Gå til innhold

Prosjekt Bikinikropp 2010


Gjest Phalaenopsy

Anbefalte innlegg

Gjest Phalaenopsy

:sexy: Prosjekt Bikinikropp 2010 :sexy:

heiheiheiheiheiheiehi :vinke:

Velkommen til mitt n`te prosjekt når det kjem til å begynne "eit nytt og betre liv" :fnise:

Hadde vore kjempekjekt om nokon gadd å følge med her og gje meg eit spark bak når eg treng det (kun eit par-tre gongar for dag altså). Tenker å skrive litt om kva eg trenar og et her. Kanskje mest for å bli litt bevisst på det sjølv. Så skal eg sjølvsagt oppdatere kvar gong eg har labba opp på vekta!

Kort fortalt: 5 kg på 50 dagar (18.mai- 7.juli)

Eg veg meg kvar mandag og fredag, sidan då får eg litt meir motivasjon enn viss det skal gå ei heil veke mellom kvar gong. Jada, tåpelig, I know. Men sånn er det berre! :eeeh:

Mat: Litt sunnare, litt mindre mengde, mykje meir bevisstheit, ikkje ete chips kvar dag (mi store last) og sjå mindre TV (då et eg også mindre, haha!)

Trening: Gå turar, fjellturar og ein sykkeltur i ny og ne. Orkar ikkje treningssenter no når det er så fint ute. Har nettopp fått meg pulsklokke, så håpar den skal hjelpe meg litt på rett veg.

Startstatus 18.mai

Høgde: 1.66m

Vekt: 68.2kg

BMI: 24.7 (normalvektig)

Mål 7.juni: 63kg (-5,2kg)

Phalaenopsy går på vekta!!! :vekt:

Dato heiVekt hei Sidan sist hei Sidan start

18.mai: 68.2

21.mai: 67.2 hei -1,0 hei hei -1,0

24.mai: 68.0 hei +0,8 hei hei -0,2

28.mai: 68.8 hei +0,8 hei hei +0,6 :sur: (Der tippa eg over til "lett overvekt" på BMI gitt! :ler: )

31.mai: 67.6 hei -1.2 heihei -0.6

4. juni: 67.6 hei ----- heihei -0.6

Endret av Phalaenopsy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest Phalaenopsy

Er for augneblinken ganske fornøgd med meg sjølv.

Er heime aleine, surfar, ser på Frustrerte Fruer og verkeleg nyt livet. Skulle til å stikke på butikken på jakt etter litt chips og brus istad. Men tenkte for meg sjølv at det må då vel gå an å sløve ein fredagskveld utan snop?

Og veit dykk kva? Eg overlevde! :lur:

Kveldsen idag vart takeaway-pizza hos svigers. Kanskje ikkje det beste sånn kalorimessig, men eg begrensa meg til tre stykker pluss droppa twisten etterpå. Heilt greit, sånn forholda tatt i betraktning.

I morgon blir det ein aldri så liten GP-fest, med grillmat (om været er bra) og øl. Skal ikkje ta den altfor hardt, sidan eg lese til eksamen søndag.

Trur eg skal legge meg no. Trøtte som ei spøte!! Natta :søvn:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Phalaenopsy

Søndag, dagen-derpå, steikande sol og munnleg eksamen på onsdag. Kjedeleg kombinasjon. :tristbla:

Igår var det MGP-fest med grillmat, øl, chips og en kyllingkebabmeny rett før sengetid :gjeiper: Jøye meg! Jammen godt det berre er MGP ein gong i året :eeeh:

Formen er heldigvis fin idag. Har fått lest bittelitt til og med. No er det snart grilling hos svogeren og co. Det blir koselig. Må prøve å få lest litt meir etter det, så det blir dårlig med trimmings.

Trur eg får berre gjere det beste eg kan utav det desse dagane, så sette inn 5.giret etter eksamen på onsdag. Jepp jepp!

Ha en framleis nydeleg søndag!! :briller:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Phalaenopsy

Idag vart det litt kjekkare å gå på vekta. Ikkje noko revolusjonerande akkurat, men den hadde i alle fall ikkje gått opp ;)

67.6 kg. Altså -0.6kg ned samanlagt. (Og 1.2kg ned frå fredag :ler: )

Det vart som sagt litt grillmat igår, og eit glas brus. Utan om det var det ein bra dag.

Idag har eg vore på jobb. Litt enklare med rutine på ting då! Og idag har eg gått over 5000 skritt til tross for at eg køyrte til og frå jobb. Hadde ein gymtime der eg sprang masse på stivheks (og litt på spark-på-boks), så det var kjekt!!

No må må eg lese!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Phalaenopsy

Ferdig med munnnleg eksamen og ferdigutdanna!! :bolledeig:

Innmari god følelse!!

Igår var eg på jobb, og sprenglas etter jobb. Vart heilt utrulig nervøs før eg skulle legge meg, men idag tidlig gikk det heldigvis greit. Skummelt med munnleg (på engelsk!), men når ein først sit der inne så går jo tida rasande fort heldigvis. :)

Fallt i koma etter at eg kom heim *ZzzZzzZzZZZ*. Så tok min bedre halvdel meg med ut på middag for å feire, herlig!

Frå og med i morgon skal eg bli flink-flink-flink! Kan ikkje skylde på eksamenar lenger no :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gratulerer som ferdigutdanna! Må kjennes helt fantastisk ut, gleder meg til det er min tur! :)

Ser vi ligger omtrent likt på BMI-skalaen, selv om jeg er myyyye høyere og tyngre enn deg. :fnise: Kunne også tenke meg å gå ned endel til jeg drar på ferie 4. juli, men samtidig vet jeg at jeg aldri klarer å gå ned de gangene jeg stresser med det fordi jeg skal rekke noe. Er mye bedre når jeg bare klarer å innse at det tar den tiden det tar, og ikke tenker så mye på det. Men, så er det denne bikinikroppen da. :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gjest Phalaenopsy

Heeeei juliane!! :vinke:

Hehe, det er akkurat det samme her. Eg har liksom bestemt meg, men likevel så er eg ikkje så veeeeldig flink til å følge opp meg sjølv og planane mine. Så eg veit egentlig ikkje kvifor eg gidd å lage til ei sånn dagbok ein gong :ler: Verdt eit forsøk liksom? :gjeiper:

Idag har eg vaska/rydda/organisert kjøkken til den store gullmedalje. Eg trur eg holdt på effektivt i 4-5 timar. Så eg kallar det for LITT trim ;) I tillegg så gikk eg på besøk til ei venninde + heim (kanskje 40 minutt til sammen). Har ikkje ete så mykje idag (og ingenting junk/snop), heilt til det omtalte vennindebesøket. Då vart det ost, kjeks, druer, pepsi max og eit par bitar sjokolade. Og det var såååå godt! Eg kallar det dagens kvelds, istaden for å ha dårlig samvittighet :sjarmor:

Håpar det blir fint vær i morgon. Då må eg komme meg på fjellet! Også har eg lyst til å plante nokre blomster til å ha ved inngangsdøra og på altanen. Eg har på ingen måte grønne fingrar, og har ikkje snøring på korleis eg gjer sånt. Så det kan bli interessant!

(Det er jammen herleg å vere ferdig med eksamenar og gjere akkurat det ein vil dei dagane ein ikkje jobbar! Heilt fantastisk!)

God natt kjære dagbok!! :tunge1:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Phalaenopsy

Ser vi ligger omtrent likt på BMI-skalaen, selv om jeg er myyyye høyere og tyngre enn deg. :fnise:

Vart så nysgjerrig at eg måtte berre sjekke på BMI-kalkulator kor høg du er. Er du 180cm?!? :hakeslepp:

Heldiggris! Viss du klarer å gå ned det du vil, så kan du jo bli modell!! Hehe! Det alternativet har ikkje eg. Kun pga høgda sjølvsagt!! :hoho:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...