Mirabella76 Skrevet 14. mai 2009 Forfatter #601 Skrevet 14. mai 2009 (endret) I dag har me vore på 6-månaderskontroll på helsestasjonen med I. Det er 1 1/2 månad sidan forrige kontroll, så det var jammen på tide no synst eg. I dag var det både legeundersøkelse og vaksine. Legeundersøkelsen gjekk greit, men legen var litt usikker på den eine hofta til I. Det var ikkje sikkert at det var noko, men ho henviste I. til ultralydsundersøkelse for sikkerhets skyld. Eg kan ikkje tenka meg at det skal vera noko gale, for I. bevegar begge beina normalt og har aldri hatt noko problem med hofta som me har sett. Men det er no uansett greit å få det sjekka. Ellers såg alt fint ut. Eg synst så synd på I. då ho fekk vaksine etterpå, for ho hylte intenst då helsesøstera stakk henne i låra. Me klarte å roa henne ganske greit igjen etter det første stikket. Men då helsesøstera stakk henne igjen i det andre låret, var ho utrøstelig. Stakkars vesle jenta mi! Heldigvis var alt gløymt då me kom ut, og I. har stort sett vore blid og fornøyd resten av dagen. Ho hadde eit skrikeanfall på ettermiddagen då ho var trøtt og skulle sova, og også rett etter at ho våkna igjen. Men både før og etter det har I. heldigvis vore i godt humør! Kryssar fingrane for at I. ikkje får feber og blir dårlig i natt. Ho la seg iallfall fint no i kveld, så eg kryssar fingrane for at natta blir bra. Her er dagens mål: Vekt: 8080 g Lengde: 72,5 cm Hovudomkr.: 44 cm Vekt og lengde var heilt flotte i forhold til kvarandre, sa helsesøstera. I. ligg fortsatt litt over øvre del av normalområde på lengde - så ho er lang! Vekta låg vel sånn omtrent på gjennomsnittet. Endret 14. mai 2009 av Mirabella76
Mirabella76 Skrevet 14. mai 2009 Forfatter #602 Skrevet 14. mai 2009 Ja det er bare å skynde seg. Egentlig er ikke 15 mneder så ille aldersforskjell. Siden begge dupper på dagtid er det muligheter for mor å få seg en dupp også Høyrest jo ganske greit ut egentlig, så kanskje me rett og slett skulle satsa på ein februarbaby denne gangen me også! Me har jo heile tida tenkt å starta prøvinga når I. er rundt 1/2 år gammal, og det er jo no! Får sjå om eg greier å forføra mannen min litt.
Coxy Skrevet 16. mai 2009 #604 Skrevet 16. mai 2009 Morsomt å sammenlikne målene, siden de er så jevngamle!!! Selv om det er litt forskjell på jenter og gutter også, så er det vel ikke sååå stor forskjell på det. I er LANG, ja!!! Men dere er vel lange begge to, så det er vel ikke overraskende! Har dere kastet prevensjon nå?
Mirabella76 Skrevet 17. mai 2009 Forfatter #605 Skrevet 17. mai 2009 (endret) Morsomt å sammenlikne målene, siden de er så jevngamle!!! Selv om det er litt forskjell på jenter og gutter også, så er det vel ikke sååå stor forskjell på det. I er LANG, ja!!! Men dere er vel lange begge to, så det er vel ikke overraskende! Har dere kastet prevensjon nå? Ja, det er morsomt å samanlikna måla, sidan I. og S. er født med berre få dagars mellomrom! Trur ikkje det er så veldig stor forskjell på gjennomsnitsmåla på guttar og jenter. Eg er ikkje det minse overraska over at I. er lang, nei. Er jo ikkje anna å forventa, så høge foreldre som ho har! Me har nok ikkje kasta prevensjonen heilt enda, men det blir nok ikkje lenge til det skjer! Endret 17. mai 2009 av Mirabella76
Mirabella76 Skrevet 17. mai 2009 Forfatter #606 Skrevet 17. mai 2009 (endret) Me har hatt ein fin 17. mai, og veret var fantastisk! Sol og varmt heile dagen. I dag har I. feira sin aller første 17. mai! Ho var så fin i bunad, den lille prinsessa mi. Blir nok koseleg for henne å sjå bilder frå sin aller første 17. mai, sjølv om ho ikkje hugsar noko frå den. Me gjekk litt i tog med I. i barnevogna, og ho sov seg gjennom den seansen. Etterpå då I. våkna og fekk koma opp, vart ho litt stressa då ho såg så masse ukjente folk rundt seg. Men ho roa seg fort, og då me var ute gjekk det fint. I. studerte folk og ting rundt seg, og såg ut til å ha det fint. No i kveld har me hatt kaffi og kaker hos mine foreldre. Og is, brus og pølser har det blitt ete mykje av i dag! I. var sliten etter ein lang dag med masse inntrykk, så ho sovna fort i kveld. Trur snart eg finner senga også! Endret 17. mai 2009 av Mirabella76
dreia Skrevet 19. mai 2009 #609 Skrevet 19. mai 2009 Me har nok ikkje kasta prevensjonen heilt enda, men det blir nok ikkje lenge til det skjer! Blir spennande! Blir det prøvarbok igjen då, eller? Så kjekt om me får vera prøvarar saman denne gongen. I dag har I. feira sin aller første 17. mai! Ho var så fin i bunad, den lille prinsessa mi. Blir nok koseleg for henne å sjå bilder frå sin aller første 17. mai, sjølv om ho ikkje hugsar noko frå den. Barn i bunad er så nydelig. :rødme: (Det einaste eg likar bedre, er menn i bunad, men det er pga. at dei faktisk av eigen, fri vilje har tatt på seg bunaden, ikkje pga. at fyren inni nødvendigvis er noko å sjå på. ) Ventar spent på oppdatering av bloggen. I. var sikkert herlig.
