Gå til innhold

*Frida*


Gjest *Frida*

Anbefalte innlegg

  • 2 uker senere...

Fortsetter under...

Litt flaut, men jeg har ikke fått med meg at du har hatt dagbok før nå! :sjenert:

Men......

Gratulerer så masse med lille jenta! Håper du også nyter dagene!

Tenk at jentene våre ble født samme dag. Det er koselig!

Stor klem!

:klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest *Frida*
Litt flaut, men jeg har ikke fått med meg at du har hatt dagbok før nå! :sjenert:

Men......

Gratulerer så masse med lille jenta! Håper du også nyter dagene!

Tenk at jentene våre ble født samme dag. Det er koselig!

Stor klem!

:klem:

Hehe, bedre seint enn aldri, ikkje sant! Velkommen hit, Iingvild.

Ja no er me blitt foreldre! Me kosar oss me :)

--

Vesle jenta vår har fått Frejkas pute på, for å behandle grunne hofteskåler. Henvisninga vart sendt då me var på barsel, fordi legen oppdaga klikk i hoftene hennar.

Torsdag 5. mars var me dermed på fylkessjukehuset på UL av hoftene, og vart sendt rett vidare til barneavdelingen for å få på puta. Eg har aldri før sett denne Frejkas pute, og såg for meg ei pute mellom beina, som ei stor bleie. Puta me har fått ser meir ut som ei selebukse!

Omtrent slik ser puta ut:

891.jpg

Eg grein fleire gonger denne dagen, det var så fælt å sjå vesle jenta vår i denne puta :tristbla: Men A såg virkelig ikkje ut til å ta det så tungt, ho låg berre og kikka på legen og barnepleiaren som tok puta på. :rødme:

No har me blitt litt meir vane med puta, og å ta den av og på. Litt vanskelig å vite kor stram den skal vere, så det må me spørje om på kontroll neste veke.

Puta medfører ein del praktiske problem. Ho kan ikkje sitje i bilstolen, så no har me lånt nett til baggen i bilen. Amming var også eit problem, men eg har nå funne stillingar som fungerer. Liggande amming utgår, og det er litt dumt... Det var så behagelig på natta. :søvn:

Klede var også ei utfordring, sidan puta skal vere utanpå kleda. Det beste er tynne bukser, evt berre strømpebukse. Alle klede blir våte/klamme under puta (puta er i plast, som oljehyre), så ull er best. Har ennå ikkje prøvd om utedressen går utanpå puta, men det viktigaste er at vogna heldigvis er stor nok!

--

I dag skal me på sjukehuset og besøke farmor (mi farmor), som har knekt lårhalsen. Ho har ennå ikkje sett oldebarnet sitt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*
Det ble pute på E også...

Uffda, det var trasig. Men tenk så fint når pute-perioden er over! Og hoftene til dei små er fine, heilt uten operasjon eller gips!

Gler meg til sommaren eg... Til mai, eller kanskje juni. (Når puta skal av)

Skal på kontroll på onsdag, og skal spørre kor lenge dei trur me må ha pute. Håpar dei kan sjå betring allerede då!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest *Frida*

Onsdag var me på 2-vekerskontroll av hoftene. Ny ultralyd, og så var me til ein barnelege. Fekk ikkje større pute (den me har er str. 0). Legen meinte me må ha puta i 3 månadar, det var visst det som var "vanlig". Neste kontroll blir om 4 veker.

I går var me på hytta for første gang med A! A låg i baggen på sleden bak scooteren, og det gjekk fin-fint! På hytta sov ho for det meste, men me andre grilla og kosa oss :) Mine svigerforeldre og to av As søskenbarn var også på hytta.

Eg blir stadig overraska over kor godt A søv om natta. Me legg henne mellom 9 og 10 på kvelden, og i går sov ho til kl 7... Ho sov altså i strekk i 9 timar! Fekk melk då, og så sov me vidare til 9.

I natt våkna ho (heldigvis) kl 4, så då fekk ho melk og ny bleie. Er jo ikkje rart ho er sår i stumpen når me ikkje får bytta bleie på natta. Er heldigvis berre tissebleier på natta, men likevel... Etter melk og bleieskift er det berre å legge henne i senga si, så pludrar ho litt, før ho sovnar. :rødme: (Eg trur me har fått verdens beste unge)

I dag blir det ein rolig dag her heime, for nå har me vore på tur kvar dag sidan onsdag. Merkar at A blir litt urolig av å reise/vere blant mange folk, så det er fint for oss alle å ha ein dag her heime :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Heisann.

Ser du har fått en flink sovebaby også.Her legger også vesla seg rundt 9-10 tiden og sover til 06.30 ca om morningen.Veldig deilig.Når hun får mat da pleier hun å sovne ved puppen å det gjør jeg og :fnise: så da sover vi noen timer til.

Kjedelig at hun må ha pute da,men godt at det bare er en pute mellom bena som skal til for å bli bra i hoftene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hmm, får dere så ofte kontroller underveis med puta?! Vi fikk bare beskjed om at "det kommer innkalling til sjekk om to måneder" (som er så lenge hun skal ha den i første omgang), vi... Skulle gjerne visst hvordan det gikk underveis jeg også! Det er tydeligvis veldig forskjellige rutiner på dette her rundt omkring! Vi fikk nemlig beskjed om at det var 4 måneder som var "vanlig", men at det ikke var så alvorlig hos E, så de prøvde litt mindre først. :klø:

Så bra med både vellykket hyttetur og ikke minst sovebaby! Det er deilig å få noen timer sammenhengende søvn - her blir det gjerne rundt 7 timer i strekk. Så heldige vi er! ;)

Jamen rart at vi skulle ha verdens beste unge begge to! :fnise:

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*

Fødselshistorien:

Natt til søndag 15. februar var eg oppe på do kl 3. Når eg la meg igjen hadde eg mens-vondt i magen, så eg blei liggande våken. Klokka 4 kjende eg den første ria. Kvart over 5 vekte eg sambo, då kom riene kvart 10. minutt.

Nokre av riene kom med 8 minutt mellom, så eg ringte føden. Fekk beskjed om at me berre kunne komme ned, om me ville. Me reiste kvart over 6, tidlig på søndags morgon, i tett snøver.

Ankom fødestova ca 7. Vakthavande jordmor var den same som eg hadde gått til kontroll til, så det var veldig fint. Fekk belte over magen for å måle fosteraktivitet og sammentrekningar. I løpet av dei 20 minutta eg låg til måling, fekk eg berre 1 rie, så eg var litt skuffa over det... Jordmora sjekka opning, som var knappe 2 cm.

Blei installert på fødestova, med badekar. Det var rart å vere der, og berre vente på fødsel. Me las aviser, og sambo masserte korsryggen min under riene. Etter kvart gjekk me inn på tv-stova, og eg fekk middag kl. 12. Riene kom stadig kvart 8. minutt, men auka i intensitet. Den beste stillingen var å stå på beina eller knea i sofaen, medan eg hang over ein stor saccosekk.

Ettersom riene blei vondare, gjekk me inn igjen på fødestova. I 4-tida sa jordmora at eg kunne få oppi badekaret, noko eg syntes var tidlig. Trudde riene skulle komme oftare, dei kom framdeles kvart 8. minutt. Men eg takka ja, og medan karet blei fylt, fekk eg akupunkturnåler; ei i handa, ei rett under navlen, og ei på tåa.

Det var deilig å komme ned i badekaret, det var så mykje lettare å bevege seg i vatnet. For kvar gong riene kom, måtte eg snu meg over og sitje på kne. Jordmor eller sambo dusja ryggen min under riene, uten at det lindra smerten noko særlig. Eg veit at eg sa til jordmora at dette kom vel til å ta tid, og at babyen sikkert ikkje var ute før neste dag, altså neste natt. Jordmora meinte at det nok var over innan midnatt.

Sat vel i badekaret i ein liten time, før eg måtte på do. Doturen medførte to-tre sterke rier på rappen, og etterpå ville eg oppi senga igjen. Sat på kne i senga, og hang over saccosekken under riene. No fekk eg lystgass, og den var super! Den tok ikkje vekk smerten, men gjorde alt mykje bedre. :) Jordmora ville ta vatnet, men me blei enig om å vente til kl 6.

Klokka blei 6, og vatnet blei tatt. På dette tidspunktet begynte eg nok å forsvinne litt, for eg huskar ikkje detaljane så godt. Fekk etterkvart drypp i handa, jordmora fortalte etter fødselen at dette var pga riene mine var litt svake. Eg fekk også beltet på magen igjen, for å høyre fosterlyden. Trudde det var for ei lita stund, men dette beltet hadde eg på til vesla var ute. Avogtil var fosterlyden svak, derfor stod barnepleiaren og trykte på monitoren på magen min heile tida. Stod i preikestol for det meste no, for å utnytte tyngdekrafta slik at babyen skulle komme ned i bekkenet (Det var ikkje jordmor som anbefalte dette, det var mitt eige val/ønske).

Tida gjekk, og så fekk eg beskjed om at eg kunne få oppi fødesenga! Jippi, endelig skulle eg få jenta ut! I tida fram til no hadde eg berre måtte henge med, og tåle rie etter rie utan å kunne gjere noko frå eller til. No skulle eg få presse ut babyen min! Men jordmora målte opninga til 9,5, så eg måtte vente et par rier til. Kjende pressetrang på slutten av riene no. Så fekk eg beskjed om at eg hadde full opning, men at hovudet stod litt skeivt i bekkenet. Fekk beskjed om å legge meg på høgre side, og låg vel slik et par rier. Endelig var det klart for å presse! No blei lystgassen tatt vekk. Eg ba om fotstøtter som eg kunne ha beina på, ville ikkje at barnepleiar/jm skulle halde beina mine. Deretter pressa eg, 3 press på kvar rie. Kjende ikkje at kroppen min hjalp meg med dette, men eg pressa alt eg kunne når eg kjende riene kom.

Litt etter sa jordmora at hovudet stod bak symfysebeinet ennå, og då blei eg redd. Eg trudde nemlig at dette betydde at babyen stod fast i bekkenet. (Ei i familien min mista nylig barnet sitt i fødsel, han stod fast i bekkenet.) Pressa framdeles alt eg kunne, men var sliten, og følte at eg ikkje greidde meir. Fekk maska igjen, no med oksygen. Supa det eg kunne mellom riene, for eg forsto at det var det beste for babyen.

Etterkvart hadde eg pressa i ein time, og lege blei tilkalt. Hovudet var framleis bak symfysebeinet. Eg forsto at det var snakk om sugekopp. Legen satte sprøyter, ei lang inni, og fleire stikk utanpå. Så klipte han to klipp, som eg seinare fekk beskjed om var i samme klipp (altså eitt langt). Så satte han inn sugekoppen (det kjente eg ikkje), og så venta me til neste ri. Dette huskar eg, det virka som ein evighet! Så kom ria, eg pressa, legen drog, og svupp! Så var babyen min ute!

Vesla mi blei lagt på brystet mitt. Det var lite lyd, og eg syntes ho var blå/bleik. Men alt var fint, fekk me vite. Dessverre gjekk legen i gang med å få ut morkaka med ein gong, så eg fekk ikkje nyte dette øyeblikket. Den nybakte pappaen tok bilde medan vesla ligg på brystet mitt, og fjeset mitt er ein stor fæl grimase :tristbla: Eg måtte be barnepleiaren om at dei tok henne, fordi eg ikkje klarte å konsentrere meg om henne når det gjorde så vondt i underlivet. Derfor blei det til at pappaen heldt jenta medan legen sydde meg, og eg hørte at han snufsa medan han såg på jenta si :rødme:

Etter syinga blei eg støtta over til dobbeltsenga, og fekk lagt jenta mi til brystet. Først ville ho ikkje suge, berre tok tak. Ho hadde nok svelgt ein del fostervatn. Litt etter prøvde me på andre brystet, og då sugde ho :) Jordmora kom med utstyr så vesla vår blei vegd og målt medan pappaen tok bilder. A var 3925 g, 50 cm og 33 rundt hovudet. Ho hadde 9-9-10 på Apgar score.

Klokka passerte 1 før eg og pappaen la oss. Jordmora tilbydde seg å ha jenta vår hos seg slik at me kunne få sove, og det takka me ja til. Litt seinare måtte eg på do, og lure meg tenkte at det gjekk vel fint! Reiste meg opp, og blei ståande og svaie ved senga. Blodet rant ut av meg... Tilkalte jordmora, som støtta meg ut på do. Når eg reiste meg frå do, svima eg av... Huskar at eg hang over jordmora, når eg kom til meg sjølv igjen. Etter dette fekk eg ein pose med væske i veneflonen.

Etter dette sovna me igjen, og kl 4 våkna eg av babyskrik ute i gangen. Sidan me var dei einaste på fødeavdelinga på dette tidspunktet, visste eg at det var jenta vår :jepp: Litt etter kom jm inn til oss med henne, då hadde ho blitt vaska og fått klede på. No var ho sulten, så eg fekk amme henne. Så sov ho i plastkassen sin ved sida av senga vår, og det var så vidt me greidde å sove i staden for å kikke på den sovande, flotte jenta vår! :rødme:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*

Endelig har eg fått skrive ferdig fødselshistorien! Det blei langt, men eg har tatt med alt eg huskar. Har ikkje lyst at noko skal forsvinne frå minnet mitt, så no har eg i alle fall fått notert ned alt.

Som den ungen sover på natt da :hakeslepp: Hørtes veldig godt ut :)

Ja me har fått ei veldig rolig jente. No søv ho formiddagslur i vogna si :)

Skogmusa: ja det er deilig når babyane søv på natta, så får me sove også! Syns ho søv for lenge avogtil eg, for då er jo brystene mine heilt sprengt!

Hmm, får dere så ofte kontroller underveis med puta?! Vi fikk bare beskjed om at "det kommer innkalling til sjekk om to måneder" (som er så lenge hun skal ha den i første omgang), vi... Skulle gjerne visst hvordan det gikk underveis jeg også! Det er tydeligvis veldig forskjellige rutiner på dette her rundt omkring! Vi fikk nemlig beskjed om at det var 4 måneder som var "vanlig", men at det ikke var så alvorlig hos E, så de prøvde litt mindre først. :klø:

Me har no vore på 2-vekers-kontroll, neste blir 6-vekers-kontroll. Etter dette veit eg ikkje når neste blir, men det blir kanskje kvar 4. veke?

Me fekk beskjed om at det var 'vanlig' å bruke puta i 3 månadar. UL etter 3 månadar viser om me må bruke puta lenger. Rart at det er ulike rutinar rundt omkring ja!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest *Frida*
Hørtes ut som en alt i alt fin opplevelse :rødme: tenk at du har fått lille jenta di nå ;)

Ja Tussi, no har eg blitt mamma til ei flott jente! Om ikkje lenge er det din tur!

Det er rart: eg var 'forberedt' på at fødselen skulle vere vondt, vondare enn noko eg nokongong har kjent. Dette har eg sett mange har erfart. Eg skulle jo også føde på et sjukehus utan epidural. Men smertene kan eg ikkje 'huske' no i ettertid, sjølv om eg veit at opningsriene var vonde. Derimot var det redselen for at det ikkje skulle gå bra som sat lengst i. Sånn sett var det ein ubehagelig opplevelse, sjølv om det gjekk bra!

Eg var på etterkontroll hos jordmor i går, og då snakka me litt om akkurat dette. At det eg huskar best frå fødselen var redsel, sjølv om det berre var den siste tida. Det var faktisk godt å høyre at min fødsel var ein heilt normal førstegangsfødsel, som endte med sugekopp. Det einaste 'unormale' var at babyen kom litt skeivt ned i bekkenet, og det tok tid å få hovudet gjennom. Jordmora meinte forresten at eg ville greidd å føde utan sugekopp, men at legen brukte sugekopp fordi eg hadde pressa i over ein time.

No gler eg meg til neste gong! :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så fin fødselshistorie! Høres ut som en slitsom, men allikevel "god" fødsel, om du skjønner hva jeg mener... Det var liksom noe sånt jeg hadde sett for meg! Godt at alt gikk bra selv om det ble litt skummelt for deg på slutten.

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Det var en sterk fødselshistorie, Frida! Takk for at du ville dele den med oss. Jeg synes ikke den virket så ulik min egentlig. Gutten min hadde så stort hodet og slet med å komme ut. Legen sto klar sugekopper hos meg, men han kom ut akkurat før de måtte brukes. Jeg kom meg aldri i badekaret da, men sto lenge i prekestolen. Jeg kommer nok til å bruke den neste gang også.

Håper du har det bra og nyter tiden med jenta di. Dette er en fantastisk tid :sukk:

Endret av aimee
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest *Frida*
Godt at alt gikk bra selv om det ble litt skummelt for deg på slutten.

Takk for tilbakemelding Itla! Det er akkurat sånn eg ser på det i dag: fødselen var skummel, men alt gjekk bra!

Aimee: du fekk jo ein ordentlig plugg! Ikkje rart at du jobba litt for å få han ut. Kjempeimponert over at du klarte det uten hjelp!

--

Tillegg til fødselshistorien:

Glømte å få med at A kom ut med nasen opp (dvs stjernekikker/pannefødsel).

Litt før termin registrerte eg at ho roterte inni magen min, og la seg med ryggen mot ryggen min. Tidligare hadde eg tydelig kjent ryggen hennar lengst framme til venstre i magen min, og rumpa opp mellom puppene mine... Eg sa ifra til jordmor på kontroll før fødselen at eg trudde ho låg med ryggen innover, men ho syntes ho kjende ryggen ut til høgre. Det viste seg likevel at ho låg med ryggen inn, og det var derfor fosterlyden var svak under fødselen.

At ho kom med panna først gjorde nok at ho stanga litt mot i bekkenet, i tillegg til at ho kom litt skeivt. Men når legen festa sugekoppen, roterte han henne slik at ho skulle komme rett ut. Likevel kom ho med nasen opp, så legen meinte ho gjorde ein totalrotasjon på veg ut. Ho hadde også navlestrengen eitt kast rundt seg (ikkje stramt, rundt skuldrene), og dette kan ha skjedd når ho roterte i fødselskanalen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så fin fødselshistorie :biggrin:

Lille I måtte få hjelp av sugekoppen han også, veldig kjekt å få litt hjelp når disse små barna våre ikke får det til helt selv.

Litt skummelt blir det jo, men går som regel bra til slutt :biggrin:

Ha en fin,fin helg!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...