Linn3c Skrevet 15. september 2008 Forfatter #581 Skrevet 15. september 2008 Det vart ikkje babysang. H var lysvåken og følgte med på alt som skjedde. MSå då vart det vindusshopping på ho mor med ein baby på magen og ein i vogna.
Linn3c Skrevet 16. september 2008 Forfatter #583 Skrevet 16. september 2008 Hei Saeria! I dag har eg og Elisabeth vore på babykino, saman med naboane. Såg Mamma Mia! Det var koseleg.
Linn3c Skrevet 17. september 2008 Forfatter #584 Skrevet 17. september 2008 God morgon! I dag er det kurs igjen! Elisabeth våkna nettopp for mat, og gutane mine er reist avgarde for dagen. Så no skal eg krypa tett inntil den vesle, varme barnekroppen som på ein eller annan merkeleg måte er komt oppi mi seng i løpet av natta. Ha ein super dag!
Malama Skrevet 17. september 2008 #585 Skrevet 17. september 2008 Den vesle, varme barnekroppen som lå i min seng i morges hadde på merkelig vis aldri kommet seg UT av senga mi i natt den... skulle bare ammes i gårkveld, og vips.. der ble han...
Linn3c Skrevet 19. september 2008 Forfatter #587 Skrevet 19. september 2008 "Klokken er sju tretti" Radioen si nyhetssending syng ut i rommet. Eg nyt eit par frukostskjever. Brunost og syltetøy. Fløytemysost og bringebærsyltetøy. Lettare fløytemysost og lettare bringebærsyltetøy. Og eit stort glas vatn. Hat'n, seier storebror. Han er i barnehagen. han og faren køyrde ti over sju. Lettare stressa, for dei var litt seint ute. Som vanleg. Men kan dei stå opp ti minuttar før og ha litt betre tid? Nei, det går ikkje. Betre å stressa seg ut døra og starta morgonen på ein slik måte. For å ha ti minuttar ekstra i senga. Istaden for å legga seg ti minuttar før, eller ein halvtime før, for den del. Nei, alt skal strekkast i det lengste. Så rart det er at ein ikkje har lyst å legga seg om kvelden. Og når morgonen kjem, har ein ikkje lyst å stå opp. Når det er så godt å ligga i senga, kvifor er det då ikkje lettare å legga seg? No er eg snar ferdig med skjeva mi. Då skal eg innatt i senga. Det blir deilig. Då skal eg ta veslesyster over frå vogga til senga og gje henne litt mat. Sannsynlegvis kjem me til å sovna igjen begge to etterpå. Men det gjer ingenting. Me har ingen planar på dagtid i dag. Utanom å henta storebror i barnehagen. Men det er ikkje før etter at han har sove. Det er ikkje lange dagane han har i barnehagen når eg tenkjer etter. Han har frå litt før halv åtte til han legg seg i tolv-tida. Og då søv han til to. Og så kjem eg og hentar han mellom to og tre ein gong. Så det er i praksis berre føremiddagen og fruktmåltidet han er der. Sjølv kunne eg godt hatt han heima meir. Men han har det kjekt i barnehagen. Det ville vore egoistisk å hatt han heima heile tida. Men me har snakka om å hatt han på halv plass, eller tre dagar i veka. Lurer på korleis det er å selja to av dagane hans, eller "leiga dei vekk" resten av barnehageåret? Eg trur eg skal snakka med pedagogisk leiar eller kanskje styraren om det. Men no er skjeva mi vekke. Ouække, seier storebror og løftar hendene med handflatene opp, klemmer albogane litt inntil kroppen og opnar augene litt meir enn vanleg. Så då går eg innatt til veslesyster.
Bokalven Skrevet 19. september 2008 #588 Skrevet 19. september 2008 Apropos Mamma Mia! http://www.youtube.com/watch?v=XWL7eZwg6cg
Linn3c Skrevet 19. september 2008 Forfatter #590 Skrevet 19. september 2008 Då har eg fått støvsugd heile kåken, hengt opp to klesvaskar, rydda rommet til H og bytta på senga hans. No er eg svolten. Så eg skal eta litt og så går me ned til barnehagen.
Linn3c Skrevet 21. september 2008 Forfatter #592 Skrevet 21. september 2008 Takk Saeria, håpar di helg har stått til forventingane også! No har me nett vore hos oldeforeldra til ungane. Kjempekoseleg! Så no står legginga for tur, skal sjå om eg kjem meg innom litt seinare.
Linn3c Skrevet 22. september 2008 Forfatter #593 Skrevet 22. september 2008 Heima med mine to søte små i dag. Henrik har fått ny seng i helga, og me leikar oss under ho.
Linn3c Skrevet 22. september 2008 Forfatter #595 Skrevet 22. september 2008 Ja, det er så deilig! Einaste som er litt dumt, er at me ikkje kan gå på babysang.
Malama Skrevet 22. september 2008 #596 Skrevet 22. september 2008 Under senga.. jeg håper den er litt høy da...
Bokalven Skrevet 22. september 2008 #597 Skrevet 22. september 2008 Dere får synge litt for dere selv, da, vet du.
Linn3c Skrevet 22. september 2008 Forfatter #598 Skrevet 22. september 2008 (endret) Ja, me syng heile dagane, me! Her er senga Henrik har fått Senga Endret 22. september 2008 av Linn3c
Saeria Skrevet 22. september 2008 #600 Skrevet 22. september 2008 Ja, den er nok populær hos storebror!
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå