Gå til innhold

Korleis vite at ein bør skifte yrke?


Alsana

Anbefalte innlegg

Det nærmar seg søknadsfristen for Samordna opptak, og eg er veldig i tvil om eg vil halde fram i det yrket eg har no. Eg sit her og les på spreng om logopedi- og bibliotekarstudier og prøvar å finne ut om eg verkeleg vil få det betre i eit av desse yrka enn det eg held på med no. Kan ikkje seie at eg direkte vantrivst, men når eg tenkjer på resten av livet må eg seie det knyter seg litt i magen. Det er eit kunstnerisk yrke som eg aldri vil bli "kvitt", og når sant skal seiast var det litt tilfeldig at eg endte opp slik også. Eg har på ein måte aldri teke eit ordentleg val om kva eg skal gjere, og eg kjenner no at eg er usikker på om eg tør å late tilfeldigheitane styre på denne måten. Samstundes er det jo det at eg ikkje veit korleis eg hadde trivst i desse nye yrka heller.

Er det nokon som har nokre tankar rundt det å ta ei heilomvendig og starte heilt på nytt med noko anna? Om det skal skje, bør det helst skje i år, og det er så mykje å tenkje på.

Endret av Alsana
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Gjest Gjest

Vil bare si at jeg kjenner meg veldig igjen i situasjonen din. Jeg har ikke tatt noe valg ennå, og vet ikke om jeg klarer det i år heller, men skjønner i hvert fall godt usikkerheten. Jeg tror at du egentlig vet at du trenger å velge en ny retning, men at du kanskje er usikker på om det blir bedre eller om det blir "helt" riktig?

Det jeg tenker i klare øyeblikk er at det ikke skader å søke. Du har fortsatt noen måneder til å ombestemme deg på, til å takke nei til studiene eller omprioritere.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Er enig med gjest her. Du kan alltids takke nei til studieplassen :jepp:

Er det du driver med nå noko du kan gå tilbake til om studiene skulle vise seg å ikkje være som forventet? I så fall vil det jo kunne forenkle valget ditt..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gjest

Kanskje dette er riktig forum å lufte tanker og kanskje få noen tips.

Jeg har for tiden en godt betalt jobb, gode betingelser og en trygg arbeidsplass. Likevel er det noe som mangler. Tanken har derfor streifet meg, oftere og oftere, at jeg har lyst å skifte beite. Begynne på nytt og ta et 3årig studium. Men det er vanskelig å ta det steget. Hva med det økonomiske ? Permisjon fra den jobben jeg har ? Dette er vanskelig........

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tenkjer akkurat som siste gjest. Dette er vanskeleg. Det er ikkje det at eg ikkje trivst slik eg har det no, men eg har berre ei sterk kjensle av at på lang sikt vil det vere betre for meg å drive med noko anna.

Det er sant det, eg kan jo alltids søkje. Eit års permisjon kan eg få, men det er jo det at ein ikkje kjem heilt i gong med berre eitt år på eit nytt studie. Det vil jo då framleis vere fleire år att før eg vil vere på same stad som i mitt noverande yrke og kan sjå korleis det faktisk vil vere i praksis.

Det er vel tilfeldigsvis ikkje nokon logopedar her som kan fortelje litt om korleis dei har det med jobben sin? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...