liv Skrevet 27. juni 2006 #2481 Del Skrevet 27. juni 2006 Så den gamle bilen skal pensjoneres? Regner med at det ikke var den nye Sykepenger ja. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 27. juni 2006 Forfatter #2482 Del Skrevet 27. juni 2006 Ser sånn ut, ja. Har ein Ford Escort, -96modell. Som strauk galant på EU-kontrollen.. Hehe. Hadde ikkje trudd noko anna, men det vert dyrt å reparera viss me skal ha han på verkstad. Men me kan kanskje få liv i han ved hjelp av gode kompisar Sjukepengar, ja. Reknar med at dei papira som skal inn berre er formalitetar, men skatte- og inntektsskjemaet som nabokommunen skulle senda har ikkje trygdekontoret fått enno. Dei skulle senda det omigjen i går, så får me håpa at alt ordnar seg i løpet av veka. No må eg rydda litt her, får besøk i ettermiddag/kveld Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 27. juni 2006 Forfatter #2483 Del Skrevet 27. juni 2006 Det er nøyaktig 4 månader att til termin i dag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 27. juni 2006 #2484 Del Skrevet 27. juni 2006 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 27. juni 2006 Forfatter #2485 Del Skrevet 27. juni 2006 Saeria: Vart dessverre ikkje besøk i dag. Då eg skulle gå ned for å treffa mannen på butikken klikka noko i bekkenet mitt, så eg har så vondt som eg aldri har hatt før... (<-- sånn ser eg ut no omtrent) Så då måtte m berre ringja å avlysa. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 27. juni 2006 #2486 Del Skrevet 27. juni 2006 Så kjedelig! God bedring. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 27. juni 2006 Forfatter #2487 Del Skrevet 27. juni 2006 Tusen takk. Gjer heilt sinnsjukt vondt, så har berre lyst å poppa ein pakke Paracet og legga meg til å sova. Men akk, fins jo ikke trøytt, så då hadde det nok berre blitt stress. Tok min fyrste Paracet gjennom svangerskapet i stad, og sov eit par timar då. Berre håpar at eg slepp å ha like store smerter som dette resten av svangerskapet. Eit fantastisk lyspunkt i vondten er mannen min. :kys_2: Han har laga superduper god middag og er berre god og snill med meg! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 27. juni 2006 #2488 Del Skrevet 27. juni 2006 Skjønne mannen! Håper du slipper mere vondt resten av svangerskapet. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 27. juni 2006 Forfatter #2489 Del Skrevet 27. juni 2006 Ja, han er verdens beste! Når eg ser på han gjer hjertet mitt et ekstra lite hopp. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 28. juni 2006 #2490 Del Skrevet 28. juni 2006 Du fortjener en sånn snill mann som gjør det for deg vet du. Håper vondtene dine bedrer seg, og at du slipper ha det sånn så eviglenge. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 28. juni 2006 Forfatter #2491 Del Skrevet 28. juni 2006 Malama: Litt betre i dag. Men var jammen vanskeleg å få sova i går kveld. Stod opp med mannen for å hjelpa han å leita etter noko, men er framleis stuptrøytt. Er ein viss fare for at eg legg meg litt igjen, ja. Har ingen planar før jordmor klokka 1230, så dette blir ein god og avslappande dag. Skal sjå gjennom nokre av dei kassane me pakka før visninga, og kasta viss det er noko me ikkje treng å ta med oss til det nye huset. Vart svært så inspirert av flyttetipsa til FlyLady. Las gjennom og oversette litt som eg snakka med mannen om i går kveld, og han var skjønt ening i det meste. Må også ringja til litt ulike verkstader og få prisoverslag på kva dei kan reparera bilen vår for, sjå om det har noko for seg å fiksa han i det heile tatt. Er litt usikker på om me må ha ny motor, eller om det held å skifta pluggar. Viss det er det fyrste, vil det bli ei svært så mykje større utgift enn viss det er det andre. Så me får sjå. Pappa sa at det kanskje haldt å bytta pluggar, men då eg sadet til mannen vart han berre trist i fjeset sitt og sa at det hadde han allereie prøvd. Så då er det vel ei viss fare for at motoren må ut. Og då svarar det seg nok fint lite å fiksa på bilen i det heile tatt. Pappa meinte at me kunne få mellom 25 og 30000 kr for bilen ferdig registrert. Men om reparasjonane kjem på meir enn det, svarar det seg kanskje å selja han som delebil, og eventuelt kjøpa ein billig brukt ein i staden. Viss me i det heile tatt treng å ha to bilar. Det er eg heller usikker på. For eg skal jo vera heime med Småtten eit lite år no, og i det nye huset bur me såpass sentralt at eg kan gå til bydelssentrum, og ta bussen heimatt. Berre nedoverbakke til bydelssentrum og huset vårt ligg like ved busstoppet på heimveg. Rart å berre vera heime, men eg merkar jo at eg har meir enn nok å gjera her, med ordning og fiksing og pakking, ikkje minst. Så det er godt å ha litt late dagar, sjølv om eg likevel får gjort ein del. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 28. juni 2006 Forfatter #2492 Del Skrevet 28. juni 2006 Då var fyrste jordmor-besøk overstått, og det var kjempekoseleg! Hadde lagt på meg endå litt til då, men det er vel ikkje anna å forvente med ein litten Smått i magen. Magen hadde også vakse, men ikkje så masse. Så no er eg nærmare den ruade streken enn det eg var tidlegare. :-D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 29. juni 2006 Forfatter #2493 Del Skrevet 29. juni 2006 Aaaaaargh! Får ikkje tak i legen i dag heller. No har eg prøvd å få tak i han sidan måndag. Og han er der berre ikkje. Stod jo lapp på døra på måndag om at han ikkje skulle vera der då, måndag altså, og onsdag. Men tysdag var eg også nedom på legesenteret og då var døra låst og berre svarar å få på telefonen. I dag skulle han altså vera tilbake, men eg får berre svarar når eg ringjer i dag også. Kjenner at stresset stig opp i skuldrane min no! No stikk eg ned dit, igjen. Sjekkar om han er der. Viss han ikkje er der i dag heller, må eg vel gå på legevakta eller noko slikt. For no er det fire dagar sidan sjukemeldinga mi gjekk ut, så no MÅ eg ha ny. Skal også ein tur på Aetat for å melda meg arbeidsledig, men det blir uansett etterpå. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest Gjesta Skrevet 29. juni 2006 #2494 Del Skrevet 29. juni 2006 At det går an - blir irritert på sånt jeg. De må jo i hvertfall kunne si i fra om han skal være lenge borte. Ei uke er jo litt drøyt da... Håper du får ordna med sykemeldinga di og ærendet på aetat! Ha en fin dag! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 29. juni 2006 #2495 Del Skrevet 29. juni 2006 Dumme legen, han må jo være der eller oppgi en annen lege du kan gå til når han ikke er der, det MÅ jo være mulig å få gå til legen, selv om det er sommer! Håper det ordner seg. Og du, ja, det ER meninga at man skal legge på seg med en småttis i magen, så det er jo ikke noe galt i det! Føler meg heldig som hadde bilen vår, som jo er lik den som dere sliter med, på EU-kontroll og fikk beskjed om at det som måtte ordnes er noe min bror gjorde, og med utlegg for deler og div sånn kosta det oss 400 kroner... Bil i god stand det... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 29. juni 2006 Forfatter #2496 Del Skrevet 29. juni 2006 No har eg vore hos doktoren. Eg berre gjekk ned dit og sette meg på venterommet. Hukka tak i han då han var ute for å henta ein annan pasient, og fekk koma til etterpå. Han vart visst veldig skeptisk då eg bad om forlenga sjukemelding. Nesten som at han prøvde å få meg til å endra meining om at eg har vondt. Eg blir heilt sprø av den mannen. Berre føler meg meir og meir sikker på at eg skal bytta doktor, og blir meir og meir glad for den avgjera. Greitt å skulda på at me skal flytta. Men eg fekk då ein månads sjukemelding, under tvil, trur eg. Doktormannen meinte no at aetat heilt sikkert kom til å finna ein jobb eg klarar å utføra. Eg prøvde å sei at eg som ikkje klarar å gå ein tur på asfalt ein gong, korleis skal eg klara å utføra ein jobb på skapeleg vis? Han mulla litt med seg sjølv, skreiv ut sjukemelding og sendte meg avgarde.. Var det nokon som sa "skaff deg ny lege"? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 29. juni 2006 Forfatter #2497 Del Skrevet 29. juni 2006 Veit ikkje heilt om eg skal gå til aetat i dag, eller ikkje. For no har eg jo sjukemelding, og eg har meldt meg ledig på aetat.no. Men dei må vel gjerne ha den søknaden om sjukepengar også? Lurer på om eg kan venta med den til i morgon. Er sliten og har vondt i hovudet no.. til Kverula og Malama. Og Malama: Ja, de er kjempeheldige som har teke så godt vare på bilen dykkar. Eg og mannen er ganske overbeviste om at ein viss tur til Sverige og Danmark tok knekken på vår bil. Han har ikkje vore heilt den same etterpå. Og det blir visst meir enn dei 7000 kr som sveisinga framme kjem til å kosta. For motoren er gåen, og det vil kosta oss 14000 å fiksa. Det har mannen sjekka tidlegare. Så prisen kan ha stege utan at me har fått det med oss. I tillegg er det ein del småplukk som sjølvsagt også kostar pengar. Så då er me fort oppe i den prisen me kan få for bilen om me sel han fiksa.. Så det er vel like greitt å berre sei i frå til Vegvesenet at me avskiltar han, då får me kanskje halve vegavgifta tilbake. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Malama Skrevet 29. juni 2006 #2498 Del Skrevet 29. juni 2006 Vi er nok mer heldig at farfar har tatt godt vare på bilen sin... Vi har bare hatt den siden november, men farfar hadde den fra den var ny, og fulgte pliktskyldig opp alle serviceavtaler, kjørte pent slik eldre mennesker gjør, og kjørte ikke så innmari langt heller, bare til campingvogna på det lengste (og dro ikke vogna, den er stasjonær) plassert et par timer hjemmefra. forøvig, jeg sier det ikke bare, jeg roper gjerne: BYTT LEGE! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Linn3c Skrevet 29. juni 2006 Forfatter #2499 Del Skrevet 29. juni 2006 Billen dykkar har nok merka at det er yngre folk som køyrer meir då, tenkjer eg. Og, ja. Eg skal... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Saeria Skrevet 29. juni 2006 #2500 Del Skrevet 29. juni 2006 Enig! Bytt lege. Makan til mann! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg