Mirabella76 Skrevet 10. august 2010 Forfatter #1001 Del Skrevet 10. august 2010 (endret) Kanskje få med meg hva som skjer hos deg... Koselig! Trur eg også må bli flinkare til å følgja med på kva som skjer hos deg. Merkar at eg har blitt kjempedårlig til å følgja med i dagbøker/bloggar. Før skreiv eg masse i andre sine dagbøker, men no blir det sjeldnare og sjeldnare. Trur eg på eit tidspunkt hadde litt for mange dagbøker å følgja med i på ein gang, og så kom bloggane i tillegg. Då datt eg litt av lasset, merka eg... Eg er ganske flink til å følgja med i enkelte dagbøker fortsatt, men eg skriver kommentarar altfor sjelden. Merkar at eg heller ikkje er like flink til å oppdatera mine eigne dagbøker lenger. Skal prøva å skjerpa meg! Endret 10. august 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. august 2010 Forfatter #1002 Del Skrevet 10. august 2010 (endret) Jeg blir målløs! S gidder ikke engang å høre på fortellinger fra bøker. Han kan gjerne sitte litt med ei bok, men det er ikke snakk om å høre på fortellinga. Ser kun på litt bilder og sier hva det er. Blar FORT videre, eller han ser bare på den samme sida, hvis han har funnet noe akkurat der som er spennende! Barn er jo så forskjellige, og interesserer seg for ulike ting - så du treng nok ikkje bekymra deg for at S. ikkje er særlig interessert i bøker enda. I. har alltid vore veldig glad i bøker, heilt frå ho var ganske liten. Eg har lest bøker for henne heilt sidan ho var nokre få månader gammal, viss eg ikkje hugsar feil. Og sidan eg har merka at I. likar bøker så godt, så har eg lest veldig mykje for henne. Innimellom giddar ikkje I. heller å høyra på fortellingane eg prøver å lesa, men blar berre fort vidare, slim du forteller at S. gjer! Andre gangar vil ho kun sjå på bilder og kommentera dei, mens oftare og oftare sit ho stille og følgjer med mens eg les, samtidig som ho ofte gjentar det eg seier, og me pratar litt om det me ser på bilda. Og så mykje som eg les for I. (mange bøker kvar einaste dag), så er det egentlig ikkje så rart at ho etter kvart har fått med seg store delar av innhaldet i dei mest populære bøkene, som ho har høyrt veldig mange gangar. Og sidan I. er så flink til å prata, så klarar ho å gjenta ganske mange heile/delar av setningar frå bøkene heilt riktig. Det er først no heilt i det siste at I. har funne ut at det er gøy å lesa bøker heilt på eiga hand. Vanlegvis har ho pleid å gjenta etter meg litt av det eg leser, evt at eg seier starten av ein setning, og så fullfører I. den. Det er utrulig kor flinke små barn kan bli i ting dei interesserer seg for! Eg hugsar godt då eldste gutten til søstera mi var rundt 2 år gammal, og kunne navnet på alle bilmerker! Han var så interessert i bilar. Kvar einaste gang han gjekk forbi ein bil, måtte han stoppa, og sjå kva slags bilmerke det var. Og det rare var at han nesten alltid hadde rett, og han hadde mykje meir peiling enn meg. No er han 6 år gammal og skal begynna på skulen, og han kan nesten ikkje eit einaste bilmerke lenger! Han mista nemlig interessa for bilar etter ei stund, og då gjekk også alt han hadde lært om bilar gløymeboka. Ganske rart egentlig, men det er vel sånn det er. Endret 10. august 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 10. august 2010 #1003 Del Skrevet 10. august 2010 Det er sånn det er ja, har de en interesse så er de helt oppslukt av den. Ser det på vesla vår som nå "bare" er 6 måneder. Hun kan ikke få nok av å stå og gå, mens å ligge på magen ikke er interessant i det hele tatt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. august 2010 Forfatter #1004 Del Skrevet 13. august 2010 (endret) Må berre få dela dagens gullkorn med dåke! Då I. låg på stellebordet no i kveld, kom det plutselig frå henne: "Mamma kjøpa liten baby på butikken. I. passa på. Baby grina masse." Trur I. er klar for å bli storesøster, ja! Ho synst nok det er på høg tid at det skjer noko snart. Endret 13. august 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 15. august 2010 Forfatter #1005 Del Skrevet 15. august 2010 Det er sånn det er ja, har de en interesse så er de helt oppslukt av den. Ser det på vesla vår som nå "bare" er 6 måneder. Hun kan ikke få nok av å stå og gå, mens å ligge på magen ikke er interessant i det hele tatt. Ja, det er utrulig kor oppslukte dei små kan bli av enkelte ting! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 15. august 2010 Forfatter #1006 Del Skrevet 15. august 2010 (endret) I. har blitt så flink med rolleleik den siste tida! Ho har leika slik innimellom lenge, men leiken blir berre meir og meir avansert. I eit par dagar no har I. vore veldig opptatt av å leika med ei dokke, som ho har på stellebordet (Lite dokke-stellebord, med badekar under, som besteforeldra til I. har ståande). I. legger dokka på stellebordet, og seier at dokka har bæsja. Luktar, og seier at det luktar bæsj. Så tar I. av alle kleda, og seier at det har kome bæsj på strømpebuksa, gensaren m.m., og at ho må vaska det i vaskemaskina. Bleia blir kasta i bosset, som er under ein stol e.l. Så går I. avgårde, og legger dokkekleda under ovnen, som liksom skal vera vaskemaskina. I. går vekk, og seier "Ferdig" etter ei lita stund, går bort igjen og tar kleda ut av "vaskemaskina". Så badar I. dokka i badekaret, og latar som ho tar vatn i badekaret. I. bevegar på beina og armane til dokka, og seier at ho plaskar. Så latar I. som om dokka sprutar vatn på henne, og seier "I. våt på gensaren". Deretter latar I. som ho skal henta sjampo, men seier at det er tomt. Så då går ho til butikken (går til andre enden av stova), for å kjøpa sjampo. Etterpå latar I. som om ho tar sjampo i håret til dokka, og vaskar dokka rein og fin. Så får dokka koma opp på stellebordet. I. seier at dokka fryser, og latar som ho tørkar dokka med eit handkle, før dokka får på seg ny bleie og klede igjen. Men før bleia kjem på, må I. finna salve og smøra den på rumpa til dokka. I. har nemlig vore veldig sår i rumpa dei siste dagane, og er veldig opptatt av at dokka har vondt i rumpa, og må få salve på. Til slutt skal dokka sova, og blir lagt i dokkevogna. I. seier "God natt" til dokka. Etter ei lita stund tar I. opp dokka frå vogna igjen, og seier "God morgen" - og så er leiken i gang igjen! Denne leiken har I. leika om og om igjen i eit par dagar no. Eg er så fascinert over at ein så liten unge kan leika så avansert rolleleik. No har eg ikkje oppdatert meg på kor tidleg det er vanleg at barn begynnar med denne typen rolleleik, men eg trudde det var på eit litt seinare tidspunkt? Uff, eg burde ha visst det eg som er førskulelærar. Men no har eg ikkje vore i jobb på ei stund, og då er det skummelt kor fort ting går i gløymeboka. Endret 16. august 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 15. august 2010 Forfatter #1007 Del Skrevet 15. august 2010 (endret) I dag har det vore fantastisk sommarver! Strålande sol, 25 grader i skyggen og 18 grader i vatnet. Me har vore til sjøen og bada, og I. storkoste seg! Ho var uti vatnet 2 gangar, og dukka heilt under med heile kroppen (berre hovudet som ikkje var under vatn). Så koste I. seg med heimebakt kringle og drikke, då ho kom på land. Me har også vore på ein liten båttur i dag. Aller første gangen I. har vore ute i båt faktisk. Ho har reist med ferje fleire gangar før, men det blir jo ikkje heilt det samme. Trur ho synst det var spennande! Ein herlig og avslappande dag har me hatt, med andre ord. Det har ikkje akkurat vore for mange slike fine dagar i sommar. Så me må nyta det skikkelig no når sommaren endelig kjem til oss, sjølv om det berre varer i nokre få dagar! Endret 15. august 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 16. august 2010 #1008 Del Skrevet 16. august 2010 Høres ut som om dere hadde en flott dag i går. Og jeg synes det er tidlig å leke så avansert rollelek. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 18. august 2010 #1009 Del Skrevet 18. august 2010 Åj, åj, åj! Det var avansert lek for ei så lita snelle, ja!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 18. august 2010 Forfatter #1010 Del Skrevet 18. august 2010 (endret) Høres ut som om dere hadde en flott dag i går. Og jeg synes det er tidlig å leke så avansert rollelek. Ja, det hadde me! Veldig varmt her i dag også, og sol på ettermiddagen - så då vart det bading på I. i bassenget ute i hagen. I. imponerte iallfall meg med leiken sin den dagen! Men så vart eg plutselig litt usikker på om det er vanlig for barn under 2 år å leika såpass avansert rolleleik, eller ikkje. Åj, åj, åj! Det var avansert lek for ei så lita snelle, ja!! Ja, du synst det du også? Då er eg nok ikkje heilt på viddene, når eg lot meg imponera av leiken til I. Ho er veldig opptatt av rolleleik for tida, og det er som oftast ei dokke involvert i leiken. Endret 18. august 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 21. september 2010 Forfatter #1011 Del Skrevet 21. september 2010 (endret) Ja, no er det visst allerede over 1 månad sidan eg skreiv noko her i dagboka mi, så kanskje på tide å skriva litt igjen! Eg har vel rett og slett ikkje vore i humør til å skriva her inne. Er berre så mykje stress og bekymringar for tida, med alt prøvestyret. No har me prøvd på nr 2 i godt over 1 år, og enda har det ikkje skjedd nokon ting. Eg begynnar å bli livredd for at I. aldri skal få bli storesøster. Eg er sjølv eldst i ein søskenflokk på 5, og har alltid synst det har vore kjempekjekt å vera mange søsken. Har alltid sett for meg at eg skulle få 4-6 barn, og no er eg livredd for at me ikkje skal klara å få 2 ein gang... Eg unner I. så veldig å få søsken! Men det er ikkje så lett å vera positiv lenger, når det går så lang tid uten at noko skjer, og eg snart er 34 år gammal. Har liksom ikkje all verdens tid på meg heller! Nei, det skal ikkje vera lett dette her. Eg er så overlykkelig for at eg har fått I., ho betyr alt for meg! Eg håpar berre så intenst at me skal få enda eit lite gull, og at I. får søsken snart. Endret 21. september 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 21. september 2010 Forfatter #1012 Del Skrevet 21. september 2010 (endret) I. har no blitt 22 mnd gammal, og snart har me ein 2-åring i hus! Tida berre flyr, og I. blir visst stor før eg får sukk for meg. Skreiv jo tidlegare at eg skulle skriva om korleis barnehagestarten gjekk, men det har eg visst ikkje gjort enda. I. begynte i barnehagen 2. august, så det begynnar å bli ei stund sidan no (nesten 2 månader). I. synst det var veldig kjekt i barnehagen første dagen, då eg var med heile tida. Me var vel der i eit par timar då. Andre dagen var eg vel vekke ca 1 time, viss eg ikkje hugsar feil, og 3. dagen litt lenger. Tilvenninga varte i 3 dagar. I hylskreik då eg sa ha det og gjekk, og hadde grene ganske lenge etter at eg hadde gått. Det var ikkje noko kjekt. Heldigvis kunne I. ha veldig korte dagar dei første vekene, sidan eg ikkje har fått meg nokon ny jobb enda. Ho var vel der ca 3 timar kvar dag dei 2 første veker, etter at tilvenningsdagane var over. Og etter det har me latt I. ha litt lengre dagar i barnehagen. No har I. egentlig i ganske mange veker vore ca 5 timar i barnehagen dei dagane ho er der. Då leverer me henne til klokka er 09.30, då er det samlingsstund. Før den tid på dagen er det ikkje noko spesielt som skjer. Så hentar me henne igjen kl 14.30, når dei er ferdige med frukten. Etter frukten skjer det heller ikkje noko spesielt - så når I. er i barnehagen mellom kl 09.30 og 14.30, så får ho med seg alt det som er verdt å få med seg. Så det er egentlig heilt perfekt! I. har full plass i barnehagen. I starten var me nøye på at I. var litt i barnehagen kvar dag, før ho var skikkelig trygg - slik at det ikkje skulle gå for lang tid mellom kvar gang ho var der. Etter det har me latt I. få ha fridagar innimellom, slik at ho vanlegvis er i barnehagen 3-4 dagar i veka - og ho er ca 5 timar i barnehagen dei dagane ho ikkje har fri. Så det er kjempegodt at I. kan ta fri innimellom, og kan ha korte dagar i barnehagen. Då har me god tid om morgonen før me går, kan kosa oss og eta frukost, og ikkje stressa. Og så har me masse tid saman med I. om ettermiddagen. Gruar meg til eg skal begynna å jobba, og må dra I. ut av senga tidleg på morgonen. Og så ser eg heller ikkje fram til at I. må ha veldig lange dagar i barnehagen dei dagane eg skal jobba, i 2-3 veker i strekk, når mannen min er på jobb i Nordsjøen. For då er det jo eg som både må levera og henta I. i barnehagen! Blant anna av den grunn (og fordi eg ønskjer å ha mest mulig tid saman med I. når ho er liten), så har eg ikkje lyst til å jobba meir enn 60%. Eg har ikkje funne meg nokon jobb enda, men eg jobbar med saken Det går ganske greit med I. i barnehagen no, men det som er så kjipt er at ho fortsatt hyler kvar morgon eg leverer henne i barnehagen. Som oftast begynnar ho å sutra og smågrina allerede når me er heime, berre eg nevner at me snart skal gå i barnehagen. Og så snart me er inne i garderoben, så hylskriker ho. Hadde håpt at akkurat det skulle bli bedre etter kvart, men det har det ikkje blitt. Såg ei lita forbedring for nokre veker sidan, men så vart det verre igjen. Men det som er mykje bedre enn før, er at no sluttar I. stort sett å grina med ein gang ho ikkje ser meg meir, når eg har levert henne. I starten grein ho lenge etter at eg hadde gått. Dagane i barnehagen er litt opp og ned. Enkelte dagar har I. vore litt sutrete, og spurt etter mamma ofte. Andre dagar har ho vore i kjempehumør, leika, tøysa og kost seg masse. Og dei aller fleste dagane eg kjem og hentar I., ser det ut som ho kosar seg og har det fint. Så eg trur egentlig I. trivest i barnehagen. Ho taklar berre ikkje når eg skal gå. Trur ho har litt separasjonsangst, etter å nesten aldri ha vore vekke frå meg i det heile tatt, før ho begynte i barnehagen i haust. Får berre håpa at ting går enda bedre etter kvart. Men det er ein ting eg ikkje synst noko særlig om, som har skjedd etter at I. begynte i barnehagen. Og det er at ho har begynt å få nokon vanvittige raserianfall. Joda, eg veit det er vanlig at (snart) 2-åringar er i trassalderen. Får ikkje I. viljen sin, blir ho rasande! Men eg synst raserianfalla hennar er så ekstreme. Og eg fryktar at det har ein samanheng med at I. har begynt i barnehagen. At ho er sint på meg fordi ho blir forlatt i barnehagen, og lar derfor sinnet sitt gå ut over meg. For ja, det er meg I. blir sint på! Det som utløyser eit raserianfall, kan vera ein liten filleting - alltid eit resultat av at ho ikkje får viljen sin. Det kan vera at eg seier nei, når I. vil ha kjeks, rosiner e.l. rett før middag, at eg seier me må venta med å gjera noko som I. har lyst til å gjera med ein gang e.l. Og det typiske for tida, som utløyser eit raserianfall, er når eg og I. skal heim frå barnehagen, og ho springer alle veiar når me kjem ut, og går ikkje bort til porten når eg seier at me skal heim. Då får ho først beskjed om å gå rett vei, og ein advarsel om at viss ho ikkje greier det, så må eg bera henne. I. springer sjølvsagt feil vei igjen, og eg tar henne då opp og bærer henne med meg til bilen. Og då er det gjort! I. blir rasande, og får eit skikkelig raserianfall. Ho er heilt desperat, prøver å klora meg i ansiktet, slita meg i håret, sparkar, slår og er heilt vill. Det er nesten umulig å få I. inn i bilstolen, for ho er så sint og spenner heile kroppen. Prøver eg å prata med henne og roa henne ned, mens me kjører heimover, blir ho enda meir rasande. Seier at mamma ikkje skal snakka med I., så då er det best å ikkje seia noko som helst. (Bilturen heim tar berre eit par minutt). Når me kjem heim, kan I. finna på å leggja seg ned på veien når eg tar henne ut av bilen. Ein gang kraup ho bortover grusen, mens ho hylskreik, og nekta meg å ta henne opp. Eg tok henne likevel opp, og bar henne inn i gangen. Der legg ho seg alltid ned på magen, og rasar. Det er alltid der I. går og legger seg, når ho får raserianfall når me er heime også. Og nåde meg viss eg nærmar meg henne då! Eg synst det er så fælt at I. skal grina så intenst. Ho blir heilt rød i ansiktet, tårene sprutar, og det renner av nasa på henne. Men samme kva eg prøver å seia eller gjera, så seier I. "Mamma gå vekk!", kvar gang eg prøvar å nærma meg, og seier noko til henne. Og ho prøver å klora, slita meg i håret, og slår og sparkar, viss eg prøver å ta på henne eller løfta henne opp. Så eg har funne ut at I. må få rasa frå seg på eiga hand - men det tar berre så lang tid før det går over, synst eg. Eg skjønnar forresten ikkje heilt kor I. har fått det frå, for eg var så rolig og enkel å ha med å gjera som barn, og var aldri ein gang i nærheten av å få raserianfall. Svigermor sa at ho heller ikkje kunne hugsa at mannen min hadde hatt sånne raserianfall - men yngste søstera hans hadde visst hatt det. Ja, ja, får håpa at det berre er for ein periode. Men det har vore slitsomt i ein periode no, der I. har hatt slike raserianfall omtrent kvar einaste dag. Heldigvis har det gått bedre dei aller siste dagane. Eg har no prøvd å prata med I. på forhånd, i forhold til situasjonar der eg veit det er stor sjanse for at ho vil få eit raserianfall. F.eks å snakka med I. før me går i barnehagen, om at det er viktig at ho går der mamma seier, når me skal heim frå barnehagen. At viss ho ikkje gjer det, så må mamma bera henne til bilen, og ho då kan ikkje få gå sjølv. Og eg forteller henne at viss ho berre tøysar og går feil vei, så kjem me oss aldri heim for å laga middag. Og eg minnar I. på at ho må stå fint ved bilen eller porten på parkeringsplassen, og ikkje springa rundt på parkeringsplassen, for då kan bilane koma i full fart og kjøra på henne, og då kan ho detta og slå seg og få veldig vondt. I. er alltid enig då, og forstår. Og så passar eg på å minna henne på det eg har sagt når eg hentar henne i barnehagen, før me går ut av garderoben - f.eks ved å seia: "Du hugsar kva mamma sa om å gå fint/rett vei, og gjera sånn sånn som mamma seier" e.l. Og det har fungert veldig bra dei siste dagane. I har gått rett til porten med ein gang, og har stått fint ved bilen og venta, mens eg har pakka i bilen. Får håpa det fortset slik! Eg passar på å skryta veldig av I. etterpå, og forteller henne kor stor, flink og grei jente ho har blitt. Virkar som det fungerer, og gjer at I. har lyst til å gjera som eg seier - enn så lenge iallfall... Men sjøv om eg kan forbereda I. i forhold til akkurat denne situasjonen, for å prøva å forhndra ein raserianfall - så er det umulig for meg å forbereda I. på alle situasjonar der det er fare for at ho får raserianfall. For I. kan få raserianfall av alt mulig rart, småting som eg ikkje ein gang har tenkt over at kan gjera henne sint. Då er det ikkje alltid like lett å vera forberedt... Ja ja, I. er vel ikkje den einaste ungen her i verden som får slike raserianfall. I. er vel i den alderen der det er naturlig å testa ut grenser, og ho vil nok markera at ho har sin eigen vilje. Men det er nok veldig viktig at eg er konsekvent, og ikkje lar I. få viljen sin i slike situasjonar. For samme kor vondt det er for meg å høyra på at I. hylskriker og er lei seg, så er det viktig at ho lærer seg at det ikkje nyttar å grina seg til viljen sin. Har eg først sagt noko, så må det bli slik. Så vil forhåpentligvis I. skjønna etter kvart at det ikkje nyttar å skrika for å få viljen sin - for har eg først sagt noko, så gir eg ikkje etter, uansett kor sint ho blir. Vanskelig, men det er jo slik det må bli! Eg er berre som sagt litt redd for at grunnen til at I. har begynt å få slike raserianfall, har samanheng med barnehagestarten, og det at ho blir forlatt av meg. Får ikkje håpa det er grunnen, for det synst eg i så fall er trist. For eg kunne meir enn gjerne ha tenkt meg å vera lenger heime med I.! Og viss I. hadde trivdest bedre med å vera heime med meg, enn med å vera i barnehagen, så føler eg at me har gjort feil ved å senda henne i barnehage. Men eg føler liksom press frå "alle" om at eg må begynna i jobb igjen, (og mannen min som meinar at me trenger pengane) og då er det ikkje så lett. Eg vil berre det beste for I. - og åra går så fort, snart er ikkje I. liten lenger. Og er det beste for I. å vera heime med meg enda lenger, så er det det eg hadde hatt lyst til å velga framfor barnehage. For eg ønskjer jo også ha så mykje som mulig tid saman med I., så eg har uansett sagt til mannen min at det berre blir aktuelt med max 60% jobb på meg. Det at mannen min jobbar i Nordsjøen, spelar også ein rolle her - så ikkje I. skal få kjempelange dagar i barnehagen i 2-3 veker i strekk, 5 dagar i veka, dei vekene mannen min er på jobb. Det vil eg for alt i verden unngå. Og slik hadde det blitt, om eg skulle ha jobba 100%. Så det blir iallfall ikkje noko av! Endret 21. september 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 21. september 2010 #1013 Del Skrevet 21. september 2010 Når det gjelder raserianfallene til I så er det, som du selv sier, veldig viktig at du er konsekvent hele veien. Og har du først sagt en ting så er det det som gjelder. Får håpe at disse raserianfallene gir seg snart. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 24. september 2010 #1014 Del Skrevet 24. september 2010 S har også slike raserianfall. Og han har hatt dem ofte helt fra han fylte 1 år, omtrent. Men med tida har de bare blitt verre og verre. UTRLIG slitsomt. Hvert fall da det skjer da jeg henter han i barnehagen (noe det OFTE gjør), og jeg har vært på jobb på dagen og er sliten.. "Anfallene" kan vare i opptil 1-1,5 TIME..... Har spurt i barnehagen om det er noe jeg gjør gæli, men de sier bare at det gjør jeg ikke. Det er bare S sin måte å trasse mot mamma'n sin, sier de.... Håper det roer seg snart.... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. oktober 2010 Forfatter #1015 Del Skrevet 3. oktober 2010 (endret) I går fekk I. vannkoppar. Har vel egentlig gått og venta på det, for I. var saman med fetteren sin for 2 veker sidan, som nettopp hadde fått vannkoppar. I. var sur og gretten i går ettermiddag, så eg skjønte at det var eitt eller anna. Oppdaga dei første prikkane i går kveld, og I. hadde litt feber då ho la seg. Då I. våkna seinare på natta, hadde ho ikkje feber lenger. I dag har I. vore i fin form, og har ikkje hatt feber. Men det har kome ein god del prikkar, spesielt på magen og på ryggen, og dei klør litt. Ei stor utfordring å prøva å få I. til å ikkje klø seg! Tenkte å kjøpa kvitvask i morgon, og smøra på prikkane. Sidan det er søndag i dag, har me ikkje fått tak i det enda. Eg er veldig glad for at I. ikkje ser ut til å bli noko særlig sjuk. Er jo egentlig berre ein fordel at I. får vannkoppar no når ho er så liten - og slepper såpass lett unna. Endret 3. oktober 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 11. oktober 2010 #1016 Del Skrevet 11. oktober 2010 Åh, men så greit å være fort ferdig med vannkopp-styret, da!! Håper snuppa er bra igjen nå Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. oktober 2010 Forfatter #1017 Del Skrevet 20. oktober 2010 (endret) I. har blitt 23 mnd gammal, og no trur eg faktisk det er heilt slutt på dagsoving her i huset! No har ikkje I. sove på dagtid ein einaste dag, i over ei veke. Og sjølv dei dagane I. har vore tidleg våken om morgonen, har ho vore i heilt fin form fram til ho skal leggja seg om kvelden. Men I. er trøtt og veldig klar for å leggja seg når kvelden kjem, og sovnar fort. Men ho er ikkje sur og grinete på forhånd. Då I. begynte i barnehagen i starten av august, sov ho vel fortsatt kvar dag på dagtid, max 1 time. Men i barnehagen var det ikkje så lett å få I. til å sovna i vogna, sjølv om det går heilt fint heime. Så det hendte at ho ikkje sov i det heile tatt enkelte dagar, og det gjekk greit. Me reduserte derfor sovetida til max 1/2 time, dei dagane ho sov. Men etter kort tid merka me at dette faktisk også gjekk ut over nattesøvnen, sidan I. sov seinare på dagen i barnehagen, enn det ho gjorde heime. Vanlegvis sov ho fram til kl 13.30 i barnehagen, og det var 1 - 1 1/2 time seinare enn heime.. Så me vart enige om at dei skulle leggja I. tidlegare, og at ho sov max 1/2 time, og ikkje etter kl 12.30. Det fungerte veldig greit! Men sidan I. var så motvillig mot å sova i vogn i barnehagen, så var det som sagt dagar innimellom at I. ikkje sov i det heile tatt i barnehagen. Då ville ho berre liggja å kvila og slappa av på putene. Dei har ein krok inne på avdelingen, der det er masse puter. Og det hendte at I. sovna, mens ho låg og skulle slappa av på putene. Så då fann dei vaksne på avdelingen ut at I. heller kunne få liggja på putene, enn i vogna, når det var sovetid. Så sovna ho viss ho var trøtt, ellers berre låg ho og slappa av. Dei vaksne på avdelingen spør alltid I. etter lunsjen, når det er sovetid, om ho har lyst til å sova. Av og til vil ho det, og andre gangar vil ho berre slappa av på putene. Ho har alltid med seg eit lite kosedyr (hund) når ho skal sova. Og i barnehagen må visst I. også ha med seg ei spesiell dokke. Eg synst det har fungert kjempegreit å ha det slik! For I. har heile tida vore veldig flink til å kjenna etter og å fortelja om ho er trøtt og vil sova, eller ikkje. Fram til for ganske kort tid sidan, sov vel I. ca halvparten av dagane i barnehagen. Men den siste veka har det forandra seg. Som sagt, så har ikkje I. sove i det heile tatt på dagtid i over ei veke no - verken heime, eller i barnehagen. Ho føler nok rett og slett ikkje behov for det lenger! Og i staden for å kvila på putene, slik I. gjorde før dei dagane ho ikkje ville sova i barnehagen - så er det no dokkene som blir plassert på putene og skal sova, etter lunsjen. No når I. ikkje sover på dagtid, så hender det at ho sovnar, viss me er ute og kjører bil på ettermiddagen. Det hendte også tidlegare, dei dagane I. ikkje sov på dagtid. Men då pleier me alltid å stoppa etter ca 5 min., og vekka henne. Og då klarar I. å halda seg våken resten av turen, for då har ho fått seg ein bitteliten dupp. Om kvelden pleier I. vanlegvis å sovna mellom kl 19.30 og 20.00. Og då søv ho til klokka er mellom 05.30 og 07.00/07.30, viss ho sover samanhengande heile natta. Viss I. er våken i løpet av natta, så sover ho tilsvarande lenger om morgonen. Så I. er iallfall ikkje ein slik unge som våknar til sammme tid kvar morgon, uansett når ho legg seg om kvelden! Eg har funne ut at I. i gjennomsnitt har 10 timar i løpet av ei natt, der ho sover. Og er ho ei natt våken i f.eks 1 time, så sover ho 1 time lenger om morgonen, enn ho hadde gjort om ho ikkje hadde vore våken i det heile tatt løpet av natta. Dei fleste nettene sover I. no samanhengande heile natta, og det er herlig! Men ho har plutselig netter innimellom, der ho kan vera våken i alt frå 1/2 time - 3 timar i strekk midt på natta. Akkurat det er litt slitsomt! Men sidan eg får sova godt dei aller fleste nettene, så går det greit. Endret 20. oktober 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. oktober 2010 Forfatter #1018 Del Skrevet 20. oktober 2010 (endret) Når det gjelder raserianfallene til I så er det, som du selv sier, veldig viktig at du er konsekvent hele veien. Og har du først sagt en ting så er det det som gjelder. Får håpe at disse raserianfallene gir seg snart. Ja, eg har prøvd å vera nøye på å vera konsekvent, når I. får slike raserianfall. Det er jo viktig at I. skjønnar at ho ikkje alltid kan få viljen sin, og at det ikkje nyttar å skrika for å få det som ho vil! No er det forresten ganske lenge sidan I. har fått eit slikt kraftig raserianfall. I. blir fortsatt sint og griner litt, når ho ikkje får viljen sin. Men det går fortare over, og ho rasar ikkje på samme måten som før. Kryssar fingrane for at det berre var ein fase, som er forbi no! S har også slike raserianfall. Og han har hatt dem ofte helt fra han fylte 1 år, omtrent. Men med tida har de bare blitt verre og verre. UTRLIG slitsomt. Hvert fall da det skjer da jeg henter han i barnehagen (noe det OFTE gjør), og jeg har vært på jobb på dagen og er sliten.. "Anfallene" kan vare i opptil 1-1,5 TIME..... Har spurt i barnehagen om det er noe jeg gjør gæli, men de sier bare at det gjør jeg ikke. Det er bare S sin måte å trasse mot mamma'n sin, sier de.... Håper det roer seg snart.... Godt å høyra at det ikkje berre er I. som har hatt sånne raserianfall! Men 1 - 1 1/2 time høyrest veldig lenge ut. Er han like sint heile tida? Så vanvittig rasande som I. er mens raserianfalla varer, så hadde ho nok aldri haldt ut så lenge, uten å kollapsa heilt. Huff, ja det er utrulig slitsomt når det står på. Men no går det mykje bedre her i huset. Korleis er det hos dåke for tida? Endret 20. oktober 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. oktober 2010 Forfatter #1019 Del Skrevet 20. oktober 2010 (endret) Åh, men så greit å være fort ferdig med vannkopp-styret, da!! Håper snuppa er bra igjen nå Ja, herlig at I. er ferdig med vannkoppane! Og ekstra supert var det at I. var i så fin form heile tida. Kun første kvelden hadde I. litt feber, og var sur og grinete. Feberen forsvant i løpet av natta, og I. var i storform heile tida etterpå! Ho fekk ein god del prikkar på ryggen og magen, men ellers veldig lite. Litt i ansiktet/hovudbunnen, og nokre få på armane og beina. I. var til saman vekke frå barnehagen i 1 1/2 veke. Ho måtte jo vera heime første veka, sidan ho fortsatt var smittsom. Så var det haustferieveke, og me hadde på forhånd sett opp at I. skulle ha fri måndag, tysdag og onsdag den veka. Og fytti grisen så krise det var, då I. skulle tilbake igjen i barnehagen etter så lang tid. Det var like ille som då I. akkurat hadde starta i barnehagen. Ho har nekta å gå i barnehagen, og har begynt å hylskrika allerede når me set oss i bilen for å kjøra til barnehagen. Synst det er så fælt når det er sånn. Dei første dagaane hadde I. grene ein del, når ho var i barnehagen - men det vart bedre for kvar dag. I går var 5. dagen i barnehagen, etter at I. hadde vore vekke - og då var endelig ting tilbake til normalen igjen. Dei vaksne på avdelingen sa då at i går hadde I. vore akkurat slik som ho var før ho vart sjuk, og det hadde gått kjempefint. Gjekk bra i dag og, heldigvis! Synst det er så dumt at det blir slik, når I. har vore vekke frå barnehagen ei stund. Er så slitsomt når alt er tilbake til start igjen, etter ein periode vekke frå barnehagen. I. er forresten ikkje ein slik unge til vanlig heller, som blir superglad når eg seier at ho skal i barnehagen! Ho seier alltid at ho ikkje vil, og at ho vil vera heime. Og eg må alltid levera I. fort når eg kjem i barnehagen. For viss det tar litt tid før eg kjem meg ut, så begynnar I. ofte å grina. Det virkar som om ho ikkje taklar avskjeden. Så lenge eg er der, er ho stressa - for ho gruar seg til det ho veit skal skje, nemlig at eg skal gå. Så det er best å berre gå så fort som mulig, har eg funne ut. For med ein gang I. ikkje ser meg lenger, så er alt vanlegvis greit. Lurer litt på kvifor I. aldri har lyst til å gå i barnehagen, for det virkar som om ho kosar seg når ho først har kome dit. Og det er ofte at I. ikkje er heilt klar for å gå heim, når eg hentar henne igjen. I. er forresten kjempeflink til å hugsa navn! Ho ramsar ofte opp navna på alle ungane og alle dei vaksne på avdelingen. I tillegg veit ho kva mange av barna og dei vaksne på andre avdelingar heiter. I går kom I. heim frå barnehagen, og fortalte at ho hadde lest bok med ein vaksen, som ho sa navnet på. Eg hadde aldri høyrt om denne vaksne, og spurte I. kven det var. I. svarte at ho var heilt ny. Og i dag fann eg ut at personen I. snakka om, var ein student, som hadde sin aller første dag på avdelingen i går. Og ho heitte akkurat det som I. hadde sagt! Eg må seia at eg vart veldig imponert over at I. etter første dagen med ny student på avdelingen, klarte å hugsa navnet hennar. Ho har eit litt langt navn, og I. kjenner ingen andre som heiter det samme. Det stemte forresten også at denne studenten hadde lest bok for I. i går - så alt I. fortalte, var riktig. Ikkje for å skryta, men I. har eit imponerande språk og ordforråd! Det er ikkje eit einaste ord I. høyrer, som ho ikkje kan seia. Såklart er det ein del ord I. uttaler feil, men ho snakkar utrulig bra. Ho seier bl.a ord som "gravemaskin", "lastebil", "sjokolade", ja egentlig alle ord ein kan tenka seg. Og setningane til I. blir berre lengre og lengre, og fleire og fleire småord kjem med. Her er nokre eksempel på setningar I. har sagt: " I. prøva pappa sine solbriller". "Bygga nåke fint te mammaen min". "Mamma sin tur å prøva etterpå I. har prøvd". I. har lenge brukt navnet sitt om seg sjølv, men no har ho begynt oftare og oftare å seia "eg" om seg sjølv. Og eg er streng med mannen min, og lar han ikkje lenger få lov til å seia ting som: "Skal pappa lesa bok for I.?" Han er fint nødt til å seia: "Skal eg lesa bok for deg, I.?" For I. lærer jo ikkje å snakka riktig, viss me snakkar "babyspråk" til henne. Heilt greit at me snakka slik til I. då ho var mindre, og akkurat hadde begynt å prata. Men så flink som I. har blitt til å prata no, så er det ingen som helst grunn til å ikkje prata korrekt til henne. I. forstår jo absolutt alt me seier til henne uansett, og det har ho gjort veldig lenge. Endret 20. oktober 2010 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 21. oktober 2010 #1020 Del Skrevet 21. oktober 2010 Godt å høyra at det ikkje berre er I. som har hatt sånne raserianfall! Men 1 - 1 1/2 time høyrest veldig lenge ut. Er han like sint heile tida? Så vanvittig rasande som I. er mens raserianfalla varer, så hadde ho nok aldri haldt ut så lenge, uten å kollapsa heilt. Huff, ja det er utrulig slitsomt når det står på. Men no går det mykje bedre her i huset. Korleis er det hos dåke for tida? Han kan være akkurat like sint hele tida.. ILLSKRIIIIKER, er sprutrød i hele ansiktet, og alle klær og alt han er borti blir gjennomvått av snørr og tårer. Jeg har lurt på mange ganger om han kommer til å stupe av oksygenmangel, for det høres virkelig slik ut... Men jeg har ikke tatt han opp når han har vært slik, og ikke har han fått noe oppmerksomhet heller. Så det begynner å bedre seg. Tror han begynner så vidt å skjønne at det ikke hjelper å være slik...heldigvis!! *bank i bordet* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå