Mirabella76 Skrevet 20. mars 2009 Forfatter #501 Del Skrevet 20. mars 2009 (endret) I dag er det enda bedre ver enn i går - strålande sol, og varmt og fint! Våren og sommaren er uten tvil favorittårstidene mine! Eg har kost meg ute i sola, mens I. sov ute i vogna si. Herlig! Endret 20. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 21. mars 2009 Forfatter #502 Del Skrevet 21. mars 2009 I dag har I. vore sur og grinete heile dagen - så no går eg og legger meg, for eg er trøtt og lei... Kryssar fingrane for ein bedre dag i morgon! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 22. mars 2009 #503 Del Skrevet 22. mars 2009 I dag har I. vore sur og grinete heile dagen - så no går eg og legger meg, for eg er trøtt og lei... Kryssar fingrane for ein bedre dag i morgon! Så kjedelig da. Var det problemer med sovingen igjen? Vi hadde en slik dag på fredag, sutring og sutring, ingenting var bra nok og ingenting var gøy i mer enn tre minutter av gangen. Han nektet å sove mer enn tre lurer á ca. 45 minutter, og det er litt kort. Jeg tror det kan ha en sammenheng, for i går og i dag har han hatt gode lurer tidlig på dagen og har vært kjempeblid. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 22. mars 2009 Forfatter #504 Del Skrevet 22. mars 2009 (endret) Så kjedelig da. Var det problemer med sovingen igjen? Vi hadde en slik dag på fredag, sutring og sutring, ingenting var bra nok og ingenting var gøy i mer enn tre minutter av gangen. Han nektet å sove mer enn tre lurer á ca. 45 minutter, og det er litt kort. Jeg tror det kan ha en sammenheng, for i går og i dag har han hatt gode lurer tidlig på dagen og har vært kjempeblid. Det hadde ikkje berre med sovinga å gjera, nei. I. vart sur og grinete, sjølv etter at ho nettopp hadde sove. Veit ikkje om det var eitt eller anna som plaga henne - slitsomt var det iallfall! I dag har I. heldigvis vore blid og fornøyd mesteparten av dagen! Endret 22. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 22. mars 2009 Forfatter #505 Del Skrevet 22. mars 2009 (endret) I. pratar så mykje for tida, lagar alle mulige slags rare lydar. Og så synst ho det er kjempegøy å laga høge ropelydar! Artig å høyra på henne når ho ligg og pratar og ropar. Ellers har I. blitt kjempeflink til å gripa og halda fast i ting - og alt skal i munnen! Har lagt merke til at forskjellige andre ting ofte er enda meir spennande enn leikane. I dag sat eg med I. på fanget, og ho og reiv og beit i ei avis. Det var visst kjempegøy! Fortsatt synst I. det er spennande å studera oss når me puttar noko i munnen. Og ho har begynt å ta oppi ansikta på folk, viss ho får sjansen til det - og ikkje minst å dra i håret! Eg har langt hår, og I. tar tak i håret mitt og river og sliter i det heile tida. Og det er jammen ikkje lett å få henne til å sleppa igjen, når ho først har tatt godt tak i håret. I. har også blitt ekstemt nysgjerrig i det siste. Ho vil ha med seg alt som skjer, og snur seg etter lydar og bevegelsar. Kan vera litt slitsomt når eg ammar henne enkelte gangar, for ho reagerer på den minste ting - og då må ho snu seg og sjå kva det er. Ja, og så ler I. så masse no! Det er skikkelig gøy no når I. har blitt så stor at det går an å tøysa og tulla med henne, og få henne til og le. Av og til når eg tøysar med I., ler og ler ho noko heilt enormt! Ein skikkelig trillande latter har ho, og det er så herlig å høyra på. Endret 22. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 23. mars 2009 Forfatter #506 Del Skrevet 23. mars 2009 Soveteorien min ser ikkje ut til å stemma likevel. I dag har I. sove veldig mykje, men ho har likevel vore sur og grinete når ho har vore våken. Mystisk... :klø: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 25. mars 2009 Forfatter #507 Del Skrevet 25. mars 2009 (endret) I. hadde ein ganske dårleg dag i går også, så eg er litt sliten. Blir så stressa når ho griner så mykje, og er misfornøyd same kva eg gjer. Ja ja, får kryssa fingrane for at denne dagen blir bedre! I. har ein vanvittig sterkt vilje, og veit kva ho vil. Og får ho ikkje viljen sin, så hyler ho! Virkar rett og sltt som ho er litt utspekulert innmellom. For ho kan hylskrika slik enkelte gangar, at eg trur ho må ha vondt ein eller annan plass - men så er ho plutseleg like blid igjen. Sånn som i går - då skreik I. same kva eg gjorde, og eg la henne på fanget etter ei stund. Då snudde I. seg og såg mormora si, som smilte il henne. Då begynte I. også å smila, og var skikkelig blid og fornøyd igjen, og "gløymte" tydelegvis å grina. I dag då eg skulle få I. til å sova, sat eg med henne i armane mine. La henne ned i senga då ho sovna, og med ein gang ho åpna augene og såg at ho låg i senga, så skrei ho. Med ein gang eg tok henne opp igjen, lukka ho augene - og akkurat det same skjedde fleire gangar, før ho sovna ordentleg. Og det er jo berre tull og tøys, for I. har rett og sltt berre bestemt seg for at ho ikkje giddar å liggja i senga, men heller vil liggja i armane mine. Ho er ein liten luriing, jenta mi! Avispapir er veldig gøy, har I. funne ut! I går sat I. lenge på fanget mitt og reiv i ei avis, og skrukka den saman. Og så måtte ho smaka litt på avisa også såklart. Leikane er kjedelege for tida - mens aviser, fjernkontrollar og andre ting, er mykje meir spennande! Endret 25. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 25. mars 2009 Forfatter #508 Del Skrevet 25. mars 2009 (endret) I dag brukte eg 2 timar på å få I. til å sovna! No er eg sur, lei og oppgitt - kvifor skal det vera så vanskelig å få lagt den ungen? Trudde I. skulle sovna så greit i kveld, for ho var dødstrøtt då eg tok henne med på rommet kl 9 - men først kl 11 sov ho. Typisk! Eg starta med å amma I. inne på soverommet, slik eg pleier å gjera. I. sovna fort, og eg tenkte at dette gjekk jo greit! Me etter kun eit par minutt våkna ho igjen, og var lys våken! Prøvde meg på litt byssing, men det fungerte ikkje - så eg måtte gi henne meir mat. Og I. låg der og saug og saug, og sovna aldri. Og då ho endeleg sovna igjen etter ei lang stund, våkna ho med ein gang eg la henne ned i senga. Eg tok I. opp igjen og prøvde å byssa henne, men ho var lys våken og hadde tydelegvis ikkje tenkt å sova. Etter ei lita stund begynte I. å sparka meg, og då la eg henne rett ned i senga si. Og der låg ho faktisk i over 1/2 time, uten å begynna å grina! Det i seg sjølv var jo veldig imponerande - men I. låg veldig urolig. Sparka med beina, veiva med armane, snudde seg fram og tilbake, og styrte i vei. Problemet var berre at I. absolutt ikkje hadde tenkt å sova no heller. Etter ca 1/2 time begynte ho å sutra. Eg klarte då å halda I. i sjakk i ca 5 minutt til, ved å stryka henne over hovudet, og synga litt for henne. Men så var det nok, og I. begynte å hylskrika! Det hjelpte ikkje eingang å ta henne opp igjen, for ho fortsette å skrika same kva eg gjorde. Ved opp/ned-metoden skal ein jo leggja ungen ned igjen i senga når den roar seg, men I. roa seg jo aldri! Berre fortsette med å grina og grina... Så det endte med det eg absolutt ikkje ville, nemlig at eg måtte amma I. enda ein gang. Huff og huff! Ho sovna iallfall då, og eg kunne endeleg få litt ro og fred. Men då var det 2 timar sidan eg starta med å prøva å få I. i seng, og det er altfor lang tid! Lurer sånn på kva me skal gjera, for sånn som dette orkar eg ikkje å ha det! Det var ekstremt ille i dag, så gale har det ikkje vore på lenge. Men uansett blir det heilt feil når I. er avhengig av å bli amma om kvelden, for å klara å sovna. Det ser heller ikkje ut til at opp/ned-metoden vil kunne fungera på I. For ho kan liggja lenge våken i senga si, viss ho er i humør til det. Problemet er at når ho blir lei/trøtt, så begynnar ho å hylskrika i staden for å lukka augene og sova. Og når I. berre fortset med å skrika, sjølv om me tar henne opp - så kjem me jo aldri til det punktet at ho er stille, sånn at me får lagt henne ned i senga igjen. For eit håplaust prosjekt! Endret 25. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Scheherazade Skrevet 26. mars 2009 #509 Del Skrevet 26. mars 2009 Det er jo kjedelig. Men hvis du tenker tilbake, var det ikke slik det var mye oftere før? Sånn sett er det jo blitt bedre om du vanligvis klarer det på en halvtime. Jeg må innrømme at jeg pleier ikke å la han ligge så lenge på egen hånd, legger hånden på kinnet hans nesten med en gang. Opp/ned-metoden virker kanskje best om man er konsekvent? Nå prøver du jo litt av alt, litt amming, litt byssing og litt opp/ned. Det er vel også et problem at hun sovner litt, for da har hun jo hentet ny energi. Når hun da våkner igjen uten å sovne på egen hånd, skjærer det seg. Jeg ammer også i sengen siste måltid, men passer på at han ikke sovner. Når han er ferdigspist, synger vi en godnatt-sang i armkroken, og så legger jeg han i sengen. Det går jo ikke an å si sikkert, men jeg syns det høres ut som om det feiler når hun sovner under amming og våkner når hun blir lagt i sengen. Jeg tenker at dersom hun hadde da sovnet i sengen, hadde hun kanskje forblitt sovende, siden hun ikke blir flyttet. Det er selvfølgelig lett å si i teorien, vanskeligere i praksis. Kanskje du bør sette deg ned og legge en plan sammen med mannen, en plan begge er villige til å gå for, og så holde dere til den? Jeg sliter fortsatt litt om natten, han våkner noen ganger, og da hender det at jeg lusker ham opp i sengen vår for å få sove videre selv istedenfor å ta kampen. Det virker ikke som om dette har gjort natteleggingen vanskeligere, så helt konsekvent er ikke vi heller. Nå la jeg han akkurat i sengen sin på dagtid for første gang, vognbagen er i bilen, og det virker også kjempefint! Han sovnet etter ti minutter, han var tydeligvis trøtt etter vi stod opp klokken ni. Lykke til! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. mars 2009 Forfatter #510 Del Skrevet 27. mars 2009 (endret) I går sov I. 2 timar i strekk på dagtid, då ho sov ute i vogna. Og så hadde ho i tillegg nokre korte kvilar. Trur nok eg bør prøva å få I. til å ta ein lang kvil på dagtid, for då blir ho så mykje meir fornøyd og blid. Dei dagane I. berre søv i fleire korte omgangar, blir ho så sur og grinete utover ettermiddagen/kvelden. Og det er kanskje ikkje så rart, når ho ikkje får ein ordentlig lur i løpet av dagen. Var veldig spent på korleis det skulle gå då eg skulle leggja I. for natta, etter alt det styret me hadde forrige kveld! Men i går kveld gjekk det kjempefint å få lagt I. Tok henne med på rommet kl 21.30, og innan en halv time sov ho. Heldigis våkna ho ikkje igjen heller, og det var herlig! Det som derimot var litt rart, var at I. våkna allerede kl 04.30 i natt! Det er veldig sjelden at I. våknar før morgonen, når ho først har sovna for natta. I. låg våken i ein halv time uten å begynna å grina, så eg håpte at ho skulle sovna igjen. Det gjorde ho ikkje, så 5-tida måtte eg ta I. opp og gi henne mat. La I. tilbake igjen i senga si etterpå, og jammen sovna ho av seg sjølv etter ein halv time - då var klokka 6. Så sov me vidare til klokka var 9. Synst det var litt slitsomt å vera våken om natta, sjølv om eg fekk sova vidare etterpå. Men eg kan absolutt ikkje klaga, sidan I. sovna så fint heilt av seg sjølv etter at ho hadde fått mat. Er berre det at eg ikkje er vant til å vera våken om nettene lenger, eg. Endret 27. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. mars 2009 Forfatter #511 Del Skrevet 27. mars 2009 (endret) Det er jo kjedelig. Men hvis du tenker tilbake, var det ikke slik det var mye oftere før? Sånn sett er det jo blitt bedre om du vanligvis klarer det på en halvtime. Jeg må innrømme at jeg pleier ikke å la han ligge så lenge på egen hånd, legger hånden på kinnet hans nesten med en gang. Opp/ned-metoden virker kanskje best om man er konsekvent? Nå prøver du jo litt av alt, litt amming, litt byssing og litt opp/ned. Det er vel også et problem at hun sovner litt, for da har hun jo hentet ny energi. Når hun da våkner igjen uten å sovne på egen hånd, skjærer det seg. Jeg ammer også i sengen siste måltid, men passer på at han ikke sovner. Når han er ferdigspist, synger vi en godnatt-sang i armkroken, og så legger jeg han i sengen. Det går jo ikke an å si sikkert, men jeg syns det høres ut som om det feiler når hun sovner under amming og våkner når hun blir lagt i sengen. Jeg tenker at dersom hun hadde da sovnet i sengen, hadde hun kanskje forblitt sovende, siden hun ikke blir flyttet. Det er selvfølgelig lett å si i teorien, vanskeligere i praksis. Kanskje du bør sette deg ned og legge en plan sammen med mannen, en plan begge er villige til å gå for, og så holde dere til den? Jeg sliter fortsatt litt om natten, han våkner noen ganger, og da hender det at jeg lusker ham opp i sengen vår for å få sove videre selv istedenfor å ta kampen. Det virker ikke som om dette har gjort natteleggingen vanskeligere, så helt konsekvent er ikke vi heller. Nå la jeg han akkurat i sengen sin på dagtid for første gang, vognbagen er i bilen, og det virker også kjempefint! Han sovnet etter ti minutter, han var tydeligvis trøtt etter vi stod opp klokken ni. Lykke til! Joda, det var mykje meir styr om kveldane og nettene før, men det var jo fordi I. hadde kolikk. Etter at kolikkperioden var heilt over då I. var 2 månader gammal, har det gått mykje bedre. Likevel er det veldig forskjellig frå kveld til kveld, kor lang tid me brukar på å få I. i seng. Enkelte kveldar går det kjempegreit, andre kveldar er det masse styr! Sjelden det berre tar ein halv time å få I. lagt, så det stemmer nok ikkje heilt at ho vanlegvis sovnar så raskt. (Var det eg som skreiv at ho pleide å sovna så fort?). Eg er nok ikkje konsekvent nok nei, sidan eg brukar mange forskjellige metodar for å få lagt I. om kveldane. Er jo mulig som du seier, at det er grunnen til at opp-/ned-metoden foreløpig ikkje ser ut til å fungera. Hovudproblemet er uten tvil at I. veldig ofte våknar igjen, etter å ha sove ei lita stund. I. sovnar nesten alltid veldig raskt - men våknar ho først opp igjen, så er ho lys våken, og då blir alt berre styr. Veit ikkje om eg klarar å unngå at I. sovnar mens eg ammar henne, for ho er alltid så veldig trøtt når eg tar henne med på rommet om kvelden for å leggja henne. Men hadde eg klart å unngå at ho sovna under amminga, så er det godt mulig at du har rett i at ho ikkje ville ha våkna opp igjen så lett når ho først sovna, om ho vart lagt våken i senga si i utgangspunktet. Det er ikkje godt å seia! Me får leggja ein plan, ja - og satsa på at legginga går lettare etter kvart. Endret 27. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. mars 2009 Forfatter #512 Del Skrevet 27. mars 2009 (endret) Må først skryta litt av at eg no har klart å få I. til å sova 2 1/2 time i strekk i vogna på dagtid, 2 dagar på rad! Frisk luft gjer tydelegvis susen. Så var det legginga då, og i kveld tok det jammen tid - igjen! Gjekk jo veldig greit å få lagt I. i går kveld, men kvelden før var det masse styr. I dag tok det faktisk over 2 timar før I. sovna for kvelden! :dåne: Det starta som det pleier å gjera, med at I. sovna veldig raskt mens eg amma henne. La henne ned i senga, og ho sov i ca 5 minutt. Sjølvsagt måtte I. våkna opp igjen etter så kort tid, og var då lys våken! Og det er som vanlig når I. våknar opp igjen etter berre å ha sove ei lita stund, at alt blir berre stress. Eg prøvde å amma I. litt meir. Men då ho fortsatt låg og saug ein halv time seinare (brukte meg som smokk), og fortsatt ikkje hadde sovna, så vart eg lei. Tok I. vekk frå brystet, og det likte ho ikkje. Vart litt grining då, så eg prøvde å byssa henne litt i armane mine - til ingen nytte! La så I. ned i senga, og håpte på det beste. Og vesle, gode jenta mi låg så fint i senga si, uten å begynna å grina. Ho sparka med beina, veiva med armane, snudde seg fram og tilbake, og lagde lydar innimellom - men ingen grining. 3 gangar sovna ho faktisk litt, sov i eit par minutt, og våkna så opp igjen. Kvar gang det skjedde, sutra I. litt, men sutringa ga seg nesten med ein gang. Og eg er ufattelig imponert over kor tålmodig og uthaldande I. var! Ho som vanlegvis har veldig lite tålmodighet, og griner så fort ho blr lagt ned i senga, var så kjempeflink no i kveld! Det som var synd, var at I. aldri sovna. Ho låg og låg i lange tider. Ja, faktisk låg I. våken i senga si i over ein time, uten at eg trengte å ta henne opp ein einaste gang! Og då sovna ho endeleg ordentleg. Eg er så glad for at I. klarte å sovna heilt av seg sjølv i kveld, i si eiga seng. Flinke, gode jenta mi! :rødme: Samtidig har eg litt dårlig samvittighet for at eg lot henne liggja så lenge våken i senga si, uten å ta henne opp. Eg veit jo at ho ikkje hadde det vondt, for ho grein ikkje - men eg synst litt synd på henne likevel. No har I. sovna uten å grina når ho har blitt lagt våken i senga si - både i natt då ho våkna og fekk mat, og no i kveld. Så no veit eg iallfall at ho kan når ho vil! Håpar virkelig det fortset, og at I. no er på god vei til å læra seg å sovna på eiga hand. Det hadde vore så herlig om eg kunne ha sleppt å måtte amma I. i søvn kvar kveld. Men eg håpar virkelig at I. etter kvart sovnar raskare enn det ho gjorde i kveld, for eg synst det var veldig lenge for henne å liggja våken i senga i over ein time, før ho sovna - uten å få nokon som helst oppmerksomhet. God natt! :søvn: Endret 27. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 27. mars 2009 #513 Del Skrevet 27. mars 2009 kfkjdieoll Hæ??? Haha!! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. mars 2009 Forfatter #514 Del Skrevet 27. mars 2009 (endret) Hæ??? Haha!! Uffdå, var ikkje meininga at nokon skulle sjå det! Eg trudde alle andre sov på denne tida av døgnet. Skulle skriva eit langt innlegg, og ville berre sikra meg at innlegget var sendt før midnatt - sidan eg skreiv om kveldens legging, og ville at innlegget skulle vera posta på rett dag (om du skjønte noko som helst av den rare forklaringa mi). Så då tasta eg berre nokre tilfeldige bokstavar, sånn midlertidig. Eg er visst litt rar! Endret 27. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Coxy Skrevet 28. mars 2009 #515 Del Skrevet 28. mars 2009 Hehe, det forklarer!! Skjønte hva du mente!! Så bra at I. til slutt sovna av seg selv i egen seng!! Og du trenger IKKE å ha dårlig samvittighet for å ha latt henne ligge der. Hun skrek jo ikke engang! Veldig synd at dere ikke får I til å ta smokk. Tror det hadde spart dere for veldig mye trøbbel rundt legging.... Men men....dere slipper kampen om avvending da....! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. mars 2009 Forfatter #516 Del Skrevet 28. mars 2009 (endret) Denne kvelden likte eg! Gjekk for å leggja I. kl 20.30 i kveld - litt tidlegare enn vanleg, sidan me skal stilla klokka ein time fram i natt. I. sovna etter ca 20 minutt mens eg amma henne, og eg la henne i senga si. Men som så ofte før, så våkna I. igjen etter nokre minutt, og var lys våken. Ga henne litt meir mat, men ho var fortsatt like våken. Då hadde det gått 45 minutt sidan eg tok I. med inn på rommet for å leggja henne. Fann ut at det då var på tide å la I. få prøva å sovna på eiga hand - så eg sang ein nattasang for henne, og la henne ned i senga si. Vanlegvis pleier eg å sitja inne på rommet med I., når ho ligg våken i senga si. Ofte legg eg meg ned i mi seng, men eg er jo likevel rett i nærheten av henne. I dag fann eg ut at eg skulle gå inn i stova, og la I. liggja åleine på rommet. Hadde døra på gløtt, slik at eg skulle høyra henne viss ho begynte å grina. Var spent på om I. kom til å begynna å grina når eg gjekk ut av rommet, men det gjorde ho heldigvis ikkje. Ho låg der og sprella, og prata med seg sjølv. Eit par gangar lagde ho små sutrelydar, men det var omtrent ingenting. Plutseleg merka eg at det var heilt stille. Og då eg kikka inn på rommet, låg I. der og sov så søtt, med kosekluten tett oppi ansiktet! Då var klokka 21.40, og I. hadde altså sovna heilt av seg sjølv mindre enn ein halv time etter at eg la henne våken ned i senga si! Eg er så stolt av den herlige vesle godjenta mi - ho er den beste i verden. Det fungerer forresten kjempebra å la I. sova ute i vogna om dagane! I dag sov ho først 1 time ute i vogna tidleg på dagen, og 2 timar seinare på dagen. I. søv så godt når ho får liggja ute i frisk luft! I tillegg er ho mykje blidare om dagane, når ho får ein eller fleire ordentlege kvilar i løpet av dagen. Gruar meg litt til å koma tilbake til leiligheten vår, for der kan me ikkje la I. liggja ute i vogna åleine. Men me må finna på noko lurt, slik at I. kan få sova ute også når me er heime. Eg og I. er hos foreldra mine no, og har vore her i over ei veke. Me er mykje inne hos mine foreldre når mannen min er på jobb i Nordsjøen. Alt blir så mykje lettare her på landet, der foreldra mine har hus og stor hage, og ingen trafikk rett i nærheten. Blir noko heilt anna i den trange leiligheten vår midt i byn. Gledar meg sånn til me skal kjøpa hus! Håpar det blir allerede til sommaren, men det spørs... Endret 28. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. mars 2009 Forfatter #517 Del Skrevet 28. mars 2009 (endret) Hehe, det forklarer!! Skjønte hva du mente!! Så bra at I. til slutt sovna av seg selv i egen seng!! Og du trenger IKKE å ha dårlig samvittighet for å ha latt henne ligge der. Hun skrek jo ikke engang! Veldig synd at dere ikke får I til å ta smokk. Tror det hadde spart dere for veldig mye trøbbel rundt legging.... Men men....dere slipper kampen om avvending da....! Ja, det er heilt supert at I. klarar å sovna av seg sjølv, til og med uten å grina! To kveldar på rad har ho gjort det no, og det er jo heilt fantastisk. Eg veit jo egentlig at eg ikkje treng å ha dårlig samvittighet for at I. må liggja så lenge våken i senga si, uten å få oppmerksomhet. I. er ein unge som gir klart og tydeleg beskjed når ho ikkje er fornøyd - det veit eg av erfaring. Så av den grunn treng eg absolutt ikkje vera redd for at I. ikkje skal ha det bra, når ho ligg der. Likevel er eg litt redd for at det skal vera kjedeleg for I. å liggja våken i senga så lenge, uten å få noko oppmersomhet - sjølv om I. sikkert ikkje føler det slik. Så eg skal prøva å leggja vekk den dårlige samvittigheten, og heller tenka at I. har det heilt fint så lenge ho ikkje griner! I kveld gjekk det forresten kjempefint - eg fekk ikkje eingang tid til å synast synd på I. for at ho måtte liggja våken heilt åleine i senga si, sidan ho sovna så fort! Litt synd at me ikkje får I. til å ta smokk, ja. Når me gir henne smokk brukar ho den berre som ein vanleg leike. Held smokken i handa og biter litt i den, akkurat slik ho gjer med dei andre leikane sine. Men det å ta smokken i munnen og suga på den, nei det er visst ikkje noko spennande! Me slepper iallfall avvenning ja, så me får sjå det positive i det. Endret 28. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Knøttet Skrevet 30. mars 2009 #518 Del Skrevet 30. mars 2009 Åh, det er så herlig når det begynner å bli vårlig! Her er det skikkelig vår med sol, "mange" plussgrader og herlig vær én dag og så er det nærmest snøstorm neste dag Jeg vil ha vår, nå! Så moro at I har utviklet seg så mye, morsomt med prating og skikkelig herlig med babylatter! :rødme: Må innrømme at babylatter er den herligste lyden i verden, jeg smelter helt når S ler :rødme: Typisk at alt annet enn lekene er interessant! S er veldig glad i ting han ikke får, blant annet mobiler, fjernkontroller, ipod, lysestaker osv Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. mars 2009 Forfatter #519 Del Skrevet 30. mars 2009 (endret) Litt styr med legginga i kveld (og i går kveld). I. sovna når eg amma henne, men våkna igjen då eg la henne ned i senga si. Lot henne då berre bli liggjande i senga, og tenkte at ho kunne sovna av seg sjølv. Og det gjekk nesten - men ikkje heilt. Etter at I. hadde leie våken i senga og prata med seg sjølv i ca 20 minutt, så sovna ho! Dessverre våkna ho igjen etter eit par minutt, og begynte då å grina litt. Eg klarte å roa I. igjen ved å stryka henne på kinnet, halda henne i handa, og laga hysjelydar. Men etter ei lita stund ville ikkje I. meir, og begynte å grina skikkelig. Då tok eg I. opp av senga, og mystisk nok begynte ho å grina enda meir då - så eg burde sikkert ikkje ha tatt henne opp i det heile tatt! Og svake mamma-Mirabella tenkte at: "Uff, eg orkar ikkje sånn skriking i all evighet", og så la eg I. til brystet og amma henne igjen til ho sovna. Veit at det var feil av meg å gjera det, men eg egnar meg tydelegvis ikkje som streng og bestemt mamma. Synst altfor lett synd på I. når ho griner litt, så eg har ein svakhet der... I. er ein skikkelig luring, og veit korleis ho skal manipulera meg og få viljen sin! Eg trur nemlig ikkje at grininga hennar var så veldig "ekte". For med ein gang eg tok dyna av I., begynte å ta av henne teppet, og I. skjønte at eg var på vei til å ta henne opp, så gliste ho stort til meg! Så sjølv om I. er liten, så er ho uten tvil ei smart lita jente! Det er forresten utrulig kor mange rare lydar I. klarte å laga mens ho låg våken i senga i kveld. Prata i vei med seg sjølv - det var rett og slett komisk å høyra på. Då gjekk det opp for meg kor mange forskjellige lydar I. allerede har lært seg å laga. Imponerande! I. driver ellers på med skikkelig tungegymnastikk for tida! Den siste veka har det vore heilt ekstremt. I. har tydelegvis funne ut at det er morsomt å rekka ut tunga. Ho tar tunga ut og inn av munnen, og synst det er ekstra gøy å strekka tunga langt ut - og så sit ho der då, med tunga hengande ut av munnen. Ser skikkelig komisk ut! På omtrent alle bilda eg har tatt av I. siste veka, sit ho med tunga ute. Raringen min! Eg bada I. i kveld, og ho var heilt vill i badekaret! Sparka som ein gal med beina, så det spruta vatn til alle kantar. I. har plaska litt i badekaret før, men ikkje i nærheten så mykje som ho gjorde no. Heile golvet var klissvått etter at I. hadde bada - det same var eg! Klissvåte klede enda eg opp med, slik at eg begynte å frysa etterpå. Brrrrr! Endret 30. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. mars 2009 Forfatter #520 Del Skrevet 30. mars 2009 (endret) Åh, det er så herlig når det begynner å bli vårlig! Her er det skikkelig vår med sol, "mange" plussgrader og herlig vær én dag og så er det nærmest snøstorm neste dag Jeg vil ha vår, nå! Så moro at I har utviklet seg så mye, morsomt med prating og skikkelig herlig med babylatter! :rødme: Må innrømme at babylatter er den herligste lyden i verden, jeg smelter helt når S ler :rødme: Typisk at alt annet enn lekene er interessant! S er veldig glad i ting han ikke får, blant annet mobiler, fjernkontroller, ipod, lysestaker osv Ja, det er herlig med vår! Me har hatt fleire fine vårdagar her den siste tida, og det er så godt med sol og vårstemning. Men været skiftar veldig her også, frå dag til dag. Ganske merkelig egentlig. Ein dag er det sol og ganske varmt, og skikkelig vår. Neste dag kan det snøa og hagla, og vera vinter. Og neste dag kan igjen vera ein sånn dag som i dag, der det regnar og blåser - skikkelig haustver. I morgon vil eg ha sommar! Eg synst I. har blitt så mykje meir "vaksen" no, på ein måte. Ho er ikkje sånn bitteliten baby lenger. Utviklinga går utrulig fort, det er det iallfall ingen tvil om! Babylatter er fantastisk skjønt, ja! :rødme: Det er først den siste tida at I. har blitt så interessert i alle mulige slags ting. Tippar ho har begynt å bli litt lei av leikane, og det finst jo så mange spennande ting rundt omkring som må undersøkast! Men alt skal jo i munnen - og det er ikkje alltid like kjekt når fjernkontrollen, mobilen eller noko anna endar opp i munnen på I. Endret 30. mars 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå