Gå til innhold

Tale eller sang til din kjære?


Gjest Frida

Anbefalte innlegg

Då me begynte å planleggja bryllaupet, så var eg bare sååå glad for at eg "slapp" å halda tale. Mannen min hadde kanskje ikkje så veldig lyst, men han tenkte at han nok skulle klara det. Og han var bare kjempeflink!!

Men når det begynte å nærma seg, så begynte eg å tenkja litt meir over festen, og at mannen min og faren min og forlovaren min alle kom til å halda tale for meg. Eg tenkte på å laga sang, men den tanken var mykje meir avskyeleg enn tanken på å halda ein tale. Så eg endte opp med tale eg, fordi eg syntest at mannen min fortente ein tale. Og eg er vanlegvisk kjempenervøs før eg skal gjera noko slikt, men det gjekk likevel heilt greitt. Dessutan er eg veldig lettrørt, men eg hadde likevel ingen problem med å halda talen min utan å grina. Det går jo an å sei gode og varme ord om nokon utan at det vert så forferdeleg rørande og suppete!

Me endte faktisk opp med å skriva ein sang i lag. Ingen dum ide, faktisk. To til å prøva å få det heile til å høyrast mindre idiotisk ut, og ein slepp unna at brud og brudgom lagar ein sang kvar med nesten akkurat det same innhaldet (korleis dei møttest, forelska seg, korleis forholdet har vore og kor glade dei er for å gifta seg).

Dette var vår løysning. For meg hadde det ikkje vorte noko særleg personleg eller spesielt dersom eg skreiv ein sang til mannen min, eg er ikkje så flink å uttrykka meg på den måten. Men andre igjen har lettare for å skriva ein bra sang enn å halda ein bra tale der dei får sagt det dei vil sei, så dette er eigentleg opp til kvar enkelt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...