Stol på meg
For ei stund sidan plukka eg med meg ein sånn heilt vanleg stålrøyrsstol frå fyllinga. Diverre såg trekket slik ut:
Difor fann eg fram eit greitt stoff eg hadde liggjande (det var riktignok ikkje heilt eigna til møbelstoff, men man tager vad haver) og trekte om.
Sjølve setet var enkelt og greitt med stiftar på undersida. Til stolryggen brukte eg det gamle stoffet som mønster for det nye. Det var lettare sagt enn gjort, men med nok nåler gjekk det no på eit vis:
Rundt kantane er det smart å forsegle med sikksakksting eller liknande slik at ein ikkje risikerer rakning.
Og her kom den kjipe delen. Som de kan sjå på biletet må holet vere ganske stort for at ryggplata skal gå inn i trekket, og heile det stykket måtte etterpå syast med skjulte sting.
Og då stolen var ferdig montert rakk eg knapt å blunke før Max og Ella dukka opp for å inspisere.
Alt i alt eit kjekt og enkelt prosjekt!
0 kommentarer
Anbefalte kommentarer
Det er ingen kommentarer å vise.