Gå til innhold

Mammaliv!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Jeg gikk på Puregon 125 ie startet 28. april (for to år siden) og satt el-sprøyten 9. mai og den dagen var puregonfri. De fikk ut 6 egg hos meg hvorav ett ble satt inn og tre ble lagt i fryseren. AMH-en min var på 24 for godt over to år siden, FSH-en har jeg ikke peiling på. Jeg tenkte ikke noe mye over det når eggutviklingen så bra ut på ul, da så de syv flotte eggposer på hver side :) Jeg vet at jeg ikke var av de med best fangst, men helle kvalitet en kvantitet :Nikke:

Lykke til i morgen :klem:

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Vanlig å ha mengder av el-slim under forsøk, både fersk og frys :Nikke: Det er i grunnen naturlig når man tenker på hormonene som blir proppet inn i kroppen. Sprayen sørger for at de ikke slipper :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg gikk på Puregon 125 ie startet 28. april (for to år siden) og satt el-sprøyten 9. mai og den dagen var puregonfri. De fikk ut 6 egg hos meg hvorav ett ble satt inn og tre ble lagt i fryseren. AMH-en min var på 24 for godt over to år siden, FSH-en har jeg ikke peiling på. Jeg tenkte ikke noe mye over det når eggutviklingen så bra ut på ul, da så de syv flotte eggposer på hver side :) Jeg vet at jeg ikke var av de med best fangst, men helle kvalitet en kvantitet :Nikke:

Lykke til i morgen :klem:

Ja, då gjekk jo du på ein lav dose. Og du trengte heller ikkje å auka dosen? Ser jo at du har høgare AMH enn meg, så kanskje det er noko av forklaringa?

Så heldig du var som hadde bra eggutvikling! Håpar eggutviklinga mi er bedre i morgon, enn den var på måndag. Heilt enig med deg i at kvalitet er bedre enn kvantitet. Har høyrt om fleire som har fått ut ein haug med egg, men ingen av egga har blitt befrukta. Og då hjelper det jo lite med mange egg!

Takk for lykkeønskingar, det treng eg! Gruar meg veldig til i morgon, for eg eg er så redd for at folliklane ikkje har utvikla seg noko særlig sidan måndag.

Vanlig å ha mengder av el-slim under forsøk, både fersk og frys :Nikke: Det er i grunnen naturlig når man tenker på hormonene som blir proppet inn i kroppen. Sprayen sørger for at de ikke slipper :Nikke:

Så bra å høyra! :) No begynte eg å lura på om det var kroppen min som var heilt på bærtur. :fnise:

Eg lovar å ikkje gløyma å ta sprayen! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Innom og oppdaterer meg :klem:

Kjekt at du tittar innom! :)

Lykke til på sjekk i dag! Krysser fingrene for at utviklingen er helt i rute. :jepp:

Takk for det! :klemmer:

Innom og hilser på, og krysser fingrene for at det har gått bra idag :)

Hei, og takk for fingerkryssing! :klem:

Håper på gode nyheter :pls:

Takk! :klemmer: Håpar du har fått gode nyhetar i dag og! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her kjem ei oppdatering frå dagens UL:

I dag er eg på sprøytedag 9, og har hatt min 2. UL etter sprøytestart. På måndag var jo alle folliklane mine små, så eg måtte auka dosen frå 150 ie, til 187,5 ie. (Skulle jo egentlig ta 175 ie, men fekk ikkje tak i den nye pennen på apoteket).

Dei største folliklane mine var i dag mellom 10 og 12 mm. Synst legen nevnte at dei største folliklane mine berre var på rundt 4 mm på måndag, for 3 dagar sidan. Eg hadde forresten så mykje som rundt 10 folliklar på kvar eggstokk i dag (rundt 20 til saman), og alle var ganske store. :overrasket: Eg hadde ikkje nokon små folliklar lenger, virka det som. Eg fekk også sjå folliklane på skjermen, og dei låg tett i tett. Legen sa at folliklane mine hadde utvikla seg veldig bra sidan måndag, kanskje litt i meste laget på så kort tid. Så no må eg faktisk redusera dosen til 150 ie igjen, altså samme dosen som eg starta på i utgangspunktet.

