Gå til innhold

Annas bok


:-) anna

Anbefalte innlegg

Fortsetter under...

har hun fått ei jente?

Gratulerer så mye med jenta, Anna :-) !

Skulle gjerne besøkt deg på sykehuset jeg også, men jeg føler at det blir litt snålt ;) Har sikkert nok med familie og slikt..

*stooorklem*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Gratulerer så mye, :-)anna!!!! Dette var hyggelige nyheter! Gleder meg til du vil dele den store opplevelsen med oss her på KG! Håper alt er bra med deg og den lille jenta!

:blomst_opp: fra skogeki.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så snille dere er. Referat kommer. Skal bare komme meg litt til hektene først.

Alt vel. Prinsessa er verdens vakreste.

Godt å komme hjem.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fredag...

I dag er det fem dagar sidan den vesle prinsessa vår kom... Og livet nærmar seg i alle fall normale former igjen. (Ettersom normalitet for dei neste månadane vil seie å vere vak store delar av natta...)

Tenkte eg skulle skrive inn den lange fødselshistoria... I tilfelle nokon skulle vere interessert

Fødselen var hard nok og lang nok til andregongsfødande å vere ... starta med slimpropp og rier laurdag føremiddag, som forsvann... kom att på kvelden, og i fire-tida på natta var dei såpass sterke at det var på tide å ta tida på dei. Vi ringte sjukehuset klokka sju... var på veg frå Eidsvoll klokka åtte, og då var det fire minutt mellom riene.

Eg var vettskremt for å bli send heim igjen endå ein gong... men kom på sjukehuiset med fire cm åpning og ein fødsel som i følge jordmora var godt i gang.

La meg i eit badekar, og fekk beskjed om at om ting skjedde raskt så måttre eg ut av badekaret før eg kunne presse...

Men ting skjedde ikkje raskt. Riene stoppa opp... og sånn i totida fekk eg beskjed om at eg sikkert måtte settast på kur for å få igong ting igjen. Men eg kunne prøve å massere brystvortene litt for å sjå om det fekk fram nokre rier så lenge.

Og det kan ein seie var ganske effektivt... riene starta igjen med ein gong og med tre minutt mellomrom.

Så då insisterte eg på epidural før kuren.

Men epidural var ikkje berre enkelt. Anestesilegen hadde store problem med å få satt bedøvelsen i ryggen min, fordi ryggrada visstnok er skeiv... Etter seks forsøk fekk han det til... men i det han skrudde på epiduralen vart eg svimmel og kvalm. Heldigvis gjekk det over slik at eg fekk behalde den etterlengta epiduralen min.

No sette dei meg på kur... riene kom, og i løpet av kort tid hadde eg full åpning... men barnet sat såpass langt oppe i bekkenet at det tok tid likevel.

Dei neste timane var fryktelige. Eit drygt minutt mellom riene, som periodevis var dempa av epiduralen, men aldri var i nærleiken av å vere smertefrie. Pressing og pressing og pressing. Eg var delvis i ein døs i periodene mellom riene og har ikkje noko begrep om kor lang tid dette eigentleg tok. I nitida vart det bestemt å hjelpe til med sugekopp. Barnelegen kom, festa sugekoppen, og i løpet av to korte rier var jenta ute klokka 2139.

Omlag 18 timar etter at eg vakna av sterke rier heime i senga mi.

Eg vart sydd litt, men det var heilt uproblematisk og overflatisk. Ikkje noko traumatisk i det heile tatt.

Og jenta mi er verdas vakraste... ikkje prematur og ikkje enormt stor. Akkurat slik ho skal vere...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Uff da, Lunacia... gløymte å køyre historia gjennom filteret... (Kvinner som har født har ei pakt om å ikkje fortelle kor ille det faktisk kan vere til kvinner som ikkje har fødd enda) :ler: Kan trøyste med at no sit eg her, litt over ei veke etter fødselen og er i kjempeform.

Nesten ikkje bekkenlaus lengre, og men eit fantastisk lite barn.

Livet som tobarnsmor er heilt fint.

Lille gull er verdens finaste fremdeles og er i ferd med å skjemme vekk mor si med søvn.

Er i ferd med å få dei lengste søveperiodene sine om natta, og det er ikkje mor heilt motstandar av akkurat.

Et, søv og smiler (jada, jada...ho gjer i allefall smileliknande grimaser når ho er mett og har det bra)

men no vil eg ta meg ein lur...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

En liten snikleser titter frem! :vinke:

Ville bare gratulere deg så mye med den lille prinsessen!:)

Håper alt går bra med dere.

Klem MsSunshine.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så fint å lese om fødselen din, selv om det kanskje ikke var så fint mens det sto på.....

men lurte på en ting, hvorfor har du pøutselig begynt å skirve nynorsk?? Du har da ikke gjort det før?? For all del, morsmåøet mitt er vakkert!!

Også lurte jeg på hva prinsessa di skal hete :-)Du kan jo sende en pm hvis du ikke vil kringkaste det til alle.....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Hei på deg Cilla.

Er litt dobbeltspråklig av meg. Eigentleg så skriv eg nynorsk, men tilfeldigvis har dagboka mi blitt på bokmål...

Tenkjer ikkje over kva eg skriv. Det blir ofte bokmål fordi eg akkurat har lese noko på bokmål og er litt påverka. Men nynorsk er igrunn favorittspråket mitt. Det som er best å uttrykke seg på.

Har sendt deg PM med navn :-)

Ettersom barna mine har litt spesielle navn så legg eg dei ikkje ut her. Då vil nemlig alle som kjenner meg skjøne at dette er mi dagbok. Og sjølv om eg ikkje akkurat skriv noko hemmelig så er det greit å vere litt småanonym.

I dag har eg kjøpt to av dei siste julegåvene.

Fann omnsider den perfekte gåva til mannen min... fekk bestilt den i dag og kan hente den på tirsdag. Kan ikkje skrive kva det er her ettersom han kan kome til å lese det. Faren min får tøfler... for han frys på beina :-)

Då er det berre mor mi igjen... står litt fast der... vurderer å kjøpe henne ein genser eller noko slikt... eller kanskje gode produkt til badet. Eller kanskje ei veske?! Vanskelige mødre!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:hoho: Har nok hørt nok skrekkhistorier fra andre som har født allerede. ;) Som hun jeg kjenner som lå og fødte i fem (5!) døgn! :-? Iiiik!
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...