Gå til innhold

Dagdraum

  • blogginnlegg
    62
  • kommentarer
    5
  • visninger
    69 873

Om denne bloggen

Vintagehekta, fargerik, avogtil deprimert, men stort sett kreativ og sprudlande. Syande, strikkande, leikande og kanskje til og med vakker.

Blogginnlegg i bloggen

selskapelegheiter

Etter ein særs kosete morgon måtte eg tilbringe heile arbeidsdagen med klump i magen. Eg turde ikkje å seie det til dykk i går, men faktisk så var eg kjemperedd for at ingen skulle dukke opp i bursdagen min. Ikkje hadde eg lagt opp til nokon skikkeleg fest slik alle andre på min alder helst gjer, og i tillegg inviterte eg heilt i siste liten, kanskje litt for at eg ikkje skulle få høge forventningar ellernoko. Heime hadde Oda vore kjempesnill og baka bollar og mamma gjorde ein kjempeinnsats m

Moscato

Moscato

Min dag i dag

21 Hurraaa Ja, det er puppar på veggen bak meg. Thomasfarmor sitt veggteppe, faktisk. De kan få helse på ho ein dag seinare! No skal eg tilbringe dagen på jobb før det blir selskap i kveld.

Moscato

Moscato

Kvadruppelbursdag

Når ein er mange i same familie som har bursdag omtrent på same tid er det ikkje så dumt å lage fellesfeiring. I går feira vi Thore (41), Nikolai (14), Severin (9) og Laurits (7) med kaker, focaccia, pastasalat og nydeleg viltgryte. Onkel Thore og tante Reidun bur på ein av dei vakraste stadene eg veit om. Ei knøtlita bygd med om lag fire hus, fem låvar og eit par stabbur rett ved Hornindalsvatnet. Der jobba eg om sommaren då eg var yngre og eg berre elskar å vere der. Og så f

Moscato

Moscato

Blue shoes - frå gammalt til nytt

Før Etter Ein gammal juleduk, nål, tråd, eit par spenner, litt garn og mykje tid var alt som skulle til for å gjere dei blasse, keisame sandalane til brukbare kvardagssko. Og så med kilehæl, som er så fantastisk in i sommar! Med litt pynt kan dei dessutan bli ganske festfine. Tør eg foreslå ein blome? Dei er litt store til meg, så viss nokon har lyst på: skrik ut!

Moscato

Moscato

Lukkeplanar

Ferdigfiksa sko, sætratur med Balder, og - Æææh - bestilt sydentur! Dei neste vekene skal bli heilt fantastiske, heilt utan tvil, for dei skal sjå sånn omlag slik ut som det her: Måndag - Fri, kose, trene, fikse, rydde. Tysdag Superduperdate med Sigrid og Elias<3 Onsdag (bilete: Iris Taklo) BURSDAGEN MIN Dagen då eg faktisk blir 21 år. Kaffi, kake, familie og gode vener er obligatorisk. Og jordbær. Fint <3 Sundag nittande - Dagen då Annika skal døypast, og e

Moscato

Moscato

Stol på meg

For ei stund sidan plukka eg med meg ein sånn heilt vanleg stålrøyrsstol frå fyllinga. Diverre såg trekket slik ut: Difor fann eg fram eit greitt stoff eg hadde liggjande (det var riktignok ikkje heilt eigna til møbelstoff, men man tager vad haver) og trekte om. Sjølve setet var enkelt og greitt med stiftar på undersida. Til stolryggen brukte eg det gamle stoffet som mønster for det nye. Det var lettare sagt enn gjort, men med nok nåler gjekk det no på eit vis: Rundt kantane er det s

Moscato

Moscato

Glimt frå barndomen - 3

Sommaren 1995 fekk min kjære onkel Thore si Reidunn. Tante Reidunn sto vakker krunebrur og kyrkja var full av bunadkledde gjestar. Kristian-bror og eg, som på den tida var tre og fem år gamle, fekk vere stolt bruresvein og brurepike. Eg hugsar utruleg godt korleis det var å få ta på seg den nydelege mormorsydde brurepikekjolen medan mamma forklarte oss at det var viktig at vi sat fint i kyrkjetrappa under vigsla - det betydde nemleg ulukke dersom bruresveinane og -pikene såg på brureparet me

Moscato

Moscato

Babe. Heldiggrisen, veit du.

Ei superheldig jente fekk i dag trille tur med verdas skjønnaste Annika. Heldigvis var det nettopp eg som var denne superheldige jenta, og medan Annika og eg trilla oss av garde forbi duggvåte blomar, feite meitemarkar og sjarmerande gamlehus, sat Annika-mammaen Toril heime og laga fine dåpsinvitasjonar. Annika sovna på ein blunk (sikkert for å sleppe å høyre på mi mållause nynning av songar som ikkje finst), så for Toril og meg vart det sladretid og sjokolade heilt til Annika skulle badast. Og

Moscato

Moscato

Meg. Sol.

Sol, det er meg. Om berre åtte dagar er eg 21 år. Eg bur - heime på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, der eg voks opp - ilag med familien min høgst midlertidig. Ein likar ikkje å flytte heim etter å ha budd vekke - i eit murhus utan hage og eg saknar hage. Masse. Helst skulle eg hatt gard - i etasjen over oldemor, og rett over gata for mormor Familien - består kronologisk oppramsa av pappa, mamma, meg, Kristian Sivert, Steffen, Oda Elise Marie og Torjus - har fem kattar Merc

Moscato

Moscato

Juni

Månaden for sommar, sankthans, ferie og bursdag!

Moscato

Moscato

Sologregn

Mitt kjære syskenbarn har linka til bloggen min. Hels gjerne på henne!

Moscato

Moscato

pas encore vu

Ein gong iblant kan eg vere i gong med å gjere noko, eller på veg til å gjere noko, og så går det plutseleg opp for meg at eg aldri har gjort akkurat den tingen før. At eg gjer akkurat dette for aller fyrste gong i heile det (nesten) 21 år lange livet mitt akkurat her og no. Som regel er den tanken flyktig. Litt som kjensla av déjà vu forsvinn tanken like brått som den kom, og så har eg gjerne gløymt heile situasjonen nokre minutt etterpå. Men i dag fekk eg fanga tanken og teke vare på d

Moscato

Moscato

Orden i sysakene

No som eg endeleg er ferdig med å fikse arveskrinet mitt, har eg omsider fått eit system i alt rotet mitt! Sjå her for detaljar og før- og etter-bilete.

Moscato

Moscato

×
×
  • Opprett ny...