Gå til innhold

Nynorsk elevgerilja!


Rskre

Anbefalte innlegg

Det var gruppa Nynorsk Elevgerilja i Norsk Målungdom som omsette og la ut nynorskutgåva av “Programvarebok Word 6.0 og Excel 5.0 på nettet. Informasjonsbehandling grunnkurs” førre veke. Boka er gjeven ut av Universitetsforlaget sitt underbruk Økonomiforlaget, og fanst berre i bokmålsutgåve utan at det var søkt om fritak frå parallellutgåveregelen. Denne regelen seier at lærebøker som skal nyttast i skulen må vere tilgjengelege både i bokmål- og nynorskutgåve.

-- Forlaga hevdar gjerne at programvarebøker berre er tilleggslitteratur, og at dei ikkje treng å kome i parallellutgåve. Men programvarebøker med innføring i dei mest nytta dataprogramma i dag, med arbeidsoppgåver og øvingsdiskettar, kan knapt kallast tilleggslitteratur, meiner Håkon Kolmannskog.

--Hadde ikkje dispensasjon

-- Først hevda Universitetsforlaget at dei alt hadde dispensasjon til å droppe nynorskutgåva av denne boka. At dei sist fredag valde å søkje Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet om dispensasjon, syner at dette var feil, seier Håkon Kolmannskog.

-- Vi har kledd av både forlaga og departementet grundig i denne saka. At forlaga kan kjenne seg så sikre på dispensasjonar, syner kor tett nettverket eigentleg er mellom dei og Utdanningsdepartementet.

http://www.dagogtid....34/nynorsk.html

Endret av Rskre
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Er du ikke lei?

Lei av målstriden? Lei av at styresmaktene diskriminerar store delar av folkesetnaden? Lei av at aviser nektar journalistane å skrive på sitt eige målføre?

Endret av Rskre
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hva er galt med folk som brenner for saker???

Sier jeg også! Skulle ønske jeg var så engasjert for noe! :)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...