Gå til innhold

Ysera: ICSI - over 40


Ysera

Anbefalte innlegg

Hei @Ysera, jeg vil også bare legge igjen et spor her og si at jeg tenker på deg ofte!! Vil gjerne høre hvordan det går 💗 klem!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

  • 4 måneder senere...
På 7.5.2019 den 10.20, Mirabella76 skrev:

Kjære Ysera! No må eg berre skriva nokre ord til deg. Eg har venta lenge på ei oppdatering frå deg her inne, men eg reknar med at du har meir enn nok med deg sjølv for tida, og ikkje har orka å skriva noko her i dagboka di enda. :hug:

Eg har lenge fulgt deg og heia på deg, gjennom denne dagboka. Og du anar ikkje kor sterkt eg har ønska at det snart skulle bli din tur til å lykkast! Du virkar som ein veldig flott person, med eit stort ønske om å få oppleva å bli mamma. :hjerte: Og du hadde fortjent så uendelig mykje å lykkast no!

Eg vart så utrulig glad på dine vegne, då du fortalte at testen var positiv denne gangen, og at hcg-stigninga var så fin. Eg var heilt sikker på at denne gangen kom det til å gå bra heile vegen fram! For fin hcg-stigning skal jo bety at alt er bra med spiren i magen. Trudde iallfall eg... 

Då eg skreiv forrige innlegg til deg her inne, var eg fortsatt sikker på at alt var bra. Du skulle jo på tidleg UL, og eg venta spent på oppdatering om at alt var bra, og at du hadde fått sett eit lite bankande hjerte. Men det kom ingen gladmelding frå deg, og nokre dagar seinare leste eg tilfeldigvis i ei anna prøverdagbok, der du skreiv at TUL viste at det dessverre ikkje var noko liv der inne. :grine:

Det var så veldig trist å lesa, Ysera. Fy søren så sint og lei meg eg vart på dine vegne då. :( Det skal jo ikkje vera mulig, når du rett før hadde fått beskjed om at hcg-stigningen var så fin. Då kan ein jo ikkje stola på det heller då? 

Eg kan berre prøva å forestille meg kor vondt du må ha det no, Ysera. Tenker mykje på deg skal du vita, og eg synst dette er veldig urettferdig. Heldigvis har du to forsøk igjen, så alt håp er ikkje ute! Men eg forstår godt om du begynnar å mista håpet no, etter fleire negative forsøk og to tidlege abortar. 

Eg leste litt i starten av dagboka di, og såg at du og mannen din hadde vore prøvarar i ganske mange år, før dåke søkte hjelp. Med tanke på at du var i 30-åra då dåke starta prøvinga, burde dåke nok ha kontakta lege for utredning/hjelp etter max 1 års prøving uten at du hadde blitt gravid. Då hadde du vore yngre, hatt bedre eggkvalitet, og fleire år på deg til å bli gravid, før det vart for seint. Men det er lett å vera etterpåklok. Ikkje alltid ein tenker på sånt, når ein står midt oppi det, og tenker at det sikkert berre tar litt tid å bli gravid. 

Har du og mannen din tenkt på kva dåke gjer vidare, viss dåke heller ikkje lykkast på dei to siste forsøka? Sidan du har mista to gangar, er det vel kanskje ein mulighet for at eggkvaliteteten din ikkje lenger er god nok, og at fostera  derfor ikkje utviklar seg som dei skal, sjølv du blir gravid?

Eg veit at mannen din ikkje har så lyst til å adoptera, og adopsjonsprosessen tar jo og veldig lang tid. Kunne eggdonasjon ha vore ein mulighet, viss dåke ikkje lykkast på dei to siste ivf-forsøka? Då får du jo muligheten til å gå gravid og føda barnet sjølv, samtidig som mannen din blir biologisk far til barnet. Eg tenker at det kan bli lettare å takla det,  viss dei to neste forsøka heller ikkje skulle gå bra, om dåke har ein plan B i bakhånd. :jepp:

Uansett så vil eg ønskja deg all mulig lykke til vidare, uansett kva du og mannen din bestemmer dåke for! :klem: Det er jammen ikkje lett å halda ut ein sånn prosess som dette her, når draumen om å få bli foreldre blir knust gang på gang. Vil iallfall du skal vita at me er mange her inne som tenkjer på deg, og ønskjer deg alt det beste. Stå på Ysera, du er fantastisk! :hjerte:

Hei igjen @Mirabella76

Ja, det var verkeleg ikkje meininga å berre forsvinna frå "jordas overflate" slik eg gjorde. Og eg takkar for all støtte frå djupet av hjarta! Det kom godt med i ei tung tid. Eg klarte berre ikkje å hverken snakka eller skriva om det i ein periode, men pausen vart vel eigentleg mykje lenger enn tiltenkt... med både sommarferie og ny jobb 😃

Det som skjedde var at UL synte at noko var feil med fosteret... eigentleg kan ein nesten ikkje kalla det foster... det såg faktisk ut som ein kreftsvulst.... for å gjera ein lang historie kort, var eg igjen igjennom fleire Cytotec-kurar der 3. og siste kuren fungerte..... så denne gongen slapp eg utskraping. 

Me har to frosøk att og dei skal me gjennomføra ;) Eg er faktisk på stimuleringsdag nummer 6 i dag... så no er me igang att. :) Eg går på hestedosar (375 IE) av Bemfola, ikkje meir Menopur i denne omgang, og skal igjen bruke Prednisolon og Klexane saman med Lutinus frå innsett/uttaksdag av. UL for sjekk av follikkelvekst blir på mandag... så får me sjå kva som skjer og ta ting som det kjem! :) 

Eg kunne fort blitt bitter sidan eg opp gjennom åra har krangla med både fastlege og gynekolog då dei ikkje ville senda meg vidare til IVF pga veldig gode verdiar... svaret var alltid det samme: "prøv litt til, med dine verdiar skulle ein ikkje tru du var over 30". til slutt fekk eg nok, bytta fastlege og som ved eit trylleslag var me endeleg vidare i prosessen. Men då var eg nærmare 41 og me fekk ikkje hjelp i det offentlege.. så då måtte me berre trå til sjølve. det som irriterer meg mest med heile prosessen er at hadde eg visst dette for berre nokre år sida så hadde eg solgt min leilighet allerede då og berre gått direkte privat. :) Men, sånn vart det ikkje så me får berre prøva dei siste forsøka me har og om det ikkje går så får eg heller setja alle klutar til for å bli verdens beste tante!!

Eg har og klart å få gubben til å vurdere fosterbarn, og då har me endå litt betre tid... så eg får kanskje eit barn eller to likevel ;) 

Uansett: tusen takk for at du er du! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så utruleg kjekt å endeleg høyra frå deg igjen, Ysera! :klem1: Eg begynte å bli redd for at du ikkje kom til å skriva meir i dagboka di, viss du ikkje vart gravid igjen. For eg skjønte jo at det var utruleg vondt for deg at den siste graviditeten din heller ikkje vart noko av, og eg var redd du hadde gitt opp håpet og ikkje orka meir av verken prøving eller dagbokskriving. Heldigvis var det ikkje sånn, men eg kan tenkja meg at det har vore godt med ein lang pause. Så er eg veldig glad for at du er tilbake igjen no! :hjerte:

Så utruleg kjekt å høyra at du er i gang med nytt forsøk, Ysera! :strix: Du skulle berre ha visst kor sterkt eg ønskjer at det skal bli din tur no. Synst det høyrest ille ut at fastlegen din ba dåke om å prøva meir på eiga hand over så lang tid. Greit nok om du hadde vore i starten av 20-åra, men når du hadde passert 30 så blir det jo noko heilt anna. Tullelege! :sur:

Så bra at du har fått mannen din med på å vurdera fosterbarn, viss du ikkje blir gravid på dei to siste forsøka. Alltid greit å ha ein plan B i bakhånd. :Nikke: Kva tenkjer mannen din om eggdonasjon då? Det er jo ein fin mulighet, viss du ønskjer å gå gravid og føda barnet ditt. Men no er det plan A som gjeld foreløpig, og eg heiar masse på deg, Ysera! :duskedame: Og no må du lova meg å halda oss oppdatert i vekene framover, for dette blir spennande, nesten litt for spennande. :bond: 

Skulle ønskja at eg hadde ein trylledrikk til deg, som fekk kroppen din til å gjera alt det rette, og laga ein perfekt liten spire som klorar seg fast heilt fram til termin. Men eg kan nok ikkje gjera så mykje meir enn å kryssa fingrane for deg, heia på deg og senda deg mange gode tankar og lykkeønskningar! Så får eg berre håpa at det er nok, for no er det verkeleg ingen som helst tvil om at det er din tur til å få oppleva å bli mamma. :hjerte: :hug:

Endret av Mirabella76
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så spennende med nytt forsøk! Da er vi faktisk ganske likt i løypa, jeg har siste sprøyte Menopur i kveld og uttak onsdag. Du er vel littegrann bak meg! Jeg har 300 IE i dose, føles som hestedose det også! Tolv sprøytedager på meg denne gangen. Planen er å dyrke til blasto, men jeg er usikker pga jeg føler hormonnivåene mine faller for fort. Får høre med klinikken. Har du pleid å ta HCG-støtte etter innsett? Tenker jeg skal spørre om det. Masse masse lykke til, håper virkelig du får klaff denne gangen 🤞💗😊Sender en stor gjensynsklem💗

