Gå til innhold

The little magic human bean

dreia

Anbefalte innlegg

Denne helga har bestått av kvalme, litt turgåing, meir kvalme, litt TV og endå meir kvalme. Blæh! Sjølv om eg ikkje har kasta opp ennå *bank i bordet*, er det så slitsomt å gå rundt og vera kvalm største delen av døgnet. :sukk: Men heldigvis fører det til at eg er mindre redd for at noko er gale med den vesle bønna. Enn så lenge iallfall...

Eg har så utruleg lyst å begynna å annonsera nyheten nå snart, men vågar ikkje i frykt for at det ikkje skal gå denne gongen. Eg er verkeleg optimismen sjølv, ja... :sjenert: Men eg har iallfall fått tid til å tenka gjennom korleis eg skal fortelja det til folk. :-D (Det må bli over telefon til dei fleste, sidan familie og mange venner bur på ein annan kant av landet, så eg har ikkje så mange alternativ.)

Nå er det natta her. Har sove mykje i dag, men er likevel trøytt og skal tidleg opp, så nå er det :tanpuss: etterfulgt av :tellesauer:

(Det er det verste! Ikkje berre er :gjeiper: = gjeiper, men :tanpuss: = tanpuss! Makan! :overrasket: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

:overrasket: Er det verkeleg nokon som meiner ein mister tidleg når ein er "berre" 15 veker på veg? Eg trudde at om ein hadde passert 12 veker, mista ein "seint"? Men sjølvsagt, eg tenker at om ein skulle mista, ville eg heller mista i veke 15 enn i veke 38... Æsj, slikt burde uansett alle sleppa! Då hadde eg nok lagt meg i senga og ikkje orka stått opp på fleire år. :sukk: *ønskje at eg kunne trylla alle (ønska) svangerskap vellukka*

Jøss, berre 2 månadar igjen?! For ei spennande tid! :-D *følge godt med*

Veldig mange som aldri sjølv har vore gravide, tenker nok at 15 veker er ganske tidleg, ja. Eg tenkte jo egentlig litt sånn sjølv også før, rett og slett fordi eg ikkje visste kor mykje fosteret var utvikla på den tida - og fordi eg ikkje ante noko om kor sterke følelsar ein får for den lille babyen i magen allerede frå tidleg av. Så det er nok uvitenhet som gjer at mange tenker slik, og kan koma med kommentarar som at "det var iallfall bra du mista så tidleg, når det først skulle gå gale" - sjølv om ein er så langt som 15 veker på vei, og det opplevest som ei stor sorg for den som mistar!

Eg blir faktisk litt skremt over at det blir kalla abort når ein mistar, heilt fram til veke 28! Leste det nettopp, og grunnen var visst at først då er det ganske gode sjansar for at babyen skal overleva om han/ho blir født. Før det, er sjansane for at fosteret skal overleva ganske små, om fødselen startar. Det stod at mistar ein før veke 12, blir det kalla tidleg abort - og frå veke 12 fram til 28 fullgåtte veker, blir det omtalt som seinabort om ein mistar. Først etter 28 fullgåtte veker, blir det kalla fosterdød om babyen dør i mors liv. Det synst eg er litt ille altså! For mistar ein i veke 18 eller seinare, så er faktisk alle organ hos fosteret ferdig utvikla! Fosteret skal deretter berre veksa, og organa skal utvikla seg og modnast enda meir. Og så skal det likevel bli kalt abort om babyen dør, og det heilt fram til veke 28? Ikkje rart at mange synst ein mistar tidleg om det går gale i f.eks veke 15, når det blir kalla abort heilt fram til veke 28...

Det er så herlig å tenka på at det er så kort tid igjen til eg skal bli mamma! :) Gledar meg så utrulig mykje til å få møta veslejenta mi. :hjertesmil:

Endret av Mirabella76

:overrasket: Abort heilt fram til veke 28? Eg har alltid sett for meg at det var abort fram til veke 18, fosterdød etter det. Har vel kanskje med abortgrensene i Norge å gjera, der 18 er absolutt siste sjanse for provosert abort.

Åh, nå såg eg for meg jula di i år, med lita jente i hus. Kor herleg! :rødme:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt småbekymra i dag. Litt brun utflod. Heldigvis ikkje mykje, men absolutt merkbart i truseinnlegget. (Ja, eg er så redd for at det skal gå gale, at eg har gått med truseinnlegg kvar dag i kanskje 6-8 veker. Altså før eg fann ut at eg var gravid. Evige optimisten... :sjenert: ) I tillegg har eg vore mindre kvalm i dag. Det er ein dårleg kombinasjon. Men, kvalmen har sjølvsagt vore til stades. Og eg prøver å slå meg til ro med at skjer det, så er det nok meininga. Skjer det ikkje, og alt går bra, skal det feirast! :-D

Eg har forresten ein rar luktesans for tida. Enkelte lukter tåler eg ikkje, spesielt røykelukt. :spy: Andre lukter klarar eg ikkje bestemma meg for om er OK eller ikkje, som f.eks. tyggislukt frå mannen. Han får ikkje lov å vri hovudet mot meg når han snakkar lenger, så lenge tyggisen er i munnen. :fnise: Og i forrige veke kjente eg ei lukt som minna om b-vitamin-pillene mine, i oppgangen, og tyrkisk pepper-lukt på dametoalettet på jobb. Så nå går eg berre rundt og lurer på om nokon av kollegane mine et (eller drikk :overrasket: ) tyrkisk pepper på jobb... :ler:

Nå er det :tanpuss: og :tellesauer: . Og kanskje litt :humpe: . Mannen må jo få litt igjen for at han er så snill for tida... :fnise:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:overrasket: Abort heilt fram til veke 28? Eg har alltid sett for meg at det var abort fram til veke 18, fosterdød etter det. Har vel kanskje med abortgrensene i Norge å gjera, der 18 er absolutt siste sjanse for provosert abort.

Åh, nå såg eg for meg jula di i år, med lita jente i hus. Kor herleg! :rødme:

Ja, må seia at eg vart veldig overraska eg og, då eg leste det! Synst liksom ikkje at seinabort høyrest noko "bedre" ut enn tidlegabort. Abort er jo uansett eit ord som eg meinar ikkje kan brukast på fullt utvikla foster, som berre treng å veksa og modnast meir for å kunne overleva!

Såg du forresten den jenta som var født i veke 22, og overlevde? Eg leste det nettopp på nettet, og såg bilde av henne. Ho var så bittebitteliten, at det var ein sensasjon at ho overlevde - og ingen legar hadde trudd at ein så liten unge kunne klara seg. Trur berre ho var litt over 200 gram, då ho vart født! :overrasket:

Gledar meg masse til jula saman med ei lita babyjente! :hjerter_rundt: Det einaste som er dumt, er at mannen min er på jobb i Nordsjøen i jula. :( Synst jo det er litt trist at me ikkje skal få feira den aller første jula vår saman, som ein liten familie. Men eg og veslejenta skal nok klara å kosa oss likevel. :) Kjem til å feira jula heime hos foreldra mine.

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Alt er sikkert i orden - men om det kjem meir brun utflod, så er det nok lurt å kontakta lege for sikkerhets skyld. Ikkje for å skremma deg, men det var jo slik det starta hos meg, med brunaktig utflod i nokre dagar, før styrtblødningen kom. Heldigvis gjekk det jo bra for meg likevel, men ein kan jo aldri vita det på forhånd. Blødningar skal ein alltid ta på alvor, sjølv om det kun er småblødningar. Men du? Ikkje for å ødeleggja kosen for deg og mannen din - men det er kanskje ikkje så lurt med samleie, når du har hatt litt brun utflod i dag? :sjenert:

Endret av Mirabella76
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Jeg har sett deg litt rundtomkring i terminklubben, men jeg visste ikke at du hadde dagbok før jeg snublet over den i dag.

Skummelt med småblødninger! Legen min sa jeg bare måtte ta kontakt om det skulle skje, så jeg tror ikke du trenger å være redd for at det er for hysterisk å ringe legen. Men så vidt jeg har skjønt, er det mange som har det, uten at det er noe galt, men det kan jo være greit å få sjekket. Og hvis de bestemmer seg for at du bør få en tidlig ultralyd, så hadde det jo ikke vært så ille å få forsikret seg om at barnet har det bra.

Håper at alt går bra med deg :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Glemte helt å si at jeg er omtrent like optimistisk som deg. Jeg har et par bind klare i vesken om syndfloden skulle bryte løs... Og vi har kun fortalt det til noen veldig få personer. Foreldrene våre er fortsatt lykkelig(?) uvitende. Når jeg tenker meg om, blir de vel heller lykkelig vitende når de får vite det...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då var visst det heile over for denne gong. :tristbla:

Har hatt smerter litt til og frå sidan tirsdag/onsdag, og etter kvart også litt misfarga utflod. Men det var først i går eg blei veldig bekymra, då eg begynte å småblø friskt blod og hadde slike smerter at det var vondt å gå også i sakte tempo, i tillegg til at eg ikkje klarte å stå heilt oppreist.

Me drog på legevakta tidleg på kvelden i går, og heldigvis fekk me henvisning til gynekolog på kvinne/barn-senteret same kveld. Då hadde eg visst berre brunleg utflod, men gynekologen fann dessverre ingen hjertelyd på vesle bønna vår. Størrelsen tilsvarte 9 veker, og han hadde truleg døydd eit par dagar før. Så eg var altså kortare på veg enn eg rekna med (sidan eg trudde eg var 11+4). Eg tok faktisk beskjeden overraskande bra. Hadde nok forberedt meg godt på det i forvegen, så beskjeden kom ikkje særleg overraskande. Trist, ja, så me har begge tørka nokre tårer, men det var likevel ikkje frykteleg. Men ikkje akkurat beste måten å tilbringa ein heil lørdagskveld.

Eg fekk nokre piller (Cytotec?) og Paralgin Forte med meg heim. I dag sette eg pillene, og har altså levd i eit vanvittig smertehelvete i mange timar i dag. Intense magesmerter eg måtte pusta, jamra og skrika meg gjennom (sjølv om eg nå er oppe i 6 Paralgin Forte i dag!), og enkelte gonger med kanskje 15 sekunds pause mellom smertetaka. Så eg lurer på om eg kanskje har vore gjennom ein liten mini-fødsel i dag? :klø: Men heldigvis har det ikkje skremt meg/oss frå å prøva igjen. ;)

Og mannen har vore verdens beste i dag. Han har passa kjempegodt på meg, prøvd å få i meg mat og drikke, laga middag, vaska klær, fylt på varmeflaska igjen og igjen, trøsta under smerte og tårer, og måtte i tillegg vurdera "utsleppa" i bind (Tena Lady Extra :skratte: ) og do samt tømma spybøtta mi, stakkar. :ler: Men me har komme svært nær kvarandre nå i helga. Nå elskar eg han om mulig endå meir. Og han har forstått at han faktisk er veldig klar for barn. Gode mannen min! :yvonne:

Nå ventar eg berre på at magen skal bli god igjen - den er veldig mørbanka, og eg går fremdeles framoverbøygd - og eg skal slutta å blø, så prøver me igjen. Håpar det går fort også denne gongen! Me er ved godt mot, sjølv om det har vore ei tung og trist helg. :jepp:

Eg vil berre ønskja alle gravide lykke til vidare i graviditeten! Eg håpar færrast mulig opplever det same som oss! :)

Det har forresten hjelpt å tenkja på kva som er "positivt" med at det ikkje gjekk bra denne gongen. F.eks. at det kanskje passar bedre med tanke på jobb og huskjøp å få ein liten ein litt seinare. Og nå har eg i tillegg plass til ein juleticker i signaturen min. *prøver å sjå positivt på det negative* :fnise:

Endret av dreia
Lenke til kommentar
Del på andre sider

:troest: Så utrolig trist og lese. Unner ingen andre å oppleve den følelsen.

Utrolig kjedelig måte å tilbringe lørdagskvelden på ja, det hørtes helt jævelig ut. Glad jeg fikk utskraping ja.

Har lest om andre som har vært gjennom noe ala det du har, og de har fått beskjed om at det er ca samme følelsen som rier. Så nå vet du nok litt hva det går ut på ;)

Rart hvordan mannfolka endelig innser hvor klare de faktisk er for barn når noe sånt skjer. Samboer ble kjempelei seg og går bare å venter på at vi skal bli gravide igjen, godt og endelig føle at vi ønsker dette like mye. Og ja, vi kom nok nærmere hverandre av opplevelsen.

Vi må nok bare se positivt på framtida og trøste oss med at det ikke var meningen denne gangen. Men en dag….

Håper forresten smertene er mindre i dag :kose:

:bolledeig: for juleticker :)

Takk. :klem: Faktisk litt greit å ha opplevd dette også, føler eg, så kan eg enklare setta meg inn i kva andre opplever. Det gjelder å prøva å sjå positivt på ting for å sleppa dei djupaste bølgedalane. ;)

Eg var faktisk utrulig glad for å sleppa utskraping, då gynekologen foreslo pillene. ;) Og eg tar gjerne pillene for å sleppa utskraping også neste gong, om det same måtte skje då. :Nikke: Nå er nok fødsel ganske mange hakk verre, i tillegg til at ein ikkje får dopa seg ned på Paralgin Forte - vel, eg lurer virkelig på kor mykje dei egentlig hjalp, for det var ulidelig vondt? - men etter ein fødsel får ein jo (stort sett) ein liten baby å kosa med etterpå, mens eg gjekk gjennom smertehelvete for så å ligga og tenka på den lille klumpen som ikkje fekk leva. Smerter for ingenting, liksom. Er nok derfor eg ikkje har tatt skrekken ennå. Eg veit jo kva som ventar meg i enden av fødselssmertene. :rødme:

Mannen har vore klar ei stund, sjølv om det er eg som har masa mest om barn. Han har nok vore klar, men ikkje like bevisst på nøyaktig kor klar. Så det var veldig godt at han sa det i går - nå ville han veldig gjerne ha baby, for han savna den lille magen min sånn. :rødme: Og han les for tida i Gro Nylanders "På vei", så han har til stadigheter påpeika at han er så glad for eg ikkje røyker, drikk etc. Og i helga snakka han mykje om kor vanlig det var å blø, så det kunne vera kva som helst, og kor vanlig det var å mista uten at det var noko sin feil, fosteret var berre ikkje levedyktig. Så han har vore veldig interessert dei siste vekene iallfall. Det er så godt å vita når me skal prøva igjen. Og det er han veldig klar for nå. :yvonne:

Nei, det var ikkje meininga denne gongen. Eg har hatt mykje problemer med øyreverk som liten, så nå er me fast bestemt på at den lille som måtte gi tapt, heilt sikkert hadde fått mykje vondt i øyrene fram gjennom åra, og sikkert også fleire plager, så det var best at han ga slipp når han gjorde. (Og ja, eg er "sikker" på at det var ein gut. :fnise: ) Det hjelper litt, heldigvis.

I dag har eg ein Paralgin Forte innabords, og eg oppegåande nok til å sitta i sofaen. Formen er altså på veg opp! :danser:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klemmer:

Veldig godt å høre, tror du kommer bra ut av dette jeg. Syns selv utskraping var det beste, hvert fall for meg.

Virker som dere takler dette veldig bra, og det tror jeg er viktig :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Uff, så trist å høre :tristbla: Godt at du tar det så bra, og lykke til fremover.

Jeg har ikke så mange gode ord å komme med... :klem:

Det var ei tung helg, men dette kjem me nok styrka ut av, så me får prøva å sjå det positive i det. Som mottoet til ei venninne: "Går det ikkje bra, så går det over." :jepp:

Eg ønsker deg masse lykke til vidare! Håpar du slepp å oppleva det same! :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

:klemmer:

Veldig godt å høre, tror du kommer bra ut av dette jeg. Syns selv utskraping var det beste, hvert fall for meg.

Virker som dere takler dette veldig bra, og det tror jeg er viktig :)

NB! ER DU GRAVID OG/ELLER BEKYMRA, IKKJE LES DETTE INNLEGGET!

Eg er glad eg slapp utskraping. Det er visst større infeksjonsfare ved det, i tillegg til at eg syns det høyrest kjempeskummelt ut. *grøsse* Det verste med pillene var smertene pluss at eg faktisk såg kva som kom ut av meg. Det verste var då eg såg den lille babyklumpen i papiret, og måtte bestemma om eg skulle kasta han i do eller i søpla. Kunne ikkje akkurat tatt vare på han eller begravd han i hagen i borettslaget heller. Kan tru det var tungt å spyla ned etter eg hadde sluppe papiret med han ned i do. Eg tutar kvar gong eg tenker på det... :cry3:

Likevel - så lenge eg slepp utskraping, skal eg styra unna det! :Nikke:

Uff, akkurat det jeg hadde vært redd for at skulle skje. Vet utskrapinga kunne jeg bare sove gjennom det hele og når jeg våkna så var jeg ferdig med det. Fikk egentlig ikke noe annet valg heller, sa bare at jeg skulle faste også opereres. Legen ville egentlig bare få det ut fortest mulig pga infeksjonsfare, sikkert fordi jeg allerede hadde gått med det i meg i tre uker.

Skjønner at det var vanskelig der du satt med han i hånda :troest:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Trist å høyra at det skulle enda slik. :cry3: Var så spent på å høyra korleis det gjekk med deg, og det var absolutt ikkje dette eg håpte å få høyra. Det må vera heilt grusomt å oppleva noko slikt.

Virkar som om du tar det fint, og det er godt å høyra at du og mannen din føler at dåke har kome enda nærmare kvarandre etter denne opplevelsen. Sender deg ein stor trøsteklem, og håpar at du blir fort gravid igjen. :troest:

Det var ikkje meininga det skulle gå denne gongen. Den vesle klumpen ville nok aldri hatt eit godt liv. Han kjempa så lenge han klarte, men måtte nok gi opp kampen fordi han ikkje var sterk nok for denne verden. :rødme:

Eg har hatt det i tankane heile tida og ikkje klart å vera rolig og gleda meg skikkelig over graviditeten. Så me tok beskjeden veldig greit. Då eg grein mest, var faktisk før legevakten og UL på lørdagen, før eg visste kva som skjedde. Eg hadde ein kjempedårlig følelse, akkurat som om eg visste at lille klumpen ikkje klarte seg. Så på UL var det mest følelsen "Ja, då hadde eg faktisk rett, då" som kom. Tårer har det sjølsagt blitt, både før og etter. Men eg trur nok me kjem styrka ut av denne opplevelsen, både kvar for oss og som eit par. :jepp:

Men nå er eg nesten besatt av tanken på å bli gravid igjen. :sukk: Klarer nesten ikkje venta til blødningen er ferdig, før det er :sengekos: igjen. :lur: Håpar berre me ikkje må bruka mykje tid på det prosjektet. Går det meir enn 3 mnd, kan eg nok få ein negativ reaksjon, i og med at det gjekk så fort sist gong. *krysser fingrane og håpar eg er gravid før Mirabella får jenta si i november*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
×
×
  • Opprett ny...