Gå til innhold

Eg skal bli mamma!


Mirabella76

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Lykke til på UL i dag. :klem:

Lykke til på UL, alt er nok i skjønneste orden med din lille pike :klem:

Lykke til på UL i dag! Alt er nok fint med jenta, skal du sjå. :hug:

Lykke til i dag! :blomst:

Jeg er helt sikker på at alt er helt som det skal! :jepp:

Tusen takk for det, jenter! :hug: Godt å vita at dåke har tenkt på meg i dag. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hvordan gikk det på UL i dag??? :klem:

UL-rapport kjem seinare i kveld! Må berre kvila meg litt først, for eg er sliten etter ein travel dag på jobb.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her kjem oppdateringa frå ultralyden i dag! Eg er no 31 veker og nokre dagar på vei.

Eg og mannen min møtte opp til timen vår på Volvat i ettermiddag, og eg merka at eg grua meg litt. Var også veldig sliten, etter ein travel dag på jobb. Me kom inn til legen veldig kjapt, så me slapp heldigvis å sitja på venterommet i all evighet. Det var ein koseleg kvinneleg lege, som var spesialist på området.

Først stilte ho oss nokre spørsmål om kor langt eg var kome i graviditeten, om korleis svangerskapet hadde vore så langt osv. Eg nevnte for henne at SF-målet var lavare ved forrige svangerskapskontroll hos legen min i forrige veke, enn det hadde vore tidlegare. Ho sa at SF-målet kunne variera alt etter kven som målte det, men ho skulle undersøka det.

Eg la meg på benken, og legen målte først SF-målet. Etterpå var det ultralyd. Var ganske vanskelig å sjå noko som helst på skjermen, no når babyen har blitt så stor. Legen forklarte kva me såg på skjermen, men eg må innrømma at verken eg eller mannen min heilt klarte å tolka alt det me såg - for me såg berre ein liten del av babyen om gangen.

Legen målte størrelsen på hovudet, størrelsen på brystet, lårbeinet m.m. Me fekk også sjå urinblæra til babyen, og ryggsøyla. Babyen låg med ansiktet vendt vekk, så nokon ansiktstrekk var umulige å sjå. Babyen låg iallfall med hovudet ned, så det var jo bra! Hjertet til babyen var det som var aller lettast å sjå, og det var artig å studera! Eit perfekt lite hjerte med 4 hjertekammer, som slo så flott. :)

Etter at fosteret var undersøkt, sjekka legen fostervatnmengda, som heldigvis var heilt fin. Ho såg også på morkaka, som låg på bakre vegg av livmora. Blodgjennomstrøyminga i navlestrengen vart også sjekka, og eg fekk inntrykk av at alt var ok - både med fosteret og ellers.

Etter at alle undersøkelsane var gjort, fekk eg reisa meg opp frå benken. Legen skulle no sjekka korleis måla ho hadde gjort, låg an i forhold til gjennomsnittet i veke 31. Det viste seg då at SF-målet ho hadde kome fram til, var veldig lavt - det var under nedre del av normalområdet! SF-målet låg altså ikkje innanfor det grønne normalområdet, men utanfor, heilt nede på det kvite området. Kjente at eg fekk litt panikk då. :( Legen sjekka så måla ho hadde gjort under ultralydsundersøkelsen (hovudomkretsen og bryststørrelsen, trur eg det var ho sjekka). Heldigvis låg begge desse to måla akkurat på gjennomsnittet, og var heilt fine i forhold til kvarandre. Legen bestemte seg derfor for å måla SF-målet på nytt, for ho meinte at ho kunne ha målt feil, sidan UL-måla låg på normalen.

Så då var det opp på undersøkelsesbenken og fram med ultralydapparatet igjen! Då legen skulle måla SF-målet på nytt, merka ho at eg akkurat då hadde samantrekningar i livmora (kynnarar). Eg merka ingenting! Har trudd at eg ikkje har hatt kynnarar, sidan eg aldri har merka noko til det. Det einaste eg kunne sjå, var at magen min såg litt skeiv ut mens kynnaren vedvarte, og at magen stod litt meir opp enn til vanleg. Og legen kjente at magen var hard. Vart litt overraska over at eg sikkert har hatt kynnarar mange gangar, uten å vita om det! Legen venta til kynnaren var over, før ho målte SF-målet på nytt. Då var SF-målet heldigvis innanfor normalområdet igjen - omtrent slik det var på svangerskapskontrollen hos lege i forrige veke (altså i nedre del av normalområdet). Legen meinte at eg sikkert hadde hatt ein samantrekning av livmora (kynnar) også då ho målte SF-målet første gangen, og at det var derfor SF-målet var så lavt. Ho sa at dersom eg hadde meir enn 4 kynnarar i timen, så måtte eg kontakta KK! Men korleis i alle dagar kan eg finna ut av det, når eg ikkje merkar at eg har kynnarar?

Konklusjonen til legen var iallfall at alt såg bra ut! Men ho ville at eg skulle koma tilbake til ny UL om 2 veker, for å sjekka at SF-målet/UL-måla var som dei skulle vera. Og om SF-målet hadde gått opp så mykje som det skal gjera i løpet av 2 veker, ved neste UL, så meinte ho at eg ikkje trengte å følgjast opp vidare. Legen kunne også fortelja at slik størrelsen på babyen var no, kunne me rekna med at ho var rundt 3400 g ved fødselen! Vart veldig overraska over det, for både eg og mannen min var over 4 kg då me vart født. Men sidan SF-målet mitt no er i nedre del av normalområdet, så er det vel logisk at babyen ikkje blir så veldig stor. Får berre håpa på at babyen veks som den skal likevel. Kryssar fingrane for at SF-målet fortsatt er innanfor normalområdet om 2 veker, så eg slepper å lura meir på om alt er i orden. Eg fekk absolutt inntrykk av at legen meinte alt var bra, men at ho berre ville sjekka korleis babyen vaks i løpet av dei 2 neste vekene, sånn for sikkerhets skyld. Og derfor fekk eg som sagt ny time til UL om 2 veker.

Prøver å ikkje bekymra meg, no når eg har sett at babyen ser ut til å ha det bra. Men eg kjem nok til å vera litt nervøs også om 2 veker, når eg skal tilbake til ny ultralydsundersøkelse. Men får eg då vita at babyen har vakse som den skal i løpet av desse 2 vekene, så håpar eg at eg klarar å slappa heilt av dei siste vekene av svangerskapet - og stola på at dette skal gå bra!

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt å høre at alt sto bra til med den lille i magen din! Håper SF-målet er godt innenfor normalområdet neste gang også, så du slipper å være så bekymret :kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt å høre at alt står bra til med den lille jenta i magen din! :) Du kan nok bare slappe av og tenke at alt ER bra med henne. Men det er jo kjempebra at de følger deg skikkelig opp da :)

:klemmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det der med vektestimering på UL må man nok ta med en klype salt. Jeg var på UL 14 dager før fødselen pga seteleie (han snudde seg heldigvis) og han ble da estimert til å være 4 kg, estimert føselsvekt 4,3 - 4,4. Ungen som kom ut var 3,9 kg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt at alt var bra på UL! :) Er utrolig spent på hvor stor gutten vår er da han kommer..

Jeg ble født tre uker på overtid og var 3750g og 52 cm. Samboeren kom en uke før termin, og var ca 3,4kg. Lurer på om våre fødselsopplysninger har noe å si for når jeg føder og hvor stor gullet er.. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

:vinke:

Godt du har blitt sjekket opp og alt så bra ut.

Jeg fikk en ekstra UL når det var ca en måned igjen til termin. Da fikk jeg anslått at lillegutt veide ca 3,4 kg. Så de trodde han var stor. Når han ble født omtrent en måned siden veide han 3650. Så de trenger ikke tenke altfor mye på vektestimeringen.

Går så bra dette her. :hug:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt å høre at alt sto bra til med den lille i magen din! Håper SF-målet er godt innenfor normalområdet neste gang også, så du slipper å være så bekymret :kose:

Ja, veldig godt å få vita at alt såg bra ut med veslejenta! :) Så får eg berre kryssa fngrane for at ho veks og utviklar seg slik ho skal, fram til neste UL! For det er ikkje noko kjekt å vera bekymra, nei.

Godt å høre at alt står bra til med den lille jenta i magen din! :) Du kan nok bare slappe av og tenke at alt ER bra med henne. Men det er jo kjempebra at de følger deg skikkelig opp da :)

:klemmer:

Ja, veldig bra at babyen såg ut til å ha det fint! :jepp: Prøver å tenka at alt ER bra med henne, men som du seier så er det likevel veldig betryggande at eg blir fulgt skikkelig opp. Fint at bekymringane mine blir tatt på alvor synst eg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det der med vektestimering på UL må man nok ta med en klype salt. Jeg var på UL 14 dager før fødselen pga seteleie (han snudde seg heldigvis) og han ble da estimert til å være 4 kg, estimert føselsvekt 4,3 - 4,4. Ungen som kom ut var 3,9 kg...

Har høyrt mange seier at vekstekstimering på UL ofte ikkje stemmer med den vekta babyen har når han/ho blir født. Men vekstekstimeringa gir vel ein indikasjon på om babyen blir liten eller stor, sjølv om den ikkje stemmer heilt? Viss eg skal få ein stor unge, så er ho isåfall nødt til å veksa veldig mykje i løpet av dei siste vekene av svangerskapet.

Godt at veslejenta ser ut til å ha det fint. Og flott at dei vil følgja dåke opp ordentlig. :klem:

Ja, eg er glad for det! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Godt at alt var bra på UL! :) Er utrolig spent på hvor stor gutten vår er da han kommer..

Jeg ble født tre uker på overtid og var 3750g og 52 cm. Samboeren kom en uke før termin, og var ca 3,4kg. Lurer på om våre fødselsopplysninger har noe å si for når jeg føder og hvor stor gullet er.. ;)

Godt at alt såg bra ut, ja - men eg er veldig spent på korleis babyen veks i løpet av dei neste 2 vekene. Håpar alt ser bra ut også på neste UL!

Legen som gjennomførte UL-undersøkelsen på meg, sa at kroppsfasongen og kroppsstørrelsen til mor, hadde mest å seia for om ungen vart stor eller liten. Sidan eg er tynn i utgangspunktet, var det naturlig at eg ikkje fekk ein tung unge, sa ho. Lengda på babyen kunne ikkje legen seia noko om, men vekta kunne ein seia noko om ut frå vekstekstimeringa. Så legen meinte at sjølv om både eg og mannen min var over 4 kg då me vart født, så kunne eg godt få ein mindre unge.

:vinke:

Godt du har blitt sjekket opp og alt så bra ut.

Jeg fikk en ekstra UL når det var ca en måned igjen til termin. Da fikk jeg anslått at lillegutt veide ca 3,4 kg. Så de trodde han var stor. Når han ble født omtrent en måned siden veide han 3650. Så de trenger ikke tenke altfor mye på vektestimeringen.

Går så bra dette her. :hug:

Kjempegreit å få ein ekstra sjekk, ja! Følte at eg hadde behov for det, etter svangerskapskontrollen i forrige veke. Er jo ikkje noko særlig å gå rundt og bekymra seg!

Vektekstimeringa er nok langt frå nøyaktig - men det er jo uansett greit å få vita sånn omtrent kor stor babyen sannsynlegvis kjem til å bli, og om den veks og utviklar seg normalt.

Kryssar fingrane for at dette går bra, ja! :tommelopp:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No på måndag, 8. september 2008, fekk me endelig sendt inn søknadspapira til NAV! :bolledeig: Må berre skriva ned datoen, slik at eg kan følgja med på kor lang tid det tar før me får svar tilbake frå NAV. ;) Det tok jammen tid før me fann ut av korleis me skulle dela permisjonen, og kor lang permisjon eg skulle ta. Søknadspapira var heller ikkje heilt enkle å fylla ut. Men no er me altså i mål, og det følest bra! :) Permisjonssøknaden leverte eg på arbeidsplassen min i forrige veke, så det er også gjort. Så no burde alt vera greit.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:sjokkert: Må vi fylle ut permisjonssøknadspapirer NÅ?!! Hvor finner jeg det, hva gjør jeg? Har ikke tenkt en eneste tanke heller på det, jeg.... :sjenert:
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:sjokkert: Må vi fylle ut permisjonssøknadspapirer NÅ?!! Hvor finner jeg det, hva gjør jeg? Har ikke tenkt en eneste tanke heller på det, jeg.... :sjenert:

Det er greit å fylla ut søknadspapira allerede no, ja. Eg har lest at ein faktisk kan levera papira så seint som seinast 3 månader etter fødsel. Men eg trur dei fleste gjer det i god tid før fødselen, for ellers får ein ikkje foreldrepengar med ein gang permisjonen startar. Pengane blir tilbakebetalt i etterkant, dersom du ikkje leverer inn søknaden før fødselen.

Det står forklaring i papira på korleis dei skal fyllast ut - men om det er noko dåke ikkje skjønnar/lurer på, så er det berre til å ta ein telefon til NAV, så får dåke hjelp med utfyllinga av papira.

Eg fekk søknadspapira på jobben min - både dei papira som skulle leverast til arbeidsgivar (søknad om permisjon), og dei som skulle sendast til NAV (søknad om foreldrepengar). Dermed slapp eg å leita fram papira sjølv! ;)

Men viss du går inn på NAV sine sider på internett, så skal du iallfall finna papira som skal sendast dit. Meinar adressa er: http://www.nav.no

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...