Gå til innhold

Linn3c sin veg til å bli mamma


Linn3c

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Annonse

Annonse

Takk for gratuasjon på ei vekes dagen og avatar-skryt. :)

Me kosar oss framleis her heime, Småtten søv, et og bæsjar. Og kosar masse med mammaen og pappaen sin. Me har masse besøk heile tida, så det blir ikkje så masse tid til å oppdatera her inne.

Men på ei vekes dagen har me hatt besøk av farfar og bestemor og ei kompis av mannen som bur her i helga. Me har ete opp alt av kaker og slikt som me hadde laga til på førehand, så serveringa vart rimeleg enkel i dag med Ritz-kjeks med ost på. :ler: Men no har eg baka ny kake, så no har me til å servera i morgon når me får meir besøk. Då er det ein grandonkel som har med seg den eine oldemora til Småtten på besøk.

Mormora og morfaren til Småtten samt tanta hans har lagt seg sjuke med influensa, så dei kunne ikkje koma denne helga, sjølv om dei hadde aldri så lyst. Men mamma sa at ho kunne ta seg nokre dagar og komma for å hjelpa til litt her, viss eg syns det vart for masse. Kjempesnilt å tilby seg det altså! Veit ikkje om eg kjem til å slå til på tilbodet, men det er herleg å ha det ståande. :)

No skal eg legga meg nedpå litt, før mannen og kompisen hans kjem ned frå loftet igjen. Dei held på å leggja golv der oppe. :)

Småtten ligg i vogga si og søv, han er så skjønn. Verdas søtaste og snillaste vesle gut! Han er blitt så stor og flink allereie; han held hovudet sitt sjølv, han smiler og er berre god med oss heile tida. Grin nesten ikkje i det heile tatt, einaste bittelitt lyd i han på stellebordet, når han får ein litt for kald klut på rompa.

Eg er så forelska! :hjerter_rundt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse
Så godt å høyre at alt går bra!!! :hjerte:

:klem:

Grattis med liten gutt!

Tenk at vi fødte samme dag da! :)

Tusen takk!

Gratulerar med jenta!

Så artig med same bursdag! :)

************************

Føl med på serieavsluttinga no, orkar ikkje sjå på det nedverdigande tapet mot Viking, men ser på bilmekking på Discovery i staden. Men føl med på tabellen på nett, og det er jo faktisk bra at me taper i dag. Så får me HamKam ned ;) Det var jo dei som gjorde sånn at nedturen til Brann begynte, så me er ikkje så altfor glade i dei for tida.. :ler: Nett no er me litt i tvil om me vil at Vålerenga skal få bronse eller om Tromså skal rykka ned...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

orkar ikkje sjå på det nedverdigande tapet mot Viking,

:sjarmor:

Men sånn egentlig var jeg innom for å se hvordan det sto til med den nye familien, og det ser jo ut til at det går strålende :hjerter_rundt:

:kose:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg er egentlig glad vi ikke hadde mulighet til å følge med på den kampen, det var mer enn illenok å høre små oppdateringer fra de som hadde hørt på radio i bilen eller fått sms (eller var så oppdaterte at de leste wap)

Men det høres ut som om dere har det helt TOPP der hjemme med den nydelige Småtten deres. Og, mer enn nok besøk, så vi skal kanskje vente litt, og la familien komme nå.

Kos dere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Me kosar oss! :)

Må få skrive denne fødselsrapporten snart, men det er litt tiltak så eg veit ikkje om eg orkar heilt enno.

Småtten har beholdt sovemønsteret han hadde inni magen min, søv lenge om morgonen og held det gåande lenge om kvelden. Ikkje med grining og sånn, berre at han er våken lenge om kvelden. Så eg trur eg smått om senn skal prøva å snu døgnet hans litt og litt. Legga oss litt tidlegare enn tolv og stå opp litt tidlegare enn elleve. Med berre tre-fire ammingar for natta skal me vel strengt tatt ikkje måtta sova så lenge, men me er kjempetrøtte begge to. Mannen søv godt om natta, ikkje nødvendig at han skal stå opp berre fordi me skal amme, han har jo ikkje så veldig masse å stille opp med på det området. Så om Småtten fortset å vera så snill, blir det nok ikkje problem at mannen begynnar på jobb igjen. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...