Mirabella76 Skrevet 26. oktober 2011 Forfatter #861 Del Skrevet 26. oktober 2011 (endret) I dei 3 siste syklusane (2 p-pillesyklusar + ein "sprøytesyklus"), har eg ikkje hatt nokon mellomblødningar. Eg begynte jo å få slike mellomblødningar etter MAen i mars, men det ga seg då eg begynte på p-piller. Ja, eg hadde vel forresten også ein enkel pergokur før eg starta på p-pillene, der eg heller ikkje hadde mellomblødningar. Men utenom det, så har eg blødd utenom mensen i dei andre syklusane etter aborten. Håpte så veldig at det var slutt på desse mellomblødningane no, men dengang ei. Denne syklusen, når eg verken går på Pergo, p-piller eller FSH-stimulering, så er mellomblødningane tilbake igjen! Eg har no blødd i 10 dagar, og fortsatt er det ikkje slutt. Og mensen pleier aldri å vara så lenge! Først trudde eg at grunnen til at eg blødde fleire dagar enn på lenge, var fordi eg hadde ordentlig eggløysing forrige syklus, med 3 modne egg som løsna samtidig. For før, då syklusen min var normal, så blødde eg alltid mellom 7 og 10 dagar når eg hadde mensen. Det siste året har eg derimot hatt masse sykluskluss, og blør mindre og færre dagar enn før. Og eg har hatt tidlegare EL enn normalt, og nokre få veldig korte syklusar uten EL. Så eg synst det virka logisk at menstruasjonsblødningen var som før igjen denne gangen, sidan eg veit at eg hadde ein normal syklus med EL forrige gang. Men no trur eg at det er mellomblødningar som gjer at eg fortsatt ikkje har slutta å blø. For blødningen stoppar aldri heilt opp. Og det pleier alltid å vera slik at dei siste dagane med mensen, så blør eg berre brunt gammalt blod, og veldig lite. Men no er det slik at det heile tida kjem nye rundar med friskt, rødt blod. Det skjedde seinast i dag, sjølv om eg no har hatt mensen i 10 dagar. Akkurat det var ikkje normalt for meg før heller, å begynna å blø friskt, rødt blod igjen 10. dagen etter at mensen starta! Så derfor er nok syklusen min heilt på bærtur igjen no! Kjenner at eg ikkje orkar meir av denne resultatlause prøvinga. Føler meg ganske overbevist om at eg ikkje lenger har nokon sjanse til å bli gravid ved hjelp av naturmetoden. Mitt siste håp er IVF, og eg håpar så intenst at me kjem raskt i gang med det, og at det gir positivt resultat! Føler at det er vår einaste sjanse, og som sagt vårt aller siste håp. Fungerer ikkje det, så trur eg seriøst at alt håp er ute for oss. Eg har i fleire dagar tenkt å ringa klinikken, for å høyra om resultatet av den nye FSH-prøven min har kome. Men eg har ikkje turt å ringa enda. Eg er så livredd for at FSHen min har blitt mykje høgare enn før. Fekk jo nettopp dårlig resultat på AMH-prøven, og viss FSH-prøven også viser dårlig resultat, så er det ganske krise. Før har FSH-prøvane mine vore på 3 (og kanskje på 4 ein gang, om eg ikkje hugsar feil), og det er bra. Eg håpar og ber om at resultatet av den nye FSH-prøven også er bra, ellers veit eg ikkje kva eg gjer. Eg kjem nok til å ringa for å få vita resultatet enten i morgon, eller seinast fredag. Men fy søren, som eg gruar meg. Endret 26. oktober 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 27. oktober 2011 #862 Del Skrevet 27. oktober 2011 Titter innom Har ikke fått lest igjennom hele boken, men fått med meg at dere også har hatt både opp- og nedturer i en tid nå. Blir spennende å følge deg videre i prosessen Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. oktober 2011 Forfatter #863 Del Skrevet 27. oktober 2011 (endret) Titter innom Har ikke fått lest igjennom hele boken, men fått med meg at dere også har hatt både opp- og nedturer i en tid nå. Blir spennende å følge deg videre i prosessen Koselig med nytt besøk i dagboka mi! Velkommen skal du vera, Lollipop! Skal godt gjerast å lesa gjennom heile dagboka mi, det begynnar å bli nokre sider. Men det er kjekt at du vil følgja meg vidare. Det har vore ein del opp- og nedturar ja. Mest nedturar dessverre. Den største oppturen var då eg endelig vart gravid i februar, etter meir enn 1 1/2 års prøving. Men oppturen vart dessverre kortvarig, sidan det enda med MA. Så fekk eg igjen nytt håp forrige syklus, då eg fekk FSH-stimulering. Alt såg så bra ut, med 3 flotte og modne egg på UL. Dessverre kom mensen denne gangen også, så no ventar me på forundersøkelse på fertilitetsklinikken i slutten av november. Håpar det endelig lykkast for oss då! Endret 27. oktober 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 27. oktober 2011 #864 Del Skrevet 27. oktober 2011 Så kjekt med oppsummering Det er nok en fattig trøst, men du har iallfall klart første steg å bli gravid og med fsh-stimulering ble det fine egg, så jeg tror du har en god sjanse på å nå det hele veien frem. De fleste egg går til grunne når de skal feste seg, og det stadiet har du klart å komme deg over, så da er det absolutt god sjanse mener jeg. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 27. oktober 2011 Forfatter #865 Del Skrevet 27. oktober 2011 (endret) Så kjekt med oppsummering Det er nok en fattig trøst, men du har iallfall klart første steg å bli gravid og med fsh-stimulering ble det fine egg, så jeg tror du har en god sjanse på å nå det hele veien frem. De fleste egg går til grunne når de skal feste seg, og det stadiet har du klart å komme deg over, så da er det absolutt god sjanse mener jeg. Ja, eg håpar virkelig du har rett i at me har gode sjansar med IVF! Som du seier, så er det jo veldig positivt at eg fekk 3 modne egg ved hjelp av FSH-stimulering. Tok ein dose på 75 IE i 10 dagar, og reagerte bra på den dosen. Berre så synd at ingen av egga vart befrukta og festa seg. Då eg vart gravid i februar, var det i pausemånaden etter min 2. doble pergokur. Det virkar som om eg ikkje får ordentlig EL lenger, uten å tilføra kroppen kunstige hormon. Men eg kan jo ikkje fortsetja med pergo og FSH-stimulering i all evighet, så det er nok ingen vei utenom IVF for oss. Grunnen til at eg i det siste har blitt meir redd for at IVF ikkje kjem til å fungera for oss heller, er at eg fekk dårlig resultat på ein AMH-prøve som eg tok i september. Den var på 17, og det er ikkje noko særlig bra. I morgon skal eg ringa for å høyra om resultatet av den nye FSH-prøven eg har tatt, har kome. Og eg er så redd for at FSHen min har blitt mykje høgare sidan sist. Det er sikkert rundt 1 år sidan forrige gang eg tok FSH-prøve. Den gangen var FSH på 3 (kanskje 4 den siste gangen), og det er bra. Men sidan syklusane mine har blitt så rare, og AMH-prøven var såpass dårlig, så fryktar eg veldig at FSH-prøven heller ikkje er noko bra lenger. Du får kryssa fingrane saman med meg! For om eg fortsatt har ganske lav FSH, så trur eg me har ein sjanse til å lykkast med IVF! Har du tatt FSH- og AMH- prøvar? Og kva resultat fekk du i så fall på prøvane? Eg har forresten blødd litt rødt, friskt blod i dag også, og no er det 11 dagar sidan mensen starta. Så du skjønnar sikkert at syklusen min er ein smule rar, og ikkje til å forstå seg på. Endret 27. oktober 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. oktober 2011 Forfatter #866 Del Skrevet 28. oktober 2011 (endret) I dag tok eg endelig mot til meg og ringte klinikken, for å få vita resultatet av FSH-prøven eg tok tidlegare denne månaden. Følte meg heilt uggen då eg ringte, for eg var så redd for at resultatet skulle vera dårlig, etter at eg fekk ganske dårlig resultat på den nye AMH-prøven eg har tatt. For viss eg både har litt dårlige eggreservar og dårlig eggkvalitet, så er sjansane våre dårlige sjølv med IVF. Heldigvis vart eg positivt overraska, for ein gangs skyld! Resultatet av FSH-prøven var på 2,8 - og det er veldig bra! Eg har lest at normalområdet er mellom 2 og 12, der 1 er best og 12 dårligast. Og har ein FSH over 12, så har ein kome i overgangsalderen. Så viss resultatet av den nye FSH-prøven min stemmer, så har eg fortsatt super eggkvalitet. Det einaste eg synst er litt rart, er at resultatet av FSH-prøven er litt bedre enn det resultatet eg fekk for ca 1 år sidan, og enda før det. Tidlegare har FSH vore på 3. Har innbilt meg at forrige gang eg tok FSH-prøve, så var den på 4. Men mulig at eg hugsar feil, for talet 3 er det eg har notert meg ned tidlegare, iallfall som eg kan finna. Og det er jo ikkje akkurat så stor forskjell på 2,8 og 3, så det er vel stort sett samme resultat som før. For det kan umulig gå an at ein får bedre eggkvalitet med åra - det veit jo alle at ikkje kan stemma! Håpar virkelig at dette prøveresultatet er riktig, sånn at eg slepper å gå rundt og bekymra meg meir for at eg kanskje har dårig eggkvalitet. Eg tok FSH-prøven på syklusdag 3 i denne syklusen, altså i syklusen etter at eg hadde eit forsøk med FSH-stimulering. Gynekologen min sa iallfall at FSH-stimuleringa i syklusen før ikkje ville påvirka resultatet av denne FSH-prøven, så eg håpar at det stemmer! I så fall ville eg vel ha fått for høgt FSH-resultat, sidan eg då ville hatt meir FSH i kroppen enn eg skulle hatt, pga FSH-stimuleringa? Uansett, akkurat no er eg veldig glad og letta! Håpar virkelig dette betyr at me har gode sjansar for å lykkast med IVF, til tross for litt dårlig resultat på AMH-prøven! Endret 28. oktober 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 28. oktober 2011 #867 Del Skrevet 28. oktober 2011 Så bra at du fikk så godt resultat på fsh-prøven! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. oktober 2011 Forfatter #868 Del Skrevet 28. oktober 2011 Så bra at du fikk så godt resultat på fsh-prøven! JAAA! Håpar virkelig resultatet stemmer, og at det ikkje er noko feil med prøven. No er eg iallfall veldig letta - for eg har gått rundt i lang tid og bekymra meg for resultatet av denne FSH-prøven. Men no føler eg at det er håp for oss, og det er ein god følelse! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 28. oktober 2011 #869 Del Skrevet 28. oktober 2011 Det er som å føle seg plutselig 10 kg lettere når en sånn bekymring er ute av verden Så godt å høre, da kan du ha en avslappet, rolig og kjempegod helg foran deg håper jeg Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
pusilus Skrevet 28. oktober 2011 #870 Del Skrevet 28. oktober 2011 Herlig med gode resultater Mirabella Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. oktober 2011 Forfatter #871 Del Skrevet 28. oktober 2011 Det er som å føle seg plutselig 10 kg lettere når en sånn bekymring er ute av verden Så godt å høre, da kan du ha en avslappet, rolig og kjempegod helg foran deg håper jeg Ja, det er akkurat sånn det følest! Eg har vore så redd for resultatet av denne FSH-prøven, så no føler eg meg minst 10 kg lettare, ja! Eg skal berre slappa av og kosa meg i helga - det synst eg at eg fortener, etter alle bekymringane eg har hatt i det siste! Herlig med gode resultater Mirabella Ja, det er det absolutt! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 28. oktober 2011 Forfatter #872 Del Skrevet 28. oktober 2011 I dag har eg heldigvis ikkje blødd noko, så no håpar eg virkelig at eg ikkje ser meir blod før neste mens! I går tidleg (dag 11 etter første mensdag), var siste gangen eg såg litt friskt, rødt blod. Etter det har eg heldigvis ikkje blødd noko meir. Jammen på tide at det slutta no, etter så mange dagar! Trur eg skal finna meg litt kveldsmat snart, og så er det rett i seng! Jenta mi sovna ganske seint i kveld, så eg håpar ho søv lenge i morgon tidleg. Det skal bli godt å leggja seg i kveld, uten å ha hovudet fullt av bekymringar. Eg har sove ganske dårlig dei siste nettene, så eg håpar på ei lang og god natt! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 31. oktober 2011 Forfatter #873 Del Skrevet 31. oktober 2011 (endret) I dag fekk eg positiv EL-test, på CD 15. Egentlig er jo det kjempebra, for eg har jo hatt enten veldig tidleg eller ingen EL den siste tida. Så EL på CD 15 er jo heilt perfekt! Håpar berre ikkje det var EL-testen det var noko feil med, og at testen var falskt positiv. Eg brukar alltid digitale CB-eggløysingstestar. Der får ein jo opp eit smilefjes når EL-testen er positiv, og ein skal egentlig ikkje tolka strekane på testpinnen. Men det gjer eg alltid likevel. Og då pleier alltid både kontrollstreken og den andre streken vera tydelig synlige, når EL-testen er positiv. Men i dag var det kun kontrollstreken som kom fram. Der den andre streken skulle ha vore, var det berre litt veldig svak lysblå farge, som liksom var glidd utover, og ingen strek. Det var altså berre ein strek på testpinnen, og likevel var EL-testen positiv! Skjønnar ikkje heilt korleis det kan stemma. Er det nokon andre som har opplevd noko liknande? Eg har hatt litt slim både i går og i dag, som sannsynligvis er EL-slim. Så sånn sett kan det jo tyda på at eg faktisk har EL no. Men eg begynnar jo å lura på om det kan stemma, med tanke på den rare EL-testen eg tok i dag tidleg. Uansett blir det ingen prøving på oss denne syklusen dessverre, for mannen min er på jobb i Nordsjøen. Og i slutten av november er det tid for foramtale på fertilitetsklinikken. Så då er det ikkje sikkert at me får fleire sjansar til å prøva på eiga hand, før me kjem i gang med IVF. Endret 31. oktober 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
*Lollipop* Skrevet 7. desember 2011 #874 Del Skrevet 7. desember 2011 Hvordan står det til her? Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 7. desember 2011 Forfatter #875 Del Skrevet 7. desember 2011 (endret) Hvordan står det til her? Kjekt at du spør! Har tenkt lenge at eg skulle oppdatera her inne, men så har det liksom ikkje blitt. Føler meg så lei av dette prøvestyret, at eg ikkje orkar å vera så aktiv her i dagboka mi lenger, når eg ikkje har noko positivt nytt å koma med angåande prøvinga vår. No er det så seint, at eg er nødt til å leggja meg og sova. Men eg skal prøva å få skriva litt meir i morgon! Eg og mannen min var nemlig på forundersøkelse på sykehuset 30. november, så no er me forhåpentligvis eit lite stykke vidare på veien mot å få ønskebarnet vårt! Endret 7. desember 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Trekkoppfuglen Skrevet 9. desember 2011 #876 Del Skrevet 9. desember 2011 Koselig å "se" deg igjen! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. desember 2011 Forfatter #877 Del Skrevet 10. desember 2011 Koselig å "se" deg igjen! Takk! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 10. desember 2011 Forfatter #878 Del Skrevet 10. desember 2011 (endret) Ja, då får eg prøva å oppdatera litt her inne, slik eg lova at eg skulle gjera! Som sagt, så var eg og mannen min på forundersøkelse på fertilitestsklinikken på sykehuset 30. november. Så no har me iallfall ein plan for kva som skal skje i tida framover, viss alt går som planlagt. Mannen min tok først ein ny sædprøve. Me snakka deretter med ein kvinnelig overlege, før eg fekk ein innvendig UL-undersøkelse. Alt såg normalt ut. Legen kunne sjå at eggløysinga enda ikkje hadde vore, noko som også stemte med kor eg var i syklusen. Eggløysinga kom ein dag eller 2 etter at me hadde vore på forundersøkelse. Det fann eg ut ved å bruka eggløysingstestar, og eg fekk positiv EL-test på dag 14 i syklusen. Når det gjeld AMH-resultatet mitt på 17, så beroliga legen meg med at AMH-prøven min var heilt normal. Og at det var vanlig at AMH var på berre rundt 6, hos mange kvinner på min alder. Og sidan FSH-prøven min også var bra (på 2,8), så meinte legen at det ikkje var nokon fare for at eg hadde kome i for tidleg overgangsalder. Det var godt å høyra! Ho meinte at dei rare syklusane mine sidan august i fjor, kom av noko hormonkluss. Etter UL-undersøkelse av meg, prata me med ein sjukepleiar, som gjekk detaljert gjennom gangen i eit prøverørsforsøk, med medisinering, uttak o.l. Og me måtte skriva under på nokre papir. Då me heilt i starten snakka med overlegen, så meinte ho at den sædprøven mannen min har tatt tidlegare var heilt ok. Og at sjølv om resultatet ikkje var heilt topp, så var likevel sædkvaliteten hans bra nok, slik at dårlig sædkvalitet ikkje skulle vera grunnen til at eg ikkje har blitt gravid. Så først vart eg letta over å høyra at mannen min ikkje hadde elendig sædkvalitet. Ei stund etterpå, vart eg meir pessimistisk igjen. For då var resultatet av dagens sædprøve klart, og den var ganske mykje dårligare enn den forrige sædprøven mannen min tok. Legen spurte først om det kunne vera at sædprøven hadde blitt frakta heimefrå, og ikkje blitt haldt varm nok. Men det var jo ikkje nokon mulighet for det, sidan mannen min tok sædprøven på fertilitetsklinikken! Og han har heller ikkje hatt feber eller noko i løpet av dei siste månadene, som kan ha gjort at sædprøven vart dårlig. Mengda sædceller i prøven var den samme som forrige gang, men det var mange færre sædceller som var fine og svømte bra. Me fekk vita at viss sædprøven var like dårlig når me skal ha første forsøk, så blir det kanskje ICSI i staden for IVF, som var den opprinnelige planen. Eller iallfall at det vart brukt ICSI på halvparten av egga. Det var skikkelig kjipt å få ein sånn beskjed, etter først å ha fått vita at den forrige sædprøven til mannen min var ok! Men eg må seia at eg har mistenkt at sædkvaliteten til mannen min må vera ganske dårlig, når eg ikkje ein gang vart gravid etter forsøket vårt med FSH-stimulering i september/oktober, der eg fekk 3 fine og modne egg. Eg fekk ikkje begynna med nokon medisinar i denne syklusen. Då ville det ha blitt egguttak i løpet av første veka i januar, og då hadde dei allerede heilt fullt. Så no er planen at eg skal i gang med medisinar i neste syklus. Eg ventar mensen i midten av desember. Så fort eg får mensen, skal eg ringa klinikken. Så får eg tilsendt ein oversikt over kva dagar eg skal ta dei ulike medisinane + reseptar på alle medisinane eg treng. Blir syklusen normal, og alt går som det skal, så blir det sannsynlegvis egguttak i begynnelsen av februar. På ein måte er det godt at eg får nyta jula, uten å måtte stressa med å ta medisinar fleire gangar om dagen - sjølv om eg synst det er litt kjedelig at eg må venta heilt til neste syklus før eg får koma i gang. Får virkelig håpa at 2012 blir vårt lykkeår! No har eg håpt på å bli gravid i halve 2009, heile 2010, og heile 2011 - så då synst eg jammen at 2012 kan bli vårt baby-lykkeår! Endret 10. desember 2011 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest imli Skrevet 11. desember 2011 #879 Del Skrevet 11. desember 2011 Lukke til med året som kjem Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Klematis Skrevet 11. desember 2011 #880 Del Skrevet 11. desember 2011 Så godt at dere er i gang! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Start en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå