meta Skrevet 5. juni 2004 #221 Del Skrevet 5. juni 2004 Innom med en klem jeg Sikker på at du er kjempefin som gravid. Og så kommer det jammen noe veldig godt ut av slitet til slutt GOD HELG Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 9. juni 2004 Forfatter #222 Del Skrevet 9. juni 2004 Takk for oppmuntring, meta! Er i mykje bedre humør no. Men hadde ein nedtur igjen på fredag då eg og mannen kom heim frå jobb. For der låg det innkalling til heimevernsøvelse i posten. Oppmøtedato er 29.08.04, terminen min ! :o Vi har vore litt redd for at han skulle bli kalt inn, men tenkte han kom til å sleppe sidan han allerede har vore på ein øvelse i år. Men sidan han er befal kan han visst bli kalt inn fleire gangar. Han har sjølvsagt søkt om utsettelse no, men det er ikkje sikkert at han får det. Øvelsen foregår på Mjølfjell, og det er mulig dei meiner at han kjem til å rekke fødselen viss eg ringer når eg får rier. Tar 1,5-2 timar å køyre. Men tenk om eg ikkje får tak i han? Eller at det har skjedd ei ulykke ein eller anna plass slik at vegen er stengt? Får heilt vondt i magen av å tenke på at eg kanskje risikerer å måtte føde uten han. På lørdag traff eg Ionaa på Galleriet og fekk sjå Konrad :-) . Sist eg såg han var han bitteliten, men no var han plutselig blitt ein heilt normal liten babygutt! Gledar meg veldig til eg får sjå min baby, men sjølv om eg er rimelig lei av å vere gravid håpar eg at ho bli i magen LITT lengre enn Konrad. Ellers har eg pluteselig blitt hekta på å spele SimCity4 på PC. Har hatt spelet lenge, men dei første gangane eg prøvde det fekk eg det ikkje skikkelig til, så eg ga opp. På laurdag fekk eg det plutselig til og blei sittande oppe til 04.30 og spele :oops: Dette resulterte i at eg våkna klokka 10 med akutt krampe i begge leggane. IKKJE lurt å sitte så lenge som eg gjorde uten å bevege beina. Var på kontroll hos legen i går og var rimelig irritert då eg gjekk derifrå. MÅ bytte fastlege snart, men eg orkar ikkje å gjere det no midt i svangerskapet. Er der inne maks 10 minutt på kvar kontroll, og eg må minne han på å alt han skal kontrollere, ellers blir det ikkje gjort. Då eg kom på jobb etter kontrollen oppdaga eg at han har gløymt å føre på SF-målet på skjemaet. Han sa det heller ikkje til meg, så eg anar ikkje om eg fremdeles er innanfor normalen :-( Likar heller ikkje sjukepleieren hans som tar blodprøver og kontrollerer urinen. Då eg kom ut frå legen og skulle gi ho urinprøva mi presterte ho å be meg gå ut på venterommet fordi ho stod og preika sladder med ei dame ho kjente. Og denne dama prata ho med før eg gjekk inn og, så ho hadde allerede snakka med ho i minst 10 minutt. Eg blei sittande på venterommet ganske lenge før ho kom ut og henta meg :evil: Og når eg skulle bestille ny time viste det seg at legen skal ha ferie akkurat dei samme vekene som jordmor. Skal til jordmor 9.juli, og frå og med då skal eg eigentlig gå til kontroll kvar 14.dag. Men eg fekk ikkje time hos lege før 3.august. Legen meinte det gjekk heilt fint, men eg lurer på om ikkje eg skal ringe litt rundt og finne ut om eg kan få ein kontroll ein anna plass mellom 9.juli og 3.august. Her er talla frå kontrollen, 28+5: Vekt: Opp 3,2 kg sidan forrige kontroll, +9,5 kg til sammen Blodtrykk: 126/70 men eg trur det eigentlig er lavare. Er alltid litt stressa når eg er hos han, og han målte berre ein gang. Hb: 11,5 Litt lavt. Kombinert med lavt blodtrykk er det ikkje så rart at eg er litt svimmel innimellom. Urin: negativ Ødem: 0 Leie: Hodet ned SF-mål: ????? Skulle likt å visst dette sidan eg syns eg har vokst så voldsomt dei siste vekene. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
meta Skrevet 9. juni 2004 #223 Del Skrevet 9. juni 2004 Hei og hopp! Vi har snakket litt om at det jo hadde vært koselig å treffes snart igjen! Nå er det jo sommer og det betyr sikkert at mange reiser bort. Kanskje vi kan klare å få det til allikevel.. Har du lyst til å være med på treff neste uke feks? Ionaa reiser bort 20. Klem Meta Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 10. juni 2004 Forfatter #224 Del Skrevet 10. juni 2004 Har veldig lyst til å vere med på treff! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
meta Skrevet 10. juni 2004 #225 Del Skrevet 10. juni 2004 Passer det med treff tirsdag førstkommende kl 19? Foreslår Friday's denne gangen også jeg, men dersom noen har lyst til noe annet, er det bare å si ifra Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
meta Skrevet 14. juni 2004 #226 Del Skrevet 14. juni 2004 Da har jeg bestilt bord på Friday's til i morgen klokken 19. Bordet står på Maya Nilsen Gleder meg til å treffe deg igjen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 16. juni 2004 Forfatter #227 Del Skrevet 16. juni 2004 Veldig koselig på treff i går! Men i dag er eg heilt kake. Blei litt seint for ein stakkars gravid kropp! Etter at eg kom heim begynte vi å diskutere kjøp av digitalt videokamera. Skattepengane kjem jo på fredag! Og så måtte eg lese gjennom ein stipendsøknad for mannen. Plutselig var klokka 12! Og då fekk eg sjølvsagt ikkje sove fordi Jack Daniels Chicken tydeligvis gir kraftig halsbrann :-? Trur ikkje det blei meir enn 4 timar søvn i natt. Ho eg deler kontor med pleier ikkje å komme før ni, så eg vurderer å ta ein liten dupp med hovudet på tastaturet. Men det kan jo bli ein smule pinlig viss sjefen kjem innom. :oops: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Mayamor Skrevet 16. juni 2004 #228 Del Skrevet 16. juni 2004 Takk for sist. Det var kjempekoselig. "Godt" å høre om flere trøtte i dag: Andreas har hatt en våkenatt og kaster opp i dag. Så her er en stk trøtt Mayamor også... Håper ikke sjefen tar deg på fersken med hodet på tastaturet da... Har dere funnet ut hvilket videokamera dere skal ha? Vi lurer på det samme, men det blir nok utsatt en stund til foreløpig. Men den kake-korg-festen - det må vi gjøre. Hadde vært koselig å se hvor andre bor + ha besøk her om noen mnd. Skriver ikke så masse - men sjekker innom... Klem fra Mayamor Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Ionaa Skrevet 16. juni 2004 #229 Del Skrevet 16. juni 2004 På lørdag traff eg Ionaa på Galleriet og fekk sjå Konrad :-) . Sist eg såg han var han bitteliten, men no var han plutselig blitt ein heilt normal liten babygutt! Gledar meg veldig til eg får sjå min baby, men sjølv om eg er rimelig lei av å vere gravid håpar eg at ho bli i magen LITT lengre enn Konrad. En helt normal liten baby....tidig. Takk for igår forresten, var veldig koselig. Synd du fikk sånn halsbrann av kylingen da, den som er så god. Jeg slenger meg på Maya sin ide om korgafæst, hadde vært koselig det også. Håper du klarte å holde deg våken gjennom dagen idag. Masse klemmer fra Ionaa Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 17. juni 2004 Forfatter #230 Del Skrevet 17. juni 2004 I dag er eg faktisk endå trøttare enn i går. Hadde store planar om å få lagt meg tidlig i går, men det blei det ingenting av. Blei sittande å sjå på ein film på TV3 om ei som var gravid og var forelska i ein homofil mann. Filmen var ikkje akkurat supergod, men eg kunne jo ikkje legge meg før eg fekk sjå babyen! Og filmar på TV3 blir jo aldri ferdig pga desse hersens reklamepausane heile tida. Var i seng litt over halv tolv, men bråvåkna halv ett av at mannen braste inn døra. Han hadde vore på Flesland og henta svigermor som kom igjen frå syden. Tok litt tid før eg sovna igjen, og så måtte eg på do i tre-tida :-x . I fem-tida begynte mannen å snorke, så då våkna eg IGJEN. I natt MÅ eg få sove. Har bursdag i mårra og skal ut og ete med mannen. Greit å vere litt opplagt då sånn at eg ikkje sovnar ved bordet :oops: . Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 17. juni 2004 Forfatter #231 Del Skrevet 17. juni 2004 Mayamor: Vi har tenkt på eit Sony-kamera som tar opp direkte på mini DVD-plater. Kjekt å sleppe unna spoling! Du finn det på expert.no. Men det er nok litt dyrare enn andre digitalkamera som tar opp på sånne små kassettar. Og så er DVD-plater som ein kan bruke om igjen fleire gangar ganske dyre . Men vi tenkte vi kunne lagre filmen permanent på eingangs-plater etter at vi har redigert opptaka. Eingangsplater er ikkje så dyre. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
bizzy Skrevet 21. juni 2004 #232 Del Skrevet 21. juni 2004 I natt MÅ eg få sove. Har bursdag i mårra og skal ut og ete med mannen. Greit å vere litt opplagt då sånn at eg ikkje sovnar ved bordet :oops: . Betyr det at det er på høy tid med en forsinket gratulerer med dagen klem? For det var vel din bursdag? :klem2: GRATULERER med vel overstått :klem2: PS: Håper du ikke sovnet med panna i middagen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
meta Skrevet 21. juni 2004 #233 Del Skrevet 21. juni 2004 Ååå.. Det leste jeg og så glemte jeg det :oops: GRATULERER så masse med dagen som var! Håper du hadde en flott dag Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 21. juni 2004 Forfatter #234 Del Skrevet 21. juni 2004 Tusen takk for gratulasjonar! No er eg 27 år :o Skrekk og gru. Måtte tenke meg om då ei på jobben spurte kor gammal eg blei. Etter at eg passerte 23 har det begynt å gå litt i surr Fekk morgenkåpe, dataspill (Syberia II) og 'Aschehougs store bok om barnet' av mannen. Fant ut at det faktisk er ein god del om babystell eg absolutt ikkje kan :oops: . Visste for eksempel ikkje at eg må passe på at babyen ikkje alltid ligg med samme sida av hovudet mot underlaget. Då kan hovudet bli derformert. Trur eg må begynne å lese meg opp litt. På bursdagen min (fredag) gjekk vi på japansk restaurant om kvelden (nami sushi & noodles i Rosenkrantz gate). Dei har fantastisk god mat der! Er litt skeptisk til å ete sushi no når eg er gravid, så eg bestilte lammefilet i staden for. Veldig godt! På laurdag hadde vi familien til mannen på bursdagsbesøk. Eg bakte gulrotkake som faktisk blei heilt perfekt! Hadde eg aldri trudd. Er eigentlig ei skikkelig kløne på kjøkkenet. Blir veldig masse 'oi!' og 'oisann' når eg held på :oops: Hadde kjøpt ei marsipankake i tillegg, så det blei altfor masse kake. Derfor måtte eg ha nytt kakekalas på søndag med tante, onkel og to kusiner. Fekk badebalje og bleiebøtte i presang av svigermor, så no har vi snart alt det utstyret vi treng. Manglar berre vippestol og baby call. I dag har vi fått oss digitalt videokamera! Kjøpte eit Sony kamera på nettet som tar opp direkte på DVD-plater. Vi hadde bestilt DVD-RW plater til å ta opp på, men dei kom ikkje. Nettbutikken var utsolgt :-x . Vi måtte jo prøve kameraet, så då måtte vi rett til nærmaste expert-butikk for å kjøpe ei plate der. Sjølv om det er mykje dyrare der enn på nettet :-? Og då vi kom ut av butikken traff vi Bizzy på veg inn med mammaen sin ! Kameraet ser ut til å fungere veldig bra. Bra lydkvalitet og (men eg hatar å høyre mi eiga stemme :oops: ). Andre kamera som tar opp på band får ofte støy frå kamereaet på opptaket. Ser ut til at vi unngår det når vi tar opp på DVD-plater. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 28. juni 2004 Forfatter #235 Del Skrevet 28. juni 2004 I dag skal vi hente vogn og bilsete! Liggeforlengeren til vogna har ikkje komt endå. Eigentlig hadde vi tenkt å henta alt samtidig, men no gidd eg ikkje vente lengre! Vil ha vogna noooooo! Har hatt besøk av ei veninne med samboer og 11 mnd gammal gutt i helga. Veldig kjekt! Vi passa hund (bitteliten chihuahua) i tillegg, og den gjekk ikkje så veldig bra overens med babygutten. Han kraup etter hunden heile tida og ville klappe, men han var så hardhendt at hunden blei livredd stakkars. I tillegg ropte han så høgt at vovsen blei heilt skjelven. Då eg tok hunden meg ut på eit liten luftetur ville ho IKKJE inn igjen etterpå. Satte seg på bakbeina og nekta å gå då ho såg at vi nærma oss blokka der vi bur. Måtte til slutt bære ho heim. Trur ho var glad då dei reiste i dag tidlig . Er forresten travelt med ein nesten-ettåring i ei leiligheit som ikkje er barnesikra. Sånne små er utrulig kjappe til å komme seg rundt sjølv om dei ikkje kan gå! Dersom ein snur ryggen til i to sekund kan det vere gjort. Er heldigvis lenge til babyen i magen begynner å krabbe rundt, men vi må nok gjere ein del forandringar, spesielt i stua. Har f.eks ein diger potteplante på golvet som visstnok er giftig. Og to digre høgtalarar som ikkje står spesielt støtt. Ellers er formen stort sett grei for tida. Men eg har begynt å hovne ganske kraftig opp i beina og fingrane. Kan ikkje gå med ring lengre, og anklane ser heilt komiske ut kvar kveld. Når eg trykker med peikefingeren på ankelen blir det eit djupt søkk der som bruker ganske lang tid på å forsvinne. Er ikkje noko flink til å passe på å få i meg nok drikke og et nok for masse mat med salt i, så det er vel min eigen feil. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
bizzy Skrevet 7. juli 2004 #236 Del Skrevet 7. juli 2004 Huff, dårlig samvittighet nå... har jeg gått glipp av en bursdag :oops: Bedre sent enn aldri; Gratulerer med vel overstått Magen din er såååå fin altså!! Håper du får en fin dag i dag Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 8. juli 2004 Forfatter #237 Del Skrevet 8. juli 2004 Takk for gratulasjon Bizzy! Er visst fryktelig lenge sidan eg har oppdatert her inne no. Held på å lære opp vikaren min på jobb for tida, så det blir ikkje mykje tid til nettsurfing. Og om kvelden når eg kjem heim er eg ofte så sliten at eg kollapsar på sofaen . Orkar ikkje å gå inn på datarommet og sette på PC'en. I går kveld oppdaga eg at det kjem råmelk ut av puppane mine når eg klemmer på dei! :o Syns alle andre som har termin i august har snakka om lekkasje frå puppane i månedsvis. Begynte å lure på om eg kanskje ikkje kom til å få melk i det heile tatt. Men no ser det ut til at eg er heilt normal likevel :-) . Bør vel eigentlig vere glad for at eg ikkje lekker som ei sil allerede no. Er sikkert ikkje akkurat kjekt å gå rundt med våte flekkar på genseren heile tida. Må få tatt eit nytt bilde av magen min snart. Begynner å bli diiiger! Heldigvis har det ikkje dukka opp stekkmerker endå. Smører meg to gangar for dagen med ein knalldyr anti-strekkemerke krem eg kjøpte på apoteket. Veit at det er delte meiningar om dette med smøring, men eg trur det hjelper. Har strekkmerker på innsida av låret som eg fekk for mange år sidan, så eg veit at eg er disponert for å få det. Er overbevist om at eg har unngått å få det på magen fordi eg smører meg. I går kjøpte eg meg jordnøttolje/peanøttolje som skal forebygge revning under fødselen. Revning er absolutt det eg fryktar mest i forbindelse med fødselen, så eg håpar at det hjelper :-? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 15. juli 2004 Forfatter #238 Del Skrevet 15. juli 2004 34+0 i følge mensterminen i dag! Syns det er vanskelig å vite kor langt på veg eg er for tida. I følge jordmora er eg 34+0 i morgon, men på babyverden.no er eg ikkje 34+0 før på søndag. Begynner å lure på om ikkje graviditets-kvalmen er på veg tilbake. Var kvalm både om morningen og kvelden i går, og i dag er eg kvalm igjen Håpar virkelig at det ikkje blir like ille som dei første 14 vekene av svangerskapet! Har og fått temmelig hovne bein og fingrar. Hadde skikkelig problem med å få på meg sko i helga, men no har det blitt litt kaldare i Bergen, så no går det bedre. Var hos jordmor sist fredag på kontroll. Ho satte 1-2 i ødem på meg. Og då var det eigentlig ikkje så ille. Var nok oppe i 2-3 i helga. Blodtrykket og urinen var fin, så det er heldigvis ikkje noko svangerskapsforgiftning på gang. Ellers er SF-målet akkurat på snittet no, sjølv om eg føler at eg har utrulig stor mage. Og eg har gått opp 12 kg sidan eg blei gravid. Reknar med at eg endar opp på +15 kg ved termin. I dag har mannen bursdag! Han har fått nye sko, genser og 'Hakkespettbok for førstegangsfedre' av meg. Boka virka veldig morsom, så eg trur faktisk at eg skal få han til å lese den uten å mase Vanligvis skal det veldig masse til å få han til å lese ei bok. Eg skal på teorikurs i kveld, så det blir ikkje noko feiring i dag. Men i morgon skal vi gå ut og ete middag. Veit ikkje heilt kor endå. Mannen må vel nesten få bestemme sidan det er hans bursdag. Og på laurdag blir det familieselskap med hans familie. Begynte å vaske babyklær denne veka. Visste ikkje at eg hadde så masse! Trur ikkje eg treng å kjøpe noko meir i størrelse 56 i allefall. Syns det virkar som om alt sammen krympa litt i vask og, så eg er glad for at eg ikkje har kjøpt masse i størrelse 50. Er redd det blir for lite. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Mayamor Skrevet 15. juli 2004 #239 Del Skrevet 15. juli 2004 Takk for forklaring av digitalt kamera. Og gratulerer med overstått - det er jo lenge til neste bursdag - ikke sant...? "Den som ler sist er treg i oppfattelsen og så videre..." :rosasmil: Det med råmelk er helt forskjellig fra gravid til gravid. men det blir vel slik at når en leser om alle andre - føler en seg unormal med det meste. Ta for eksempel fødselstripen... Den har jeg ikke hatt... :oops: Men det har jo sikkert med min mage fra før graviditet å gjøre... Første svangerskap tenkte jeg ikke mye på graviditeten. Jeg var blitt gravid. Klart det skulle gå bra. At noe galt skal skje med meg...? Nope - det skjer jo bare med "alle" andre... Denne gangen var jeg mer bekymret hønemor. :oops: Så om kunnskap er bra? Kanskje ikke alltid...? Ønsker deg en rolig innspurt på jobben. 3 uker til du går ut i permisjon. Nyt den siste tiden med gratis barnevakt inni livmoren... Klem fra Mayamor Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
meta Skrevet 16. juli 2004 #240 Del Skrevet 16. juli 2004 34+0.. Det er ikke lenge igjen da. Å så spennende Var på besøk hos Ny Dag i går og vi snakket litt om at det hadde vært koselig med et treff til i sommer. Mayamor foreslår jo også treff, så det ser ut som det er flere som er klare. Forslaget fra Ny Dag og meg er treff en gang i uke 31. Hva tror du?? Er du i form til å treffes? Håper du får en super helg Klem fra Meta Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå