Gå til innhold

Dagboka til Mailin


Mailin

Anbefalte innlegg

HELLEU!!

Eg fekk også lyst til å skriva dagbok her inne! Skal gifta meg neste sommar, men vil også skriva om andre ting, så eg valde denne dagboka i staden for bryllupsdagbok..

Kort presentasjon:

Eg heiter altså Mailin, er 27 år, og bur saman med forloveden Stig og katten Arne på Bekkestua i Bærum.

Eg kjem nesten herifrå: http://www.seim-5912.no/

(på biletet er det eine åsen i bakgrunnen på venstre sida)

der eg vaks opp på ein gard med mine foreldre og 4 søsken.

Hovudinteresse er musikk, og spesielt å synge.

Likar å synge både gospel, folketonar, salmar, pop, folkrock og jazz,

og hadde klassisk songundervising 3 år på musikklinja på Langhaugen vg skole i Bergen.

Spelar også bass til gamaldans, for tida i Fulle 5, som på 3. plass bakfrå på Titanofestivalen 2002 :blunke: .

Har også spelt i dei svært suksessfulle gruppene/orkestra Rett Vest, Sjakk Matt: http://home.online.no/~roma/sjakkmatt.htm , Tequila Family, Go'foten, Fossekallen (ikkje dei som har vore i USA...) og Gimlingane, og framleis sporadisk i SM-dur saman med mammo og papen.

Hobbyar:

* Laga ting og tang, av t.d. trolldeig, cernit/Fimo, perler, dekorera med decoupage og mala på tre, glas m.m.

* PC-spel, for det meste the Sims, Heroes IV og Age of Empires.

* Bryllup: http://www.kvinneguiden.no/bryllup/diverse...ges/Bergas.html

* Skriva dikt: http://www.kvinneguiden.no/cgi/diktkroken/...&first=1&page=0

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Høyr kor sprek eg er i dag, då:

Sto opp kl.05.30

Gjekk heimefrå kl. 05.45

Kom fram til jobben kl. 06.50, og byrja kl.07.00

Barsk, eller? :briller:

Håpar berre eg ikkje endar med å verta forkjøla, for det regna heile tida..

Ellers så skal eg heim til Vestlandet i dag, og gler meg heilt villt!!

Skulle ønska eg hadde råd til å vera eit par mnd, men reiser att søndag kveld....

Skal feira Mormor sin 80-årsdag og nevø Stian sin 8-årsdag. :D

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Zalomine

Gikk hjemmefra et kvarter etter at du sto opp? Og sto opp halv 6? MEGET sprekt vil jeg si, hadde jeg ikke klart!

Ha en fin dag :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Wow, sprekt assa! Går du til jobb hver dag? Også en hel time da! En time hver vei! Det er to timers gange hver dag det!! **Beundre, beundre***

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Brukar vanlegvis lenger tid om morgonen, men i dag hadde eg faktisk "antrekket" klart, klarar ikkje eta så tidleg heller, og var faktisk ganske kjapp på badet, så det tok berre eit kvarter! MOT NORMALT!!

Har berre gått til og frå jobb ein gong så langt, og har sykla dei to vekene før, men så vart det snø, og då tør eg ikkje sykla.

ANBEFALAR DET!! Har fått SÅ mykje energi og overskot berre på to veker!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

sykle eller gå..... sprekt er det i alle fall! Jeg går til universitetet hver dag jeg også, men så har jeg bare ti minutters gange, så det skulle bare mangle!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Kom tilbake frå Vestlandet i går tidleg, men ville helst vera der!

Lengtar litt heim, ja :cry:

Var sjølvsagt VELDIG godt å koma heimatt til snuppen min òg, då :wink:

Var på forresten på Folkemusikkpøbb på Cordial (Oslo) i går, der Tindra spelte - VERY GOOD!!!

Tindra er 3 jenter med besetninga vokal, fele og trekkspel.

Har det litt travelt i dag. Skal på styremøte i fagforeininga (er sekretær) og deretter sjå om eg når øving med gamaldansorkesteret gemalen og eg speler i etterpå.

I tillegg prøver eg å få tak i dirigenten i eit gospelkor.....

Må forresten skuffa deko i dag, har ikkje vore sprek i dag, men det er fordi eg var litt sein heim i går, og ikkje orka å stå ekstra tidleg opp...

Håpar eg orkar i morgon tidleg :blunke:

må stikka att, håpar eg når å skriva meir i morgon!!

KLEEEM

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Forsov meg litt i dag, så eg fekk ikkje gått :(

Jaja.

Hadde eit bra styremøte i går, bra øving (eigentleg var det planlegging), og om to veker skal eg på audition hos eit gospelkor!!

JIBLA!!

Må ordne heimesida mi att. Har styra med den sikkert ei veke no, men er ikkje dataekspert, så det er ikkje alltid så enkelt :blunke:

Skulle først berre lage ei side å ha dikta mine på, og så enda det med

to diktsider og ei "personleg" side.

Skal legga inn lenken her no snart.

Er veldig stolt, for eg laga ein melodi i forgårs, som faktisk vart litt fin :D

Den er ikkje så lang, skulle passa til eit av dikta mine, som var ein voggesong, men eg er ikkje sikker på om melodien er ein voggesong-melodi.

Hmm, får sjå kva eg brukar den til. Kanskje eg får den til å passa til eit anna dikt?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fekk ikkje til å legga inne lenken til sida mi inn som eg ville,

og ikkje kjem den fram når eg trykker på "www"-feltet nederst på innlegget heller, men når eg går inn på "profil" og finne lenken der, så går det :lol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Går framleis til og frå jobb, kvar dag!

Er SÅ kry av meg sjølv!

Var også på gospel-audition i går, får vite innan ei veke om dei treng fleire songarar eller ikkje. Dirigenten var kjempekoselig, og det var veldig gøy :) HÅPEHÅPEHÅPEHÅPE!!!

OH! No er det lunsj! Det kom litt brått på!

See y'all!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Zalomine

Gå til og fra jobb hver dag er meget bra. (nå har visst jeg fått meg en miderligdig vaskejobb en plass som er omtrent 1,5 time å gå herfra da.. så det ser ut som om jeg kanskje får mitt aller føste månedskort på buss i mitt liv....)

*krysse fingre for deg om koret*

Ha en fortsatt fin dag, kos å lese dagboka di :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Annonse

Eg trur egentlig prøvesynginga gjekk bra, og dirigenten var så inspirerande og flink, men han visste ikkje om dei skulle ta inn fleire songarar eller ikkje, så han skulle ringa meg innan ei veke.

Men eg måtte tilslutt ringa og sei at eg uansett ikkje kunne vera med i koret, for:

Me skal flytta til Danmark!

Me har snakka om det dei siste 4 vekene, og bestemte oss i forrige helg.

Me hadde jo planlagd å bu på Vestlandet før Danmark, men med det fortreffelege jobbmarkedet me har i dette landet no, ga me det opp til slutt, og fann ut me berre skulle satsa på Danmark.

Stig reiser truleg ned i desember, og eg reiser ned truleg i byrjinga på februar.

Har faktisk blitt kontakta allereie ang jobb, etter at eg la inn CV'en min hjå den danske Arbejdsformidlingen.

Dei som kontakta meg er eit firma som driv med salg av microchips, og dette er eit 12 mnd barselsvikariat der dei har leita lenge etter ein nordmann til å ta seg av dei norske kundane deira, og det høyrest jo bra ut!!

Det er ikkje heilt bestemt enno, dei skal også snakka med ein par-tre til, og eg skal inn og helsa på dei når eg skal til Danmark i jula.

Men det er spennande!!

Til å byrja med skal me bu hjå svigers (i Århus området) til me finn vårt eige, og kvar det vert, kjem jo an på kvar me får jobb.

Det som er sikkert, er at det er på Jylland, og den nordlege halvdelen.

Håpar i alle fall at me får LITT tid til å laga nokre julegåver i alt flytterushet! Me flytta faktisk i juletida i fjor, og fekk såvidt gjort ferdig dei siste gåvene natt til julafta.

De får høyra meir etter kvart som tida går!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

PUH! Det var ein travel dag i går!

Eg jobba, skreiv brev for fagforeininga (er sekretær der) og registrerte påmeldingar til firmaet sine 3 juletrefestar.

Tre ting på ein gong, eg var som eit kinderegg! :hoho:

Burde eigentleg skriva eit fagforeiningsbrev i dag òg, men trur eg vil ta det litt roleg i dag, og heller "berre" jobba og registrera påmeldingar.

Har ikkje høyrt meir frå dei med barselsvikariatet, men dei skulle i alle fall ta kontakt att, så eg HÅPAR!!

Det hadde vore så greit å allereie ha jobb klar når eg flyttar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Har enno ikkje høyrt meir ang jobben i Viborg :(

Uansett om eg får den eller ikkje, så burde dei jo sei frå..

Er optimist litt til ;)

Julegåvene går det litt treigt med pga flytting også denne jula, men me har eit prosjekt på gang i lag med broren til Stig. Håpar me vert ferdige tidsnok!

Skal på julebord med styret i fagforeininga i kveld, det vert lite, stille og roleg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Hei Mailin,

Tenkte bare jeg ville ønske deg velkommen og lykke til i Danmark! Bor selv her, midt på Sjælland (ca 6 mil fra København). Håper du får jobben :) Er ikke mye snø og julestemning her nede, men det har i det minste slutta å regne og blitt et par minusgrader, men ikke noe snø så langt.

Jennifer :P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk!! :lol:

Her i Noreg er det snø, men eg har likevel ikkje julestemning.

I gjengjeld har eg hovudet fullt av tankar om ting eg må hugse å få gjort før jul og i forbindelse med flyttinga.

Håpar eg får roa meg ned i jula.... :blunke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

I AM TOBACK!

Ventar framleis på svar frå jobben i Danmark, men siste beskjeden var att sjefen der hadde sent papira mine til hovudkontoret i USA, for dei skulle ha siste ordet, og at han ville ha meg til stillinga!!!!

IIIIHH!!!

Dette fekk eg vita rett før helga, så eg håpar eg får svar snart. :lol:

Har ellers ikkje gjort så mykje anna enn å pakka siste veka. Hadde også fri måndag og tysdag denne veka, så eg har fått pakka og kasta ein del.

No er det berre vel ei veke att!

Me driv også og leitar etter bustad. Heldigvis er prisane SVÆRT annleis der nede.

Har ikkje så mykje meir interessant å fortelja, for det einaste eg har gjort i det siste er, som kjend, å pakka.

Eller, eg var jo ute med Ragnhild (god veninne og ex-kollega) og såg "Sweet Home Alabama" forrige veke. den var utrulig bra! Eg lo heilt vanvittig! På fredag skal me sjå "Gangs of New York".

I kveld er eg invitert på avskjedsmiddag med styret i fagforeininga, som eg faktisk var med og starta, og der eg har vore sekretær frå børjan.

Det vart kanskje litt vemodig .....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...