Hermione Skrevet 13. april 2004 Forfatter #201 Skrevet 13. april 2004 Tusen takk for alle påskehelsingane! Og silja: Las litt i dagboka di, og du har heilt rett. Vi ligg temmelig likt i løypa! Når eg las om ultralyden din var det nesten som å lese om min eigen, og så var det nesten samme dato og Hadde det veldig kjekt i London, men det var litt slitsomt og. Blei mykje gåing. Oxford Street er laaaaaang Brukte to dagar på den. Og så blei det mykje trasking i museum og litt rundt omkring ellers. Kjøpte litt gravid-klær, men syns ikkje det var noko finare klær der enn i Norge. Men på Mothercare-butikken hadde dei massssse fine babyklær :hjerter2: Kunne fint svidd av eit par tusenlappar der viss eg var litt meir sikker på at det virkelig er jente eg skal ha. Nøyde meg med å kjøpe et par sett i nøytrale fargar. Utrulig nok fekk vi billettar til Fame. Vi stod riktignok i kø i nesten ein time for å få restbillettar til halv pris, men det var verdt det. Mens vi stod i køen fekk eg dessutan eit slags 'anfall'. Det var ganske kaldt, så vi stod og hutra og fraus litt. Plutselig blei eg kvalm, og begynte å svette. Blei heilt våt over heile kroppen og så blei eg svimmel. Heldigvis gjekk det over etter nokre minutt når eg fekk satt meg ned, men det var skikkelig ekkelt mens det stod på. Visste ikkje om eg skulle besvime eller Var hos legen i dag, så då fortalte eg om anfallet. Han meinte at det måtte ha vore sånn plutselig blodtrykksfall og at det ikkje var farlig. Ellers var alt bra på kontrollen i dag. Fekk til og med sett litt på nurket igjen sidan legen min har UL-apparat. Han eller ho ligg fremdeles med rumpa godt nede i bekkenet mitt. Her er dagens tall: SF-mål: 18 cm (akkurat på streken :-) ) Vekt: +5 kg sidan eg blei gravid :oops: Blodtrykk: 132/73 (ganske masse opp sidan forrige kontroll, men då var det lavt) Hb: 12,7 Ferritin: 47 (veldig bra, så eg treng ikkje ta jerntabletter i svangerskapet) Urin: negativ Ødem: 0 Fosterlyd: 150 Har heller ingen bekkenplager (Vondt i ryggen etter 8 timers handletur på Oxford Street kallar eg ikkje bekkenplager ), så eg har absolutt ingenting å klage over for tida :-) Og no er eg over halvvegs! (20+5 i følge menstermin)
Hermione Skrevet 15. april 2004 Forfatter #202 Skrevet 15. april 2004 Veeeeeldig dumt å skrive at eg ikkje hadde nokre plager og så gløyme å banke i bordet. :evil: Dei to siste kveldane har eg hatt skikkelig halsbrann og sure oppstøt. Og i natt våkna eg med eit skrik av intens krampe på baksida av leggen
meta Skrevet 15. april 2004 #203 Skrevet 15. april 2004 Også halsbrann som er SÅ plagsomt da.. Jeg har en pakke lovehearts i vesken etter tips fra Ny Dag.. Funker litt ihvertfall
magnhild Skrevet 15. april 2004 #204 Skrevet 15. april 2004 Dei to siste kveldane har eg hatt skikkelig halsbrann og sure oppstøt. Og i natt våkna eg med eit skrik av intens krampe på baksida av leggen Spis gaviscon, jo tidligere du begynner med det, jo bedre blir de etterhvert når det er VONDT i halsen. Også er det bra med magnesium mot leggkramper. Det tok jeg og det funket faktisk noe veldig. Hver kveld avsluttet jeg med to gaviscon, to vitaminpiller og jern... Håper du klarer å bli kvitt alle plagene da. Og husk å banke i bordet neste gang!!
Hermione Skrevet 20. april 2004 Forfatter #205 Skrevet 20. april 2004 No har eg hatt to netter på rad uten leggkramper Og Gaviscon hjelper fantastisk godt mot halsbrann (takk Magnhild ) Love Hearts virkar og, men sidan eg har null sjølvdisiplin når det gjeld snop heiv eg i meg ein heil pakke på ein halv time. Og det blir jo litt usunt i lengda Begynner å bli veldig tydelig at eg er gravid no. Klarer fremdeles å skvise meg inn i eit par av dei vanlige buksene mine, men det er ikkje spesielt behagelig, så eg held meg til mammabukser og joggebukse no. Då eg logga meg på barnimagen.com i dag fekk eg beskjed om at babyen er 27 cm lang no ! :o På babyverden står det 26 cm, men begge deler var overraskande langt. Mannen kan kjenne spark utanpå magen no. Første gangen han kjente det var påskeafta. Då var eg 20+2 i følge menstermin. I går kunne eg faktisk sjå utanpå magen at babyen sparka eit par gangar I går lagde vi ønskeliste på heimesida til mannen med alt babyutstyret vi ønskar oss. Begge to har bursdag før babyen kjem, så vi håpar at vi skal få litt utstyr i presang. Og så syns eg jo at desse bestemødrene kan spandere litt ekstra. Men eg har endå ikkje høyrt eit pip om det frå nokon av dei......
Hermione Skrevet 27. april 2004 Forfatter #206 Skrevet 27. april 2004 Oi! No har det plutselig gått endå ei veke! Er nesten 23 fullgåtte veker no. Og det syns......Gjekk på vekta i dag og fant ut at eg har lagt på meg temmelig nøyaktig 6 kg :oops: Syns det er litt i overkant sidan eg veit at det er no framover eg virkelig kjem til å legge på meg. Trur eg må begynne å passe meg litt og kutte ut snop og brus. Men det er ikkje så lett når eg har lyst på det heile tida... I går vaska eg badet, og då syntes eg at eg fortjente å få tre kuler med is etterpå I helga var eg heime hos mamma og fekk lagt opp gravid-buksene mine. Og så tok eg mamma med på ei lita runde i babyutstyrsbutikkar og på Jysk for å vise ho alt vi har planlagt å kjøpe. Før vi gjekk inn på Jysk sa ho at ho kunne spandere pute og dyne, og så hadde ho tenkt å sy sengesett og sengehimmel i engelsk blonde. Men då ho såg senga vi hadde tenkt å kjøpe syns ho den var så fin at ho bestemte seg for å spandere både seng og madrass i tillegg. Trur eg må invitere ho på besøk i Bergen snart og ta ho med på ei runde til. Då får eg kanskje endå litt meir Ellers har eg merka at eg har blitt voldsomt hormonell dei siste dagane. To kveldar på rad har eg begynt å grine pga bagatellar. Heldigvis var det berre mannen som var der begge gangane.
meta Skrevet 27. april 2004 #207 Skrevet 27. april 2004 Må jo unne seg litt kos syns jeg Det gjør jeg ihvertfall! Kjekt med snille foreldre også da.. Jeg kjøpte to dyner og to sengesett i dag fordi det var salg på Kid. Fikk streng beskjed av mamma om at jeg ikke måtte kjøpe alt mulig.. De har jo Princess hjemme på Østlandet Håper du får en fin dag og uke videre
bizzy Skrevet 30. april 2004 #208 Skrevet 30. april 2004 Heisann! Har ikke mus i huset altså, annet enn de som katten tar med hjem som leker Håper du får en kjempefin helg!! :klem2:
Hermione Skrevet 5. mai 2004 Forfatter #209 Skrevet 5. mai 2004 I går var eg på svangerskapskurs ! :-) Fekk jo eigentlig ikkje plass på noko kurs, men så ringte dei frå KK og sa at dei hadde fått ei avbestilling, så eg kunne komme viss eg ville. Var jo litt tidlig i forhold til termin, men eg ville ikkje ta sjansen på at det kom ei ny avbestilling før sommaren. Alle dei andre på kurset var frå veke 30-34 mens eg var 23+6, men det gjorde ingenting. Lærte utrulig mykje og traff ein del koselige folk. Og så var det litt morsomt å observere kor forskjellige dei ulike para var. Ein av pappa'ane hadde veldig lite peiling både på fødslar og babyar og spurte masse dumme spørsmål. Hadde blitt flau viss det var min mann, i alle fall på eit par av spørsmåla. Men kona såg ut til å ta det med knusande ro. Ho er sikkert vant til at han gjer sånt i forsamlingar Reagerte litt på eit par der det virka som om mannen var fullstendig dominerande. Det var han som prata heile tida. Ho holdt kjeft. Han hadde satt seg veldig inn i dette med fødsel og av og til virka det nesten som om det var han som skulle føde :-? Er redd for at han kjem til å instruere ho voldsomt under fødselen og fortelle ho kva ho skal gjere heile tida. Eller kanskje han plutselig får panikk og gløymer absolutt alt han har lest Skal tilbake dit i kveld og blant anna sjå ein fødselsfilm. Det blir spennande! Ellers har det skjedd noko drastisk med puppane mine dei siste to døgna. Gjekk opp frå B-cup til C-cup ganske tidlig i svangerskapet, men det har holdt seg stabilt sidan det. I går og i dag såg eg at C-cup plutselig er i minste laget! :o Mulig at eg må opp i D-cup snart, men då får det jammen holde altså! Har alltid ønskt meg litt større puppar, men det får då vere grenser..... Halsbrannen var og meir hissig i går enn den har vore før. Måtte ta to Gaviscon før eg kunne legge meg. Før har det holdt med ein.
Gjest gjest1 Skrevet 5. mai 2004 #210 Skrevet 5. mai 2004 Takk for gratulasjoner! Jøss, D-cup :o ? Det var jo voldsomt... Nyt det så lenge det varer!
Gjest Hulderjenta Skrevet 7. mai 2004 #211 Skrevet 7. mai 2004 Innom en kjapp tur for å ønske gooood helg! fra Hulderjenta
bizzy Skrevet 14. mai 2004 #213 Skrevet 14. mai 2004 Heisann! Innom for å ønske deg en god helg og en fortreffelig 17.Mai :klem2: Håper allt står bra til!!
KalloRilla Skrevet 14. mai 2004 #214 Skrevet 14. mai 2004 Romler innom i natten og legger igjen en helge hilsen, samt at jeg ønsker deg og dine en solfyldt og heidundrende 17. mai feiring :-)
Hermione Skrevet 17. mai 2004 Forfatter #215 Skrevet 17. mai 2004 Huff! Altfor lenge sidan siste oppdatering :oops: :oops: :oops: Blir dårlig dokumentert, dette svangerskapet :oops: Har rett og slett ikkje hatt tid til å skrive noko siste veka. Altfor masse å gjere på jobb til å skrive noko mens eg er der og altfor masse som skjer om kvelden. Tirsdag og onsdag forrige veke var eg ikkje heime frå jobb før 22.30 :o Den eine kvelden var det møte om kvelden og den andre var det fest på jobben. På torsdag og fredag gjekk heile ettermiddagen og kvelden med til vasking og rydding Mamma skulle nemlig komme på besøk, og då vil eg at det skal sjå litt skikkelig ut her. Mannen hjalp sjølvsagt til med vaskinga, men etter at vi var ferdige var eg heilt utslitt. Stivna totalt i bekkenet og ryggen og kjente veldig godt at det hadde blitt litt lite avslapning dei siste dagane. Begynte å grine pga ein liten bagatell-kommentar frå mannen og ville berre gå og legge meg Men då var det berre ein halv time til mamma skulle komme, så eg fant ut at eg måtte ta meg sammen og holde ut nokre timar til. På lørdag var vi ute på shopping med mamma. Fekk eit par bodyar og pysjamasar i størrelse 56 og 62, så no begynner eg å få litt! Mamma har strikka 3 nydelige sett pluss ein sånn pose med armar på og hull til selane i bilstolen :-) . Var innom Simo-butikken på Nordnes og prøvde diverse babyseter i bilen. Det setet vi har mest lyst på (Britax Römer babysafe plus) passar sjølvsagt ikkje i baksetet fordi vi har for korte selar :-( . Men eg trur vi skal kjøpe det likevel. Vi har ikkje airbag, så det går fint å ha det i framsetet. Det einaste setet som passa i baksetet virka veldig ustabilt og var heller ikkje så godt polstra innvendig. No har vi bestemt oss 100% for kva slags vogn vi skal ha og. Det blir Teutonia Mistral Sports, ein heilt ny modell med understell av aluminium. Den er 3 kg lettare enn den vanlige Mistralen, men ser ganske lik ut ellers. Skal prøve å prute litt på Simo-butikken, men vi endar nok opp med å bestille den på internett frå Tyskland. Sparar ca 2000 i frohold til full pris her i Bergen. I dag har vi hatt ei ganske rolig 17.mai-feiring. Var inne i byen og såg på hovedprosesjonen og ein liten tur på kafè etterpå. Resten av dagen har vi slappa av heime med god mat og spilt Passport. Var så surt og kaldt ute, så vi orka ikkje meir feiring. Sidan det er så fryktelig lenge sidan eg har oppdatert her, får eg ta med talla frå siste kontroll sjølv om dei begynner å bli litt gamle. Var hos jordmor forrige fredag (7.mai) og var i følge ho 24+2: Vekt: + 0,4 kg sidan forrige kontroll, +5,4 totalt sidan veke 9. Trur det er ca +6 kg sidan veke 4 Blodtrykk: 105/65 (Lavare enn hos legen på forrige kontroll. Trur eg blir litt stressa av han) Urin: Negativ Ødem: 0 Fosterlyd: 136 SF-mål: 21 cm (ligg rett under den røde linja) Vekta har nok gått opp ein kg til sidan eg var på kontroll, så no ligg eg på +7 kg totalt sidan eg testa positivt. Bildet i avataren er tatt i dag, 25+5. Begynner å bli ganske stor no! Ser ekstra stor ut på dette bildet fordi svaien i ryggen ikkje viser pga vid jakke og armar som er i vegen. Bortsett frå at eg merkar at eg blir fortare sliten enn før er formen ganske bra. Hadde eit lite nesten-besvime-anfall mens eg stod og lagde middag på lørdag. Omtrent på samme måten som i London i påska. Blei plutselig kvalm og svimmel og blei heilt våt av svette . Trur det må ha vore sånn blodtrykksfall igjen. Blei heilt fin igjen etter å ha satt meg ned i 5 minutt og drukke eit glass vatn. Om to dagar skal eg på ekstra ultralyd på KK for å kontrollere nyrene til babyen. Då håpar eg at eg får vite litt meir sikkert at det er ei jente der inne! Er sjølvsagt like kjekt med gutt, men dei setta som mamma har strikka passar nok best til ei jente. Det her blei fryktelig langt, men sånn går det når eg er så lite flink til å oppdatere! :fy:
meta Skrevet 18. mai 2004 #216 Skrevet 18. mai 2004 Nå må du passe på så du ikke sliter deg helt ut :fy: Jeg har det også sånn med svai i ryggen. Ser ganske så stor ut med jakke på ja og det bruker jeg OFTE. Er jo så enkelt med topper og jakker utenpå. Da slipper jeg å kjøpe masse nye mammaklær. Lykke til på ul
Hermione Skrevet 20. mai 2004 Forfatter #217 Skrevet 20. mai 2004 Det er ei lita jente i magen min! Jordmora var heilt sikker denne gangen. Så no kan eg begynne å shoppe for alvor Alt var bra med babyen ellers. Nyrebekkenet, som var litt forstørra siste gang, hadde normalisert seg heilt. Etter å ha målt litt fant jordmora ut at ho var omtrent på gjennomsnittet (+3%), så viss eg føder ca ved termin kjem ho til å vere rundt 3500 gram. Akkurat passelig Hadde min første køyretime etter jobb i går. Har køyrt litt med mannen, men berre på lite trafikerte vegar og aldri over 60 km/h, så eg var ganske nervøs på forhånd. Men køyrelæraren var veldig grei, og alt gjekk kjempefint! Køyrte rundt omkring på Landås og øvde på krypekøyring og bakkestart, og så avslutta eg med å køyre ned igjen til sentrum via Haukeland og parkere utanfor trafikkskulen. Var litt skummelt å køyre i byen, men det gjekk bra. Rekk nok ikkje å få lappen før babyen kjem, men i løpet av oktober skal eg nok ha klart det. Greit å kunne bruke bilen når eg er i permisjon slik at eg blir litt meir mobil.
Hermione Skrevet 27. mai 2004 Forfatter #218 Skrevet 27. mai 2004 27+0 i dag! Det går framover! I følge babyverden.no er babyen no 1000 g og 32 cm lang. Og i dag skal vi kjøpe vogn, bilsete og madrass til senga! :-) Håpar vi klarer å prute litt sidan vi skal ha så masse. Skal ha Mistral Sports som vogn og Akta Graco Autobaby bilsete med base. Det var det einaste setet som passa i baksetet på bilen vår. Hadde mest lyst på eit Britax Römer sete, men vi har for korte selar :-( Tømte gjesterommet og vaska det i helga, så no er det klart til å bli barnerom. Babyen skal nok sove inne hos oss første halvåret, men vi har fryktelig lite bad, så vi må ha stellekommoden der inne. Kjøpte seng og stellekommode for ei stund sidan og i helga monterte vi det. Senga var eit sant h....... å få montert sidan alle pinnane kom laust! Men etter ein del banning og steiking blei sluttresultatet veldig bra. Har kjøpt eindel klær i det siste, så skuffene i stellekommoden begynner allerede å bli fyllt opp. Har bestemt meg for å roe ned handlinga litt no. Kan jo vere at det dukkar opp masse fint på salg seinare i sommar eller i august!
Hermione Skrevet 3. juni 2004 Forfatter #219 Skrevet 3. juni 2004 28+0 og kraftig lei :-x Låg og vrei meg i nesten to timar før eg sovna i går kveld/natt og våkna ørti gangar i løpet av natta fordi eg hadde vondt i ryggen. Blæ! :evil: Skjønnar ikkje kvifor alle snakkar om at det er så fantastisk å vere gravid. Syns ikkje det eg! Har jo ikkje hatt så masse plager hittil samanlikna med mange andre, så eigentlig har eg ikkje noko å klage over. Men det er forferdelig slitsomt å sitte på jobben i denne varmen. Har ikkje aircondition, og sola står rett på vinduet mitt store delar av dagen. Sitt foran ein PC heile dagen og blir fryktelig stiv i ryggen av det. Og så får eg ikkje heilt til det eg held på med for tida, og tolmodigheita er minimal Vil ha permisjon NOOOOOO! Skal ikkje ha ferie i sommar heller, så det kjem til å bli ekstra kjedelig på jobb i juli når nesten alle andre tar ferie. Er absolutt ikkje komfortabel med å ese ut så voldsomt som eg gjer for tida. Syns nesten eg kan sjå det frå dag til dag. Har ikkje turt å gå på vekta sidan forrige jordmorkontroll, så eg veit ikkje kor ille det er. Men eg trur nok at det er ca 10 kg + :o Og endå er det 12 veker igjen....... Prøver å ete sunn mat, men sprekk kvar einaste dag. Kjøpte familiepakke av Hjem-Is-bilen for eit par veker sidan, og den er snart tom :oops: Og så hadde vi utgått melk og egg i kjøleskapet og då MÅTTE eg lage vafler. For ikkje å snakke om alt det snopet eg trykte i meg i pinsehelga. Men det skjer i allefall litt positive ting for tida: 1. Kontrakta mi på jobben, som går ut 31.12.04, blir forlenga til 31.juli 05. Dvs at eg har jobb dei 3 mnd mannen skal ha pappapermisjon 2. Skal mest sannsynlig vere 3 mnd i England under permisjonen min fordi mannen skal dit i forbindelse med dr.graden han held på med. Får masse ekstra i utenlandsstipend, så vi har råd til å leige ei leiligheit der sjølv om vi betaler lån og husleige for leiligheita heime. Mannen kjem til å jobbe lange dagar, men eg klarar sikkert å aktivisere meg sjølv og babyen. Og så kan eg jo få besøk frå Norge!
Hermione Skrevet 4. juni 2004 Forfatter #220 Skrevet 4. juni 2004 Huffameg.... :-( Trekker tilbake all sytinga eg kom med i går. Etter å ha lest i Matahari si dagbok skammar eg meg skikkelig. Tenke å klage så masse over bagatellar når andre har det 100 gangar verre. Skjerpings! :fy:
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå