Linn3c Skrevet 30. juni 2006 Forfatter #2521 Skrevet 30. juni 2006 Saeria: Fekk lagt saman kleda også, og tatt meg ein god kvil. Vakna opp med vondt i bekkenet, så kvelden vert roleg for min del.
Saeria Skrevet 30. juni 2006 #2522 Skrevet 30. juni 2006 Så kjedelig med vondt bekken. Håper mannen unnskylder seg når han kommer hjem.
Linn3c Skrevet 30. juni 2006 Forfatter #2523 Skrevet 30. juni 2006 Jada, alt er bra igjen no. Han var berre som Heidi76 sa, veldig stressa. Og han er jo ikkje vant til at eg er så emosjonell, så han skjønte ikkje at eg vart veldig lei meg av at han var så kort i telefonen.
Saeria Skrevet 30. juni 2006 #2524 Skrevet 30. juni 2006 Ikke greit nei. Tenkte meg at han var stressa, men mange blir nok ekstra følsomme når de går gravide. Ikke greit for mannen din heller, som ikke kan sette seg helt inn i din situasjon som gravid. Hormoner som flyr, plager i kroppen, alt er nytt..... Men det viktigste er at han elsker deg, og at kjærlighetsbarnet er på vei!
~Capricorn~ Skrevet 30. juni 2006 #2526 Skrevet 30. juni 2006 Så bra at alt ordnet seg da. Er nok ikke greit med alle hormonene nei. Er nok ikke så greit å være mann, og skulle forholde seg til alt som skjer med en gravid kropp nei.. (håper jeg blir litt hormonell snart jeg og.. )
Linn3c Skrevet 1. juli 2006 Forfatter #2527 Skrevet 1. juli 2006 God morgon! No er eg nydusja og sit her på datarommet saman med min kjære. Men har sove leeeeenge i dag. Og det var heilt fantastisk. Eg vakna som vanleg klokka 8, gjekk på do og gjekk tilbake i senga. Då kom Titus og la seg tett inntil meg på eine sida og mannen trekte meg inntil seg på andre sida. Så koseleg! ~Capricorn~: Du skal ikkje sjå heilt vekk frå det då. Just keep on trying! I dag skal me.... ingenting! Har ikkje lagt planar i det heile tatt. Men sola skin og pakkinga gjer seg ikkje sjølv. Så det blir vel sikkert noko kjekt som me kan gjera saman!
Linn3c Skrevet 1. juli 2006 Forfatter #2528 Skrevet 1. juli 2006 Då har me pakka to kassar i dag. Orka ikkje meir. Det var så varmt. Elles har me kost oss i stova - i rotet vårt.. Utruleg kor rotete det blir når ein skal til å flytte. Me har også vore ein liiiiten tur på sjukehuset til ein onkel som er hjarteoperert, men han var sliten, derav det svært så korte visitten. Etterpå såg me England - Portugal. Kjempespennande! Så spennande at me nesten gløymte å gå på butikken. Me sprang på butikken etter straffe-konken og rakk det akkurat. Så no skal me til å laga middag. Spaghetti med ein god heimelaga kjøtt-tomat-saus. Men sidan me er tre stykk som skal "lage middag saman" så klikka det for mannen når bror min berre forsvann, så då er middagen utsett på ubestemt tid. Me ventar på at han skal koma nedatt frå rommet sitt og ta litt initiativ. Å "lage middag saman" betyr ikkje at me spleisar på middagen og Linn3c og mannen som er kjempesvoltne, står og lagar han åleine. Nemlig! Men sidan eg er kjempesvolten, må eg nok ha meg litt mat snart. Vil jo ikkje at junior skal svelte heller
Malama Skrevet 1. juli 2006 #2529 Skrevet 1. juli 2006 Enkelte ganger tror noen at "gjøre sammen" betyr at noen andre gjør alt... Dårlig gjort. Du får finne noe å putte i deg så ikke du og småtten sulter helt da!
Linn3c Skrevet 2. juli 2006 Forfatter #2531 Skrevet 2. juli 2006 Det gjekk bra med middagen i går, broren kom nedatt etter ei stund, og middagen vart eit faktum like før fotballkampen begynte
Pip Skrevet 2. juli 2006 #2533 Skrevet 2. juli 2006 Korleis er det med bekkenet ditt? Har du fått fysioterapi eller noko? For det høyrest ikkje kjekt ut viss det er sånn at du ikkje fungerer skikkeleg heile tida... Reknar med du ligg med ei pute mellom knea om natta - det hjalp i alle fall masse på meg. Og gode sko, og veksle ofte mellom sitje, stå, gå, evt. liggje... Og gå på tå opp trapper. Og halde beina samla... Mange gode råd ja - håpar i alle fall du vert betre! (No, etter ferien byrja, kjenner eg berre litt av og til - deilig!) Håpar de kosar dykk i godveret!
Linn3c Skrevet 2. juli 2006 Forfatter #2534 Skrevet 2. juli 2006 Saeria: Pip: Ja, eg kooosar meg med ferie (dvs sjukemelding - eg har jo ingenting å ha ferie ifrå). Bekkenet har sine dagar, men som regel er det ganske greitt. Eg trener nokså regelmessig, noko som er til stoooor hjelp. Burde begynt før, men betre seint enn aldri seier no eg. Har ikkje fått fysio, men har fått eit godt treningsprogram av ein trenar ved treningsstudioet mitt. Pute mellom beina har eg prøvd, men har førebels for stor pute. Men dyna funkar no som det er så varmt. Har forresten vore å trent i dag, det var nesten FOR varmt, og me var stort sett dei einaste der. Etterpå gjekk me på fotballbanen, eg, mannen og bror min. Dei skaut litt på mål og kvarandre, og eg såg mest på. Våga meg nedpå litt også, og det gjekk greitt å skyte litt, så lenge eg ikkje gjorde nokre krumspring. På veg heimatt kjøpte me is, slik at me ikkje skulle mista for mange kcal.. til Silvius!
Gjest gjest1 Skrevet 2. juli 2006 #2535 Skrevet 2. juli 2006 Heisann vennen. Kjedelig med sånne misforståelser med mannen, men samtidig godt at han bare var stressa da du ringte han. Høres deilig ut å sove lenge.....jeg også vil. Har jobbet i helgen så det har blitt lite soving på meg....
Linn3c Skrevet 2. juli 2006 Forfatter #2536 Skrevet 2. juli 2006 Heihei! Så kjekt at du tittar innom Heidi76! Om eg ikkje hugsar heilt feil betyr vel jobbehelg at du har fri i morgon, ikkje sant? Mannen ser på Jurassic Park på NRK1, og eg syns berre at det var teit. Av og til kan det vera fascinerande å sjå på det, med dei store dyra dei har klart å laga og slikt, men i dag var ikkje ein av dei dagane. Eg har pakka litt til medan han har sett på det, så no er ein kasse til ferdig. Sjølv om eg har MASSE å pakka ned, byrjar eg å bli litt i stuss om kva eg skal pakka ned. For det er jo trass alt ein månad til til meflyttar, og dei nødvendigaste tinga må me jo venta med til slutt. Og dei skal jo i tillegg ikkje pakkast i kassar, men i baggar og slikt sidan me ikkje skal overta huset før tidlegast i midten av august, men bu litt hos svigers og vera litt på ferie, og på slutten kanskje bu litt hos mine foreldre. Ferien er ikkje heilt planlagt, men me kjem til å legga opp løpet etter dagsformen min, køyra når eg orkar og ta pausar og overnatte når eg heller vil det. Skal prøva å få tatt ein tur innom sjukehuset på Voss på turen, sidan jordmora snakka så positivt om å føde der. Elles blir turen til som tida går. Det blir artig. Håpar eg. Me skal besøka litt familie i Sogndal, og så vender me nasa austover. Skal innom Tønsberg og Bærum. Og kanskje Ål, men det er litt meir usikkert. Men det blir nok koseleg. Berre meg og mannen. me har faktisk aldri vore på ferie berre oss to før, så det blir nok heilt supert. Gler meg masse til litt åleinetid, berre oss!
Gjest Gjesta Skrevet 3. juli 2006 #2537 Skrevet 3. juli 2006 ÅH, det høres helt nydelig ut å planlegge ferie!!! Må si jeg savner det at vi ikke skal på noen tur i sommer...elsker å gå og vente og glede meg! Håper dere får en flott ferie sammen! Ha en god dag!
Linn3c Skrevet 3. juli 2006 Forfatter #2539 Skrevet 3. juli 2006 Mårnings! på Kverula. Ja, no gler eg meg til ferie. Du får jo noko myyyykje betre enn ferie denne sommaren du då. I dag forsov mannen min seg altså! Huff, han trudde han sette alarmen på "snooze," men slo han av i staden. Ille-pernille... Jaja, han kom seg ut av senga til slutt...
Linn3c Skrevet 3. juli 2006 Forfatter #2540 Skrevet 3. juli 2006 Og der hadde Havfrua "smite seg i mellom" som dei seier her eg bur..
Fremhevede innlegg