jente 79 Skrevet 12. august 2009 #841 Del Skrevet 12. august 2009 Gratulere med 9 måneders dagen Går utrolig fort ja... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. august 2009 Forfatter #842 Del Skrevet 12. august 2009 Gratulere med 9 måneders dagen Går utrolig fort ja... Tusen takk for det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 12. august 2009 Forfatter #843 Del Skrevet 12. august 2009 (endret) I går var me på kontroll på helsestasjonen med I. På ny helsestasjon denne gangen, sidan me har flytta! Me fekk dessverre ikkje målt lengda på I. denne gangen heller, sidan ho fortsatt brukar skinne, og beina ikkje skal strekkast ut. Men I. er fortsatt lang. Ho brukar no størrelse 80 i klede! Her er iallfall dei andre måla til I.: Vekt: 9620 g HO: 46 cm Endret 12. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 13. august 2009 Forfatter #844 Del Skrevet 13. august 2009 (endret) I går kom forresten I. si tann nr 3 fram, på 9-månadersdagen hennar! Det var tann nr 2 til venstre. Så no har I. fått 3 tenner nede i munnen sin. Endret 26. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 14. august 2009 #845 Del Skrevet 14. august 2009 Morsomt med tenner! Men kanskje ikke så nyttig før man får noen oppe i munnen også? Her noterer vi oss en tann som er halvveis fremme, men den er hemmelig må vite, bare kjenne, ikke se! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 14. august 2009 Forfatter #846 Del Skrevet 14. august 2009 (endret) Morsomt med tenner! Men kanskje ikke så nyttig før man får noen oppe i munnen også? Her noterer vi oss en tann som er halvveis fremme, men den er hemmelig må vite, bare kjenne, ikke se! Ja, det er gøy når tennene begynnar å titta fram! Artig at F. også har ei tann på vei. Eg kan lova deg at I. kan bita hardt med tennene sine, sjølv om ho kun har tenner nede i munnen enda! Ho har faktisk klart å bita meg så hardt i armen, at eg har fått blåmerke. Endret 14. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 14. august 2009 Forfatter #847 Del Skrevet 14. august 2009 (endret) Eg skreiv jo for litt sidan om kor flink I. hadde blitt til å klappa i hendene, vinka, og å visa kor stor ho er. No har I. lært seg enda to nye ting: Å visa kor sterk ho er, og å rista på hovudet! Eg synst det er skikkelig imponerande at I. klarar å gjera den rette tingen, når me spør henne om ein av tinga. Ville trudd at I. lett kunne ha blanda saman dei forskjellinge tinga, men det gjer ho ikkje. Spør me I. om ho kan rista på hovudet, så er det det ho gjer, og ikkje noko anna. Spesielt imponert er eg over at I. også klarar å skilja mellom "Kor sterk er I.?" og "Kor stor er I.?" Det høyrest jo nesten heilt likt ut. Så eg må seia at eg er ganske imponert over den flinke, vesle godjenta mi! :rødme: Endret 14. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 14. august 2009 Forfatter #848 Del Skrevet 14. august 2009 (endret) For tida har eg store problem med å få I. til å eta middag. Middag har vel egentlig alltid vore det måltidet I. har vore minst glad i. Men eg har som oftast klart å lura i henne eit halvt middagsglas om dagen likevel. No derimot, er det heilt stopp! I. nektar å eta middag. Kniper igjen munnen etter max 2 skeier, snur seg vekk, slår vekk skeia, og blir rasande om eg klarar å lura ei skei med middag inn i munnen hennar. Dei siste dagane har eg måtta gitt opp etter nokre få skeier, for I. har skapt seg heilt galen. Problemet er iallfall ikkje at I. ikkje er sulten nok, for eg passar på at det er ganske lenge sidan sist ho har fått mat, når eg gir henne middag. Eg brukar vanlegvis middagsglas kjøpt i butikken, og har prøvd mange forskjellige sortar - men I. vil ikkje ha nokon av dei. Eg synst jo det er litt merkelig at ho ikkje skal lika nokonting av middag. Og I. har alltid ete middag før, sjølv om middag ikkje akkurat har vore favorittmaten hennar. Det einaste I. vil ha, er grønnsakspureen som er på middagsglas (frå 4 mnd.). Men dei middagsglasa har eg egentlig slutta å gi I. for ganske lenge sidan - for ho treng også kjøtt og fisk, no når ho har blitt så stor. Kan jo nevna at I. ellers er veldig glad i mat, og et det aller meste! Når I. får graut om kvelden, gaper ho høgt heile tida, og et til det er tomt på fatet. Fruktmos og ellers alt anna me gir I., går også ned uten problem. Og når I. ligg på golvet, ja så puttar ho i seg alt mulig slags rusk og rask. Ho et også papir, blomstar, blad og alt anna ho måtte få tak i, viss me ikkje passar på. Så kvifor I. plutselig nektar å eta middag (som jo burde smaka veldig godt, i forhold til alt det andre rare I. puttar i munnen), det skjønnar eg virkelig ikkje. Tenkte eg skulle prøva å laga litt heimelaga middag til I., og sjå om ho vil ha det. Viss ikkje, så anar eg virkelig ikkje kva eg skal gjera. Eg kan nesten ikkje berre droppa middagsmåltidet heller. For det er jo viktig at I. får i seg kjøtt, fisk og grønnsaker. Endret 14. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 15. august 2009 #849 Del Skrevet 15. august 2009 Hæ? Er veslejenta 9 månader allerede? :dåne: Gratulerer på etterskudd! Det er utrulig kor mykje ho ser ut til å forstå allerede! :rødme: Eg reiste forresten forbi heimplassen din for eit par veker sidan. Tenkte på deg då. Men det tok tid før eg kjente meg igjen. Litt lenge sidan eg var der sist, trur eg... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 16. august 2009 Forfatter #850 Del Skrevet 16. august 2009 (endret) Hæ? Er veslejenta 9 månader allerede? :dåne: Gratulerer på etterskudd! Det er utrulig kor mykje ho ser ut til å forstå allerede! :rødme: Eg reiste forresten forbi heimplassen din for eit par veker sidan. Tenkte på deg då. Men det tok tid før eg kjente meg igjen. Litt lenge sidan eg var der sist, trur eg... Takk for det! Tida går virkelig kjempefort. Kan ikkje heilt skjønna at den vesle jenta mi har blitt 9 månader allerede! Ja, I. forstår overraskande mykje! Det er egentlig ganske utrulig at så små ungar kan forstå så masse. Og det at I. har lært seg å gjera så mange forskjellige ting, når me ber henne om det, synst eg er veldig imponerande! Ho vinkar, klappar, viser kor stor ho er, kor sterk ho er, og ristar på hovudet - alt etter kva me spør henne om å gjera! Og eg har i tillegg merka at I. forstår ganske mange ord, og ho kan sjølv seia nokre få ord, som "mamma", "pappa", "nam", "nei", "bæ". Var berre desse orda eg kom på akkurat no, sjølv om eg veit at I. kan enda nokre fleire ord. Flink er ho iallfall, veslejenta mi! Motorisk er I. derimot sein for alderen. Ho klarar å snu seg rundt i ring og skubba seg bakover, når ho ligg på magen - men ho klarar ikkje å dra seg framover enda. Krabbing har I. heller ikkje begynt med. Noko av forklaringa på at I. er ganske sein motorisk, er nok at ho fortsatt brukar skinne på grunn av hoftene. For skinna hemmar nok I. litt, slik at ho ikkje klarar å bevega seg heilt som ho har lyst. Det blir veldig spennande å sjå om I. får av seg skinna, når me skal tilbake på kontroll om 2 dagar! Då blir det isåfall interessant å sjå kor fort I. tar igjen det tapte, og om ho begynnar å krabba etter kort tid. Så artig at du reiste forbi heimplassen min for kort tid sidan! Me er inne hos foreldra mine jevnleg, så du skal ikkje sjå vekk frå at eg var der då du reiste forbi. Endret 16. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 20. august 2009 #851 Del Skrevet 20. august 2009 Hva sa de på kontrollen? Er hun blitt kvitt skinnen nå? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. august 2009 Forfatter #852 Del Skrevet 20. august 2009 Hva sa de på kontrollen? Er hun blitt kvitt skinnen nå? Me har vore uten internett ei stund, så derfor har eg ikkje fått oppdatert her inne i det siste. Fortsatt er me uten internett i nyehuset - men no er me ein tur inne hos svigerforeldra mine, så då kan eg endeleg kosa meg litt framfor PCen! Oppdatering frå kontrollen med I. kjem under! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 20. august 2009 Forfatter #853 Del Skrevet 20. august 2009 (endret) Ja, her kjem ei oppdatering frå kontrollen med I.! I. fekk skinne pga hofteleddsdysplasi dagen før ho var 7 månader gammal, og har jo brukt den døgnet rundt i litt over 2 månader no. Tidlegare denne veka, 18. august, var me tilbake på sykehuset for ny røntgen og kontroll av hoftene til I. Då ho fekk skinna, sa legen at I. mest sannsynleg ville få av skinna den 18. august - så me var veldig spente på om I. skulle få sleppa skinne framover, eller ikkje! Det var i utgangspunktet den venstre hofta til I. som var mest stiv, men den høgre hofta var heller ikkje heilt som den skulle. Me har iallfall vore veldig flinke til å bruka skinna, for I. har den på stort sett heile tida. Me tar den kun av når me skal stella henne, og når me kjører bil. Derfor har me også begrensa bilkjøringa mest mulig i desse månadene, fordi me veit at I. egentlig bør ha på seg skinna heile tida. Eg har lenge kjent at hoftene ikkje lenger har vore stive slik som i starten, så eg har iallfall visst at det har blitt bedre. Men me lurte jo veldig om hoftene hadde blitt heilt bra igjen, eller ikkje. I. skreik då ho skulle ta røntgen. Mannen min var med I. inn, og måtte halda beina hennar fast - og det var visst ikkje gøy. Eg var ikkje med inn til røntgenundersøkelse, i tilfelle eg er gravid. Etterpå kjente legen på hoftene til I., og sa at det kjentest veldig fint ut. Men det store spørsmålet var sjølvsagt om I. fekk av seg skinna, eller ikkje! Legen sa at den eine hofta var heilt fin no, og den andre var så godt som heilt bra - så me hadde vore flinke, sa han. Viss hoftene hadde vore slik i utgangspunktet, så hadde dei ikkje behandla dei i det heile tatt. Men sidan det var ein fare for at hofteleddsdysplasien kunne gå litt tilbake igjen, viss ein tok vekk skinna for godt for tidleg - så anbefalte legen at I. fortsatte å bruka skinne om natta i 2 månader til, men at ho kunne gå uten skinne om dagen! Me vart kjempeglade for at I. ikkje treng å bruka skinne om dagen lenger! For det er om dagen me merkar alt styret det er med skinna. For I. kan ikkje bevega seg og koma seg rundt slik ho vil. I tillegg blir me ganske fastlåst heime, sidan me helst ikkje bør ta I. med i bil for ofte. Og I. har ikkje klart å sitja ordentlig i vogn, fordi skinna er glatt, slik at ho glir framover - i tillegg til at ho er så brei, og ikkje får skikkelig plass oppi vogna. Høgstol har ho heller ikkje kunna sitja i, fordi ho ikkje kjem nedi med skinna på. Ja, det har vore mange slike praktiske problem, som har gjort at ting har blitt veldig tungvinte. Eg har bært utrulig mykje rundt på I., og det har gått ut over ryggen og skuldrene mine. Så det skal bli så utrulig herlig å sleppa skinna om dagen heretter! Sjølv om I. no kun skal bruka skinne om natta, så skal eg innrømma at eg synst det var litt dumt at ho ikkje slapp heilt unna skinna. For no må I. bruka skinne om natta, heilt til ho er over 11 månader gammal - og eg synst det er litt lenge. Men eg skal ikkje klaga, for det er jo egentlig ikkje noko stort problem om natta - for då skal me jo berre sova. Men eg er litt spent på korleis I. kjem til å takla det å få på seg skinne kvar kveld, når ho blir vant med å gå uten skinne om dagen. Det var kjempemorsomt å sjå korleis I. reagerte, då ho fekk av seg skinna! Då me la henne på golvet, rulla ho rundt frå mage til rygg fleire gangar, nesten med ein gang. I. vart kjempeoverraska, og så lo ho! :rødme: Ho synst tydelegvis det var veldig morsomt at ho no kunne rulla så lett rundt, for det har vore bortimot umulig for henne å få til med skinna på! I. bevegde seg ellers rundt på golvet i mageleie, slik ho har gjort med skinna på - så foreløpig har me ikkje sett noko forandring der. Så skulle me sjekka ut om I. kunne sitja sjølv. Ho har på ein måte klart å sitja sjølv med skinna på, men ho har hengt framover, slik at det ikkje har vore ordentlig sitjing. Skinna er nemlig ganske rund under, så I. har ikkje klart å sitja ordentlig oppreist med skinna på. Då me sette I. ned på golvet, sat ho i nokre få sekund - og så la ho seg / datt ned på rygg. Og då me prøvde igjen etterpå, slengte I. seg berre bakover så fort me prøvde å setja henne ned på golvet, fordi ho synst det var så gøy! Så første dagen klarte me egentlig ikkje å finna ut om I. virkelig kunne sitja åleine, eller ikkje. Neste dag då me prøvde igjen, vart I. plutselig berre sitjande, då eg sette henne ned på golvet. Ho sat sikkert i rundt 10 minutt, heilt stødig. Og då tok eg henne opp igjen - men ho hadde nok blitt sitjande så lenge ho ville, om eg ikkje hadde tatt henne opp. Så ja, I. kan sitja heilt stødig, så lenge ho vil - når ho berre har lyst! Me prøvde også å få I. til å stå på strake bein, men det funka heller dårlig. I. strekte ikkje ut beina, men hadde dei i "skinnestillingen". Trur rett og slett ikkje ho har skjønt enda, at ho faktisk no kan strekka ut beina sine ordentlig igjen. For både når I. ligg på magen og leikar, når me skal setja henne i vogn e.l., så ligg / sit ho med beina ut til sidene, slik ho gjorde då ho hadde skinna på. Det gjer at me faktisk ikkje klarar på få I. opp i Tripp trapp-stolen sin, som me kjøpte til henne no når ho fekk av seg skinna. Me må ta av bøylen, for å få beina hennar på plass. Det same gjeld i vogna. I. stekker ikkje ut beina sine, slik at ho ikkje sit ordentleg i vogna. Det er jo ikkje så rart at I. naturleg blir sitjande i denne stillingen - for det er jo slik ho har hatt beina i over 2 månader! Reknar med at det ikkje går så lang tid før I. oppdagar at ho kan strekka ut beina, og at skinna faktisk ikkje er der lenger! I. virka iallfall veldig glad då skinna var vekke, og det var tydeleg at ho merka at noko var annleis. I. fekk forresten ei heilt ny skinne, som ho skal bruka om natta. Den gamle skinna var så utslitt, at den ikkje kunne brukast lenger. Dessuten fekk I. ei litt større skinne, sidan ho har vakse litt på dei 2 månadane som har gått sidan ho fekk skinne for første gang. Ja, dette vart visst ei lang oppdatering! No er me veldig spente på kor lang tid det går før I. begynnar å krabba. Ho har nok blitt litt forsinka motorisk pga skinna, så det blir spennande å sjå kor fort ho tar igjen det tapte! __________________ Endret 20. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 21. august 2009 #854 Del Skrevet 21. august 2009 (endret) Så bra at I. slepp skinne på dagtid. Og sjølv om ho må bruka skinne på natta, virkar det som at problemet blir fulgt opp skikkelig, slik at I. blir heilt kvitt hofteproblema sine. Og ho tar sikkert fort nok igjen det motoriske. Det virkar som de har fått ei smart, lita jente. Endret 21. august 2009 av dreia Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 21. august 2009 #855 Del Skrevet 21. august 2009 I går kom forresten I. si tann nr 3 fram, på 3-månadersdagen hennar! Det var tann nr 2 til venstre. Så no har I. fått 3 tenner nede i munnen sin. 3 månedersdagen??!! ==== Så flink I er til å gjøre ting, og allerede fått noen ord!!! Det har IKKE S... Han lager mye lyder og noen "da da da, æææææ" osv, men ikke noe som er noen ord. Har en gang hørtes ut som han sa pappa ("dadda"), men ellers kan jeg ikke si det er noe ordentlig ord enda... Men S kan også vise hvor stor han er, men virker ikke som han har like stålkontroll som din I! Så kjedelig at I fortsatt må slite med skinna på natta... Men supert at ho slipper den på dagtid framover! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 26. august 2009 Forfatter #856 Del Skrevet 26. august 2009 (endret) Så bra at I. slepp skinne på dagtid. Og sjølv om ho må bruka skinne på natta, virkar det som at problemet blir fulgt opp skikkelig, slik at I. blir heilt kvitt hofteproblema sine. Og ho tar sikkert fort nok igjen det motoriske. Det virkar som de har fått ei smart, lita jente. Ja, det er så utrulig godt å sleppa skinna på dagtid, både for oss og for I.! Eg er veldig glad for at I.blir fulgt skikkelig opp, slik at ho blir heilt bra igjen av hofteleddsdysplasien, og ikkje får problem med hoftene seinare i livet. Det virkar som om den motoriske utviklinga går raskt framover, no når I. har fått av seg skinna på dagtid - og det er veldig kjekt å sjå! Endret 26. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 26. august 2009 Forfatter #857 Del Skrevet 26. august 2009 (endret) 3 månedersdagen??!! ==== Så flink I er til å gjøre ting, og allerede fått noen ord!!! Det har IKKE S... Han lager mye lyder og noen "da da da, æææææ" osv, men ikke noe som er noen ord. Har en gang hørtes ut som han sa pappa ("dadda"), men ellers kan jeg ikke si det er noe ordentlig ord enda... Men S kan også vise hvor stor han er, men virker ikke som han har like stålkontroll som din I! Så kjedelig at I fortsatt må slite med skinna på natta... Men supert at ho slipper den på dagtid framover! Oi, det gjekk visst litt fort i svingen der! Det var så masse 3-tal eg skulle skriva, så då gjekk det tydelegvis litt i surr. Ja, eg synst I. er veldig flink til å læra seg nye ting, og til å prata! Ho lærer seg stadig noko nytt. Det siste I. har begynt å seia, er: "bebe" (baby) og "hei". Og viss me finner på noko nytt som I. skal gjera, så hermar ho alltid etter oss - enten det er å laga rare lydar, banka i bordet, hosta, eller noko heilt anna. Sjølv om S. ikkje er like tidleg ute som I. med slike ting, så er han jo milevis framfor henne på det motoriske området! (Og det var han vel også før I. fekk skinne). Så ungar på same alder kan vera veldig ulike, og flinke til forskjellige ting. Det er veldig vanleg at barn som f.eks er tidleg ute motorisk, er seinare med språket - og omvendt. Men når dei blir litt eldre, så jevnar det seg vanlegvis ut. Eg har aldri bekymra meg over at I. er sein motorisk, for eg har heile tida sett at ho utviklar seg normalt og gjer framskritt. Og då er det heilt greit, synst eg. I. lærer seg nok heilt sikkert fort nok både å krypa og å gå, når ho er klar for det! Litt dumt at I .fortsatt må bruka skinne om natta,ja. Men så lenge ho slepper skinna på dagtid, så skal eg vera kjempeglad! Endret 26. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 26. august 2009 Forfatter #858 Del Skrevet 26. august 2009 (endret) Den motoriske utviklinga til I. ser ut til å gå raskt framover, no når ho har fått av seg skinna! Akkurat 5 dagar etter at skinna var vekke, begynte I. å dra seg framover på golvet! Tidlegare har I. berre gått rundt i ring og bakover, når ho ligg på magen på golvet - men no begynte ho altså å dra seg framover, ved hjelp av armane. Mens I. drog seg framover, sprella ho med beina - men skjønte ikkje at ho også kunne hjelpa til med beina, når ho drog seg framover på golvet. Men i går gjorde I. enda eit nytt framskritt! Ho begynte då å bøya kneet under seg (med den eine foten), og skubba frå med beinet, samtidig som ho brukte armane til å dra seg framover. Innimellom løftar også I. rumpa høgt i været, mens ho ligg med nasa nedi bakken. Ser skikkelig morsomt ut. Og eit par gangar i løpet av dei siste dagane, har I. klart å setja seg opp i krabbestilling. Så her går det unna for tida! Berre i løpet av desse få dagane I. har klart å åla seg framover på golvet, har det skjedd masse nytt. Ho kjem seg raskare rundt omkring for kvar dag. I. får no tak i alt mulig rart - så me må passa godt på at ho ikkje river ned ting, dunkar hovudet sitt, plukkar opp rusk og rask frå golvet og puttar det i munnen osv. Og alt I. ikkje får lov til å gjera, er sjølvsagt ekstra spennande! Eg trur nok ikkje det tar så lang tid før I. lærer seg å krabba. Det virkar som om ho er ganske klar for det no. I. sit også heilt stødig på golvet, uten støtte. Og det er så koseleg å ha henne ved bordet saman med oss, i Tripp trapp-stolen, når me skal eta. Ting er så utrulig mykje enklare, når I. ikkje trenger å bruka skinne på dagtid. No kan me f.eks ta I. med i bilen når som helst, uten å få dårlig samvittighet for det. For I. kunne jo ikkje ha på seg skinna i bilen, for ho fekk ikkje plass i bilstolen med skinna på. Derfor prøvde me å begrensa bilkjøringa mest mulig før, når I. brukte skinne heile tida - for me visste jo at I. burde ha skinna på seg så mykje som mulig. Å, så utrulig glad eg er for at I. slepper å bruka skinne på dagtid heretter! Endret 26. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 26. august 2009 Forfatter #859 Del Skrevet 26. august 2009 (endret) Me er forresten fortsatt uten internett i det nye huset vårt,så det er ikkje ofte eg er innom her for tida. Men i dag reiste eg og I. til foreldra mine, og me blir her til søndag - så då blir det heldigvis KG på meg i dagane framover! Mannen min reiste på jobb i Nordsjøen i dag,og blir vekke i over 2 veker. Eg er spent på korleis I.kjem til å takla det. I. har blitt såpass stor no,at ho nok vil merka på ein annan måte enn før, at pappaen hennar er så lenge vekke. I. har dessuten blitt ei skikkelig pappajente i det siste. Det første I. gjer om morgonen når eg tar henne bort i senga vår,er å kikka etter pappaen sin. Og kvar gang ho høyrer nokon som går i ei dør eller lagar lydar, når me er heime i huset vårt, så seier ho "pappa", og ser forventningsfullt mot der lyden kjem frå. Og når pappaen hennar endelig kjem, så lyser I. opp som ei stor sol! Og viss mannen min då berre seier hei til I., og går forbi henne, så blir det krise. Då blir I. kjempelei seg, og begynnar å grina.Så mannen min er fint nødt til å koma bort til I.,og ta henne opp, eller leika litt med henne. Då er I. så glad og fornøyd, og vil ikkje koma tilbake til meg. Heldigvis er det meg I. vil til,når eg har vore vekke - så då er det altså motsatt! Men det er som oftast eg som er med I., så då synst ho det er ekstra stas når pappa kjem. Og eg er jo egentlig berre veldig glad for at I. kosar seg sånn saman med pappaen sin, og at ho ikkje kun er mammadalt! Endret 26. august 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Knøttet Skrevet 26. august 2009 #860 Del Skrevet 26. august 2009 Pjuh, her var det mye oppdateringer siden sist! Prøve å unngå oppramsing, men er ikke så lett ... Synes I er veldig flink! Til å gjøre ting (riste på hodet, vise hvor sterk- og hvor stor hun er) og å skille de forskjellige tingene, i tillegg til at det er kjempebra med motoriske fremskritt. Var nok kjempefint for henne å slippe skinnen nå. Det er utrolig strevsomt å slite slik med maten til de små, jeg husker det der fra S var mindre. Forhåpentligvis er det bare en fase, jeg vet om mange som har hatt slike faser med babyen, og da går det nok over. Så koselig at I er slik en pappadalt! S er også veldig pappadalt, for tida er "pappa" det mest brukte ordet hans, han sier det nesten hele tida. Selv til meg sier han det, selv om han vet jeg ikke er pappa. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå