Gå til innhold

Gode private hjemmesider.


Anbefalte innlegg

Skrevet

Skal sette meg ned å kludre sammen noen private hjemme sider snart. Men jeg aner ikke hva jeg skal ha på de sidene :-) Vil bare ha en side jeg... ( har domene)

Men hva har andre gjort? Kan jeg få se noen linker til private sider dere har laget eller noen dere synes er bra?

Tusen takk

Videoannonse
Annonse
Skrevet

Hmm... Trur det er viktig at ein har eit mål med sida, på eitt eller anna vis. Elles er god layout eit must - uansett kor mykje god informasjon ei side har, er ho ikkje bra viss ho ikkje SER bra ut, og viss ho ikkje er brukarvenleg...

Har aldri laga webside sjølv, men kikka innom denne i går. Har sett ein del bryllaupssider, og denne er definitivt av det beste eg har sett. Godt strukturert, enkel layout, gode funksjonar etc...

Lukke til iallefall! :wink:

Skrevet

Einig med Pip. Kva som ser bra ut kjem jo an på den som ser, men navigasjon bør i alle fall vera klar, og innhaldet elles ikkje gi eit rotete inntrykk. Det var ein periode der "mystery meat navigation" var tingen; du ante ikkje kva som skjedde når du klikka ei lenke - men det er vanlegvis ein grunn til at enkelte idear går raskt over... Og rotete layout er berre tungt å lesa eller finna ut av.

Enkel, luftig design er ofte gjerne det beste.

Når det gjeld innhald: Ta for deg eit tema du sjølv er interessert i, tenk på kva du veit om det temaet, ulike innfallsvinklar, relaterte emne osb.

Og tema kan vera så mangt; hundehald, katteløp, strutseriding, hekling, glansbiletesamling, minner frå barne-tv, frisyrer, you name it! ;-)

Om du lurar på kva du kan skriva om eitt tema, ta t.d. noko eg vurderte å laga sider om tidlegare (hadde eg hatt tid, hadde eg vurdert det enno...): Lommerusk.

Her har du innfallsvinklar som: Kor finn du mest lommerusk? (Skjørt, bukser, shorts, jakkar) Kva type stoff? (bomull, lin, nylon) Kva type lommerusk? (ubestemmeleg, lyst, mørkt, inkludert grus, stein, spiker..) Korleis fordeler lommerusket seg på kjønn, alder, geografisk... Ditt yndlingslommerusk. Gleder og sorger ved lommerusk, nytteverdien ved lommerusk, kor kjem lommerusket frå? Historien om lommerusket frå yngre steinalder til moderne tid. Har lommerusket ei framtid? lesarbrev om andre sine erfaringar med lommerusk. Historiar/noveller der lommerusket spelar ei viktig rolle.

Og så har du relaterte emne, som tilsvarande rusk i vesker, lommebøker, brilleetui... Det vil heller ikkje vera dumt om du lenkar til andre sider som handlar om lommerusk, slik at dine sider vil bli sett på som ei nyttig kjelde om temaet. Dette vil igjen føre til at andre lenkar til deg (du kan gjerne spørja om andre vil lenke tilbake til deg når du lagar lenker) - og er du først ei nyttig kjelde, så vil det føra til at Google legg meir vekt på dine sider, som fører til fleire besøk? Og fleire lenker til deg?

Heilt seriøst: Eg har vurdert ein nettstad med det temaet... Men nett no har eg nok med sidene eg har. Som tek opp fleire ulike tema.

Vonar dette har gitt deg ein del idéar du kan arbeide vidare med - dette kan nyttast på langt meir seriøse tema enn det eg har nemnd. ;-)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...