Gå til innhold

Korleis lage eigen (jule)avatar


Crazee

Anbefalte innlegg

Eg ser det er ein del som lurar på korleis dei skal laga eigne avatarar, eller lage juleversjon av avatarane dei allereie har, så eg tenkte eg skulle gi nokre peikarar som kan setja idéar og pågangslyst i gong.

Det finst to typar avatarar: statiske og animerte. For å starte med dei statiske:

Du treng eit grafikkprogram. Om du kun vil bruka ein forminska versjon av eit bilete, eller ein del av eit bilete, er eit enkelt program som Irfanview midt i blinken; eitt av dei beste av sin type, og heilt gratis.

Vil du utfolda deg meir artistisk, og teikna sjølv (frå grunnen av eller endra bilete) så trengst eit grafikkprogram. Det kan vera noko så enkelt som Paint, eller avansert tungvektar som PhotoShop. Alt etter kva du trivest med, har for handa eller får tak i. ;-)

Endrar du ein eksisterande avatar, så har du jo storleiken (sjølv om du kanskje vil utvida "lerretet" litt for å få plass til ekstra ting. Korleis du gjer det varierar med programmet du brukar.) Avatarar du lagar frå grunnen av må du passa på ikkje er større enn 80x80 pikslar. Og - så er det berre til å teikne i veg, med dei verktya du råder over i programmet.

Det er tre format du kan lagre i: jpeg, gif og png. (BØR i alle fall kunne bruke png òg - det kan gi mindre filer enn gif.)

Vil du ha ein transparent farge, så må du lagre som gif eller png. (Igjen, korleis du lagar ein farge transparent varierar med programma.)

For å lage animerte bilete, må du bruke eit program som kan lagra gif-bilete som animerte gif, evt. eit program som set saman fleire gif-bilete til ein animert gif. Igjen, det finst mange ulike program. Forskjellen under kreeringa av statiske og animerte avatarar, er at ved sistnemnde er det fleire bilete som må teiknast - men du går jo gjerne ut i frå det førre iletet og gjer nokre få endringar, så det er ikkje så avskrekkande. :D

Og det er vel i grunnen det. Å teikna/endre sjølve avataren er noko du må leike med sjølv. :D

Programvare du kan ha nytte av (og andre kan sikkert følge opp):

Anbefalt uansett:

IrfanView

Grafikkprogram:

PaintShop Pro (kan òg lage animert gif)

GIMP (Hugsar ikkje url - kan finna den på Google) Gratis.

Pixia - Gratis. Anbefalt av fleire.

Photoshop - slett ikkje gratis, men skulle du ha det eller få tak i det, kvifor ikkje bruke det?

Gif-animatorar:

Ulead Gif Animator - ikkje gratis, men svært bra program med mange mulighetar. Eg brukar det.

Microsoft Gif Animator - greitt nok. Er visst gratis òg?

Og mange andre - bruk Google til å søke etter "gif animator" og det dukkar nok opp ein del. Evt. sjå etter på t.d. http://www.download.com, http://tucows.online.no m.m. - det er masse fint og nyttig å finna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Til anomasjon kan du også bruke Imageready, programmet som følger med Photoshop. Photoshop og Imageready har en hurtigmeny for å svitsje mellom programmene. Skal du lage en animasjon fra bunnen av, kan du for eksempel lage et bilde i photoshop hvor du legger hvert av bildene du skal ha med som et eget layer (lag) i bildet, og når du har alle layerene klare, drar du dem over i imageready hvor du aktiviserer ett og ett layer for hver sekvens av animasjonen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og igjen - noen tips eller noe slik at jeg kan se animasjonene? Så de ikke står helt bom stille som de har gjort her de siste månedene? :evil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Explorer, går eg ut i frå?

Verktøy -> Alternativer for Internett -> Avansert -> Multimedia : Kryss av for "Spill av animasjoner på Web-sider"

Det BURDE vera det som er grunnen...

(Om ikkje, last ned Opera og sjå om du får betre resultat. Synest forresten det er verdt å laste ned Opera uansett eg då - og bruke den nettlesaren i staden! ;))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vea.

Hvordan er det man lagrer et bilde man har laget i photoshop som .gif? Jeg har tatt de 2 juleavatarene Crazee lagde og gjort det som skal gjøres for å få en animert .gif. Men får bare lagret det som .psd.

Care to explain?

Pretty please :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Du må gjere om til indexed color (image > Mode > Indexed color) for å få fram det formatet i menyen (trur eg, i alle fall.) Dette avgrensar paletten til 256 fargar, som er det maksimale gif-formatet greier.

Eller du kan velge "Save for web" og sjå korleis resultatet blir med ulike valg, før du lagrar. Ganske smart, eigentleg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ah, tusen takk Crazee.

Klarte det. Eneste som gjenstår nuh er å lure den under 6k, sånn at jeg kan bruke den som avatar her inne. :D

Men her er den ihvertfall sånn som den er nå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...