Gå til innhold

Mamma for andre gong :)


silverdoe

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

Gratulerer som tante :strix:

Tusen takk! :strix:

------------------------------------

No har eg nettopp vore ute på ein trilletur i superfineveret! Deilig med masse sol :sol:

Traff på ei som eg gjekk på kroppsøvingsstudiet saman med. Ho var også ute på trilletur, ho har ein son på 9 mnd (så dei skal gå i same klasse :) ), så vi stoppa og prata litt. Og då avtalte vi å gå på småbarnstreff ilag neste torsdag. Det var veldig bra, for eg turte ikkje å gå forrige torsdag, eg er så pysete på sånne ting... Har ikkje vore der før, og då må eg verkeleg manne meg opp for å ta steget. Så det var veldig bra at ho ville gå saman med meg, for ho har vore der før :jepp:

M ligg og søv i vogna si no, så no har eg endeleg fått i meg frukost også ;) Turen vart tatt før frukost, for M begynte å bli trøtt, og då er det så greit å legge han i vogna og trille litt :) Åt 3 knekkebrød som eg laga i går, og dei var faktisk veldig gode :jepp: Betre enn kjøpeknekkebrød! :tommelsmil: Det skal eg bake fleire gongar, for det var superenkelt! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Huff, eg skal til tannlegen i morgon.. Trekke to visdomstenner og bore eit par hol. Gleder meg IKKJE! Heldigvis gjekk det veldig greit å trekke dei to første visdomstennene mine, for eit par år sidan. Håper det går like greit denne gongen :jepp: Mannen min blir også med og passar M medan eg er inne :)

Og etterpå skal vi besøke bror min og dama og den nye jentungen! Hurra! :strix: Eg har nettopp gjort ferdig jakka som ho skal få, måtte feste nokre knappar. Eg er elendig til det, fann eg ut :fnise: Tenkte å kjøpe ein kjole attåt, eller noko sånt :) Då blir ho fin, då :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det gjekk heldigvis bra med tannlegen :) Trakk ei tann (den andre måtte eg henvisast til ein annan tannlege for å få ut, for den låg litt for langt nede til at ho ville ta den) og bora to hol. Er alltid litt nervøs før eg skal inn, men heldigvis er dei veldig hyggjelege..sekretæren er tanta mi ;) Og så har eg tross alt født no da, så inga smerte kan overgå det! :fnise:

Og lisje tanteungen var så herleg :rodmer: Og herlighet så lita ho var i forhold til M! Og han var til og med endå mindre då han var fødd! Det vart veldig tydeleg for meg kor mykje han faktisk har vokst på berre 2,5 mnd! Tok bilete av dei to saman, og det er nesten komisk. Lille babyen min vart plutseleg ein stor baby :fnise:

Broren min var sååå stolt, og det skjønner eg veldig godt :jepp: Han var søt som pappa :fnise:

Mot slutten av kvelden var der ein liten kar som vart overtrøytt, for han fekk jo ikkje sove skikkeleg medan vi var på besøk. Så han sutra og grein ein del mot slutten av besøket, og så fekk han sove i bilen på veg heim, ca 40 minutt. Men då vi kom heim våkna han igjen, fekk litt mat, og så var det grining igjen. Stakkaren var jo sikkert kjempetrøytt. Holdt på i ca 1,5 time med amming, byssing og grining. Til slutt så prøvde eg noko, som faktisk var lurt: eg kledde på han fleecedressen hans, som han bruker i vogna, og då stilna han på eit blunk. Eg la han ned mellom oss, og der sovna han..og sov frå ca 1.15 til 8.30! Utan å våkne ein einaste gong! Eg trur eg må hamstre inn sånne dressar :fnise: Eg må i alle fall kjøpe ein i str 68, for eg har berre i 62 :)

No ligg han i vogna si og søv, også med fleecedress på ;)

Søtingen min :rodmer: Men så får eg så dårleg samvittighet no når tårene faktisk trillar når han grin. Huff, stakkaren.. Mamma vil så gjerne trøste, men så får eg det ikkje alltid til.. Eg er så glad i han :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan tenke meg det var rart å se en sånn liten bylt igjen :) de vokser jo utrolig fort første tiden . :)

Ja, det var utruleg stor forskjell! Lisje knøttet og store M :fnise: Og då dei låg ved sidan av kvarandre begynte ho å grine, og då vart M så forskrekka at han også ville grine :fnise: Eg trur ikkje han har høyrd skikkeleg babygråt sidan vi var på barsel.. :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Har hatt ei fin helg, med morsdag og greier! Tenk at eg er mor! :rodmer:

Fekk ei fin gåve med mannen min, frå BodyShop - ein ansiktskrem og ein handkrem. Det var godt å få, for hendene mine er knusktørre og oppsprukne. Og så hadde han laga eit fint kort, som liksom skulle vere frå M da :rodmer: Og han hadde sagt til M på laurdagen at han måtte fortelle meg kor god mamma eg er, så på søndag holdt M ein 10 minutts lang monolog på senga, med tydelegvis mykje viktig å fortelle :fnise: Hadde vore artig å vite kva han eeeigentleg sa ;)

Var også i eit lite selskap, saman med nokre av familien til mannen min, det var kjekt :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har hatt ei fin helg, med morsdag og greier! Tenk at eg er mor! :rodmer:

Fekk ei fin gåve med mannen min, frå BodyShop - ein ansiktskrem og ein handkrem. Det var godt å få, for hendene mine er knusktørre og oppsprukne. Og så hadde han laga eit fint kort, som liksom skulle vere frå M da :rodmer: Og han hadde sagt til M på laurdagen at han måtte fortelle meg kor god mamma eg er, så på søndag holdt M ein 10 minutts lang monolog på senga, med tydelegvis mykje viktig å fortelle :fnise: Hadde vore artig å vite kva han eeeigentleg sa ;)

Var også i eit lite selskap, saman med nokre av familien til mannen min, det var kjekt :)

Så herlig :rodmer: hehe.

Her begynner også "babblingen" å ta seg opp. Spesielt på stellebordet har han en del han skulle ha sagt, samtidig som han blir så fascinert av spottene i taket på badet at han nesten smiler rundt :fnise: Tror ikke det er så lenge igjen før latteren kommer, for han hviner og småhikster av fryd når han ser disse spottene - og spesielt hvis vi dimmer opp og ned lyset gjentatte ganger :gjeiper: Det er virkelig noe i utsagnet "små barn, store gleder" altså! ;)

Endret av Knøtteliten
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så herlig :rodmer : hehe.

Her begynner også "babblingen" å ta seg opp. Spesielt på stellebordet har han en del han skulle ha sagt, samtidig som han blir så fascinert av spottene i taket på badet at han nesten smiler rundt :fnise : Tror ikke det er så lenge igjen før latteren kommer, for han hviner og småhikster av fryd når han ser disse spottene - og spesielt hvis vi dimmer opp og ned lyset gjentatte ganger :gjeiper : Det er virkelig noe i utsagnet "små barn, store gleder" altså! ; )

Ja, M er også veldig flink til å bable, og han har mykje å seie, spesielt om morgonane og når pappaen kjem heim frå jobb :) Han elsker å ligge på stellebordet! Viss han grin, så er det berre å late som om vi skal skifte bleie, for då blir han stille :fnise: Og det er verkeleg "små barn, store gleder" ja, for pappaen viste fram buksa til M og sa "dette er ei bukse" og då fryda M seg og hiksta og gliste :fnise: Han driv og småler og kjem med hikst, så eg tipper latteren kjem snart her også :jepp:

--------------------------

Gjesp, det er så tidleg å stå opp kl 8 :fnise: Eg syns at dei siste dagane har M stått opp så tidleg, men når eg tenker meg om så har han same rytme som før, berre at han legg seg tidlegare og dermed også står opp tidlegare. Før sov han frå 24-6 og så utover morgonen til kl 10. Men no legg han seg tidlegare, så han søv framleis 6 timar, frå 21-3, og så er det utover natta/morgonen. I dag våkna han 2.15 (la seg ca 21) og fekk mat. Og så våkna han kl 6 og kl 8, og etter 8-amminga stod vi opp. Mamma vil gjerne sove litt lenger, men 8 er eigentleg heilt greitt ;)

Eg skulle eigentleg vere med ei venninne på småbarnstreff i dag (for første gong for meg), men så fekk eg mld om at ho var blitt sjuk, så ho kunne ikkje. Og eg er altså så pysete at eg tør ikkje å gå åleine, for eg er overbevist om at ingen vil prate med meg, og då føler eg meg så dum. Så då blir eg heime.. :sjenert:

M ligg og søv no, lille skatten min. :rodmer: I dag er han faktisk 12 veker! Allereie! :rodmer: Eg er jammen heldig som har fått ein så fin gut! På eitt av ul-bileta vi fekk så ser det ut som om han smiler, så vi spøkte med at han kom til å bli ein blid gut. Og det vart han også! :jepp: Han grin sjeldan, berre når han våknar for mat (og det ikkje går fort nok :fnise: ) og viss han blir for trøytt. Han smiler ofte, "pratar" mykje, hikstar og gjer grimaser. Vi ser framskritt nesten frå dag til dag, og eg merkar meg kor flink han er blitt til å gripe etter ting, f.eks. i babygymmen. Han har også funne ut at hendene er gode å sutte på :)

Gode, fine M-en vår :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe, jeg hadde vært storfornøyd med klokken åtte :fnise: Syv også, for den saks skyld.

I dag er O tre måneder! For noen dager siden begynte han å le! Er så fine lyder når han ler! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hehe, jeg hadde vært storfornøyd med klokken åtte :fnise: Syv også, for den saks skyld.

I dag er O tre måneder! For noen dager siden begynte han å le! Er så fine lyder når han ler! :)

Ja, for all del, eg skal ikkje klage over kl 8 ;) Syns eigentleg det er ganske bra til å vere baby, hadde forventa det mykje verre. F.eks. sånn som du har det. Då hadde eg vore trøytt, då.. Håper det går seg til for dykk! :jepp:

Ja, tenk, 3 månader! Dei veks fort :jepp: Babylatter er såååå skjønt! :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, for all del, eg skal ikkje klage over kl 8 ;) Syns eigentleg det er ganske bra til å vere baby, hadde forventa det mykje verre. F.eks. sånn som du har det. Då hadde eg vore trøytt, då.. Håper det går seg til for dykk! :jepp:

Ja, tenk, 3 månader! Dei veks fort :jepp: Babylatter er såååå skjønt! :rodmer:

Hehe, ja du får nyte det! :jepp: Men klart, når man er vant til å få sove lenger, så er jo åtte kjipt. Det er en vanesak. Nå er jeg takknemlig for halv fem, liksom. Før var halv seks helt forferdelig :ler:

Ja, og snart er din lille M tre måneder! De sier jo det er en "magisk" alder..Lurer på om vi blir å merke noe der. :) Bare gled deg til latteren kommer skikkelig. Det er ordentlig koselig!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

...og her forsover vi oss til småbarnstreff kl 11.00 både liten og stor :fnise: Kom oss ivei kl 12 da :jepp:

Men han er til gjengjeld oppe om kveldene da. I går var kl 23 før han tok natta. Synes det høres hærlig ut at de legger seg kl 19... :sjenert: Her er det lite voksentid. Men man kan vel ikke få både i pose og sekk, og da synes jeg det er bedre å få sove om morgenen, B-menneske som jeg er :gjeiper:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hehe, ja du får nyte det! :jepp : Men klart, når man er vant til å få sove lenger, så er jo åtte kjipt. Det er en vanesak. Nå er jeg takknemlig for halv fem, liksom. Før var halv seks helt forferdelig :ler :

Ja, og snart er din lille M tre måneder! De sier jo det er en "magisk" alder..Lurer på om vi blir å merke noe der. : ) Bare gled deg til latteren kommer skikkelig. Det er ordentlig koselig!

Ja, tre månader skal vere ein sånn milepæl, så eg er spent på kva som dukkar opp :) Eg ser forandringar nesten frå dag til dag, føler eg, og det blir spennande å følge utviklinga vidare :) (Sjølv om det samtidig er litt vemodig, for dei er jo så søøøøte når dei er så små :rodmer: )

...og her forsover vi oss til småbarnstreff kl 11.00 både liten og stor :fnise : Kom oss ivei kl 12 da :jepp :

Men han er til gjengjeld oppe om kveldene da. I går var kl 23 før han tok natta. Synes det høres hærlig ut at de legger seg kl 19... :sjenert : Her er det lite voksentid. Men man kan vel ikke få både i pose og sekk, og da synes jeg det er bedre å få sove om morgenen, B-menneske som jeg er :gjeiper :

Hehehe, heldiggrisar! Det var veldig deilig då M sov til 10, det skal eg innrømme. Men halv 8-8 er jo greit nok likevel (sjølv om eg er glad i å sove lenge om morgonen) :)

M var også oppe til 23-24 tidlegare, men no har han begynt å ta kvelden i åtte-ni-tida, og det er veldig fint :) Godt med litt voksentid :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag er siste fredag mannen min skal jobbe på 60 veker! :strix: Neste fredag har han ferie, og frå 2. mars tek han ut pappaperm kvar fredag :hoppe: Det blir godt :jepp:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og no bestilte eg nettopp klede til han gull for over 800 kr.. :sjenert: På Sparkjøp :) Der er 50% på ein heil del babyklede, t.d. bukser, genserar, bodyar (til 29,50!), så eg kjøpte masse i str 70 og 80, så har han litt å vekse i :):tommelsmil:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

[1] Category widget

Dei siste dagane har vi vore litt flinkare å trene M på å ligge på magen (har vore litt slappis med det, føler eg.. :sjenert: ), og han har blitt flink til å halde hovudet oppe!

Og i dag, då trilla han rundt frå magen til ryggen! :strix:

Men enten kjipte han seg litt eller så fekk han vondt, for han havna på ryggen og låg der i nokre sekund, så begynte han å grine..akkurat som om han ikkje skjønte heilt kva som skjedde, plutseleg låg han på ryggen :fnise: Då måtte mamma trøyste gullet litt, som var så flink og rulla rundt heilt sjølv :rodmer:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Prøvde endå ein gong å legge han på magen, og han låg jammen ikkje lenge (10 sekund) før han rulla rundt på ryggen :) Han har tydelegvis knekt ein kode :)

Og så føles det alltid godt når eg klarer å lese guten min bra. F.eks. no når han var trøytt, så la eg merke til at han gjespa, først ein gong, så ein gong til. Då gjekk vi og skifta bleie, så kledde eg på han kosedressen og sang litt til han (det går i "Lille pusekatt" og "Sulla meg litt") og så la eg han i vogna, og han sovna etter eit par minutt. Utan gråt og makking :) Det føles alltid ut som ein liten seier :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har hatt ei fin helg, men i går kveld vart det litt ampert mellom meg og mannen min igjen.

Igjen skulle han ta opp temaet om det som skjedde før vi vart saman. Eg blir veldig sliten av å snakke om det om og om igjen. Han er også litt gretten fordi vi har hatt samleie berre to gonger sidan fødselen (og så har jo vi gjort litt andre ting også da), og i går sa han fleire stygge ting om at greit, han skal aldri meir ta initiativ, og at han ikkje liker å f.eks. kysse meg, fordi då tenker han på andre eg har kyssa før vi vart ilag, og sånn.. Då blir eg veldig lei meg :(

Og så hadde eg planlagt at når han skal følge mor si til ein operasjon i byen den 29., så kunne eg og M vere med og gå på eit kjøpesenter og kjøpe inn pynt og sånn til dåpen den 18. mars. Men når han blir i slikt humør som i går, så finn han alltid på heilt sprøe teoriar, så han trudde at grunnen til at eg ville vere med var at eg skulle møte eit mannfolk. Så no har eg mista all lyst til å vere med, eg som gledde meg og ville kose meg med å kjøpe inn ting til dåpen og kanskje sjå på klede og ting til M.. Så no blir eg heime den dagen, trur eg. Eg orkar ikkje å vere med.

Jaja, håper dagen i dag blir betre. Han sa unnskyld i dag tidleg, men eg er jo framleis lei meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Delphina

Har hatt ei fin helg, men i går kveld vart det litt ampert mellom meg og mannen min igjen.

Igjen skulle han ta opp temaet om det som skjedde før vi vart saman. Eg blir veldig sliten av å snakke om det om og om igjen. Han er også litt gretten fordi vi har hatt samleie berre to gonger sidan fødselen (og så har jo vi gjort litt andre ting også da), og i går sa han fleire stygge ting om at greit, han skal aldri meir ta initiativ, og at han ikkje liker å f.eks. kysse meg, fordi då tenker han på andre eg har kyssa før vi vart ilag, og sånn.. Då blir eg veldig lei meg :(

Og så hadde eg planlagt at når han skal følge mor si til ein operasjon i byen den 29., så kunne eg og M vere med og gå på eit kjøpesenter og kjøpe inn pynt og sånn til dåpen den 18. mars. Men når han blir i slikt humør som i går, så finn han alltid på heilt sprøe teoriar, så han trudde at grunnen til at eg ville vere med var at eg skulle møte eit mannfolk. Så no har eg mista all lyst til å vere med, eg som gledde meg og ville kose meg med å kjøpe inn ting til dåpen og kanskje sjå på klede og ting til M.. Så no blir eg heime den dagen, trur eg. Eg orkar ikkje å vere med.

Jaja, håper dagen i dag blir betre. Han sa unnskyld i dag tidleg, men eg er jo framleis lei meg.

Jeg beklager silverdoe, men jeg synes virkelig mannen din bør skjerpe seg. Herregud at det går an! :kjefte: Jeg beklager at jeg blir litt brutal, men.. Jeg synes virkelig det er dårlig gjort av han. Han er sikkert usikker, men en mann på hans alder bør da forstå bedre. Vi har hatt sex totalt en 20 ganger (antall kondomer vi har brukt), og vi er enige om at det er slitsomt med barn og vi er intime på helt andre nivå enn bare i senga. Vi er enige om det.

:klemmer: Jeg får vondt når du har det sånn, du skal ikke ha det sånn. Sier du ifra? Synes nesten du skal svare at "ja, jeg skal ut med en mann, og han heter M." Jeg vet det letteste er bare å legge seg flat, men hvor lenge skal dette pågå? Hvor ofte skal du være lei deg for at du har kysset et annet menneske? Står du opp mot dette?

Unnskyld for at jeg er litt slem nå. :sjenert::klemmer: Vil bare det beste for deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...