Mirabella76 Skrevet 19. mai 2009 Forfatter #610 Skrevet 19. mai 2009 Fint vær for babysang i dag...! Ja, det passar veldig bra med babysang innandørs, på ein ekte Bergensk regnværsdag!
Mirabella76 Skrevet 19. mai 2009 Forfatter #611 Skrevet 19. mai 2009 (endret) Kan tenke meg hun var fin i bunad Ja, det var ho! :rødme: Skal sjå om eg får lagt ut 17. mai-bilete i bloggen min ein dag. Endret 19. mai 2009 av Mirabella76
Mirabella76 Skrevet 19. mai 2009 Forfatter #612 Skrevet 19. mai 2009 (endret) Blir spennande! Blir det prøvarbok igjen då, eller? Så kjekt om me får vera prøvarar saman denne gongen. Barn i bunad er så nydelig. :rødme: (Det einaste eg likar bedre, er menn i bunad, men det er pga. at dei faktisk av eigen, fri vilje har tatt på seg bunaden, ikkje pga. at fyren inni nødvendigvis er noko å sjå på. ) Ventar spent på oppdatering av bloggen. I. var sikkert herlig. Det blir nok snart ny prøverdagbok på meg igjen, ja! Eg ventar mensen i desse dagar, så tenkte me kanskje å starta prøvinga etter at månadens mens er overstått. Mensen er forresten litt forsinka i forhold til forrige månad, så eg lurer litt - men bekymrar meg ikkje så veldig, sidan eg nesten fullammar fortsatt. Då er det vel ganske vanleg at ting ikkje har stabilisert seg heilt? Kjenner likevel at eg er ørlite nervøs for at eg er gravid allerede. Me hadde nemlig ubeskytta samleie ein gang, heilt i starten av denne månaden. Etterpå kom eg på at eg sannsynlegvis hadde eggløysing akkurat då. Ikkje heilt bra. Då ville eg isåfall ha fått termin i januar neste år, og det synst eg er litt for tidleg! Trur jo egentlig ikkje at eg er gravid. Litt rart om eg skulle bli gravid så lett denne gangen, når me brukte 8 månader på å få klaff forrige gang. Men eg skal innrømma at eg hadde blitt glad om mensen kom snart. Viss ikkje, blir eg kanskje nødt til å ta ein graviditetstest snart. Det hadde vore veldig kjekt å vore prøvar samtidig med deg denne gangen, ja! Søtt med barn i bunad, ja! Eg synst menn i bunad kan vera fint på den rette mannen, men eg synst ikkje alle kler det like godt. I. hadde på seg ein billig kjøpebunad, så det var ikkje noko avanserte greier altså. Men ho var veldig fin likevel, synst eg. Skal sjå om eg snart får oppdatert bloggen min med nye bilete! Endret 19. mai 2009 av Mirabella76
jente 79 Skrevet 20. mai 2009 #613 Skrevet 20. mai 2009 Mensen min surret veldig i begynnelsen, og utfra min termin skulle jeg ha hatt mensen i begynnelsen av mars. det er jeg helt sikker på at jeg ikke hadde!!! Så tar nok litt tid før det kommer i gjenge igjen. Men fort gjort å bli gravid da Men nå har jeg hatt lett for det hele veien da... Blir spennende med prøving igjen
Mirabella76 Skrevet 20. mai 2009 Forfatter #614 Skrevet 20. mai 2009 (endret) Mensen min surret veldig i begynnelsen, og utfra min termin skulle jeg ha hatt mensen i begynnelsen av mars. det er jeg helt sikker på at jeg ikke hadde!!! Så tar nok litt tid før det kommer i gjenge igjen. Men fort gjort å bli gravid da Men nå har jeg hatt lett for det hele veien da... Blir spennende med prøving igjen Mystiske greier at terminen din ikkje stemmer med når du hadde siste mens! Tydeleg at det kan bli ein del rot med syklusen etter ein graviditet. Eg merkar jo at syklusen min ikkje er heilt stabil enda. Den første gangen eg fekk mensen tilbake etter fødselen, gjekk det vel fleire månader før den kom neste gang. Men no forrige gang, var det berre rundt ein månad sidan sist mens. Derfor synst eg det er litt rart at det plutselig skal gå lenger tid igjen denne gangen. Og derfor blir eg litt småstressa for at eg kanskje allerede er gravid, sidan eg skulle hatt EL omtrent på det tidspunktet me hadde ubeskytta samleie (om denne syklusen er like lang som forrige syklus). Så det at mensen ikkje har kome enda, kan bety 2 ting: Enten er denne syklusen av ein eller annan grunn lengre enn den forrige, fordi kroppen min ikkje er heilt stabil igjen etter fødselen. Eller så har ikkje mensen kome enda, fordi eg er gravid! Må jo seia at eg håpar på det første, og det er jo det eg trur også. Eg har iallfall ingen graviditetssymptom - men når eg tenker meg om, så hadde eg vel egentlig ikkje det heilt i starten forrige gang eg var gravid heller. Kanskje eg rett og slett berre skulle ta ein graviditetstest, for eg merkar at eg ikkje føler meg 100% sikker på at eg ikkje er gravid! Eg hadde jo ikkje like lett for deg å bli gravid første gangen, men det kan jo godt henda at eg blir lettare gravidi igjen, når eg først har vore gravid ein gang! Blir veldig spennande med prøving igjen, ja - viss eg ikkje allerede er gravid! :dåne: (Eg trur ikkje at eg er gravid altså, men merkar samtidig at eg blir litt meir usikker for kvar dag som går uten at mensen dukkar opp...). Endret 20. mai 2009 av Mirabella76
Mirabella76 Skrevet 20. mai 2009 Forfatter #615 Skrevet 20. mai 2009 (endret) Det er ikkje så lett å få I. til å eta graut. Virkar rett og slett som om ho ikkje likar det, for ho dyttar omtrent all grauten ut igjen med tunga. Og det er ikkje fordi ho ikkje skjønnar korleis ho skal svelga ned maten! For I. elskar søte ting. Når me gir henne banan eller annan frukt, sviskemos o.l., så er ho kjempeivrig, og ingenting kjem ut igjen. Prøvde å gi I. potet i dag, som eg moste og blanda med MME. Såg ikkje ut som om ho likte det spesielt godt heller. Ikkje heilt bra at I. kun vil ha mat som smakar søtt... I. var forresten veldig artig i dag, då eg ga henne mat. Ho tok tak i skeia når eg skulle mata henne, og tok den bort til munnen. Så det var tydeleg at ho skjønte korleis ho skulle gjera det. Hadde trudd eg måtte mata I. ei stund enda, sidan ho berre er 6 månader gammal og nettopp har begynt å få "ordentlig" mat - men det ser ut som om veslejenta mi helst vil klara seg sjølv allerede! Endret 20. mai 2009 av Mirabella76
Mirabella76 Skrevet 21. mai 2009 Forfatter #616 Skrevet 21. mai 2009 (endret) Ja, då var spenningen over. Følte meg så dårlig då eg hadde lagt meg i går kveld. Eg var litt svimmel, så trøtt at det svei i augene, og i tillegg var eg uggen/småkvalm. Tenkte då at no var nok enten mensen på vei, eller så måtte eg vera gravid! Ofte så er eg litt svimmel og uggen rett før mensen kjem, så eg tenkte først at det sikkert var grunnen til at eg ikkje følte meg bra i går kveld. Men så begynte eg å tenka på at trøtthet og kvalme er typiske graviditetssymptom. Eg skreiv i går at eg ikkje hadde nokon graviditetssymptom - men når eg tenkte meg om i går kveld, kom eg på at det ikkje var heilt riktig. Eg har følt meg ekstremt trøtt i det siste, men har tenkt det var på grunn av at I. våknar så ofte om natta for tida (og det er nok også grunnen til trøttheten). Men kvalmen hadde eg ingen forklaring på. For eg har faktisk vore uggen/småkvalm fleire kveldar i det siste, og det var alltid om kvelden eg var det då eg var gravid med I. Så i går kveld begynte eg rett og slett å tru på at at var gravid, og bestemte meg for å kjøpa ein graviditetstest om mensen ikkje kom i løpet av dagen i dag! Og eg hadde rett i at symptoma eg kjente i går kveld, hadde ein årsak. For i dag tidleg då eg gjekk på do, var det litt rosafarga utflod på papiret då eg tørka meg. Så eg reknar med at det er mensen som er på vei, og ikkje nokon graviditetsblødning. Må innrømma at eg er litt letta no, for då eg låg og tenkte i går kveld, følte eg at eg ikkje var klar for å vera gravid igjen heilt enda! Men det blir nok prøving igjen om ikkje så lenge, tenker eg. Endret 21. mai 2009 av Mirabella76
Knøttet Skrevet 21. mai 2009 #617 Skrevet 21. mai 2009 Så bra dere har hatt en fin 17.mai som en liten familie Det er spesielt å tenke på at det var aller første 17.mai til I, og S Menn i bunad er kjempefint! Mye finere enn i dress, og jeg liker egentlig menn i dress også Mannen min vil ikke ha bunad han, han vil mye heller bruke de pengene på en dress sier han Får håpe jeg får S til å gå i bunad når han blir eldre da Prøverdagbok etterhvert, altså?! Åh, heldiggrisen! Må innrømme at jeg misunner deg litt ... Jeg vil også ha flere etterhvert, og så vil jeg ikke ha så stor aldersforskjell på de, noe som blir vanskelig nå ettersom det er dumt å planlegge søsken når man er på flyttefot og ingen av oss har jobb Ha en fortsatt fin dag!
@nea Skrevet 21. mai 2009 #618 Skrevet 21. mai 2009 Spennende med prøving snart Prøvd å blande fruktmos i grøten da? L. spiser mer grøt etter at vi begynte med det iallefall
Mirabella76 Skrevet 21. mai 2009 Forfatter #619 Skrevet 21. mai 2009 Så bra dere har hatt en fin 17.mai som en liten familie Det er spesielt å tenke på at det var aller første 17.mai til I, og S Menn i bunad er kjempefint! Mye finere enn i dress, og jeg liker egentlig menn i dress også Mannen min vil ikke ha bunad han, han vil mye heller bruke de pengene på en dress sier han Får håpe jeg får S til å gå i bunad når han blir eldre da Prøverdagbok etterhvert, altså?! Åh, heldiggrisen! Må innrømme at jeg misunner deg litt ... Jeg vil også ha flere etterhvert, og så vil jeg ikke ha så stor aldersforskjell på de, noe som blir vanskelig nå ettersom det er dumt å planlegge søsken når man er på flyttefot og ingen av oss har jobb Ha en fortsatt fin dag! Ja, det var koseleg å feira 17. mai for aller første gang, som ein liten familie! Stemmer jo at det også var S. sin første 17. mai, sjølv om han er ein del månader eldre enn I. Håpar du og din lille familie også hadde ei fin 17. mai-feiring! Trur aldri at eg hadde fått bunad på mannen min heller. Han er ikkje typen til å gå i bunad. Heldigvis er mannen min veldig fin i dress, så eg får vera fornøyd med det! Gledar meg til å starta prøvinga igjen om ikkje så lenge, så det dukkar nok snart opp ei ny prøverdagbok ja! Litt kjedeleg at dåke ikkje kan starta prøvinga enda, men får håpa det ordnar seg med jobb og plass å bu snart. Me er også på flyttefot, og er på utkikk etter hus for tida. Men heldigvis har me faste jobbar begge to, så då blir jo alt mykje lettare.
Mirabella76 Skrevet 21. mai 2009 Forfatter #620 Skrevet 21. mai 2009 (endret) Spennende med prøving snart Prøvd å blande fruktmos i grøten da? L. spiser mer grøt etter at vi begynte med det iallefall Ja, det er kjempespennande at me snart skal bli prøvarar igjen! Eg har ikkje prøvd å blanda fruktmos i grauten, men eg har prøvd med banan. Virka som om I. likte grauten littegrann bedre med banan i. Har faktisk fruktmos ståande, så då skal eg jammen testa ut det også ein dag. Endret 21. mai 2009 av Mirabella76
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå