Mirabella76 Skrevet 17. januar 2012 Forfatter #901 Del Skrevet 17. januar 2012 Det er håp selv om det ser dårlig ut i utgangspunktet Tenker mye på deg og krysser alt jeg har for dere Tusen takk for det, pusilus! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 22. januar 2012 Forfatter #902 Del Skrevet 22. januar 2012 (endret) Dei siste dagane synst eg det har kome litt lite sprayvæske ut, når eg har spraya. Er litt redd for at eg har fått for lite spray i meg. Då sprayflaska var heilt full, synst eg det kom veldig mykje ut. Så har det vore sånn middels, heilt fram til dei siste dagane. No synst eg det kjem ganske mykje mindre sprayvæske ut enn før. Eg sprayar 3 gangar om dagen, og då skal sprayflaska vara i 20 dagar, før ein byttar til ny flaske. Eg er på dag 19, så eg burde ha kunne spraya i ein dag til, før eg byttar flaske. Men eg har bestemt meg for å starta på den nye sprayflaska i morgon, for eg kjem uansett til å ha meir enn nok igjen i flaska før eg skal setja eggløysingssprøyta. Eg burde vel sikkert ha starta på den nye sprayflaska allerede for nokre dagar sidan, hadde eg vore lur. For eg føler på meg at eg har fått for lite sprayvæske i meg dei siste dagane. Men det er i så fall litt rart, når flaska skulle halda til 20 dagar med spraying. Er det nokon som veit kva konsekvensar det får, om eg har fått litt for lite sprayvæske i meg dei siste dagane? Er det krise, eller går det bra? Når mensblødningen kom, var jo det eit tegn på at kroppen min var nedregulert. Er ikkje kroppen min nedregulert lenger, viss eg har fått for lite spray i meg i nokre dagar? Og kan eg då starta på sprøyter som planlagt på onsdag? I dag midt på dagen spraya eg bittelitt ekstra i nasa, fordi eg då også følte at det kom ut så lite etter at eg hadde spraya første gangen. Gjer det noko, eller er det mulig å få for mykje sprayvæske i seg? Eg tenker at det må vel vera bedre med litt for mykje, enn litt for lite. Men kva veit vel eg... Endret 22. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 22. januar 2012 #903 Del Skrevet 22. januar 2012 Jeg også sprayet litt ekstra noen ganger , og det gikk helt fint med meg . Det er nok bare å åpne ny flaske og begynne på sprøytene på onsdag Håper teite bivirkninger holder seg langt unna. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 23. januar 2012 Forfatter #904 Del Skrevet 23. januar 2012 (endret) Jeg også sprayet litt ekstra noen ganger , og det gikk helt fint med meg . Det er nok bare å åpne ny flaske og begynne på sprøytene på onsdag Håper teite bivirkninger holder seg langt unna. Det er bra! Eg spraya litt ekstra i går. Men dagen før gjorde eg det ikkje, sjølv om eg følte at det kom litt lite ut av flaska då eg spraya. Men kroppen min er vel nedregulert uansett, sjølv om eg kanskje har fått litt lite sprayvæske i meg nokre få gangar... eller? No har eg iallfall starta på ny sprayflaske i dag, så då håpar eg at sprayinga går knirkefritt heretter! Det rare er at eg egentlig synst det kjem litt lite spray ut no også, sjølv om sprayflaska er heilt ny! Kanskje det rett og slett er fordi eg har vent meg til sprayen, og at det berre følest som om det kjem ut mindre no enn tidlegare? Gruar meg til sprøytestart på onsdag! Blir stress, for eg er nødt til å ta sprøytene om morgonen denne gangen. Forrige gang gjorde eg det om kvelden, og det var så avslappande og greit. Teite bivirkningar har heldigvis haldt seg langt unna, og det er eg veldig glad for! Det einaste eg har merka ein sjelden gang, er at eg plutselig kan bli ganske varm i ein kort periode om gangen. Men det er på ingen måte snakk om nokon kraftige hetetokter, der eg svettar og kokar. Det er ikkje meir enn at eg plutselig kan føla meg veldig varm ei lita stund innimellom. Men det er så sjelden og så lite plagsomt, at eg faktisk ikkje veit heilt sikkert om det er bivirkningar av sprayen, eller ikkje. Ellers føler eg meg heilt som vanlig. Er ikkje meir sliten eller trøtt enn normalt, og i fin form. Har vore ein del plaga med vondt i ryggen om nettene i det siste, men eg kan liksom ikkje tenka meg at det kan ha noko med sprayen å gjera. Endret 23. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 24. januar 2012 Forfatter #905 Del Skrevet 24. januar 2012 (endret) I morgon begynnar eg med sprøyter, etter 3 veker med spraying! Gruar meg litt til det. Litt fordi det ikkje akkurat er noko gøy å stikka seg sjølv, men aller mest fordi det blir stress å stikka om morgonen. Har bestemt meg for å setja sprøytedosen kl 9 kvar morgon. Har fått beskjed frå klinikken om at sprøytene må setjast før kl 12 på dagen. Det betyr at eg enkelte dagar må setja sprøytene på jobb, og andre dagar når eg er åleine med jenta mi på 3 år. Mannen min er på jobb i Nordsjøen for tida, så eg kjem ikkje akkurat til å få ro og fred dei dagane eg skal setja sprøytene heime heller. Ikkje synst eg det er noko særlig å lura seg vekk ein plass for seg sjølv på jobb heller, for å setja sprøytene. Det var så mykje bedre forrige gang eg tok sprøyter, for då gjorde eg det om kvelden etter at jenta mi hadde lagt seg. Veldig avslappande og greit! Eg vurderte først å ta sprøytene veldig tidleg på morgonen, slik at eg alltid fekk tatt sprøytene heime, og forhåpentligvis før jenta mi var våken. Men eg fann ut at då måtte eg ha tatt sprøytene så tidleg, at det ville ha blitt i tidlegaste laget, nesten når det er natt. Eg begynnar på jobben til forskjellige tider dei dagane eg jobbar, alt frå kl 06.50 til kl 09.30. Og eg må også levera jenta mi i barnehagen før eg reiser på jobb, no når mannen min er på jobb i Nordsjøen. Så då måtte eg ha sett sprøytene grytidleg, sidan eg begynnar så tidleg på jobb enkelte dagar - for sprøytene skal jo setjast til samme tid på døgnet kvar dag. Så den planen droppa eg! Så får eg berre håpa at det går greit å setja sprøytene i 9-tida om morgonen, slik eg har bestemt meg for - enten det blir på jobb, eller med jenta mi rundt meg! Endret 24. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Nótt Skrevet 24. januar 2012 #906 Del Skrevet 24. januar 2012 Lykke til med sprøytestart i morgen. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 24. januar 2012 Forfatter #907 Del Skrevet 24. januar 2012 Lykke til med sprøytestart i morgen. Takk for det! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 24. januar 2012 #908 Del Skrevet 24. januar 2012 Du er nok nedregulert ja Lykke til med sprøyten i morgen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 25. januar 2012 Forfatter #909 Del Skrevet 25. januar 2012 (endret) Du er nok nedregulert ja Lykke til med sprøyten i morgen Takk for det, pusilus! Det gjekk heldigvis fint å ta sprøyta i dag. Håpar virkelig at eg er nedregulert, ja. Men eg begynnar å lura på om det er noko som ikkje stemmer heilt. I formiddag blødde eg nemlig litt, fleire dagar etter at mensblødningen var over. Skriv meir om det lenger nede! Endret 25. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 25. januar 2012 #910 Del Skrevet 25. januar 2012 Takk for det, pusilus! Det gjekk heldigvis fint å ta sprøyta i dag. Håpar virkelig at eg er nedregulert, ja. Men eg begynnar å lura på om det er noko som ikkje stemmer heilt. I formiddag blødde eg nemlig litt, fleire dagar etter at mensblødningen var over. Skriv meir om det lenger nede! Jeg hadde en "hvit" dag før jeg fikk en liten blødning igjen jeg også Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 25. januar 2012 Forfatter #911 Del Skrevet 25. januar 2012 (endret) I dag (25. februar), har eg hatt min første stikkedag! Måtte ta sprøyta på jobb, men det gjekk heldigvis greit det og. Eg tar Gonal-f (150 ie), og har vore så heldig å få eit eksemplar av den heilt nye Gonal-f-pennen! Og den er faktisk enda enklare å bruka enn den gamle, sjølv om den gamle pennen også var enkel i bruk. Med den nye pennen har eg full oversikt over kor mykje væske som er igjen i pennen til ei kvar tid. Og eg kan vera 100% sikker på at heile dosen er tatt, for då kjem talet 0 opp i kontrollvinduet. Genialt! Det einaste eg rota med, var då eg skulle skru fast ein ny sprøytespiss på pennen. Trur eg skrudde den på litt skeivt, så då eg skulle skru nåla av igjen etterpå, så sat den bom fast. Eg måtte ta så hardt i for å få av sprøytespissen, at eg var redd for at eg skulle ødeleggja heile pennen. Men det gjekk heldigvis bra! Satsar på å klara det enda bedre i morgon. Det gjorde forresten ikkje vondt i det heile tatt å stikka. Nåla var supertynn, og det passar meg veldig bra. Då eg tok Gonal-f forrige gang (den gamle pennen), så hendte det eit par gangar at eg traff ei blodåre då eg stakk. Då gjorde det ganske vondt. Den eine gangen blødde det ein del etterpå, og eg såg at det hadde kome nokre små blodpartiklar i væska inni pennen. Eg synst det var litt ekkelt, men rekna med at det ikkje gjorde noko. Men då eg leste bruksanvisningen til den nye Gonal-f-pennen i dag, såg eg at viss det kjem partiklar i væska, så skal ein ikkje bruka pennen meir. Men det er jo galskap! Eg har no kjøpt ein penn på 900 ie. Og viss eg skulle vera så uheldig å treffa ei blodåre når eg stikker i morgon, slik at det kjem partiklar inn i væska i pennen, så må eg liksom kasta pennen og kjøpa ein ny? Den kostar jo godt over 3000 kr, og eg har heller ikkje reseptar nok til å henta ut så masse. Får virkelig håpa at det ikkje skjer at eg stikker meg til blods igjen, sånn at eg slepper unna heile problemet. Eg stikker alltid i området rundt navlen. Ein dag på eine sida av navlen, og neste dag på andre sida, på litt forskjellige plassar. Lurer litt på om eg helst bør stikka akkurat på sida av navlen, eller over/under navlen - eller om det blir akkurat det samme. Eg pleier å stikka i samme høgd som navlen, 2-3 cm utover frå navlen. Meinar eg høyrte ein gang at ein skulle stikka på sidene, litt under navlen. Men det er dei gangane eg har gjort det, at eg har treft ei blodåre. Så eg er ikkje så frista til å gjera det igjen, i frykt for blodbad og infisert penn! Endret 25. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 25. januar 2012 Forfatter #912 Del Skrevet 25. januar 2012 (endret) Jeg hadde en "hvit" dag før jeg fikk en liten blødning igjen jeg også Ok, godt å høyra. Men eg har hatt iallfall 3 dagar heilt uten blødning, så eg veit 100% sikkert at mensen var heilt over. Det er det som gjer at eg blir litt bekymra. Eg har jo gått på spray i 3 veker, før eg starta på sprøyter i dag. Eg fekk mensblødning på dag 11 med spraying. Blødde ganske mykje og lenge. Men dei siste dagane har eg ikkje blødd i det heile tatt, så det er altså ingen tvil om at mensen var heilt over. Men i dag tidleg då eg gjekk på do, kom det litt rød/rosafarge på papiret. Eg tørka meg fleire gangar, og det samme skjedde kvar gang eg tørka meg. Tok på meg eit truseinnlegg, og det kom litt lyserødt blod der i løpet av formiddagen. Og eg blør heller aldri sånn rødrosa friskt blod på slutten av menstruasjonen. Då er det alltid brunfarga, gammalt blod. Hadde lyst til å ringa klinikken for å spørja kva denne miniblødningen kunne koma av, og forsikra meg om at eg kunne begynna på sprøyter i dag likevel, som planlagt. Problemet var berre at eg skal setja sprøyta før kl 12 på formiddagen, og klinikken hadde ikkje telefontid før etter det. Så eg fekk ikkje ringt, og tok sjansen på å starta med sprøyter i dag. Men no er eg så redd for at eg har gjort noko feil. Det er jo berre så typisk at dette skulle skje akkurat i dag, berre nokre få timar før eg skulle ta første sprøyta! Eg begynner å frykta at eg har fått i meg for lite spray i det siste, og at kroppen ikkje er nedregulert lenger, og at det derfor blir "kluss i systemet". Lurer på om eg blir nødt til å ringa klinikken i morgon, sjølv om det egentlig er litt i seinaste laget no, sidan eg valgte å ta første sprøytedose som planlagt i dag. Håpar virkelig at alt er i orden, for eg vil IKKJE ha noko tull no! Endret 25. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 26. januar 2012 Forfatter #913 Del Skrevet 26. januar 2012 (endret) I dag gjekk stikkinga enda bedre enn i går, sjølv med jenta mi på 3 år som tilskuar! No er eg heilt sikker på at eg skrudde sprøytespissen skeivt på i går, og at det var grunnen til at den sat heilt fast. I dag passa eg på å sjå godt etter at det vart riktig, så ingenting vart skrudd skeivt på i dag. Merka med ein gang at det var mykje lettare å skru sprøytespissen på, og det var like lett å skru den av igjen. Jammen flaks at eg fekk i meg alt eg skulle i går, og at ingenting rann ut, sjølv om eg skrudde sprøytespissen skeivt på. I morgon blir det stikking på jobb igjen, så er det endelig helg! Endret 26. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. januar 2012 Forfatter #914 Del Skrevet 28. januar 2012 I dag tidleg (lørdag) kom det litt lyserødt, friskt blod igjen. Og når eg tenker meg om, så har eg egentlig hatt litt veldig svak lysbrun utflod, sidan eg blødde litt onsdag morgon. Æsj, skjønnar ingenting eg. Er redd for at det er noko gale, sidan eg plutselig har begynt å blø litt uten å ha mensen. Eg skal på UL på klinikken på måndag, så då skal eg nevna det for legen som undersøker meg. Håpar virkelig at alt er i orden, og at forsøket kan gjennomførast som planlagt. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. januar 2012 Forfatter #915 Del Skrevet 30. januar 2012 (endret) Då er dagens UL overstått. Eg er på sprøytedag 6 i dag. ULen gjekk vel ikkje heilt sånn som eg hadde håpa på. Folliklane mine var fortsatt små, etter 6 dagar med sprøyter. Hadde mange folliklar på den eine eggstokken, men som sagt så var alle ganske små. Eg har jo tatt ein dose på 150 ie, og det var tydeligvis for lite. Skuffande, rett og slett! Legen sa at eg skulle auka dosen til 175 ie. Ho ba meg om å kjøpa 2 Gonal-f-pennar på 300 ie på apoteket, for då hadde eg nok fram til torsdag, når eg skal tilbake på ny UL. Legen sa at eg måtte be om å få den nye Gonal-f-pennen, for på den går det an å stilla inn ein dose på 175 ie. Var på eit stort apotek i byen, som eg tidlegare har fått anbefalt av gynekologen min. Der får dei inn slike medisinar kvar dag. Likevel hadde dei ikkje nokon eksemplar av den nye pennen inne. (Eg fekk eit eksemplar av den nye Gonal-f-pennen i forrige veke - men då kjøpte eg ein penn på 900 ie). Eg sjekka også med eit anna apotek, og dei hadde heller ikkje den nye pennen inne. Så no sit eg her med to pennar på 300 ie, som ikkje er av den nye sorten. Eg er jo nødt til å ha sprøytene klare til i morgon tidleg, for dei tar eg kl 9 om morgonen. Ringte klinikken, og spurte kva eg skulle gjera. For på den gamle pennen som eg har fått, går det nemlig ikkje an å stilla inn 175 ie. Det går an å stilla inn 150, som er den dosen eg har tatt fram til no, men som legen eg var til UL hos i dag, meinte var litt for liten. Det neste som går an å stilla inn på den gamle pennen, er 187,5 - og det er jo meir enn dosen på 175, som legen sa at eg skulle ta fram til torsdag. Men det var kun sekretæren eg fekk snakka med då eg ringte. Eg måtte ringa igjen i 8-tida i morgon tidleg, og be om å få snakka med ein sjukepleiar, så fekk ho vurdera kva eg skulle gjera. Huff, tenk viss alt blir heilt feil no? Er det krise å ta ein dose på 187,5 - i staden for 175? Nokon som veit? Og det er jo dritt om eg må fortsetja på 150 ie fram til torsdag, når legen meinte at det var for lav dose. For då veks vel egga like seint som dei har gjort fram til no. Æsj, så masse styr! Eg spurte forresten legen i dag om kor lenge som er det lengste ein må gå på sprøyter. I brosjyren frå klinikken står det at det vanlige er å ta sprøyter i 10-12 dagar. Legen svarte at det hender at nokon må gå på sprøyter i inntil 18-20 dagar! Det høyrest heilt sprøtt ut! Då blir det jo dobbelt så dyrt, og tar enda lenger tid. Legen forsikra meg om at eg ikkje skulle trenga å gå så lenge på sprøyter, men at eg måtte rekna med at det vart fleire dagar enn det som i utgangspunktet var tenkt. Kva er forresten grunnen til at enkelte må ha større sprøytedose enn andre, og at nokon må gå mange fleire dagar på sprøyter enn andre? Det lurer eg veldig på! Har det noko å gjera med kor god/dårlig eggkvalitet og eggreservar ein har, eller er det andre ting som virkar inn? __________________ Endret 30. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 30. januar 2012 Forfatter #916 Del Skrevet 30. januar 2012 (endret) Når det gjeld småblødningane mine dei siste dagane, så var heldigvis det heilt normalt før det kom nok østrogen i kroppen! Når ein begynte på sprøyter, så steig østrogennivået i kroppen. Og når østrogennivået i kroppen hadde blitt høgt nok, så skulle det også bli slutt på slike småblødningar, sa legen. Så eg får berre håpa at det stemmer, og at eg ikkje begynnar å blø meir heretter, sidan eg no er godt i gang med sprøytene! Endret 30. januar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 31. januar 2012 Forfatter #917 Del Skrevet 31. januar 2012 Eg ringte klinikken kl 8 i dag tidleg, som avtalt. Snakka først med sekretæren, som lova meg at ein sjukepleiar skulle ringa meg tilbake før kl 9, for det er då eg set sprøytene. Ein halv time seinare ringte sjukepleiaren, og sa at ho rekna med at eg kunne ta 187,5 ie, i staden for 175 ie, som eg jo egentlig skulle auka opp til. (Har tatt 150 ie fram til i dag). Men ho ville at eg skulle få snakka med ein lege, berre for å få bekrefta at det var greit. Legen kom ikkje før rett før 9, men skulle ringa meg med ein gang då - og det gjorde ho heldigvis. Og ho sa det same, at eg skulle ta 187,5 ie fram til UL på torsdag, i staden for 175 ie. Det var heldigvis heilt i orden at eg tok ein litt større dose enn planlagt. Legen sa forresten at grunnen til at apoteka ikkje hadde inne den nye Gonal-f-pennen for tida, sannsynlegvis var fordi det var så kaldt i været. Og ho sa noko om frakt, som vart vanskelig då - og at apoteka sikkert av den grunn berre hadde dei gamle pennane inne for tida. I starten skjønte eg ikkje heilt kva ho meinte med det. Men så kom eg på at pennane må jo fraktast langt av gårde, før dei kjem fram til apoteka. Og då er det vel fare for at innhaldet i pennane frys, no når det er så kaldt. Og det står jo tydelig på pakningen, at innhaldet i pennen ikkje må frysast. Litt irriterande at det ikkje går an å få tak i dei nye pennane for tida, for dei er superenkle å bruka! Men eg skal alltids klara meg likevel. No kryssar eg berre fingrane for at eggutviklinga mi er bedre på torsdag, enn den var i går! Men eg blir litt stressa, når eg ikkje kjenner noko som helst i magen eller i eggstokkområdet. Håpar det ikkje er eit dårlig tegn. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 31. januar 2012 #918 Del Skrevet 31. januar 2012 Så bra det ordnet seg med dosen og at du fikk en forklaring på småblødningene. Ang å ikke kjenne noe spesielt i mageregionen under stikking, så er det også like normalt som det å kjenne noe. Jeg kjente ikke noe under stimulering og jeg kjenner en vanlig eggløsning veldig godt, i mitt tilfelle var det nok sprayen som gjorde at det ble slik. Det er nok mange grunner til at man trenger ulike doser av sprøytene, bla eggreservene og høyde/vekt. Jeg kjenner flere som gikk på "ekstradoser" ihhv 5 og 7 dager og de startet på høyere doser enn meg. Krysser fingrene for gode resultater på torsdag for oss begge Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. februar 2012 Forfatter #919 Del Skrevet 1. februar 2012 (endret) Så bra det ordnet seg med dosen og at du fikk en forklaring på småblødningene. Ang å ikke kjenne noe spesielt i mageregionen under stikking, så er det også like normalt som det å kjenne noe. Jeg kjente ikke noe under stimulering og jeg kjenner en vanlig eggløsning veldig godt, i mitt tilfelle var det nok sprayen som gjorde at det ble slik. Det er nok mange grunner til at man trenger ulike doser av sprøytene, bla eggreservene og høyde/vekt. Jeg kjenner flere som gikk på "ekstradoser" ihhv 5 og 7 dager og de startet på høyere doser enn meg. Krysser fingrene for gode resultater på torsdag for oss begge Ja, veldig greit at det ordna seg med dosen, og at det ikkje var noko krise med litt småblødningar. Eg har heldigvis ikkje sett noko meir blod dei siste dagane, så eg satsar på at østrogennivået i kroppen min har stige no pga sprøytene. Eg pleier aldri å kjenna noko i magen i løpet av ein vanlig menstruasjonssyklus (av og til bittelitt vondt rett før mensen startar, ellers ingenting), men hadde trudd at eg skulle kjenna noko no når det er så mange egg som skal modnast på ein gang. Men det er nok sikkert veldig forskjellig frå person til person, så eg håpar det ikkje er noko å bekymra seg for. Godt å høyra at du heller ikkje merka noko spesielt i stikkeperioden - då er det forhåpentligvis heilt normalt! Eg har ok eggereservar, sa legen på klinikken. Og eg er slank (har lav BMI), og høg (over 180 cm). Men eg veit ikkje om kor mykje dette har å seia for kva dose eg må ha. Kan eg spørja om kva dosen din var på, då du tok sprøyter under IVF-forsøket ditt? Og kor mange dagar måtte du gå på sprøyter, før egga var modne? Var det forresten Puregon eller Menopur du tok? Veit du noko om kor store eggreservar og kor god eggkvalitet du har? Berre lurer, sidan eg veit at du fekk fleire egg på frys. Det kan vel tyda på at du har bra med eggreservar, og god eggkvalitet? Takk for fingerkryssing! Å, er det i morgon du skal på ordinær UL altså? Masse lykke til, pusilus! Kryssar fingrane for deg - og håpar og trur at det blir ein fantastisk opplevelse for deg og din kjære! Endret 1. februar 2012 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 1. februar 2012 Forfatter #920 Del Skrevet 1. februar 2012 I dag då eg var på do, kom det ganske mykje slim, som såg akkurat ut som EL-slim! Kom litt i går og, men ganske mykje meir i dag. I ein vanleg menstruasjonssyklus har eg aldri sånt slim, utenom dagen før og/eller den dagen eg får positiv EL-test. Så eg er nesten heilt sikker på at det var ordentlig EL-slim. Men det kan jo umulig stemma? På måndag var jo alle folliklane mine så små, at eg måtte auka sprøytedosen. Og egga mine kan vel umulig ha bråmodna så fort? Men går det an å ha EL-slim i ein slik "forsøkssyklus" som me er midt oppi no, uten at det treng å bety noko spesielt? Eg håpar jo veldig på at egga mine har vakse fortare etter at eg auka dosen, men eg vil jo ikkje at egga mine skal vera modne allerede no! Ikkje at eg egentlig tru at dei er det, men eg forstår heller ikkje kva det der EL-slimet har å gjera i kroppen min no. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå