Gå til innhold

Livet som mamma!


Fremhevede innlegg

Skrevet

Så fine mål på jenta! :strix:

Koselig med barselgruppe, håper det var greie folk så dere kan møtes av og til. Det har iallfall jeg hatt god nytte av hittil :jepp:

Å ligge på magen skjønner jeg at ikke er populært i begynnelsen, er jo tungt å holde hodet oppe. Det blir nok bedre :)

Ha en fortsatt fin kveld :klemmer:

Videoannonse
Annonse
Skrevet (endret)

I går kveld nekta I. å bli byssa i søvn. Det pleier vanlegvis å fungera ganske bra, når ho er trøtt nok - men ikkje i går! La meg i senga vår og amma henne i 11-tida om kvelden, og då sovna ho nesten. Men sidan I. våkna opp igjen då ho var ferdig å suga, tok eg henne opp for å rapa og byssa henne i søvn, slik eg pleier å gjera. Det skulle eg ikkje ha gjort, for då vart det skriking! :sur:

Amma I. på nytt igjen i 1-tida om natta, og også då våkna ho etter amminga. Men denne gangen lot eg henne berre liggja ved sida av meg i senga, for ho var rolig. Og jammen sovna I., og eg kunne leggja henne sovande bort i senga si ei stund etterpå! :sjokkert: Så det skal eg jammen hugsa til ein annan gang. Det er tydelegvis berre dumt å ta I. opp for å byssa henne om ho våknar etter amminga - så lenge ho blir liggjande rolig ved sida av meg! ;)

Endret av Mirabella76
Skrevet (endret)
Så fine mål på jenta! :strix:

Koselig med barselgruppe, håper det var greie folk så dere kan møtes av og til. Det har iallfall jeg hatt god nytte av hittil :jepp:

Å ligge på magen skjønner jeg at ikke er populært i begynnelsen, er jo tungt å holde hodet oppe. Det blir nok bedre :)

Ha en fortsatt fin kveld :klemmer:

Ja, det var fine mål! :) Godt å vita at I. veks og legg på seg slik ho skal. :jepp:

Eg synst det var veldig greit med barselgruppe. Kjekt å treffa andre med babyar på same alder! Det virka absolutt som greie folk, ja.

Det er ekstremt lite populært å liggja på magen! Prøvde å leggja I. på magen igjen i dag. Ho begynte å grina med ein gang, og legg seg alltid berre med ansiktet skvist ned mot underlaget, uten å løfta hovudet. Tenkte at eg ikkje skulle gi meg så lett, så eg tok henne ikkje opp med ein gang. Då vart I. heilt hysterisk. :( Brukte lang tid etterpå på å roa I. for ho var så lei seg. Kjipe greier!

Ha ein fin dag! :)

Endret av Mirabella76
Skrevet

I dag, 18. januar 2009, skal I. døypast! :nigo:

Skrevet

Lykke til dag! Ikke beste været akkurat, mye vind i håret på kirketrappfotograferingen. ;) Gleder meg til rapport.

Skrevet

Hmm...jeg skrev da egentlig noe her før i dag, men det er da ikke her.. :klø:

Jaja, håper dere har hatt en flott dåpsdag, hvert fall! :)

Skrevet
Lykke til dag! Ikke beste været akkurat, mye vind i håret på kirketrappfotograferingen. ;) Gleder meg til rapport.

Ja, då er dåpen overstått - og det gjekk veldig fint! :)

Været var ikkje det beste, nei. Vind og regn, og skikkelig surt! Så me tok ingen bilete ute - me tok bilete inne i kyrkja, og i lokala der me hadde dåpsfesten.

I. sovna rett før me skulle inn i kyrkja, og det passa jo perfekt. ;) Ho sov seg gjennom heile dåpen. Heldigvis var dåpen heilt i starten, for I. våkna og begynte å grina inne i kyrkja, etter at alle dei 3 jentene som skulle døypast, var døypt. Når I. først skulle grina litt, var det mykje bedre at ho gjorde det på det tidspunktet. Hadde vore litt kjedeleg om ho hadde grene mens me stod framme ved døypefonten. Tok bilete framme i kyrkja etterpå, av foreldre og fadrar saman med dåpsbarnet.

Då me kom dit me skulle ha dåpsfesten, sovna I. igjen. Og utruleg nok sov ho seg gjennom middagen og desserten, slik at eg fekk eta i fred. ;) Sosekjøtt med potetstappe, grønnsaker og ertestuing til middag, og karamellpudding med krem til dessert. I. våkna igjen ei lita stund etter at me hadde ete. Var blid ei lita stund, og skreik så ein del - før ho sovna igjen. Så då fekk eg kosa meg med litt kaker også, før I. våkna igjen. Me hadde forskjellige kaker + kransekake og lefser. Dåpskake hadde foreldra mine ordna med, og den var kjempefin! :)

Det var kjempekoseleg at min og mannen min sine familiar var samla. Det er aller første gang me har vore i lag alle saman! Gutten til søstera mi som nettopp har fylt 3 år, fann virkelig tonen med jenta til mannen min si søster, på 2 1/2. ;) Dei hadde det så kjekt i lag! Og det var stor stas for ungane å få vera med å åpna gåver. I. fekk virkelig masse fine gåver til dåpen sin. :)

Eg er så glad for at dagen vart vellykka, og at alt gjekk så bra! :Nikke:

Skrevet
Hmm...jeg skrev da egentlig noe her før i dag, men det er da ikke her.. :klø:

Jaja, håper dere har hatt en flott dåpsdag, hvert fall! :)

Håper dåpsdagen bli fin :)

Ja, me har hatt ein kjempefin dag! :) Trur også I. har hatt det fint på dåpsdagen sin, sjølv om ho ikkje skjønte så mykje av det. ;)

Skrevet

Gratulerer med vel overstått dåp! Høres ut som det var vellykket! :)

Skrevet
Gratulerer med vel overstått dåp! Høres ut som det var vellykket! :)

Takk for det! :)

Ja, alt gjekk veldig fint, og me koste oss masse - så både dåpen og dåpsfesten etterpå var absolutt vellykka!

Skrevet
Gratulerer med vel overstått dåp :)

Takk skal du ha! :)

Skrevet

Denne natta har vore heilt super! :danse:

I. sovna allerede før kl. 11 i går kveld, og ho sov heilt til klokka var over 07.30 i dag tidleg! :) Ho sov altså nesten 9 timar samanhengande - det er jammen ikkje verst! Ga I. mat, og ho sovna igjen med ein gang etterpå. Sov vidare til kl. 08.30, og då vekte eg henne. Litt av eit sovedyr me har for tida. ;)

Det er så herlig at ting endeleg ser ut til å begynna gå seg til. :) No er I. over 2 månader gammal, så kanskje ho er kvitt kolikken for godt no? Håpar virkelig det! I. skriker fortsatt ein del, men ikkje på same måten som då kolikken var på det verste. Og så brukar me korare tid på å få henne til å sovna om kveldane, enn det me gjorde før - sjølv om det fortsatt er ein del styr for å få henne lagt. Gode, vesle jenta vår! :hjerter_rundt:

Skrevet (endret)

Eg synst I. har blitt så stor, og har lært og utvikla seg så mykje allerede! Me får kontakt med henne på ein heilt annan måte enn då ho var nyfødt. Elskar å prata med mamma og pappa. Seier "arrøø", og lagar også fleire andre lydar. Koseleg. :) Og så studerer ho ansikta våre nøye, smiler til oss, og sprellar med armar og bein! Leikar har begynt å bli veldig populære no. I. kan liggja lenge under babygymmen, å studera og slå etter figurane som heng over den. Og ho er spesielt glad i alle slags leikar som lyser, blinkar og spelar musikk. ;)

I. likar også å sjå på lyset, og å sitja i vippestolen framfor fjernsynet. Prøver å ikkje la henne sitja der for lenge om gangen, for det er vel ikkje heilt anbefalt. Når me bærer I., så vil ho alltid bli bært i oppreist stilling, slik at ho kan studera alt rundt seg. Det er kun når ho er trøtt og vil sova, at ho godtar å liggja i armane våre - og då må me byssa henne. Det hender ho vil liggja på magen over armen vår når me bærer henne. Men det er sjeldnare og sjeldnare ho vil det, sjølv om dette før var ein av favoritt-bærestillingane hennar.

I. er glad i å liggja på stellebordet, så der har me mange fine pratstunder. Og ho elskar å bada - det er alltid like populært. :) Når me er ute på trilletur, sovnar alltid I. i vogna - og sover lenge! Virkar som om ho sover ekstra godt når ho får vera ute i frisk luft.

Har fått låna ei sånn Airex-matte av søstera mi, og den er virkelig super! Der kan I. liggja å leika og kosa seg. Sidan denne matta er fast og god å liggja på, er den ideell for I. til å trena seg på å liggja på magen. Og først no dei to siste dagane, etter at me har fått denne matta - så har I. klart å løfta hovudet frå underlaget, når me har lagt henne på magen. :) Før når me har prøvd å leggja I. på magen på eit teppe eller under babygymmen, så har ho blitt heilt hysterisk. Sjølv om I. også begynnar å grina etter ei lita stund no når me har lagt henne på matta, så klarar ho iallfall å løfta hovudet! Det klarar ho ikkje på eit teppe eller under babygymmen. Vart så glad då I. løfta hovudet sitt så fint i mageleie, både i går og i dag. :) Då veit eg at ho kan! :tommelopp:

Endret av Mirabella76
Skrevet

Det høres ut som om dåpen var en suksess! Håper vi blir like heldige med navnefesten vår.

Det går kjempefort med utviklingen ja! Her har han ledd lenge med vidåpen munn, og vi har lurt lenge på når han skal sette lyd til. ;) Men nå i sted kom det et "ehh" samtidig som har lo, så nå er det nok ikke lenge til. Vi er heldige som får være hjemme og følge utviklingen deres så tett.

Misunner deg litt barselgruppen, teit det skal være så forskjell. Vi skulle visst møtes etter fire måneder, men det var visst foreløpig bare 2 andre som ville være med, så vi får se. Hadde vært kjekt med noen som var kommet like langt ja, så lenge det ikke bare blir rivalisering. ;)

Supert om nettene har kommet seg, ingenting er så slitsomt som dårlig nattesøvn syns jeg. Det høres jo absolutt ut som om det kan ha bedret seg!

Gjest Revenka
Skrevet

Gratulerer med overstått dåp. Ble det mange fine gaver på I?

Skrevet
Det høres ut som om dåpen var en suksess! Håper vi blir like heldige med navnefesten vår.

Det går kjempefort med utviklingen ja! Her har han ledd lenge med vidåpen munn, og vi har lurt lenge på når han skal sette lyd til. ;) Men nå i sted kom det et "ehh" samtidig som har lo, så nå er det nok ikke lenge til. Vi er heldige som får være hjemme og følge utviklingen deres så tett.

Misunner deg litt barselgruppen, teit det skal være så forskjell. Vi skulle visst møtes etter fire måneder, men det var visst foreløpig bare 2 andre som ville være med, så vi får se. Hadde vært kjekt med noen som var kommet like langt ja, så lenge det ikke bare blir rivalisering. ;)

Supert om nettene har kommet seg, ingenting er så slitsomt som dårlig nattesøvn syns jeg. Det høres jo absolutt ut som om det kan ha bedret seg!

Dåpen var veldig koseleg, ja - og alt gjekk etter planen! :) Håpar dåke blir like heldige med navnefesten. Når er det dåke skal ha navnefest forresten?

I. ler også med vidåpen munn uten lyd, ganske ofte. Men nokre få gangar har ho gjort dette, samtidig som ho har lagd ein lyd som liknar på den lyden lillegutten din lagde - som eg er ganske sikker på er latter. ;) Veldig artig! Heldige er me absolutt, som får følgja utviklinga til dei små gulla våre så tett. :)

Dumt at det skal vera så stor forskjell når det gjeld barselgrupper, ja. Me har nok vore ganske heldige der. Veldig kjekt å kunne treffa andre med babyar som er like gamle som I. Alle dei 5 babyane i barselgruppa var født i november, så det var jo heilt supert!

Dårlig nattesøvn er ikkje noko særlig, nei - så håpar virkelig at det fortset slik som no!

Skrevet
Gratulerer med overstått dåp. Ble det mange fine gaver på I?

Takk for det! :) I. fekk mange fine gåver, ja - så me er veldig fornøyde!

Skrevet (endret)

For to dagar sidan (på dåpsdagen til I.), begynte eg plutselig å blø friskt blod igjen. Var såpass mykje at eg måtte bruka bind. Veldig rart, for eg slutta å blø for eit par veker sidan. Sidan då har eg berre hatt litt svakt brunfarga utflod, så eg har kun brukt truseinnlegg.

Lurte jo sjølvsagt på om det var mensen som hadde kome tilbake allerede, men eg tvilar egentlig på det. For det første har eg ingen magesmerter, slik eg pleier å ha når mensen kjem. Og eg blør også mindre enn ved ein vanleg menstruasjon. I dag er blødningen nesten heilt over, og eg pleier å blø i 7-9 dagar når eg har mensen!

Så spørsmålet mitt er: Kva kan dette vera? Er det vanleg å begynna å blø litt igjen nesten 10 veker etter fødselen, når eg slutta å blø for fleire veker sidan? Og viss det er mensen som har kome tilbake: Er det då vanleg at det tar litt tid før menstruasjonen er tilbake til normalen, og at ein derfor kan blø mindre enn vanleg første gangen ein får mensen etter fødselen?

Håpar nokon har peiling, og kan svar meg! ;)

Endret av Mirabella76

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...