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skjønner veldig godt du unnet deg en lang pause, det er viktig å koble ut mellom slagene og prøve å fokusere på andre ting. Spennende å være i gang igjen da, håper virkelig det blir en mye bedre runde på deg denne gangen og at du slipper å benytte deg av plan B. Det er en beinhard prosess dette her så all ære til deg som orker å prøve igjen ❤️

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Då har eg vert på UL på Hausken i dag. Hugsar ikkje 100% kor mange folliklar som er der, men skal prøva likevel. Eg veit sikkert at det var ein på 18, to på 16, ein på 15, ein (eller to) på 14, trur det var to på 12 og ein (eller to) på 10, ein fira-fem på 8 og til slutt to veldig små på 6 og 7 mm. Så her har eg eit heilt spekter... ;) får sjå kva det endar på til slutt...

Uansett så vert det uttak på fredag kl. 09:00. så nett nokre få dagar att med sprøyter! :) og akkurat som på det fyrste forsøket vårt så vert det no uttak på dag 13. 

På 27.10.2019 den 7.39, Waldfee skrev:

Så spennende med nytt forsøk! Da er vi faktisk ganske likt i løypa, jeg har siste sprøyte Menopur i kveld og uttak onsdag. Du er vel littegrann bak meg! Jeg har 300 IE i dose, føles som hestedose det også! Tolv sprøytedager på meg denne gangen. Planen er å dyrke til blasto, men jeg er usikker pga jeg føler hormonnivåene mine faller for fort. Får høre med klinikken. Har du pleid å ta HCG-støtte etter innsett? Tenker jeg skal spørre om det. Masse masse lykke til, håper virkelig du får klaff denne gangen 🤞💗😊Sender en stor gjensynsklem💗

Ja, du er 3 dagar framfor meg ;) så igjen skal me fylgja kvarandre! Håpar det ordnar seg for oss begge to no denne gongen!! Wow, så du skal dyrke til blasto? Det har me aldri gjort, det lengste me har er innsett av 3-dagars. Men me har alltid fått tilbake 2 dei gongene me har fått tilbakeført. den eine gongen me ikkje fekk det hadde me jo absolutt ingenting. nei, HCG-støtte har det ikkje vert snakk om her.. eg kan jo spørra, men tviler. STOR gjensynsklem tilbake :klem:

På 26.10.2019 den 0.26, Mirabella76 skrev:

Så utruleg kjekt å endeleg høyra frå deg igjen, Ysera! :klem1: Eg begynte å bli redd for at du ikkje kom til å skriva meir i dagboka di, viss du ikkje vart gravid igjen. For eg skjønte jo at det var utruleg vondt for deg at den siste graviditeten din heller ikkje vart noko av, og eg var redd du hadde gitt opp håpet og ikkje orka meir av verken prøving eller dagbokskriving. Heldigvis var det ikkje sånn, men eg kan tenkja meg at det har vore godt med ein lang pause. Så er eg veldig glad for at du er tilbake igjen no! :hjerte:

Så utruleg kjekt å høyra at du er i gang med nytt forsøk, Ysera! :strix: Du skulle berre ha visst kor sterkt eg ønskjer at det skal bli din tur no. Synst det høyrest ille ut at fastlegen din ba dåke om å prøva meir på eiga hand over så lang tid. Greit nok om du hadde vore i starten av 20-åra, men når du hadde passert 30 så blir det jo noko heilt anna. Tullelege! :sur:

Så bra at du har fått mannen din med på å vurdera fosterbarn, viss du ikkje blir gravid på dei to siste forsøka. Alltid greit å ha ein plan B i bakhånd. :Nikke: Kva tenkjer mannen din om eggdonasjon då? Det er jo ein fin mulighet, viss du ønskjer å gå gravid og føda barnet ditt. Men no er det plan A som gjeld foreløpig, og eg heiar masse på deg, Ysera! :duskedame: Og no må du lova meg å halda oss oppdatert i vekene framover, for dette blir spennande, nesten litt for spennande. :bond: 

Skulle ønskja at eg hadde ein trylledrikk til deg, som fekk kroppen din til å gjera alt det rette, og laga ein perfekt liten spire som klorar seg fast heilt fram til termin. Men eg kan nok ikkje gjera så mykje meir enn å kryssa fingrane for deg, heia på deg og senda deg mange gode tankar og lykkeønskningar! Så får eg berre håpa at det er nok, for no er det verkeleg ingen som helst tvil om at det er din tur til å få oppleva å bli mamma. :hjerte: :hug:

Veldig godt å vera tilbake og i gang med nytt forsøk allerede. ❤️ Me hadde vert i gang tidlegare om det ikkje hadde vore for alt stresset på jobb dei siste månadane... har jobba veldig lange dagar... har faktisk såpass med fleksitid (+ nokre få fridagar att) som kjem til å resultera i ein minmum 3 vekers lang juleferie ;)

Ja, han dimlingen av ein lege har eg krangla mykje med, så veldig glad eg til slutt fekk bytta fastlege (og har slutta å gå til den gynekologen). Min nye fastlege (for 2,5 år sidan) er kjempeflink og grei.... berre synd eg ikkje bytta før... men det er ingenting eg kan gjera med det i dag, så no får me berre sjå framover. Og vert det ikkje små på eine måten, så skal eg nok klare det på ein annan måte ;)

Me har vurdert eggdonasjon, men vart einige no sist om at me heller gjekk for ein ny pakkeløysing hos Hausken. Om det ikkje funkar så får me leva livet og reisa jorda rundt (og lata som om me er i 20-åra, når me klarer det) i ein liten periode og så heller snu fokuset mot fosterbarn. ;) Ordnar seg nok på eit vis. :)

tusen takk for all støtte! Det hjelper på for ein sliten skrott ❤️ stor skvisutallluftaklem frå meg! :klem:

På 27.10.2019 den 10.00, Wiley skrev:

Skjønner veldig godt du unnet deg en lang pause, det er viktig å koble ut mellom slagene og prøve å fokusere på andre ting. Spennende å være i gang igjen da, håper virkelig det blir en mye bedre runde på deg denne gangen og at du slipper å benytte deg av plan B. Det er en beinhard prosess dette her så all ære til deg som orker å prøve igjen ❤️

ja, den pausen var viktig for både hovud og kropp elles. :) Det rare er at det denne gongen er godt å vera i gang att... eg har liksom lagt i frå meg den panikken for ikkje å få det til denne gongen. Om me må gjennom det siste forsøket så kan det godt vera at den panikk-følelsen kjem att, men akkurat no er den forsvunne som dugg for sola. ;) Deilig!

håper jo såklart at det funker denne gongen, men om det ikkje gjer det så kjem eg UANSETT til å gjennomføra siste forsøket og... vil liksom vera 100% sikker på at me har prøvd absolutt ALT me kunne. :Nikke:

godt å vera tilbake! Og verkeleg kjekt at du har lykkast! ❤️ Eg er utruleg glad på dine vegne og synest det er veldig kjekt at eg kan følga deg på di reise! Stor og og god klem frå meg! :klem:

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med mange fine folliklar på UL i dag! :duskedame: Og så spennande med uttak allerede på fredag. :hoppe:

Bra at du har ein flink og grei fastlege no iallfall, berre synd at du ikkje bytta fastlege før. Då kunne du ha kome i gang med  ivf-forsøk mykje før, men eg kryssar alt eg har for at det enda ikkje er for seint. :hug:

Eg synst dåke gjorde eit lurt valg i å gå for ein ny pakkeløysing på Hausken. :jepp: Var det sånn at dåke hadde pengar som skulle brukast enten på det eller på eggdonasjon? Det går jo uansett an å prøva eggdonasjon etterpå, viss dåke ikkje lykkast på desse 3 ivf-forsøka heller. Men viss du og mannen ikkje har pengane klare med ein gang, så tar det  vel sikkert litt tid å spara opp nok pengar igjen. Og då kan eg jo forstå at du tenkjer at fosterbarn er ei bedre løysing. 

Masse masse lykke til med eggittak på fredag, Ysera! :strix: Håpar du får ut mange fine egg, og minst eitt gullegg. :hjerte: :tommel:

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

satte Ovitrell'en i går-kveld sånn i 9-tida. så no er det berre å venta på morogdagen og uttak. :)

Vart forresten oppringt av klinikken i dag, då dei med det nye systemet måtte gi meg mitt eingongspassord sånn at eg kan få logge meg inn i løpet av helga og få oppdateringar om korleis det går. I samme slangen fekk eg beskjed om at me denne gongen skal prøve å dyrke til blasto før innsett. Og det var jo såklart startskuddet for at eg skulle begynne å bekymre meg... hahaha! heilt utruleg at det skal så lite til, huff veit liksom ikkje heilt. No er eg berre bekymra for at me ikkje skal få nokonting å setja tilbake.... Ja, ja, får vel berre prøva å legga det i frå meg. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lykke til i morgen!! Håper blasto er tingen, selv om det er uutholdelige mange dager å vente 😊 Hvor er det du er som har pålogging for å sjekke status?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, prøverpåny skrev:

Lykke til i morgen!! Håper blasto er tingen, selv om det er uutholdelige mange dager å vente 😊 Hvor er det du er som har pålogging for å sjekke status?

Hausken har det ☺️

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

20 timer siden, prøverpåny skrev:

Lykke til i morgen!! Håper blasto er tingen, selv om det er uutholdelige mange dager å vente 😊 Hvor er det du er som har pålogging for å sjekke status?

Takk! Er på Hausken i Bergen. :) 

18 timer siden, Waldfee skrev:

Lykke til 🤞💗 Spennende med blasto! 

Takker, Ja, nesten litt for spanande! Blir litt for nervøs for at det skal resultera i ingen innsett... men eg får berre kryssa fingrane for at det går fint!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Phew! Då er eg tilbake etter egguttak. Var så påverka av medisinane etter uttaket at eg var heilt slått ut... I dag var det sånn at eg kjende lite av sjølve uttaket, kjende litt innimellom, men medisinane funka så godt at eg heilt sikkert kunne ha sovna der eg låg.. Døsa faktisk av innimellom. Eg hadde det strålande i dag ;) 

Så då me kom heim etter uttaket fekk me i oss litt mat før eg tusla i seng og sov frå kl 11 til 14, trong det tydelegvis. :)

Uansett var det veldig spanande: i syrste eggstokken fekk dei ut 4 egg, medan den andre hadde produsert 6 egg! Så eg er strålande nøgd med heile 10 egg ut! Fekk og beskjed om at foliklane var alle i fin størrelse og verka jevne og fine i størrelsen. Prøven til gubben var og god, men som avtalt vert det gjennomført ICSI på alle for å vera heilt på den sikre sida. ;) 

så no er det berre å smøra seg med tolmodigheit og venta til i 10-tida i morgo med å sjekka portalen for å få veta korleis ståa er. Eg er opptatt på messe i heile helga, så det vert lite med oppdatering her inne. Men eg skal prøva å få oppdatert på søndagen når eg er heime att. Uansett skal eg nyta nokre glass med vin i morgo og feira overstått uttak! :)

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer med overstått uttak og flott resultat! Håper det utvikler seg fint nå, med såpass mange så bør det jo være sjangser for å få noe som holder til blasto så dette kan jo fort gå veldig fint! 

Kjenner godt igjen den følelsen med mindre panikk hvis planen videre er klar, det hjelper alltid å vite hva neste mulighet er, selv om kjipe nyheter alltid er kjipe. Om du må videre til tredje runde tenker jeg nesten det viktigste er å legge en plan for hva dere gjør om det ikke går, sånn at fallhøyden ikke blir så vanvittig stor. Men det trenger du ikke tenke på nå, for nå satser vi på at denne runden er den du har ventet på!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Så flott med 10 egg ut 👍😊💗!! Det er kjempebra! Og flott med jevn størrelse! Og så deilig at uttaket gikk så fint! Jeg heier masse på dine embryo gjennom helga💪🏼👏. Stor klem fra meg 💗

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, kjenner litt på at panikken kjem snikande. Fekk oppdatering frå Hausken i går.... av dei 10 egga var 9 modne og det vart gjennomført ICSI på samtlege. MEN då dei sendte oppdateringa på laurdag var det berre 3 egg som var blitt befrukta :raven: 

så no er eg begynt å tvila på om me i det heile tatt kjem til å få til eit innsett denne gongen. BAH! 

Endret av Ysera
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Å nei! Men håper alle tre er gullegg 🤞💗! Kjenner følelsen - har samme følelse for i morgen for egen del. Veldig spent om det blir noe å sette inn. Krysser fingrene for deg💗🤞

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

17 timer siden, Waldfee skrev:

Å nei! Men håper alle tre er gullegg 🤞💗! Kjenner følelsen - har samme følelse for i morgen for egen del. Veldig spent om det blir noe å sette inn. Krysser fingrene for deg💗🤞

Ja håper verkeleg at alle 3 er gullegg!! 😉 Dei har no uansett overraska meg allerede. Eg var sikker på at me kom til å sitta med berre eit eller ingen egg i dag, men alle 3 heng visst fortsatt med! 👏🤞 så no er det berre å kryssa fingrane litt til og håpe at me kjem oss heilt til innsett og kanskje endå lenger denne gongen. Uansett så blir det som det blir.... me har gjort det me kan så langt 😊

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...