Hermione Skrevet 22. mai 2007 Forfatter #181 Del Skrevet 22. mai 2007 Kjekt at du bestemte deg for å komme tilbake Epona Og hei på deg igjen, ny dag! Berre ta kontakt når du får tid, du! Passar sikkert best at du kjem om kvelden på ein veke-dag. Skjer alltid så masse i helgene. Kommande held skal vi vekk og så er det 85-års dag for Bestefar, navnefest for Maiken og hyttetur dei neste tre helgene etter der. Likar ikkje heilt det nye KG. Mulig det er min PC, men eg får masse tomme kvite felt på skjermen og må stadig bla nedover på sida. Var bedre før! Sidan sist eg skreiv her har det vore 17.mai Malin syns det var stor stas, så ho feirer litt endå. Går rundt med 17.mai fløyta si og roper "Hipp hujja" Kan ikkje hugse sist det var så fint vær på 17.mai i Bergen. På formiddagen var vi heime og såg på 17.mai feiringa på TV, så då fekk Malin eit lite inntrykk av kva 17.mai går ut på. Var nemlig litt redd for at ho skulle bli skuffa seinare på dagen når vi skulle gå i tog, for ho var overbevist om at vi skulle køyre tog :-D Vi spiste rømmegraut med sviger-bestemor i to-tida og så gjekk vi i barnetoget i lag med barnehagen til Malin. Etterpå var det is og pølse og aktiviteter på barneskulen. Malin var med på gullgraving, sykling med trehjulsykkel, lykkehjul og lynlotto. Vant litt snop og ein nøkkelring og var strålande fornøgd Maiken sov seg gjennom heile 17.mai feiringa og fekk ikkje med seg så masse. Men ho fekk no iallefall hatt kjole på seg for første gang! Ein kjempefin heimestrikka ein som mormor strikka til Malin. I dag skal eg faktisk på jobb. Eg skal vere med å intervjue ein mann som har søkt på stillinga som vikar for meg. Eg har aldri vore på den sida av bordet under eit jobbintervju før, så det blir ei interessant erfaring. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 23. mai 2007 Forfatter #182 Del Skrevet 23. mai 2007 Ny avatar........ Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Mayamor Skrevet 23. mai 2007 #183 Del Skrevet 23. mai 2007 Hvert alderstrinn har sin sjarme og sine utfordringer. Her i huset har vi en hormonell tenåring, en sinna 10 åring og en opp og ned 3,5 åring. Skjønner godt at du ble redd når du ikke så Malin. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 24. mai 2007 Forfatter #184 Del Skrevet 24. mai 2007 Ja, kvar alder har heilt klart sin sjarm og utfordringar! Lurar på korleis det blir for mannen om 12-13 år når han har to hormonelle tenåringsjenter pluss ein premenstruell samboer i hus Intervjuet gjekk forøvrig bra! Trur vi kjem til å ansette han. Så då må eg vel rekne med eit par dagar på jobben for å sette han inn i saker og ting. I dag har eg vore på helsestasjonen med Maiken. Syns navlebrokket hennas har vokst så voldsomt sidan 6-vekers kontrollen, så eg ville at nokon skulle sjå på det. Sidan eg kom uten å ha time blei det ein del venting. Først måtte eg vente ein halvtimes tid før eg kom inne til helsesøster. Ho syns at brokket var såpass stort at legen burde sjå på det. Dermed blei det ny halvtime med venting. Legen syns og det var i største laget, så ho sendte henvisning til Barneklinikken for meg. Så då får vi time i posten. Sannsynligvis gjer dei ingenting med det, men det er greit å vere på den sikre sida. I dag skal eg og mannen på foreldresamtale i barnehagen til Malin. Eg snakkar jo med dei voksne kvar dag, så eg reknar ikkje med at vi får høyre noko som er så veldig overraskande, men det er alltid litt spennande likevel. Ellers har eg blitt hekta på Facebook Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 31. mai 2007 Forfatter #185 Del Skrevet 31. mai 2007 No begynner eg å bli stressa. Og når eg blir stressa blir eg muggen og utrivelig å vere med :evil: Ei veke igjen til vi skal ha navnefest og eg har ikkje gjort ein skitt endå. Må vaske bad, do, skikkelig nedvask av stue inklusiv vindu og tak (spindelvev i taket ) . Og så må eg handle inn rosa ting til å pynte med og bake bollar og kaker. Dette høyrest kanskje overkommelig ut på ei veke, men med to barn og eit tonn klesvask, rot og middagslaging rekk eg faktisk berre eit bitteliten ting kvar dag. Og no oppdaga eg nettopp at det er planleggingsdag i morgon, så Malin er heime. Dermed får eg nok ikkje gjort noko som helst den dagen. Har i det minste fått bestilt snitter. Så eg kan stryke ein liten ting frå to do-lista. Og så skulle eg absolutt ha vore hos frisøren og kjøpt meg eit skjørt og nye fine sandalar, men eg er heilt blakk Fekk igjen bilen min frå service i går. 7000 kroner!!!! Og forrige veke brukte vi 14000 på mannen sin bil :dåne: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
ny dag Skrevet 31. mai 2007 #186 Del Skrevet 31. mai 2007 Arrrgr... kan ikke annet enn å stemme i og si meg så enig så enig... Dette er en grunn til å bli stresset og stresset kvinnfolk som oss er ikke no å være i hus sammen med. Vi trenger hvile, fred, stillehet, time hos frisøren, nye klær og mange klær, nytt undertøy, nye sko, vesker og helst briller også.. Og helst nytt bad, nye møbler, ja et helt nytt eller eget hus til innrykket av familie og faddere stormer inn på navnesfesten. Det er stress med sånt. Jeg stresser over det meste. Jeg er superstresset om dagene. Ikke helt i form. Ingvild er syk/ikke helt i form (hjemme fra bhg.). Jeg har mye å gjøre på jobb (henger veldig etter og har mange frister) og nårtøt jeg er stresset blir jeg sur og mannen sur og så har vi det gående. MEN jeg klarte å komme med til frisøren i går. Kan anbefales. Så prøv å skrap sammen penger og kom deg i frisørstolen. Jeg støttet alle impiulskjøp, frisørtimer m.m. som du foretar det nå fremover. Du er jo tobarnsmor. Og trenger alle gode impulser - tilskudd, bidrag og påfyll - som mulig. Stå på! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 2. juni 2007 Forfatter #187 Del Skrevet 2. juni 2007 Det blei sandalar og klær på meg likevel! Mannen hadde gavekort på Galleriet og bystasjonen etter disputasen og spanderte på meg i dag. Snille mannen! Og så var eg innom Hobbykjelleren og kjøpte litt lyserosa stæsj til å pynte med. Så då er det berre vasking og baking som gjenstår. Skal få mannen til å hjelpe meg litt med det og. Store planar om å få gjort masse i morgon, men det er meldt strålande sol, så eg tippar motivasjonen forsvinn ganske raskt etter at eg har stått opp i morgon. Må jo ut og nyte sola litt og! Mannen er ute på byen med ein kamerat i kveld. Eg burde absolutt gått og lagt meg for lenge sidan i staden for å sitte her og sløve på nettet. Veit jo at Maiken våknar og skal ha pupp om eit par timar. Og så våknar gjerne Malin ein gang eller to i løpet av natta før ho bestemmer seg for at ho er "fædi å sove" i seks-tida . Blir vel eg som må stå opp med ho sidan mannen antageligvis treng å sove litt etter byturen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Kipa Skrevet 3. juni 2007 #188 Del Skrevet 3. juni 2007 hekta på facebook..tror vi er mange av de gitt... er du en av mayamor sin venner.... Lykke til med navnfest, jeg syntes det var så koselig å pynte med lyserosa, men det var jo litt nytt for meg. Du har jo 2 prinsesser, og er vel kanskje vant med rosa?! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 9. juni 2007 Forfatter #189 Del Skrevet 9. juni 2007 (endret) Har ikkje lagt til Mayamor endå! Søkte etter ho for ei stund sidan, men då fant eg ho ikkje. Eg skal gjere eit forsøk igjen no No er det siste innspurt til navnefesten. Eg har nettopp tatt gulerotkaka ut av ovnen og no bakar mannen banankake som han skal ha sjokoladeglasur på. Marsipankake er henta på konditoriet og plassert i kjøleskapet. Skillingsbollane ligg i frysen og snittane blir levert i morgon formiddag. Er heldigvis ferdig med vasking, så då gjenstår det berre å dekke bord og pynte litt. Tar det i kveld, for no skal eg i 85 års dag til bestefaren min. Endret 9. juni 2007 av Hermione Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 12. juni 2007 Forfatter #190 Del Skrevet 12. juni 2007 Då var navnefesten over! Alt gjekk bra, bortsett frå at eg oppdaga i siste liten at seremonien var ein anna plass enn eg trudde Men både vi og gjestane kom oss til riktig lokale før seremonien starta. Det gjekk utrulig nok greit å få plass til alle i stua vår. Var til og med litt golvplass igjen! Maiken fekk masse fint. To av smykka var like pluss at vi fekk to smykkeskrin, så vi må nok bytte litt og. Det var var fryktelig varmt heile dagen, så Maiken var litt grinete, stakkars. Ho får ikkje sove skikkelig i varmen. Blir berre 10 minutters duppar og då blir ho veldig sliten og overtrøtt utover dagen. No har heldigvis temperaturen gått ned her i Bergen, så ho sov nesten 15 timar i natt kun avbrutt av tre ammingar. Og no ligg ho og søv i vogn-bagen. Tydelig at ho trivst best når det er under 20 grader i lufta! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 18. juni 2007 Forfatter #191 Del Skrevet 18. juni 2007 (endret) I dag er eg 30 år! Veit ikkje heilt om det er :juhu: eller som passar best her. Føler meg absolutt ikkje som ein 30-åring. Og det fekk eg bekrefta på ein sånn mental alder test på start.no. Kom ut med 15 år i mental alder! Det var nesten litt for ungt til at eg kunne ta det som eit kompliment. Blir ikkje noko særlig feiring i dag. Skal til tannlegen og så blir det vel noko godt til middag. Har kake i frysen etter navnefesten, så vi kan vel kanskje ta opp litt. Har hatt ei skikkelig slitsom og frustrerande helg. Vi har nemlig passa to hundar i helga. Den eine er 13 år og litt småsenil og den andre er 5-6 mnd og absolutt ikkje dotrent. Den dreit og tissa overalt, og då meiner eg virkelig overalt. Og så aka den seg bortover golvteppet etterpå for å tørke seg i rompa Det som var aller mest irriterande var at ho ikkje gjorde fra seg ute i det heile tatt. Kvar gang vi gjekk tur med ho gjekk ho berre rundt og snuste uansett kor lenge vi var ute. Men med ein gang vi kom inn igjen gjekk ho rett bort på teppet og dreit. Dei er vant til å sove ilag med matmor om natta, men det fekk dei ikkje lov til her. Dei måtte sove på kjøkkenet, for der har vi fliser på golvet som det er lett å tørke opp bæsj frå. Dermed blei det uling og bjeffing halve natta. Og mannen måtte ut og lufte dei kl 05 både lørdag og søndag. På lørdag spydde begge to i bilen Gjett om eg var letta då vi leverte dei frå oss i går! Vi skulle eigentlig passe dei 14 dagar i juli, men no har mannen gitt beskjed om at det ikkje er aktuelt før ho minste har lært å gå på do ute. Fekk litt dårlig samvittighet, men vi kan berre ikkje ha det sånn i to veker. Vi hadde jo tenkt å ta dei med på besøk til mamma eine veka, men det går jo ikkje. Mamma har ny parkett og kvite golvtepper. Men det kom iallefall ein positiv ting ut av helga: Sjølv om eg av og til syns det er slitsomt å ha to barn under 3 år er det ingenting mot å ha to barn og to hundar. Så eg fekk litt perspektiv på ting! Endret 18. juni 2007 av Hermione Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Helen Skrevet 18. juni 2007 #192 Del Skrevet 18. juni 2007 Gratulerer med dagen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
ny dag Skrevet 20. juni 2007 #193 Del Skrevet 20. juni 2007 Gratulerer såmye med overstått bursdag! 30 år er ingen alder rene ungdommen Jada, du er jo yngre enn mayamor enn meg iallefall... så vi har ihvetrfall lov til å si sånt. Rene ungdommen du Håper du får deg en fin feiring - at det ikke går i glemmeboken. 30 år må jo feires Håper ellers at vi kan treffes snart. Sier/skriver det hver gang og så flyr tiden avgårde. Når skal dere på ferie da? Vi skal de to først ukene i juli... Kanskje det ikke blir til at vi treffes før etter det. tenker uansett på dere og håper du har det bra. Klem herfra Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 21. juni 2007 Forfatter #194 Del Skrevet 21. juni 2007 Tusen takk for gratulasjonar! Blei ikkje noko særlig feiring på sjølve dagen, men hadde kaffeslabberas med familien helga før. Så eg har fått litt presangar og sånt! Er meininga at eg skal feire skikkelig i lag med eit par veninner som også fyller 30 år i sommar i slutten av juli. Festen skal vere på heimplassen min, dvs der mamma bur. Men no viser det seg at mamma skal på ferie då, så vi manglar barnevakt. Mannen kan eventuelt bli heime med ungane, men det hadde jo vore mykje kjekkare om han kunne vore med! Er ikkje ofte vi får gått på fest ilag. Hadde vore kjekt om vi fekk til å treffast før du reiser på ferie, ny dag! Vi skal nemlig ha ferie frå 15.juli, dvs akkurat når du er ferdig med din ferie. Då reiser vi sannsynligvis til mamma. Maiken har visst sovedag i dag. Fekk pupp i seks-tida i dag tidlig og sovna igjen. Klokka ni vekte eg ho fordi eg kjente på lukta at ho låg med ei saftig bæsjebleie. Etter å ha vaska og stelt ho fekk ho pupp igjen og så la eg ho ved sida av meg i sofaen mens eg spiste frokost. Der sovna ho igjen, gitt! Og søv endå. Ho er utrulig harmonisk på dagtid for tida. Smiler og pludrer og kosar seg under babygymmen i lange periodar. Ho har begynt å slå etter leikane som heng der, men har ikkje heilt kontroll på armar og bein endå. Og så begynner ho å bli flink til å løfte hodet når ho ligg på magen! Mykje flinkare enn Malin var då ho var på samme alder. Kveldane er litt pes for tida. Maiken vil helst ligge med puppen i munnen kontinuerlig frå kl 17 og utover. Og så er det umulig å få lagt ho før kl 22. Eg har nok litt lite melk om kvelden. Navlebrokket til Maiken har dessutan blitt mykje bedre. Ventar på time på barneklinikken, men no trur eg nesten ikkje at vi treng det lengre. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 27. juni 2007 Forfatter #195 Del Skrevet 27. juni 2007 Då har Maiken vore på 3 mnd kontroll! Eg var overbevist over at ho var over 6 kg, for eg syns ho har vokst så voldsomt i det siste. Fullt så mykje var det ikkje, men ho var no ganske stor likevel: Lengde: 60 cm Vekt: 5985 gram Hodeomkrets: 40,7 cm. Ho har lagt på seg ca 200 gram per veke i snitt, og det er jo bra! Navlebrokken har blitt mykje bedre. Vi fekk time til vurdering på Barnekirurgisk avdeling i posten for eit par dagar sidan. Timen er ikkje før i september. Reknar med at brokket er vekke då, men eg beholder no timen for sikkerhets skyld. Maiken fekk to vaksiner, ein i kvart lår. Det blei litt skriking, men det gjekk fort over. Resten av dagen var ho litt grinete og sliten og hadde litt feber, så ho fekk ein paracet. Eg bestile ein time hos helsesøster og lege til Malin og. Skal dit i morgon. Er nemlig litt bekymra for motorikken hennas. Ho spring veldig merkelig, litt sånn stabbete. Virkar som om ho er stiv i hoftene. I tillegg har ho litt dårlig balanse. Likar seg ikkje i ujevnt terreng og blir usikker når ho skal opp på ein fortauskant. Då vil ho helst holde meg i handa. Og så syns eg ho har litt lett for å snuble i sine eigne bein. Barnehagen har og kommentert dette med springinga og balansen og anbefalte oss å få ho vurdert av helsestasjon/fysioterapeut. Så då gjer vi det. Dersom det viser seg at det er uoppdaga hofteleddsdysplasi blir eg fly forbanna på Haukeland sjukehus. Eg har vore obs på dette heilt sidan fødselen pga at eg har det i nær familie. Derfor tok vi ultralyd av hoftene på barsel. Då fant dei ingenting. I tillegg insisterte eg på røntgen av hoftene då vi var på 2-års kontroll. Då fant dei heller ingenting, men dei tok berre eit bilde mens eg febrilsk prøvde å få Malin til å ligge stille, så eg tvilar litt på kvaliteten på det bildet. Eg mistenker at det kan vere noko som heiter KISS-KIDD. Dette er ein låsning i nakken som ofte oppstår under fødselen. Spesielt dersom fødselen tar svært lang tid eller dersom det er brukt tang/vakum/manuelt drag for å få ut ungen. Fødselen tok jo uvanlig lang tid og Malin stod bom fast i bekkenet slik at dei måtte dra ho ut med tang, så sånn sett er det godt mulig at ho har fått seg ein trøkk i nakken. Denne låsninga kan føre til mange problem dersom det ikkje blir oppdaga og behandla. Står litt om det her: http://www.kiss-kidd.no/index.php/site/symptomer Det er mange av spebarn-symptoma som stemmer. Blant anna hadde Malin tydelig favorittside. Ho låg omtrent slik når ho låg på rygg: http://www.kiss-kidd.no/index.php/site/bil...illing_ved_kiss Sjølv om vi prøvde å stimulere ho til å bruke begge sider fekk ho tydelig skeiv hodefasong pluss at muskelen på eine sida blei kortare enn den andre. Dermed holdt ho hodet litt på skakke og hadde problemer med å holde hodet i midten når ho låg på magen. Vi var eit par gangar til fysioterapeut pga dette, men KISS blei ikkje nevnt då. På denne nettsida står det at asymmetrien kan forplante seg nedover og gi skeivhet i hoftene. Det er dette eg mistenker at har skjedd. Hugsar at ho hadde ein ekstra valk på det eine låret då ho endå hadde baby-flesket sitt. Dette er jo eit tydelig tegn på assymmetri og var grunnen til at eg ville ha røntgen. I tillegg kan KISS gi asymmetri i ansiktet slik at f.eks det eine auget virkar litt mindre enn det andre. Dette hugsar eg at søstra til mannen, som forøvrig er helsesøster, kommenterte på Malin då ho var mindre. Eg såg det ikkje då, men ser det no når eg ser på bilder av ho som baby. Malin har generelt vore treig i den motoriske utviklinga heile vegen. Ho krabba ikkje før ho var 10 mnd og gjekk først då ho var 15-16 mnd. Springe gjorde ho ikkje før ho var 2 år og hoppe har ho nettopp lært seg sånn nokonlunde. Dvs at ho får det til ca 50% av gangane ho prøver. Det positive er at denne låsninga kan fiksast av ein manuell terapeut. Deretter kan motorikken trenast opp med litt hjelp frå fysioterapeut. Så dersom det er dette som er Malin sitt problem ser eg ganske lyst på det. Dersom det er hofteleddsdysplasi blir det noko heilt anna. Operasjon og gips i månedsvis…..Orkar ikkje å tenke på det ein gang. Får sjå kva dei seier på helsestasjonen i morgon. Så vidt eg har skjønt er ikkje KISS-KID diagnosen heilt akseptert blant legar endå. Det er helst fysioterapeutar, kiropraktorar og manuell terapeutar som er opptatt av dette, så det kan vere at eg blir totalt avvist. Maiken har forresten blitt flink til å sove om natta i det siste! Søv frå ca kl 22 om kvelden til 06 neste morning. Etter å ha fått pupp søv ho gjerne videre til 9-10 viss vi ikkje skal levere Malin i barnehagen. Kunne godt tenkt meg å forskyve leggetidspunktet om kvelden litt, men foreløpig er ho overhode ikkje interessert i å legge seg tidligare. Går seg vel til etter kvart tenker eg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 29. juni 2007 Forfatter #196 Del Skrevet 29. juni 2007 Då har Malin vore hos helsesøster og lege, men eg er ikkje så mykje klokare endå. Ho nekta sjølvsagt å springe på kommando, så dei fekk ikkje sjå korleis ho spring. Klarte å overtale ho til å gå litt fram og tilbake på golvet uten klær på og då såg legen at ho hadde litt innovervendte bein. Vi snakka litt om dette med favorittside som baby og både helsesøstera og legen var einig med meg i at dette kan forplante seg nedover og gi skeivhet i hoftene. Dei hadde høyrt om KISS, men kunne ikkje noko meir enn meg. Legen sendte henvisning til fysioterapeut, så vi får berre vente til vi får time i posten. Etter at eg var der har eg fått vite via eit anna nettforum at gjentatte augeinfeksjonar kan gi slapp augemuskel og dermed nedsatt syn. Dette kan og føre til at auget som det har vore ofte infeksjon på kan virke litt mindre. Malin har hatt infeksjon sikkert 10-12 gangar på venstre-auget og 4-5 gangar på det andre pga overført smitte frå venstre-auget. Så det kan jo vere at ho har fått litt nedsatt dybdesyn f.eks. Kanskje det er derfor ho er litt klønete og har dårlig balanse? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 2. juli 2007 Forfatter #197 Del Skrevet 2. juli 2007 Skikkelig mandags-følelse i dag. Har blitt skikkelig forkjøla og så regnar det ute I tillegg har eg blitt vekt mange gangar i natt, så eg er dautrøtt. Først våkna eg kl 4 av at Malin ropte "Jeg vil sitte på do!" Vanligvis må vi lokke og lure for at ho skal gå på do, så eg trudde ho snakka i søvne. Men då ho gjentok det fleire gangar måtte eg nesten velte meg ut av senga for å sjekke. Og der satt ho lys våken i senga og gjentok klart og tydelig at ho skulle på do. Hadde mest lyst til å seie at ho kunne tisse i bleia, men sidan vi har lyst til at ho skal slutte med bleie i sommar må vi nesten følge opp dei få gangane ho viser interesse for å gå på do. Det kom sjølvsagt ingenting (som vanlig), så etter eit par minutt tusla ho inn igjen i senga og la seg. Det tok nesten ein time før eg sovna igjen, og då våkna Maiken og skulle ha pupp. Og då ho endelig hadde sovna igjen ropte Malin IGJEN!. Då var klokka blitt 6 og ho "var ferdig å sove". Eg tok ho med inn i vår seng, og for ein gangs skyld låg ho såpass stille at eg duppa av igjen. Heilt til mannen sin UNITED klokkeradio fekk eit av anfalla sine. Plutselig skrudde den seg på med alarm og radio på full styrke samtidig. Så då våkna eg med puls på 200 og Maiken våkna sjølvsagt og. Eg skal ALDRI kjøpe noko som det står UNITED på igjen uansett kor billig det er. Trur det blir inne-og-slappe-av-dag i dag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Mayamor Skrevet 2. juli 2007 #198 Del Skrevet 2. juli 2007 Innom og hilser på, oppdaterer meg litt og gratulerer med overstått 30 års dag. Gammal? Er 5 år eldre jeg da... Har slettet dagboken min av personlige grunner, men følger med fra sidelinjen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 4. juli 2007 Forfatter #199 Del Skrevet 4. juli 2007 Heisan Mayamor! Dumt at du har sletta dagboka, men vi har jo facebook, så eg kan vel oppdatere meg litt på livet ditt der Har forresten gløymt å skrive at eg fekk igjen mensen på 30-års dagen min. Litt av ein bursdagspresang å vokse opp til Hadde håpt at den skulle holde seg unna eit par mnd til, men den gang ei. Med Malin fekk eg den igjen 4 mnd etter fødsel og no altså 3 mnd etter fødsel. Det er straffen for å ha ein baby som søv godt om natta! Maiken satte ny soverekord natt til i går. Ho sov frå 20.30 til 06.30 uten pupp I natt var vi tilbake til normalen: 23 til 06.30. Trur eg må få litt orden på sovinga på dagtid før eg klarer å legge ho tidligare om kvelden. No for tida er ho nemlig så trøtt i 17-tida at ho MÅ sove. Og då søv ho til 18.30. Kanskje det hadde vore lettare å få ho til å sovne tidligare om kvelden viss ho tok ettermiddagsduppen frå 16 til 17? Men då må eg justere litt på sovinga tidligare på dagen for å få det til. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Hermione Skrevet 11. juli 2007 Forfatter #200 Del Skrevet 11. juli 2007 Blæææ…….Blir så sløv av drittvær. Gidd liksom ikkje å gjere noko som helst. Eg har ein jobb-ting hengande over meg som eg burde ha gjort, og eg MÅ sette meg ned å skrive takkekort sånn at vi får det unna før ferien. Mannen starter ferien sin om tre dagar og så skal vi reise til mamma. Skal til Mallorca i sommar, så vi må ta ein ferie med gratis kost og losji no. Gledar meg til å treffe igjen masse gamle kjente! Eg er jo heime ellers i året og, men då er eg der berre for ei helg, så eg rekk ikkje å treffe så mange. Og så er flesteparten av vennane mine spredd ut over heile landet når det ikkje er sommar og ferie. Svært få som har blitt buande der. Men no ser det ut til at fleire og fleire ønsker å reise tilbake når dei passerer 30 og skal etablere seg med mann og barn. Eg er ikkje ein av dei. Trivst veldig godt her eg er! Orkar ikkje å bu i eit sånt gjennomsiktig samfunn der alle veit alt om alle og gjerne litt til som ikkje er sant eingang . Men det er veldig koselig å komme heim på ferie! Malin overnatta hos Bestemor for første gang i helga! Har prøvd ein gang før, men då endte det med at vi måtte komme og hente ho i ti-tida om kvelden. Denne gangen gjekk det heilt fint! Ho har blitt så stor no! Plutselig er ho alt anna enn ein baby. Sitt på do både i barnehagen og heime (sjelden det kjem noko då, men….) og reflekterer mykje over ting ho ser i kvardagen. Her om dagen satt vi og las ei ”Karsten og Petra”- bok. Der var det eit bilde av pappaen til Karsten og mammaen til Petra. Begge hadde ei veske over skuldra. Malin stirra på bildet nokre sekund og så peika ho på pappaen til Karsten og sa ”Han har sånn veske, han der. Det må han ISSE. Bare damer bruker sånn”. Prøvde å forklare at menn og har vesker av og til, men ho gjekk ikkje heilt med på det Ho har heilt klart oppdaga at det er forskjell mellom kjønna. Pappaen likar å tulle litt med ho av og til og for ca ei veke sidan overhøyrte eg følgande samtale: Malin roper på pappa og ber han hjelpe ho med noko. Pappa: Nei, eg er mamma, eg. Malin: Neeeei! Du er pappa. Pappa: Nei, eg er mamma. Så peiker han på meg og seier ”Det er pappa”. Malin: Nei, det er mamma, det! Pappa: Nei, eg er mamma. Etter å ha holdt på sånn ei stund ser Malin oppgitt på han og seier: Men du har jo pappatiss, du! Mamma har mammatiss og du har pappatiss Meg: Kva slags tiss har du då, Malin? Malin: Eg har jentetiss, akkurat samme som Maiken har. Ho har stadig sånne diskusjonar med pappaen. Og viss ho høyrer at eg og pappaen diskuterer noko blandar ho seg inn og tar automatisk mi side sjølv om ho ikkje skjønnar kva vi snakkar om. Ho har liksom vent seg til at det er pappa som har feil uansett I går lånte pappaen PC’en min litt. Eg har bærbar PC ståande på i stua heile dagen, så det er lettare for han å bruke den i staden for å fyre opp det gamle treskeverket på datarommet. Eg skulle sjekke noko på nettet og spurte om han ikkje var ferdig snart sånn at eg kunne få den. Malin var i eit anna rom, men snappa opp at det var ein diskusjon på gang og kom springande. Stilte seg opp med henda i sida og såg anklagande på pappaen sin: ”Pappa! No er det mamma sin tur. Du kan bruke din PC, du! Sant mamma, no er det din tur? Pappa, flytt deg”. Holdt på å le meg i hjel Og ho ga seg ikkje før han hadde flytta seg. Men sjølv om ho tar mi side i slike diskusjonar er det heilt klart pappa som er helten. Ved middagsbordet skal ho sitte akkurat sånn som pappa, skal ete det samme som pappa og sitt og studerer bevegelsane hans heile tida og prøver å kopiere. Har nettopp lagt Maiken no og håpar at eg får eit par timar ”fri” no til å få gjort litt. Ho begynner å bli flink til å finne søvnen sjølv. Det går stort sett fint å legge ho våken i vogga og la ho styre litt til ho sovnar. Tidligare måtte eg vugge ho litt eller amme ho til ho å var i halvsøvne. Er litt meir fokusert på dette med å sovne sjølv no enn eg var med Malin. Malin blei amma i søvn til ho var 7-8 mnd og det var ikkje lurt! Stakkars pappaen som overtok permisjonen og måtte ordne opp i det! Ellers begynner ho å bli litt mobil no! Når ho ligg på ryggen roterer ho rundt slik at eg gjerne kan finne ho snudd 180 grader i forhold til korleis eg la ho fra meg. Ho ruller over på sida på favorittsida si, men kjem ikkje heilt over på magen. Når eg legg ho på magen løftar ho hodet høgt opp, men etter eit par sekund rullar ho seg over på sida. Ho klarar ikkje å få med seg beina endå, så det er berre overkroppen som får snudd seg. Ser ikkje videre behagelig ut, men ho kan faktisk ligge sånn ei stund før ho begynner å protestere. Dei siste dagane har ho lært seg å holde leikane sine og prøver å føre dei opp til munnen. Har ikkje heilt kontroll endå, så stort sett bommar ho og blir sint Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå