Gå til innhold

Bør sidemål fjernes som obligatorisk fag i skolen?  

  1. 1. Bør sidemål fjernes som obligatorisk fag i skolen?

    • Ja
      17
    • Nei
      25
    • Bryr meg ikke
      0


Fremhevede innlegg

Skrevet

Og til slutt; ja det er mindretal i dei som skriv nynorsk kanskje, men det er fleir i Norge som SNAKKAR nynorsk enn bokmål!

Er DET noko å tenkje på? Jau ....

Nok ein gong - ein SNAKKAR ikkje skriftspråk! Du meinar at det er fleire som snakkar nynorsknær dialekt enn bokmålsnær? Det er vel ikkje så sikkert. At det er meir utbreidd arealmessig ja, men kanskje ikkje i folketalet...

Når det gjeld at nynorskelevar er sterkare enn sidemål, så er det heva over einkvar tvil - sjå på eksamens-statistikken frå ungdomsskulen eller vgs. i sidemål! På lærarskulen hadde me begge målformer, og eksamen i begge. For bergensarar i min klasse, til dømes, var det litt av ein jobb som måtte gjerast i nynorsk - for å ha føresetnader for å skrive ei god eksamensoppgåve der innhaldet fekk meir fokus enn skrivefeila...

Eg sa då til ei av dei 'send borna dine i nynorskklasse når dei byrjar på skulen - bokmål lærer dei uansett!'. Og ho svara ' gjett om eg skal! Då får dei jo SÅ mykje gratis, og vert dessutan betre i nynorsk enn eg nokon gong kjem til å bli.'

Ho har gjort det òg, men jenta er for lita enno til at eg veit korleis det går - utover at ho stortrivst i liten nynorskklasse, og er stolt over å lære 'eit anna språk'...

Kanksje eit tips til etterfølgelse? :wink:

Forresten så kan det med grammatikklæring på ungdomsskulen lett relaterast til innlæring av framandspråk (først og fremst tysk og fransk), og på den måten gjere overgangen lettare til grammatisk arbeid med dette. Nynorsk skjønar ein jo, og får slik lettare forståing av grammatiske mønster etc.

Berre ein tanke.

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Heilt einig med Pip, som eg har sagt mange gonger før.

Sjølv er eg bokmålsbrukar til vanleg, men eg er glad i nynorsk og stolt over å beherske begge målformene. Det har eg mor mi å takke for - ho var norsklærar då eg var lita, og melde meg inn i Bokklubbens Born med nynorsk som målform då eg var tre år. Derved har eg lese nynorsk og bokmål om kvarandre heilt sidan eg lærte å lese. Dermed har eg heller aldri sett på nynorsk (sidemål, om de vil) som vanskeleg eller problematisk, og aldri fatta kvifor andre mener det er noko herk.

Eg trur det største problemet med sidemålsopplæringa er at det presenteres som noko vanskeleg, mens det eigentleg er både forståeleg og enkelt. "No skal vi begynne med noko vanskeleg," hugser eg læraren min sa første gongen vi dukka inn i nynorsken på ordentleg. Ikkje rart at ein del får det i vrangstrupen med ein gong!

Gjest Seleena
Skrevet

Nok ein gong - ein SNAKKAR ikkje skriftspråk! Du meinar at det er fleire som snakkar nynorsknær dialekt enn bokmålsnær? Det er vel ikkje så sikkert. At det er meir utbreidd arealmessig ja, men kanskje ikkje i folketalet...

Det var noko ein norsklærar sa til meg.  :) Muleg han meinte arealmessig.

Skrevet

Jeg synes ikke at det skal være nødvendig å lære og skrive SIDEMÅLET, fordi jeg mener at det bør fokuseres på å skrive hovedmålet perfekt. Det betyr ikke at tekster på sidemålet skal fjernes fra leseplanene eller at man ikke skal lære om språkhistorie osv.

Grunnen til at jeg har dette synspunketet, er at så mange etterhvert sliter med å lære seg å skrive godt norsk, og undervisningen i sidemålet fjerne verdifull tid fra opplæring i det å skrive hovedmål (eller for den saks skyld fra andre fag). Samtidig må jeg si at nynorsk nok var det mest ubrukelige jeg noen sinne har lært, og jeg kan ikke se for meg at jeg noen gang skal få bruk for det igjen. Jeg er innforstått med begrepet almen dannede, men nynorsk er ikke engang nyttig når man spiller TP. :wink: Jeg fikk en utmerket karakter i sidemål og har ingen problemer med å lese eller forstå det, bare så det er sagt. Men det ville jeg vel oppnådd uten å lære og skrive det, men bare ved å lese tekster også?

Piglet

Skrevet

Jeg synes det er verdifullt å bevare sidemålsundervisningen, men den må bli bedre. I Bærum kommune har man innsett at motivasjonen blant sidemålslærerne er heller laber, og går nå inn for å forbedre sidemålsundervisningen. Jeg tror det vil føre til at flere vil like faget.

Skrevet

Haldninga til sidemålet (og andre fag) får me overført frå andre, ikkje minst frå lærarane. Dersom desse ikkje fokuserar på at dette er vanskeleg, tregt, unødvendig osb vil elevane nærme seg faget på ein meir positiv måte og dermed vert det lettare å lære.

Når det gjeld det som vert prestert av (manglande) skrivekunnskap tvilar eg på at så mykje av skulda kan leggast på at me har lært både hovud- og sidemål på skula. Mange av dei feila ein opplever er heilt uavhengig av bokmål/nynorsk. Alle som skriv offentleg bør gjere det dei kan for at ikkje berrer innhaldet, men også det språklege vert rett. Stadig oftare vert innhaldet borte i snodig/feil språk.

Skrevet

Nå har jeg ikke lest hele tråden, så noe av dette blir kanskje gjentagelser.

Men: i Oslo- skolen er det vel allerede fremmet et forslag om å fjerne sidemål skriftlig på videregående skoler? Jeg synes det er helt greit. Jeg har aldri hatt bruk for å kunne skrive nynorsk, og jeg synes faktisk av det meste jeg har lært ellers er "greit å kunne". Forståelse av dialekter kan oppnås ved muntlig lesing av nynorsk. Ellers synes jeg i grunn ikke min kjennskap til nynorsk var noe særlig til hjelp da jeg skulle prøve å forstå et eldre ektepar fra Indre Sogn for en stund tilbake.

Hvis man leser OECD- statistikker om elevers lese-, skrive- og regnekunnskaper (har ikke noen link for hånden akkurat nå) i ulike land, scorer ikke Norge stort bedre enn midt på treet. Dette er selvsagt ikke bare sidemålsundervisningens skyld, men å kutte den ut ville jo frigjøre en del undervisningstimer. Hvis man ser til f.eks. USA og England, er jo fremmedspråksundervisning (fransk, spansk, etc) vanligvis valfag, og da sier det seg selv at det blir mer tid til å lese og regne. Mens i Norge (som jeg skjønner må ha engelskundervisning i skolen, siden vi er et lite land) skal vi altså bli gode i både lesing, skriving, regning, naturfag, fremmedspråk og sidemål.

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...