Gå til innhold

Fremhevede innlegg

Skrevet

Heisann :)

Eg er nyutdanna lærar og skal begynne å jobbe til hausten. Har jobba litt som vikar i 50% stilling før sommaren, i tillegg til praksisen som alle må ta. Og papira hopar seg opp!!

Så mykje papir som eg har klart å ta vare på no, så tør eg ikkje tenke på kor mykje det vil bli i ei 100% stilling :sjenert:

Skulle gjerne likt å vite korleis lærarar med godt system organiserar alle papira sine.

Har de ein perm per fag og trinn? "Norsk 3.klasse", "Engelsk 6.klasse" osv? Eller ein perm per trinn/klasse de underviser i? Ein perm per fag uavhengig av trinn? Tar de vare på prøver og innleveringar?

Har de alt av papir på kontorplassen på jobb?

Kanskje litt dumme spørsmål :ler:

Eg har berre så lyst å få til eit ok system frå dag 1, og sleppe dungar med papir som veks kvar dag.

  • 2 uker senere...
Videoannonse
Annonse
Skrevet (endret)

Ingen? :sjenert:

Endret av Frk Fox
Skrevet

Hadde ei mappe per fag per klassetrinn (samfunnsfag, 8.klasse, samfunnsfag, 9.klasse osv, delt inn etter opplegg, karakterskjema for kvar prøve med poeng på kvar del, kopi av alle prøvar i kvart fag etc. Som kontaktlærar hadde eg ein STOR perm for klassen delt inn i 33 delar: 1 for kvar elev (30) der eg la all info om kvar elev, td. allergiar, foreldresamtykke til fotografering og ekskursjonar, medisinar, kommunikasjon heim etc., ein del med generelt for klassen (alle brev heim, datoar for ting ol), og i den permen la eg også all informasjon frå leiinga. Så hadde eg opprydning før kvar ferie og storopprydding med makulering av prøveresultat ol til sommaren. Hadde så godt som aldri papir flytande på pulten. Kvar fredag sat eg seint og laga klart alle opplegg og alt av kopiar i alle fag, som så låg i øskjer merka kvar dag. Der la eg også alt ekstrautstyr som trengdest, bestilte prosjektor for timane det var nødvendig veka etter ol. Eg laga meg eit skjema for kvar veke der kvar dag var delt i 8 bolkar, der eg stikkordsmessig skreiv kva vi skulle gå gjennom og korleis eg skulle gjere det, i tilfelle eg vart sjuk og trengde vikar. Hadde også eit generelt skriv til vikarar om reglar i klasserommet mitt, korleis ting skulle førast. Dette skjemaet låg fremst i permen om elevar, og rektor hadde kopi. Dette systemet fungerte fint for meg, og det var sjelden rot verken på pulten eller med vikarar, og eg visste alltid kor eg kunne finne alt eg trengde.

Lykke til!

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...