Gå til innhold

Fremhevede innlegg

Skrevet

Hei!

Kjærasten min hadde bestilt seg tur frå der han bur, for å koma og besøka meg i 12 dagar. Han bur ganske langt vekke, og skal flytte inn med meg i september, men fram til då har me sommarjobbar begge to som held oss til heimstadene våre.

 

Kjærasten min (heretter A) fekk tilbod om fast stilling som nattevakt på eit hotell der han bur. Ei veke av, ei veke på, fram til september. Både han og eg vart sjølvsagt kjempeglad, for me treng verkeleg pengane, og han takka så klart ja til dette, men nemnde at han skulle vekk dei 12 dagene, korav 5 dagar var arbeidsdagar. Dei sa dette gjekk helt fint, og det blei teikna kontrakt.

På kvelden såg A at det var skrivefeil i personnummeret hans, og han tok kontakt med sjefen for å få retta opp i dette. Dei sa dei skulle ordne det.

Dagen etter får han beskjed om at han ikkje får jobben likevel, pga dei fem dagane han skulle vere hos meg. Han kunne derimot få jobben likevel, viss han la om ferien sin.

 

Billetten var som sagt allereie kjøpt, og alternativet han hadde var altså å anten ikkje få jobben (som ikkje eigentleg var eit alternativ), eller halvera ferien sin, i tillegg til å reise heim på bursdagen min. Eg sa at det kom ikkje på tale, då kunne han heller koma ein annan gang. Han blei veldig lei seg, for han hadde gleda seg til å være med meg, og det hadde jo eg og, så me tenkte å endra billetten hans, men fekk ikkje lov til dette då det var ein ungdomsbillett, så med andre ord tapar me over 1000 kr på dette. 

 

Det vi har endt opp med å gjøre er å avbestille hele turen hans (får berre igjen skattar og avgifter), og kjøpe ny billett til meg, og at eg besøker ham i staden.

 

Det eg lurar på er dette:

Hadde jobben hans eigentleg lov å gje A kontrakt, for deretter å nekta han same kontrakten dagen etter, sjølv om det ikkje var komen nokon ny informasjon? 

Videoannonse
Annonse
Skrevet

De hadde tilbudt han jobben, hvis det var uten forbehold, så er det en avtale.

Det hjelper veldig om dette var skriftlig i en eller annen form.

Det at personnummer var feil har ingen betydning så lenge det ikke er tvil om at det gjaldt han.

En annen ting er jo om det blir noe særlig å jobbe der når starten er sånn.

  • Liker 2
Skrevet

Takk for svar. Var det eg trudde og. Ikkje at det har så mykje å seie, for me har jo ordna oss på ein annan måte. Men det er jo kjekt å vite om nokon av oss skulle kome opp i ein liknande situasjon seinare.

 

Sjølv er eg lite nøgd med korleis jobben hans gjorde ting, men ettersom han ikkje kunne ta sjansen på å miste jobben, såg me ingen annan utveg enn å føye oss etter dei, sjølv om me tapte ein god del pengar på det.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...