk:

Så då er eg vel heilt unormal då, eller? Er eg immun mot sprayen, eller noko sånt? :forvirra: Kan jo virkelig begynna å lura, viss eg er den einaste noko sånt har skjedd med. Er berre så redd for at det samme skal skje igjen, når me går i gang med nytt forsøk.

Eg fekk forresten beskjed om at den neste 1 1/2 veka burde egg ikkje ha samleie, hoppa og slikt, fordi eggstokkane mine var så store pga overstimuleringa. Eg måtte med andre ord ta det med ro, og vera litt forsiktig. Ellers kunne eggstokkane vri seg. :sjokkbla: Viss eg fekk magesmerter, kvalme eller andre plager i dagane framover, så måtte eg i alle fall ringa klinikken - då kunne det vera noko sånt.

Fordi eg reagerte så kraftig på stimuleringa denne gangen, så skal eg ha kort regime neste gang. Ho eg snakka med, sa at då fekk ein ut litt færre egg. Og det er jo berre positivt for meg, for å redusera sjansane for å bli overstimulert igjen. I tillegg skulle eg starta på ein lavare dose - 125 ie, i staden for 150 ie, som eg starta på denne gangen. Det var også snakk om at eg kanskje skulle prøva Puregon neste gang, i staden for Gonal-f, som eg har brukt no.

Planen vidare var at først måtte eg få mensen no (skjer det om 2 vekers tid, eller?). :klo: Så skulle eg ha ein vanlig menstruasjonssyklus, og så kunne eg starta på nytt forsøk i syklusen etter det igjen. Og det kom til å bli rundt omkring starten av mai, trudde ho. Etterpå då eg tenkte meg om, fann eg ut at det er jo evighetar til! :sur: Eg får vel mensen igjen i siste halvdel av månaden, og så får eg sikkert neste mens igjen i siste halvdel av mars. Og då burde eg vel vera klar til nytt forsøk i slutten av mars, og ikkje i begynnelsen av mai? Trur eg må ringa klinikken i morgon, og finna ut av det. For eg synst det er ille om me må venta heilt til mai, før me får koma i gang med nytt forsøk. Det må også passa med jobben til mannen min, som jobbar i Nordsjøen - så me risikerer uansett å måtta utsetja neste forsøk lenger enn planlagt, viss mensen kjem til "feil" tid. :(

Dette vart ein dum dag. :trist: Får virkelig håpa at det blir min tur til å lykkast neste gang, etter all den motgangen eg har hatt sidan me starta prøvinga sommaren 2009!

__________________

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff dette var leit å høre :klem: Du er nok ikke unormal, men ble vel altfor overstimulert og det er det mange som har blitt har jeg hørt. Håper kort regime og mindre doser vil gjøre susen neste gang. Hun må jo bare ha tenkt feil av mars og mai? :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hug:

Ikke unormal nei, men en del overstimulert av en eller annen grunn.

Krysser alt for at kort regime med puregon er det som skal til :pls:

Og hun må nå ha blandet mai og mars, men det kan jo også være de mener at det blir på andre umedisinerte syklus du kan begynne :vetikke: Det beste er nok å snakke med dem og få en skikkelig avklaring :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klemmer:

Dumt det ble avbrudd denne gangen. Men krysser fingrene for at forsøket i mars blir gull! For jeg regner som de andre med at mai var en forsnakkelse.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Huff dette var leit å høre :klem: Du er nok ikke unormal, men ble vel altfor overstimulert og det er det mange som har blitt har jeg hørt. Håper kort regime og mindre doser vil gjøre susen neste gang. Hun må jo bare ha tenkt feil av mars og mai? :sjenert:

Ja, det var veldig synd at det skulle enda sånn. :( Håpar eg ikkje er unormal. :sjenert: Eg vart jo veldig overstimulert, men det skulle vel uansett ikkje ha skjedd noko spontan eggløysing, så lenge eg gjekk på nasespray kvar 8. time døgnet rundt?

Håpar virkelig at kort regime gjer susen neste gang, ja! :)

Fryktar at ho eg snakka med faktisk meinte mai, og ikkje mars. :( For ho sa også noko om at det ikkje måtte bli midt i påsken, noko som tyder på at ho då meinte at forsøket måtte bli først etter påsken.

:hug:

Ikke unormal nei, men en del overstimulert av en eller annen grunn.

Krysser alt for at kort regime med puregon er det som skal til :pls:

Og hun må nå ha blandet mai og mars, men det kan jo også være de mener at det blir på andre umedisinerte syklus du kan begynne :vetikke: Det beste er nok å snakke med dem og få en skikkelig avklaring :jepp:

Eg føler meg ganske unormal viss eg har hatt ei spontan eggløysing i helga, når både legar og andre seier at det ikkje skal kunne skje når ein går på nasespray, og ikkje gløymer å ta den. :sjenert: Og eg har vore kjempenøye med å ta sprayen til faste tider, kvar 8. time døgnet rundt! Så korleis det då likevel kan ha skjedd ei eggløysing, er eit mysterium. Kor ofte spraya du, då du hadde ditt forsøk?

Ja, eg håpar veldig at kort regime er det som skal til! :) For no er eg lei av alle nedturane me har hatt så langt. :sukk:

Eg skal ringa klinikken i dag, og få ei avklaring. Fryktelig kjedelig viss det stemmer at me må venta heilt til mai, før me får starta på nytt forsøk. :(

:klemmer:

Dumt det ble avbrudd denne gangen. Men krysser fingrene for at forsøket i mars blir gull! For jeg regner som de andre med at mai var en forsnakkelse.

Kjempesynd, ja. :(

Håpar det stemmer at det blir nytt forsøk i mars, og ikkje i mai. Men eg fryktar at det var mai ho meinte. :sjenert: Uansett så bør neste forsøk bli gull, ja! :)

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lurer litt på ein ting. Dagen etter at ein har sett eggløysingssprøyta (som ein set seint på kvelden), så er det jo alltid ein medisinfri dag, før egguttaket dagen etter det igjen. Denne medisinfrie dagen tar ein jo heller ingen spray, som skal forhindra at det skjer ei spontan eggløysing.

Korleis er det då mulig å vera sikker på at det ikkje skjer ei spontan eggløysing i løpet av denne medisinfrie dagen? For når eg til og med sannsynlegvis har hatt ei spontan eggløysing mens eg gjekk på nasespray (noko som ikkje skal skje), så må det vel vera store sjansar for at ei slik spontan eggløysing kan skje denne dagen, når ein er medisinfri? Det er jo til og med dagen før egguttak, og då veit ein jo at egga er heilt modne.

Eller er det slik at eggløysingssprøyta også inneheld eit eller anna slags virkestoff, som forhindrar at eggløysinga skjer før det har gått ca 1 1/2 døgn? Synst berre det virkar litt rart, for eggløysingssprøyta skal jo setja i gang eggløysinga! Men kan den samtidig forhindra eggløysinga, fram til det har gått meir enn 1 1/2 døgn? For egga må jo takast ut 1 1/2 døgn etter at sprøyta er sett, for å forhindra at eggløysinga skjer av seg sjølv.

Kanskje ingen som kan svara meg på dette spørsmålet, men eg klarar ikkje heilt å skjønna korleis dette fungerer. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg kan ikke svare på spørsmålet, for har lurt på akkurat det samme selv, så spent på hva andre sier her :sjenert:

Godt at det ikkje berre er eg som lurer på sånne ting! ;)

Eg fekk faktisk nettopp svar på dette spørsmålet inne på eit anna forum (Snart gravid), så eg kopierer like godt svaret over hit:

Eggene er ikke klare, Mirabella. De er bare klare nok til å trigge den siste del av modninga som vanligvis skjer pga LH. EL-sprøyta gjør at eggene gjenopptar meiose, og det tar litt tid. Først når det er klart begynner perforeringen av folliklene. Det er heldigvis noen som har tenkt på dette!

Og då eg spurte korleis det var mulig at eg fekk eggløysing max 1 time etter at eg fekk sett eggløysingssprøyta, då eg hadde eit forsøk med FSH-stimulering i fjor haust (eggløysinga skal jo skje ca 1 1/2 døgn etter at sprøyta er sett), så fekk eg dette svaret:

Da hadde du ingen spray i bakgrunnen og kroppen produserte LH selv. Dvs, kroppen trengte egentlig ikke EL-sprøyta, den ble satt bare for å være sikker på at de skulle slippe. Ved IVF vil ikke kroppen produsere LH (det hormonet som slår ut på EL-tester) siden hypofysen er lammet av sprayen, og EL skjer ikke før etter at EL-sprøyta har virket en stund.

Litt avansert forklaring dette her (synst iallfall eg. ;)), men her har du iallfall svaret! :) Eg reknar iallfall med at ho som har svart meg, veit kva ho snakkar om. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg tenker meg om, så var det faktisk veldig synd at eg ikkje tok ein EL-test då eg kjente sterke eggløysingssmerter på lørdag. Vurderte faktisk å gjera det, så det irriterar meg at eg likevel ikkje gjorde det! :sur:

Viss eg hadde gjort det, så kunne eg sikkert ha fått svaret på om eg hadde ei spontan eggløysing den dagen. For i følge svaret eg fekk som eg kopierte i innlegget over, så skal jo ikkje kroppen produsera LH (som slår ut på EL-testar) i eit IVF-/ICSI-forsøk. Så då hadde det vore interessant å vita om kroppen min faktisk produserte LH likevel, sjølv om eg gjekk på spray, og som dermed kanskje førte til ei spontan eggløysing.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ringt klinikken i dag, og fått vita meir om kva som er planen framover. Og det stemmer dessverre at det er først i mai det sannsynligvis blir planlagt egguttak. :( Eg skal først ha ein medisinfri syklus, som startar no når eg får blødning om 1-2 veker. Så det blir då i siste halvdel av februar. Så får eg sannsynligvis mensen igjen i siste halvdel av mars, og då er eg ferdig med den medisinfrie syklusen. Så egentlig kunne eg då ha begynt på nytt forsøk igjen, i den syklusen som startar i siste halvdel av mars.

Problemet er berre at sjukepleiaren eg snakka med, hadde rekna seg fram til at då ville egguttak/innsett i så fall bli ein gang i løpet av dei 2 vekene i april då klinikken har påskestengt. I tillegg er mannen min på jobb i Nordsjøen akkurat i den perioden. :sur: Derfor hadde ho tenkt at me først kunne starta opp med forsøk i syklusen etter det igjen. Og at eg då begynte på medisinar i april ein gang, og at uttaket vart i starten av mai, når mannen min er heime.

Planen er at eg skal ringa klinikken når eg får blødning no, og også når eg får neste blødning. Så skal me avtala underveis korleis det blir, avhengig av syklusen min. Det var ein liten sjanse for at me kunna rekka eit forsøk før påske - men då må eg i så fall få korte menstruasjonssyklusar før den tid, ellers når me det ikkje. Men mest sannsynlig så blir det altså medisinstart i april ein gang, og uttak i starten av mai. Det følest veldig lenge til, men forhåpentligvis går tida fort fram til neste forsøk!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så leit å høre at forsøket måtte avbrytes, og at du må vente så lenge til neste gang. Håper tiden går fort!

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Så leit å høre at forsøket måtte avbrytes, og at du må vente så lenge til neste gang. Håper tiden går fort!

:klemmer:

Det er ikkje noko kjekt med avbrutt forsøk, nei. :( Tida bør virkelig gå fort fram til neste forsøk altså! :sjenert:

:klem:

Innom med en god :hug: til deg.

Jeg har allerede begynt å krysse fingrene for neste forsøket ditt :klem:

Takk, Pusilus! :klemmer:

Kjekt at du allerede no kryssar fingrane for neste forsøk - då bør det bli bra! ;)

Jeg krysser også fingrene for det neste forsøket ditt, og litt ekstra for at du kan rekke det før påske :)

Takk for det, Kommode! :klem:

Hadde ikkje akkurat hatt noko imot å få gjennomført neste forsøk før påske! Men det avhenger også av at mannen min er heime til rett tid, sidan han jobbar i Nordsjøen. Så det er mykje som må klaffa, for at det skal gå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg fekk forresten mensen i dag (15. februar). :( Ikkje akkurat noko bombe at mensen dukka opp, med tanke på at forsøket vårt vart avbrote i forrige veke! :sukk: Men eg synst at den kom veeeeldig tidleg, i forhold til kva eg hadde forventa.

Hadde kanskje rekna med at blødningen kom til å dukka opp eit par veker etter at eg tok siste Gonal-f-sprøytedose. Det var jo søndag for mindre enn 1 1/2 veke sidan. Dette er altså berre dag 10 etter siste sprøytedag. Vanligvis har eg ein lutealfase på 14 dagar.

Er dette normalt i forbindelse med eit forsøk, og at mensen då kan koma på eit anna tidspunkt enn i ein normal syklus? Eller burde mensen også ha kome like mange dagar etter eggløysing no, som den gjer til vanleg? :klo:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilførsel av slike hormoner kan forskyve mensen både frem og tilbake, jeg fikk mensen tidligere på mitt ferskforsøk enn i vanlig syklus.

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tilførsel av slike hormoner kan forskyve mensen både frem og tilbake, jeg fikk mensen tidligere på mitt ferskforsøk enn i vanlig syklus.

:klem:

Ok, godt å høyra. :) Då er det forhåpentligvis ikkje heilt unormalt at mensen kom så tidleg. :sjenert:

Siden mensen kom så tidlig, så kanskje du rekker neste forsøk før påske? :)

Ja, kanskje? ;) Får venta og sjå kor lang denne syklusen blir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...