Legen meinte at ein dose på 175 ie i heile stimuleringsperioden, sannsynligvis hadde vore det ideelle for meg. Litt synd at eg ikkje fekk tak i eit eksemplar av den nye Gonal-f-pennen då eg var på apoteket på måndag, for då hadde eg fått ein dose som sikkert hadde vore meir riktig for meg. 187,5 ie, som eg har tatt dei 3 siste dagane, vart nok ein litt for stor dose.

På grunn av at eg hadde så mange folliklar, og at dei hadde auka så mykje i størrelse i løpet av dei siste dagane, så var faktisk legen min litt redd for at det kunne utvikla seg til overstimuleringssyndrom, eller kva det no heiter. :overrasket: Kan ikkje akkurat seia at eg hadde forventa noko slikt, etter den dårlige eggutviklinga på UL på måndag! Pga faren for overstimulering, som legen sa at det var tendensar til, så må eg tilbake på måndag og ta ein blodprøve. Såg på blodprøveskjemaet eg fekk med meg, at det er østradiol som skal målast. Viss blodprøveresultatet er fint, så skal eg setja eggløysingssprøyta måndag kveld, så blir det uttak på onsdag. Men om blodprøven viser litt høgt nivå av østradiol, så ville legen at eg skulle vera medisinfri i ein dag, og så håpa på at verdiane gjekk ned, slik at uttaket kunne bli torsdag.

Legen sa også noko om at det gjekk an å ta ein annan type eggløysingssprøyte, som var litt svakare - og at det kunne redusera sjansane for overstimulering. Og at ein annan mulighet var å henta ut egga, og frysa dei ned til seinare. Då blir det i så fall ikkje noko innsetting denne syklusen. Uff, no er eg plutselig litt redd for at det endar med avbrutt forsøk, og det er eg absolutt ikkje klar for. :sur: Rart kor fort ting kan snu. På måndag bekymra eg meg over for dårlig eggutvikling, og i dag, 3 dagar seinare, fryktar eg overstimulering! :sprettoy:

Kryssar fingrane for at blodprøven ser fin ut på måndag, og at eg slepper unna overstimulering, sånn at uttaket skjer på onsdag som planlagt! :tommelopp: Då blir det i så fall innsetting på fredag, noko som passar meg veldig bra! ;) Då er eg sjukemeldt i 3 dagar, frå og med onsdag. Og så har eg heile helga til å ta det med ro og slappa av, etter innsettinga på fredag. No skal eg ikkje planleggja for mykje, før eg veit sikkert kva det blir til. :sjenert: Men det er iallfall lov til å håpa! :)

Eg skal forresten ikkje tilbake på ny UL før uttaket onsdag eller torsdag (viss eg ikkje blir overstimulert). Synst at det virkar litt merkelig. Ville det ikkje ha vore naturlig med ein ny UL f.eks på måndag, for å sjekka at egga ikkje blir overmodne før uttak? :vetikke:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønner godt at du blir bekymret for avbrutt forsøk, men det høres ut som legen virkelig tenker alle veier til målet så dette skal gå bra! :klem:

Godt å høre andres erfaringer i forsøk når jeg nå nærmer meg det selv :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ikke noe erfaring med det su beskriver, men det høres ut som en fornuftig lege. Og ikke minst at du er informert om alle muligheter som kan oppstå. Det er flere som ser på første forsøk so et "prøveforsøk" der man skal bli kjent med kroppen og hvordan den reagerer på medisinene. Krysser fingrene for at du ikke blir overstimulert og forsøket går i gang :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag tidleg då eg stod opp, hadde eg ein sånn ekkel følelse på høgre sida i magen. Berre ørlite vondt, men det kjentest akkurat ut som eggløysingssmerter. :sjokkert: Det varte ein del timar, før det ga seg.

I vanlige syklusar har eg aldri nokon EL-smerter. Men då eg hadde forsøket med FSH-stimulering hos privat gynekolog i fjor haust, kjente eg akkurat det samme (på høgre sida i magen) då eggløysinga skjedde. Då hadde eg vore til gynekolog berre ein times tid før, der gynekologen såg at alle dei 3 egga mine var så modne at eggløysinga kunne skje når som helst. Og eg kjente godt når det skjedde! EL-testen var positiv den morgonen, men negativ igjen om kvelden. Eg tok jo Gonal-f den gangen også, sånn som no. Og eggløysinga skjedde då på dag 11 med sprøyter.

Det som gjer meg litt bekymra, er at eg faktisk er på sprøytedag 11 i dag, og har altså kjent det samme i dag som eg gjorde den gangen, akkurat når eggløysinga skjedde. :sprettoy: Så eg er derfor redd for at alle eller fleire av egga mine har løsna allerede. :( Synst jo det er rart om det har skjedd, sidan eg tar nasespray (Synarela) 3 gangar om dagen, til faste tider. Men begynner å frykta at eg kanskje har fått for liten dose ein eller fleire gangar.

Då eg var på UL på måndag, var dei største eggposane mine på ca 4 mm. På torsdag hadde eggposane mine blitt på mellom 10 og 12 mm (20 stk), og ingen av egga var små lenger. Går det an at egga mine kan ha vakse så fort på 2 dagar, at dei har blitt heilt modne til i dag (lørdag)? Frå i går av reduserte eg jo dosen til 150 ie igjen (det samme som eg starta på), etter 3 dagar med 187,5 ie. Og eg skal ta sprøyter enda ein dag til, før eg er ferdig.

Er det nokon som veit om slike eggløysingssmerter er noko å bekymra seg for? Går det an at egga mine har blitt modne og løsna allerede, sjølv om det berre er 2 dagar sidan egga mine var på 10-12 mm, og eg tar nasespray? Det er jo det med om eg kan ha fått for lite nasespray enkelte gangar, eg bekymrar meg for. Min største frykt er at eg skal koma på uttaksdagen, og så er alle eggposane tomme, fordi det allerede har skjedd ei spontan eggløysing! :sjokk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønner godt at du blir bekymret for avbrutt forsøk, men det høres ut som legen virkelig tenker alle veier til målet så dette skal gå bra! :klem:

Godt å høre andres erfaringer i forsøk når jeg nå nærmer meg det selv :sjenert:

Ja, eg synst det er bra at legen min vurderer alle andre mulighetar, i staden for å berre avbryta forsøket med ein gang, om det viser seg at eg er overstimulert. Får virkelig håpa at blodprøven på måndag er fin, sånn at alt går som planlagt! :)

Når er det forresten du skal i gang med forsøk?

Jeg har ikke noe erfaring med det su beskriver, men det høres ut som en fornuftig lege. Og ikke minst at du er informert om alle muligheter som kan oppstå. Det er flere som ser på første forsøk so et "prøveforsøk" der man skal bli kjent med kroppen og hvordan den reagerer på medisinene. Krysser fingrene for at du ikke blir overstimulert og forsøket går i gang :klem:

Ja, det er veldig greit at eg er forberedt på kva som kan koma til å skje framover, om det skulle visa seg at eg er overstimulert. Men eg håpar virkelig at kroppen min taklar presset og ikkje lar seg overstimulera, sjølv om eggstokkane mine er proppfulle av egg. ;)

Eg ser iallfall ikkje på første forsøk som eit prøveforsøk. :sjenert: Eg håpar så intenst at me skal lykkast på dette forsøket, for det synst eg me fortener etter 2 1/2 års prøving! Og spesielt sidan eg vart gravid, men mista, så synst eg virkelig at eg skal få lov til å oppleva å bli gravid igjen no - og at det går bra neste gang! Sånne tankar veit vel du alt om forresten, som var prøvar enda lenger enn eg har vore no før du lykkast, i tillegg til at du hadde enda fleire (og verre) nedturar enn meg, då du endelig vart gravid. Det er så fantastisk at det endelig lykkast for deg, og no håpar eg at eg snart skal bli like heldig! :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I dag har eg vore tilbake på klinikken og tatt blodprøve, for å måla østradiolnivået. Og dessverre var verdiane ganske høge, noko som betyr at eg er overstimulert. :(

Eg veit ikkje kva som skjer vidare no, eg veit berre at eg ikkje får setja eggløysingssprøyta i kveld som planlagt. :sukk: Legen "min" var ikkje på jobb i dag, så sjukepleiaren eg snakka med kunne ikkje seia sikkert kva det vart til. Men ut frå verdiane på prøven, så skulle eg uansett ikkje setja EL-sprøyta no. Eg skulle fortsetja med sprayen i dag, og i morgon tidleg. Så skulle ho snakka med legen i morgon, og ringa meg tilbake.

Det virka som om eit alternativ var å utsetja uttaket heilt til fredag, i staden for på onsdag. Men det er vel sikkert avhengig av at verdiane går ned i løpet av eit par dagar? Eg fryktar at forsøket må avbrytast, viss verdiane fortset å vera høge. For det er vel det som kan skje ved overstimulering? :(

No skal eg jo i fleire dagar berre ta spray, og ikkje sprøyter, før EL-sprøyta evt skal setjast. Er det nokon som veit om sprayen hindrar egga i å modna meir, når eg ikkje tar sprøyter lenger? Eller fortset egga å modnast likevel, sånn at det er fare for at egga blir overmodne? :klo:

Usj, det var ikkje sånn som dette det skulle bli! :sur: No er eg litt frustrert, og ganske redd for at heile forsøket vårt går i vasken. :trist:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innom med en :klem: Utrolig frustrerende å gå igjennom så masse medisiner og den enorme forventningen for så å bli helt knust :klem:

Vi får første forsøket rett før eller rett etter sommeren tenker jeg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Innom med en :klem: Utrolig frustrerende å gå igjennom så masse medisiner og den enorme forventningen for så å bli helt knust :klem:

Vi får første forsøket rett før eller rett etter sommeren tenker jeg...

Ja, det er kjempefrustrerande! :trist:

:hug:

Jeg håper fremdeles at forsøket blir gjennomført :pls:

Håper det ordner seg :klem:

Tvilar dessverre på at det ordnar seg, så eg prøver å forbereda meg på at det ikkje blir noko av dette forsøket. :(

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har snakka med legen i dag. Ho sa at østradiolverdien burde vera under 10 000. Men blodprøven eg tok i går (måndag), viste ein verdi på 20 000. :( Så eg får ikkje setja EL-sprøyta i dag heller, sidan eg har blitt overstimulert. Eg må ta ny blodprøve igjen i morgon (onsdag). Viss resultatet då er på 12 000 eller mindre, så blir det uttak på fredag. Viss verdien er høgare, så blir forsøket avbrutt.

Uansett så ser det dårlig ut, enten det blir uttak på fredag eller ikkje. For legen sa at sidan det på fredag har gått så lang tid sidan eg slutta på sprøyter, så er det fare for at alle egga kan ha gått til grunne innan fredag. :trist: Så eg kan altså risikera at alle eggposane er tomme, viss det blir uttak på fredag. Likevel synst legen det var dumt å berre avbryta forsøket med ein gang, uten å prøva - i tilfelle det var mulig å få ut nokon få egg. Men problemet er at alle eggposane mine var omtrent like store på UL på torsdag i forrige veke. Så viss først nokon egg har gått til grunne, så har sannsynligvis alle egga gjort det. :sukk:

Det følest så ille å gå gjennom eit smertefullt egguttak, når sjansen er så stor for at alle eggposane er tomme! :( Samtidig synst eg det er for gale å ikkje gi det ein sjanse, i tilfelle det er mulig å få ut nokon egg. Legen sa at viss det vart uttak på fredag, og alle eggposane var tomme, så mista me ikkje det eine av dei 3 forsøka våre. Men kva då viss det kun er 1 egg, for eksempel. Og dette eine egget ikkje blir befrukta ein gang? Mistar me då eit forsøk? I så fall veit eg ikkje om det er verdt å satsa på uttak på fredag. For eg veit jo at eg kan få ut mange fleire egg ein annan gang, viss eg ikkje blir overstimulert. Og då er det jo dumt å sløsa vekk eit forsøk no, når eg veit at resultatet kjem til å bli mykje dårligare enn i eit forsøk der alt går som det skal.

Usj, no veit eg jammen ikkje kva eg skal gjera! :( Legen virka nemlig ikkje så veldig optimistisk, med tanke på kor mange/om det var mulig å få ut nokon egg på fredag. :sukk:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forsøket teller ikke hvis du ikke kommer til innsetting mener jeg :Nikke: Det er i alle fall det jeg har forstått etter å ha lest litt rundt omkring.

:hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til med blodprøven idag :klem: og ikke minst tankene rundt det hele... :sjenert: Krysser fingrene for at det går bra, du har iallfall en lege som virkelig gjør alt for dere! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...