Mirabella76 Skrevet 25. juni 2009 Forfatter #721 Del Skrevet 25. juni 2009 (endret) Her har det skjedd så mye at jeg ikke helt vet hvor jeg skal begynne å kommentere :klø: Derfor tror jeg at jeg nøyer meg med en Nesten iallefall... Dumt det der med hoftene til I da, men for tann!!! Ja, det har visst skjedd litt av kvart her inne sidan sist du var innom. Det er absolutt ikkje noko kjekt at I. har hofteleddsdysplasi og må bruka skinne, men heldigvis ser det ikkje ut som om skinna plagar henne noko særlig lenger. Det eg synst er mest synd, er at I. ikkje lenger kan rulla seg rundt og bevega seg som ho vil, og at ho ikkje skal få begynna å koma seg framover på golvet / krabba, så lenge ho brukar skinne. Ikkje kan ho læra seg å sitja heller, for skinna er så rund under at det er umulig for I. å halda balansen når ho sit. Så det blir mykje til at me må bæra I. rundt, for ho likar ikkje så godt å liggja på golvet etter at ho fekk skinna på, for ho kjem seg ingen vei. Og så er skinna ganske upraktisk i mange samanhengar. Men det går likevel ganske greit, så eg skal ikkje klaga. No har tanna til I. kome enda lenger opp. Skikkelig gøy med den aller første tanna! Endret 25. juni 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 25. juni 2009 Forfatter #722 Del Skrevet 25. juni 2009 (endret) Kjempebra at I begynner å få et fast sovemønster. Rutinene deres ser jo fine ut, tror det var noe sånt når S var på den alderen også, utenom at vi la han tidliger, tror jeg- hukommelsen svikter litt. Må smile litt av lille luringen din som tester grensene. for at hun sier pappa! Sovemønsteret på dagtid begynnar å bli ganske fast ja, og det er veldig greit! Godt når rutinane begynnar å koma ordentlig på plass. Men nettene er det verre med. Etter ei vekes tid med gode netter, er no alt tilbake til normalen igjen, med mange oppvåkningar og pupperundar i løpet av natta. Ja, no blir det tidlegare leggjetid på I. også. Greit å få henne litt tidlegare i seng om kveldane før hausten kjem, og eg sannsynlegvis skal begynna i jobb igjen. Testing av grenser er det litt av for tida, ja! Vesle lille uskyldige luringen min, som tydelegvis ikkje er så liten og uskyldig lenger som eg trudde. I. er kjempeflink til å prata for tida. Lagar nye lydar og lydkombinasjonar nesten kvar dag. Mannen min var veldig stolt over at I. sa pappa før ho sa mamma! Eg prøvde å argumentera med at det jo egentlig ikkje teller, så lenge I. ikkje skjønnar kva det betyr og ho ikkje brukar ordet i riktig samanheng - men det ville sjølvsagt ikkje mannen min høyra på. Endret 25. juni 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. juni 2009 Forfatter #723 Del Skrevet 28. juni 2009 Då I. låg på stellebordet i dag, sa ho klart og tydeleg "mamma"! I. sa mamma fleire gangar tidlegare i dag også, men ikkje like tydeleg som ho gjorde på stellebordet no. Så no kan I. seia "mamma" også, og ikkje berre "pappa"! Trur nok ikkje I. brukar verken "mamma" eller "pappa" bevisst om meg og mannen min enda, men det er veldig koseleg uansett. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. juni 2009 Forfatter #724 Del Skrevet 28. juni 2009 (endret) I. har aldri vore noko særlig glad i å liggja på magen, og etter at ho fekk skinne på seg, vart det iallfall ikkje noko gøy! Men no virkar det som om I. har godtatt skinna, og det er litt gøyare å liggja på magen igjen. I. ligger aldri på magen i meir enn nokre minutt om gangen, men eg prøver å leggja henne på magen mange gangar i løpet av dagen, slik at ho skal få øva seg. Og jammen ser eg framgang! I løpet av den siste veka har I. fleire gangar klart å halda seg oppe på strake armar i mageleie. Ho klarar ikkje å løfta seg opp på strake armar på eiga hand - men når eg legg henne ned på magen, så klarar ho å halda seg oppe på strake armar ei lita stund. Og tidlegare i dag klarte I. å halda seg oppe på strake armar enda litt lenger enn dei andre gangane ho har gjort det, og ho løfta til og med baken litt opp frå underlaget. Når eg legger I. på golvet, klarar ho også å flytta seg litt rundt i ring - men ho klarar enda ikkje å skubba seg framover eller bakover. Det er først i løpet av den siste veka at I. har gjort desse framskritta. Og eg er så utrulig glad for å sjå at den motoriske utviklinga til I. ikkje har stoppa heilt opp, sjølv om ho må bruka skinne. Endret 28. juni 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
jente 79 Skrevet 28. juni 2009 #725 Del Skrevet 28. juni 2009 Moro at hun har begynt å si mamma og pappa da Ligge på magen ja... Husker det var veldig upopulært her også, helt til det plutselig var alt han ville gjøre Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Cloudberry Skrevet 28. juni 2009 #726 Del Skrevet 28. juni 2009 Det er så moro å lese her inne om hvordan I utvikler seg Blir liksom minnet på hvordan lillemannen var for et år siden og kommer på så mange gode minner. Det er tydelig at vi har glemt hvor fort han utviklet seg, for vi har flere ganger vært sikre på at lillemor er mye tidligere ute med å løfte hode ol. Men når vi ser på bilder (og sjekker datoen) er det mulig at hu faktisk er litt treigere Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. juni 2009 Forfatter #727 Del Skrevet 28. juni 2009 (endret) Favorittaktiviteten til I. for tida, er å kasta leikar og andre ting på golvet! Alt ho får i hendene blir kasta, fordi det er gøy. Og så ser ho etter det ho kasta, og vil ha det tilbake igjen. Må innrømma at eg blir litt lei innimellom av å plukka opp ting til I., som ho kastar veggimellom. Noko I. synst er kjempekjekt, er å "rydda" ut av ein kasse. Står det ein kasse med leikar eller andre ting i framfor I., så kosar ho seg veldig. Ho plukkar ein og ein ting ut av kassen, og kastar dei rett på golvet. Slik fortset ho heilt til kassen er tom. Ho konsentrerer seg skikkelig, og tar kun ein og ein ting opp om gangen, enten det er små eller store ting. Det er aldri slik at I. berre dyttar ut tinga, for ho tar opp ein og ein ting, og slepper den ned på golvet. Og når kassen er tom, så forventar I. at mamma skal plukka alt opp igjen i kassen, slik at ho kan begynna på nytt. I. jobbar forresten veldig med å få til ordentlig pinsettgrep. Ho har blitt veldig flink til å få tak i, og ta opp små ting. Men når det blir så små ting som brødsmular e.l., er det ikkje alltid like lett å få det til! Det hender at I. klarar å ta opp ein liten brødsmule e.l. med tommel og peikefinger, men ofte får ho det ikkje heilt til. Utrulig artig å sjå på I. som sit der heilt oppslukt og fullt konsentrert om å plukka opp ein liten brødsmule eller noko anna lite. Endret 28. juni 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 29. juni 2009 Forfatter #728 Del Skrevet 29. juni 2009 Moro at hun har begynt å si mamma og pappa da Ligge på magen ja... Husker det var veldig upopulært her også, helt til det plutselig var alt han ville gjøre Ja, det er kjempekoselig! I dag då I. låg på stellebordet, sa ho mamma om og om igjen mange gangar. :rødme: Godt å høyra at det ikkje berre er I. som ikkje er så glad i å liggja på magen i den alderen. Men ho har heldigvis blitt meir uthaldande enn før. Trikset er å leggja I. på magen når ho er blid og fornøyd, for då held ho ut litt lenger. Vil tru at I. også blir glad i å liggja på magen etter kvart, når ho begynnar å koma seg litt rundt på golvet. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 29. juni 2009 Forfatter #729 Del Skrevet 29. juni 2009 (endret) Det er så moro å lese her inne om hvordan I utvikler seg Blir liksom minnet på hvordan lillemannen var for et år siden og kommer på så mange gode minner. Det er tydelig at vi har glemt hvor fort han utviklet seg, for vi har flere ganger vært sikre på at lillemor er mye tidligere ute med å løfte hode ol. Men når vi ser på bilder (og sjekker datoen) er det mulig at hu faktisk er litt treigere Eg synst I. utviklar seg veldig fort, det skjer stadig noko nytt. Synst tida går så fort, snart er I. stor jente! Trur kanskje det er vanlig å oppleva det du seier, at ein synst barn nr 2 utviklar seg raskare enn det førstemann gjorde. Søstera mi som har to tette, har sagt akkurat det same. Då dei fekk førstemann, gjekk dei heile tida og venta spent på at han skulle læra seg nye ting. Mens då nestemann kom, synst ho han vart stor altfor fort - og skulle ønskja at han kunne vera baby lenger. No skal forresten søstera mi ha ein liten til, fekk eg vita i går - så då skal I. få eit nytt søskenbarn i januar 2010! Og tidlegare denne månaden fekk søstera til mannen min ein liten gutt, så allerede no er ikkje I. minst i familien lenger. Litt rart å tenka på egentlig, for eg synst nettopp me fekk henne. No i veka skal me besøka den nye fetteren til I. for aller første gang, og det blir spennande! Tippar at I. kjem til å virka kjempestor ved sida av ein nyfødt liten baby. Endret 29. juni 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 29. juni 2009 Forfatter #730 Del Skrevet 29. juni 2009 No har I. gjort sitt første forsøk på å klappa i hendene! Me har vore inne hos foreldra til mannen min i nokre dagar, og I. kosar seg veldig saman med bestefaren sin, som elskar å tøysa og leika med henne. I går prøvde han å få I. til å klappa i hendene, ved å først klappa i hendene sine, og prøva å få I. til å herma etterpå. Og etter ei stund klarte han å få I. til å prøva klappa i hendene. Det var utrulig morsomt å sjå på I., for ho klarte ikkje å gjera det riktig - men det var tydeleg at ho prøvde så godt ho kunne å herma etter bestefaren sin. I. slo den eine håndflata på utsida av den andre hånda, og så gjorde ho det same med den andre hånda. Annankvar gang heile tida, i raskt tempo! Utrulig morsomt å sjå på I. sin klappeteknikk - ho var så søt der ho sat og "klappa" i hendene sine. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. juni 2009 Forfatter #731 Del Skrevet 30. juni 2009 (endret) Eg synst så synd på I., for ho har hatt så hard mage i 2 dagar. Eg pleier å gi henne sviskesaft/sviskemos kvar dag - men i går fekk ho ikkje, fordi me ikkje hadde meir igjen. Veit ikkje om det kanskje kan ha noko å seia. I. har hatt hard mage nokre gangar før, men aldri så ille som det var no. Det var i går eg først merka det, for med jevne mellomrom trykte I. noko veldig, og strevde tydelgvis med å få noko ut. Då eg sjekka bleia etterpå var den enten tom, eller så var det ein bitteliten knallhard klump i bleia. Dette skjedde fleire gangar i løpet av gårsdagen, og I. sutra og var misfornøyd mens det pågjekk. I dag fortsatte det, men enda verre enn i går. Fleire gangar i løpet av dagen har I. trykt for harde livet, og enten berre fått ut bittelitt knallhard avføring, eller ingenting. Og i tillegg har ho smågrene mens ho har pressa, og ei stund etterpå. Ja, I. har til og med fått skkkelige grineanfall eit par gangar, i forbindelse med at ho strevar med å bæsja, og ikkje får det til. I ettermiddag då I. låg på stellebordet, vart det skikkelig ille. Eg hadde nettopp tatt bleia av I., då ho begynte å pressa igjen. Ho pressa alt ho kunne, mens ho skreik høgt fordi det var så vondt. Og ut kom det endelig masse bæsj, men den var knallhard. Men heldigvis var det siste som kom mindre hardt. Eg håpar virkelig det betyr at I. ikkje får meir hard avføring heretter. Me har gitt henne sviskemos i dag, så kanskje det har hjelpt. Då I. endeleg hadde fått ut alt då ho låg på stellebordet, skulle eg vaska henne før eg tok på ny bleie. I. var veldig sår i baken, så ho rykte til i kroppen kvar gang eg prøvde å vaska henne, og så fekk ho eit kraftig grineanfall igjen. Ho berre grein og grein, og tårene spruta. :cry: Stakkars vesle jenta mi. Eg måtte ta henne opp fleire gangar og trøsta henne, for ho hiksta og var så ulykkelig. No håpar eg virkelig at magen til I. er i orden igjen, for eg synst det er så fælt når ho skal plagast slik. Me får kjøra på med sviskemos og sviskesaft kvar einaste dag heretter, slik at me slepper fleire slike rundar. Endret 30. juni 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. juni 2009 Forfatter #732 Del Skrevet 30. juni 2009 (endret) I dag har me vore på kontroll med I. på sykehuset, pga skinna. Var spent på forhånd på korleis det skulle gå, og kva legen kom til å seia. Men eg vart skuffa, for me møtte på ein lege som hadde det så altfor travelt. Han kom inn, sjekka hoftene til I. i full fart, sa at det såg greit ut - og så ville han berre gå! Eg trudde liksom poenget var at me skulle snakka om korleis det gjekk, og at me kunne stilla spørsmål. Det var det me fekk beskjed om at var poenget med ein slik kontroll, forrige gang eg var der med I. Men me fekk berre beskjed om at alt såg fint ut, og at me måtte få ny time til røntgen i midten av august - og det var det liksom. Mannen min fekk spurt om I. kunne få av seg skinna då, og han sa at mest sannsynleg kunne ho det. Då legen var på vei ut døra, fekk eg sagt at eg også hadde nokre spørsmål. Eg måtte skynda meg å stilla spørsmåla i full fart, for legen var allerede på vei ut døra, og haldt på å gå kvar gang eg hadde stilt ferdig eit spørsmål. Eg fekk så vidt spurt om det viktigaste eg lurte på - og legen svarte fort, og så forsvant han ut døra, og vekke var han. Dustelege! I dag har forresten I. løfta seg opp på strake armar i magleie, heilt på eiga hand! I det siste har I. klart å liggja på strake armar ei lita stund om gangen, når eg legg henne på magen - men det er første gangen i dag at ho løftar seg opp på strake armar heilt uten hjelp! Då me var på kontroll med I. i dag, snakka eg med ei dame på venterommet som også var der med jenta si. Jenta hennar gjekk også med skinne. Ho var 15 månader gammal, og hofteleddsdysplasien hadde ikkje blitt oppdaga før ho var 14 månader gammal! Så det hender tydelegvis at slikt blir oppdaga enda seinare enn med I. Jenta hennar kunne jo gå, så det vart litt av ein overgang for henne å få på seg skinne. Det tok 2 veker før ho vente seg til skinna, fortalte mora. Fram til då sat ho berre i ro, og prøvde ikkje å koma seg nokon vei. Men så gjekk det bedre, og no både krabba og gjekk jenta hennar, sjølv om ho hadde skinna på fortsatt! Imponerande, synst eg. Endret 30. juni 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. juli 2009 Forfatter #733 Del Skrevet 1. juli 2009 (endret) Denne natta vart heldigvis veldig bra! Me har hatt mange ganske dårlige netter i det siste, så det var herlig å få sova godt ei natt. I. sovna i 9-tida i går kveld. Ho våkna først ca i halv 4-tida, og måtte få pupp - men ho sovna fort igjen. Då klokka var rundt 06.30 våkna eg, og såg at I. låg våken. Men ho låg berre og kikka litt rundt - og etter ei lita stund sovna ho igjen, uten å ha lagd ein einaste lyd. Jammen ikkje verst! Først kl 9 våkna I. for morgonen. Det gjekk altså 12 timar frå I. sovna for kvelden, til ho tok morgon - og det er veldig lenge sidan I. har hatt ei så lang natt! Før har I. alltid vore glad i å liggja på stellebordet. Det har til og med pleid å vera slik at viss I. er sur og grinete, blir ho blid når ho kjem på stellebordet. Men dei 3 siste dagane har I. fått forferdelige skrikeanfall nesten kvar gang eg tar henne med på badet, og legg henne ned på stellebordet. Eg trur det har samanheng med at I. har hatt veldig hard mage i nokre dagar, og at det gjer vondt når eg vaskar henne i baken, fordi ho er så sår. Dessuten var det jo den episoden i går, der I. låg på stellebordet og bæsja mens ho skreik, fordi det gjorde så vondt. Lurer rett og slett på om dette har ført til at I. forbinder det å liggja på stellebordet med noko negativt. For då eg la I. på stellebordet i dag tidleg, begynte ho å hylskrika i det sekundet eg la henne ned, og ho var kjempeblid rett før det. Når ho begynnar slik, skriker ho så intenst at eg må ta henne opp fleire gangar i løpet av stellet, og trøsta henne. Ikkje noko kjekt. Får håpa det går over når magen til I. er heilt bra igjen, og at ho då synst det blir greit å liggja på stellebordet igjen. Endret 1. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 1. juli 2009 #734 Del Skrevet 1. juli 2009 "Se, hun snakker også"! Stakkars I. med den vonde magen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. juli 2009 Forfatter #735 Del Skrevet 1. juli 2009 "Se, hun snakker også"! Stakkars I. med den vonde magen. Var det ikkje ein film som heitte det? Joda, I. har blitt flink til å "snakka"! Virkar som om ho er inne i ein skikkelig prateperiode for tida. Ja, eg synst kjempesynd på I. som har hatt så hard mage i det siste. Virkar som det er bedre i dag, så eg kryssar fingrane for at det verste er over. Skal prøva å hugsa på å gi I. sviskesaft eller sviskemos kvar dag, så blir det forhåpentligvis ikkje like ille igjen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. juli 2009 Forfatter #736 Del Skrevet 3. juli 2009 (endret) Det er så varmt for tida, og den ekstreme varmen har jammen vart lenge no! I. er veldig varm om dagane, men eg synst egentlig ho taklar varmen veldig bra. Nettene synst eg er verst, for då blir det så varmt på rommet. Dei 2 siste dagane har det vore 30 grader på soverommet, når eg har lagt I. om kvelden! :dåne: Skulle ønskja eg kunne la henne liggja berre i bleia, uten noko over seg. Men pga skinna, går ikkje det. For viss I. har skinna direkte innpå huden, får ho så lett gnagsår - så ho bør ha eitt eller anna under. Eg har tatt på I. nattdrakt med korte ermer og bein om nettene, og har verken dyne eller teppe over henne. Likevel blir ho kjempevarm og klam/svett om natta, spesielt i nakken og på ryggen. Skinna kjem jo også i tillegg, og det gjer jo at det blir enda tettare og varmare der skinna er. Likevel søv I. greit om nettene, og det er iallfall bra! Det går bedre om dagane. Me passar på å halda oss i skyggen med I., og gir henne masse vatn og drikka i løpet av dagen. Men ho er jo varm for det, men ikkje så varm som om natta heldigvis. Ein dag i forrige veke gjekk med ned til byn, med I. i vogna. Det var midt på dagen, og steikande sol. Det gjer me ikkje igjen, når det er så varmt som no! Vogna er svart i tillegg, så då me tok opp I. var ho våt av svette stakkar, for ho hadde hatt det så varmt. Eg er veldig glad i sol og varme, men for I. sin del kan det godt bli litt kaldare snart! Endret 3. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 3. juli 2009 Forfatter #737 Del Skrevet 3. juli 2009 I. har forresten fått tann nummer 2! Så no har ho to framtenner nede i munnen. Me har sett tanna under tannkjøttet ei stund, men tanna kom først ordentlig fram i går. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 5. juli 2009 Forfatter #738 Del Skrevet 5. juli 2009 (endret) I. gjer stadig framskritt i mageleie. Tidlegare i dag løfta ho seg først opp på strake armar, når eg hadde lagt henne på magen. Så løfta ho baken litt opp frå underlaget, og skubba seg litt bakover. I. klarar ikkje å dra seg framover enda, når ho ligg på magen. Men det er tydelegvis enklare å skubba seg bakover! I tillegg klarar I. å snu seg litt rundt i ring, når ho ligg på magen. Så ho flyttar seg litt rundt no, og blir ikkje berre liggjande akkurat der eg la henne ned. Det er ikkje mykje I. klarar å flytta på seg enda, men ho kjem seg iallfall littegrann rundt. Eg er så glad for at den motoriske utviklinga til I. ikkje har stoppa heilt opp, sjølv om ho må gå med skinne. Endret 5. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 5. juli 2009 Forfatter #739 Del Skrevet 5. juli 2009 (endret) Har gløymt å skriva at me var på helsestasjonen med I. på fredag (3. juli). Ho er no 7 1/2 månad gammal. Her er måla til I.: Vekt: 8845 g HO: 45,3 cm Me fekk ikkje målt lengda på I. denne gangen. Sidan ho går med skinne, skal ikkje beina hennar strekkast ut. Men I. er fortsatt lang. Eg trur ho er omtrent 74 cm lang. Me har nemlig "juksemålt" henne. Tok eit målband, og målte henne frå hovudet og ned til baken. Så prøvde eg å måla beina etterpå, uten å strekka i dei. Målinga er såklart ikkje heilt til å stola på, men den er nok sånn nokolunde riktig vil eg tru. Endret 5. juli 2009 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest faerytale Skrevet 5. juli 2009 #740 Del Skrevet 5. juli 2009 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå