Gå til innhold

Livet som mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Veit forresten ikkje heilt om me er i gang enda likevel... Mensen har utrulig nok ikkje dukka opp i løpet av natta. Mystiske greier! :klø: Kan aldri hugsa at det har vore slik før. Når eg ser tegn til at mensen er på vei, pleier den alltid å koma ordentlig i gang veldig fort. Men i dag er det fortsatt akkurat slik det var i går kveld, berre ørlite rosafarge på papiret når eg tørkar meg - faktiask enda mindre enn det var i går kveld.

Skjønnar ikkje heilt kva dette kan bety. Eg er nesten 100% sikker på at det ikkje er urinen min som er iblanda litt blod, slik som har skjedd nokre gangar når eg har hatt UVI. For det ser absolutt ut som om det er litt utflod som er rosafarga, når eg tørkar meg. Eg får berre venta litt til og sjå kva som skjer, og håpa at mensen dukkar oppi løpet av dagen! Viss ikkje, trur eg jammen at eg blir nødt til å ta ein graviditetstest i morgon tidleg. :glare: Ikkje fordi eg trur at eg allerede kan vera gravid, for det er minimale sjansar for det. Men det er jo uansett greit å få utelukka det, sidan kroppen min oppfører seg litt uvanlig.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Trur me må bli flinkare til å rydda, vaska og støvsuga i leiligheten vår heretter! :sjenert: I. har nemlig blitt heilt ekstrem med å plukka opp alt mulig slags rusk og rask frå golvet og teppet den siste tida, og putta det i munnen. No låg I. nettopp lenge på magen på golvet, og eg trur det var mykje rart ho fekk i seg i løpet av den tida, for å vera heilt ærlig! :rodme: Eg prøver å seia "æsj" til I., når ho ligg slik og plukkar opp støv og drit frå golvet, og innimellom forsøker eg å ta ut igjen av munnen hennar, det ho har putta inn. Men då berre kniper I. igjen munnen, og snur seg vekk. Så gliser ho stort etterpå, og fortset like godt! :tongue:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg var på do for ei lita stund sidan, og då hadde endeleg mensen kome for fullt! :tommelopp: Så då er det iallfall ingen som helst tvil lenger: Me har blitt prøvarar igjen, og PP1 er i gang!!!! :bolledeig::danser:

Og sidan eg er så ivrig og spent, har eg allerede fått tid til å laga meg ny prøverdagbok! ;) Så til alle som har lyst til å følgja meg gjennom enda ein prøverunde, så er dåke sjølvsagt hjertelig velkomne! :) Her er linken til den nye prøverdagboka mi:

Prøverdagboka mi!

:hoppe::hoppe::hoppe:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hoppe: :hoppe: :hoppe:

God bedring til I. :troest:

Takk for hopping! Hoppar litt meir eg, saman med deg! :hoppe: Dette blir spennande. :)

I. er heldigvis frisk igjen i dag, så det var jammen godt at det ikkje var noko langvarig! :Nikke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I. har vore heilt umulig å få til å sova i vogna si på dagtid dei siste dagane. I dag strevde eg lenge med å få I. til å sovna, då ho skulle sova første kvilen. Sjølv om ho var veldig trøtt, berre skreik ho så fort eg la henne i vogna. Til slutt sovna I. heldigvis, etter mykje styr. Ho sov då i 1 1/2 time, frå kl 12.15 til kl 13.45. Det var jo egentlig seint til å vera første kvilen, men I. blir ikkje lenger trøtt like fort som før, etter at me har stått opp om morgonen. Det gjer at det veldig ofte også blir problem når I. skal sova for andre gang på dagtid - fordi det blir så seint, at det blir litt for tett opptil leggjetid. Så ofte må I. berre få ein liten dupp seinare på ettermiddagen, viss klokka er for mykje før ho blir trøtt igjen og vil sova.

I dag vart iallfall alt berre rot! I. nekta å sova andre kvilen sin i dag. Eg såg at I. var trøtt, og prøvde fleire gangar å leggja henne - men til ingen nytte. I. vart heilt hysterisk når eg la henne i vogna, og hylskreik heilt til eg tok henne opp igjen. :( Til slutt måtte eg berre gi opp! Då var klokka dessuten så mykje, at det uansett ikkje hadde noko for seg at ho sov ein gang til før kvelden. Skjønnar ikkje kvifor det har blitt slik. Før sovna alltid I. så fint vogna si! Me pleier å halda vogna i bevegelse til I. sovnar, for ho blir urolig viss vogna står i ro. I. har alltid pleid å liggja rolig og kikka seg rundt, så begynnar ho å snu hovudet frå side til side, og så lukkar ho augene og sovnar. Men ikkje no lenger, nei! :sur:

Dette førte til at I. måtte halda seg våken heilt frå klokka var 13.45 i dag, då ho våkna etter den første kvilen sin - og fram til ho skulle leggja seg. Egentlig pleier me å leggja I. kl 20.30, men eg skjønte fort at eg ville max greia å halda henne våken til kl 20.00! Det er jo over 6 timar, og så mange timar i strekk trur eg aldri at I. har haldt seg våken før. I 7-tida i kveld, var I. dødstrøtt. Ho gnei seg i augene og gjespa heile tida. Eg stod med henne i armane mine framfor TVn, og høyrte på dei som sang i "Allsang på grensen". I. fulgte med, men plutselig datt augene igjen. Eg sette meg ned i sofaen med I., men då våkna ho igjen. Fann ut at eg skulle bada I., for å halda henne våken ein time til - og det funka bra! Men det var jammen ei trøtt lita jenta som sovna som ein stein i løpet av nokre få minutt, då eg gjekk for å leggja henne i 8-tida i kveld.

Håpar I. søv godt i natt, for natta som gjekk var slitsom. I. våkna ekstremt ofte i løpet av natta, og krevde pupp kvar gang. Viss det fortset slik, så er me nødt til å gjera eitt eller anna.

Lurer litt på kva me skal gjera med sovinga til I. på dagtid. I. held seg våken fleire timar enn før, før ho blir trøtt nok til at ho vil sova. Dermed skjer det stadig oftare at I. egentlig ikkje rekker å sova 2 gangar før ho skal leggja seg om kvelden. Så då må ho enten få ein bitteliten dupp andre gangen, i staden for ein ordentlig kvil - eller så må me halda henne våken etter første kvilen og heilt fram til ho skal leggja seg for kvelden, slik me gjorde i dag. Problemet er at I. ofte ikkje er trøtt nok til at ho kan sova 2 ordentlige kvilar i løpet av dagen. Men samtidig blir det for lenge for henne å halda seg våken, om ho berre skal sova ein gang om dagen. Det virkar som om I. er i ein overgangsfase - og at ho ofte ikkje lenger treng å sova 2 gangar i løpet av dagen, samtidig som ein gang blir litt lite. Ikkje lett å vita korleis me skal gjera med dagsovinga til I. Føler at det berre blir styr, same kva me gjer.

No mens eg skreiv dette innlegget, våkna I. igjen! Og eg hadde litt av eit styr med å få henne til å sovna igjen. Trur det tok rundt 1 time, før ho endelig sovna. :( Ikkje nok med at det har blitt styr med dagsovinga, no fryktar eg at det blir det same om kvelden/natta. Eg gjekk ut på rommet til I. då ho grein, og måtte amma henne som vanlig. Når eg legg henne ned igjen i senga si etter amming, pleier I. alltid berre å snu litt på seg, og så sovnar ho. Men i kveld begynte I. å skrika, når eg la henne ned i senga si igjen. :( Eg bestemte meg for å ikkje ta opp I. igjen, for det var uaktuelt med meir mat når eg nettopp hadde amma henne. Men fy søren så uthaldande I. er! Etter kvart som I. skjønte at eg ikkje hadde tenkt å ta henne opp igjen, vart ho meir og meir sint. Til slutt skreik ho intenst, og låg og sparka og slo rundt seg. Eg sat heile tida slik at I. såg meg, og prøvde å trøsta, synga, stryka henne over panna, halda i hånda m.m. - men ingenting nytta. Veit ikkje kor lenge I. låg og hylte slik, men det føltest iallfall som ein evighet. :( Og det var ikkje antydning til at I. hadde tenkt å roa seg, ho skreik berre meir og meir intenst.

Eg veit at det er feil av meg å gi meg, og la I. få viljen sin - men til slutt klarte eg berre ikkje å høyra på grininga meir, og tok I. opp. Ho var heilt svett på kroppen og rød i ansiktet, så fælt som ho hadde grene stakkar. :sukk: Eg lot I. få suga litt til, for at ho skulle roa seg ned. Etter ei lita stund var I. tydelegvis mett, slapp taket i puppen, og sutra litt. Eg la henne tilbake i senga si igjen, og då var det greit! I. låg ei stund og kikka seg rundt, leika litt med kosedyret ho har i senga, og så snudde ho hovudet til sida og sovna! Så det er jo heilt tydeleg at I. ikkje har noko vondt av at ho må liggja våken i senga si, uten å bli tatt opp. For når ho bestemmer sjølv at det er det ho vil, så er alt heilt greit. Når mamma derimot bestemmer at ho må liggja i senga, mens ho egentlig vil noko anna, då er det ikkje berre berre....

I. har ein ekstremt sterk vilje, og når ho først har bestemt seg for noko, så gir ho seg ikkje så lett. Veit at eg må vera meir uthaldande enn I., og ikkje la ho ta styringa - men det er lettare sagt enn gjort. Eg synst så synd på I. når ho ligg der og griner så intenst, sjølv om eg veit at det berre er fordi ho er sint og ikkje får viljen sin. For så lenge eg sit der saman med I. heile tida og trøstar henne, så gjer eg vel ingenting gale ved å la henne grina? Eg kunne aldri ha gått ut av rommet, og latt I. liggja åleine der inne og skrika! Der går grensa. Men eg føler likevel at det er feil å la I. skrika så mykje som eg lot henne gjera i kveld, sjølv om eg innerst inne ikkje trur at ho tar skade av det så lenge eg er der hos henne heile tida. Huff, det skal ikkje alltid vera enkelt å vera mamma. Eg vil så gjerne gjera det som er riktig, men føler ikkje alltid at eg får det til. :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for pp1! Håper dere lykkes fortere denne gangen. :) Utrolig spennende, dette her da! :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra for pp1! Håper dere lykkes fortere denne gangen. :) Utrolig spennende, dette her da! :jepp:

:duskedame:

Kjempespennande å vera prøvar igjen, ja! :biggrin: Eg hadde ikkje akkurat hatt noko imot raskare klaff denne gangen - for 8 månader var ganske lenge å venta forrige gang, hugsar eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det der med at dere må bli flinkere til å vaske gulvene.....haff...vi også!!!

Godt at me ikkje er åleine om det! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vi er heller ikke så gode på å vaske gulver, men støvsuger da ;) Er jo så kjeeedelig jo :sjenert:

Høyrest bra ut at me er fleire! ;)

Me er også mykje bedre på å støvsuga, enn på å vaska. Må nok skjerpa oss kraftig, no når me har ei lita jente som snart begynnar å krabba rundt. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

I. har blitt så flink til å vinka. Når me seier ha det og vinkar til I. så vinkar ho alltid tilbake. Koseleg! :) Og så bankar ho i bordet på gøy, og hermar etter oss når me gjer det.

Ellers har I. blitt kjempeflink til å løfta seg opp på strake armar, når ho ligg på magen på golvet. Og ho kjem seg stadig meir og meir rundt på golvet, og strekker seg etter ting for å få tak i det ho vil. I. går rundt i ring, skubbar seg bakover, og klarar å dra seg bittelitt framover viss ho får godt tak i noko. Og som eg har sagt før, så har I. blitt mykje meir uthaldande i mageleie enn før. Og det er kjempeartig når I. set seg i krabbestilling, når eg skal leggja henne ned på magen. Då ser ho berre så utrulig morsom ut, med beina rett ut til sidene pga skinna! ;)

I dag viste I. for aller første gang kor stor ho er! :smilorange: Tidlegare har me måtta løfta armane til I. opp og sagt "Så stor er I.". Men etter at me hadde gjort det nokre gangar i dag, løfta plutselig I. armane i været sjølv, når me spurte kor stor ho var. :) Og ho gjorde det same fleire gangar etterpå. Artig!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok eit punkt eg kan føra på lista over det som er positivt med å ikkje ha barn ennå. Man tager vad man haver, eller kva? :fnise:

Endret av dreia
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nok eit punkt eg kan føra på lista over det som er positivt med å ikkje ha barn ennå. Man tager vad man haver, eller kva? :fnise:

At du slepper å rydda og vaska så ofte? ;) Var det det du tenkte på? Kan absolutt vera ein fordel med å ikkje ha barn, ja - spesielt viss ein er like lite glad i rydding og vasking som det eg er. :lol:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

II dag viste I. for aller første gang kor stor ho er! :smilorange: Tidlegare har me måtta løfta armane til I. opp og sagt "Så stor er I.". Men etter at me hadde gjort det nokre gangar i dag, løfta plutselig I. armane i været sjølv, når me spurte kor stor ho var. :) Og ho gjorde det same fleire gangar etterpå. Artig!

Tnåå!! :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...