dreia Skrevet 6. august 2008 #1 Del Skrevet 6. august 2008 (endret) Nå blir det omsider til at eg også lagar meg ei dagbok. Har lenge vore inne og sniklese i andre graviditets- og prøvedagbøker og synest det verkar koseleg å bli "kjent" her inne. Mannen og eg har lenge snakka om barn, og bestemte oss for å kasta p-pillene i juni. Kan tru overraskinga vart stor då me fekk klaff i første PP. (Vel, eg vart vel meir overraska enn han, pessimist som eg er. ) Eg er litt usikker på om det eigentleg har gått heilt opp for meg ennå, men..? Men sjølvsagt er me veldig glade begge to. :-D Sjølv om alt eg les om SA/MA rundtom på nett sjølvsagt skremmer meg litt. Tenker heldigvis ikkje for mykje på det, då, iallfall ikkje ennå. Eg er framleis noko usikker på termin, men det skal (forhåpentligvis) skje i månadsskiftet mars/april ein gong. *gleder meg* Eggløysing trudde eg at eg fann (vel å merke utan testing) rundt 1. juli, men over to veker etter dette var testane framleis negative. Ei veke seinare kunne me (med eit veldig optimistisk syn) sjå ein svak, svak strek. På neste test(ar) (EI HEIL VEKE ETTER - korleis klarte eg å la mannen overbevisa meg om å venta så lenge? ) lyste det to rosa strekar mot meg - ingen tvil! Men (nesten) heile tida følte eg meg gravid (utan at eg eigentleg visste korleis det kjentes ut, men eg hadde mensmurringar og var småkvalm m.m. ), så eg stolte aldri heilt på dei negative testane. Eg håpar at eggløysinga faktisk var rundt 1. juli, og at eg berre produserer hcg seint, for i så fall eg er heile 7 veker på veg. * litt meir* Nå er det ei heil veke sidan den første veldig-gravidtesten. Dei siste dagane har kvalmen (og skjelving og litt småsvimling) begynt å komma. Typisk morgonkvalme ennå, eller svolten-kvalme. Så Ritz-kjeksa har nå fått ein fast plass på nattbordet, saman med sea bands. Slik det er nå, er det leveleg, eg håpar berre det ikkje blir så mykje verre. Hatar å vera kvalm! Nå må eg eta litt før eg legg meg. Er svolten nå, så kvalmen har komme. Gleder meg til å bli "kjent" med folk her! Endret 6. august 2008 av dreia Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest imli Skrevet 7. august 2008 #2 Del Skrevet 7. august 2008 Gratulerer! Jeg fikk baby i begynnelsen av april i år, det er en flott tid å få barn på! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 12. august 2008 Forfatter #3 Del Skrevet 12. august 2008 Gratulerer! Jeg fikk baby i begynnelsen av april i år, det er en flott tid å få barn på! Takk! :bukke: Hyggelig med besøk i boka mi. Gratulerer med guten! Eg følgde litt med i april også, men aldri som brukar, berre som gjest, så det blei aldri at eg la igjen spor i dagboka di. Eg er sjølv aprilbarn og synest det er ein flott månad å ha bursdag i. Utanom i studietida, sidan det stort sett er i april den store leseinnspurten mot eksamen begynner. --- Nå er det allerede nesten ei veke sidan eg skreiv første innlegget. (Note to self: Prøv å vera litt meir aktiv frå nå av.) Dagane har gått fort. Kvalmen og trøttheten (mykje på grunn av dårleg søvn på nettene) var verst i førre veka. Enkelte morgonar var spesielt fæle. Eg låg i senga og berre jamra og klaga meg, samt prøvde å eta litt, før eg måtte stå opp. Eit par gonger var det så ille at eg følte eg måtte klypa mannen litt (ikkje slik at det blei VONDT sjølvsagt... ), slik at det ikkje berre var eg som leid. Stakkar, dei må tåla ein del, desse mennene! Dei siste dagane har eg vore mykje betre. Eg slit ikkje lenger med å få i meg mat, ikkje eingong på morgonen, og så lenge eg ikkje lar magesekken bli tom, unngår eg den verste kvalmen. Litt småkvalm er eg jo sjølvsagt framleis, men ikkje på langt nær så ille som for ei veke sidan. Det einaste er at redusert kvalme har ført til auka bekymring for at det faktisk er noko levande der inne eller ikkje. Eg føler meg ikkje veldig gravid ennå, sjølv om eg har og har hatt mange symptom. Den store gleda, som eg var så sikker på at skulle komma, sidan eg har gledd meg så mykje til dette i mange år, er ikkje tilstades ennå. Sjølvsagt gleder eg meg masse til eg får mage, den vesle begynner å sparka, me får møta nurket, læra h*n å kjenna og sjå på korleis h*n utviklar seg gjennom åra. Men den store jubelen er altså fråverande, enn så lenge. Eg innbiller meg at det først og fremst er ein slags forsvarsmekanisme, slik at ein eventuell SA/MA ikkje vil knusa meg fullstendig? Elles har eg ennå ikkje ringt legen. Æsj, må få gjort det snart, er jo kanskje tross alt 8 veker på veg allerede... Legekontoret har elendige telefontider - kva er vel 4 timar telefontid for eit legekontor? Eg prøvde riktignok nokre gonger i går - måtte snika meg litt unna, slik at dei andre på jobben ikkje skulle høyra - men der var det "Nettverk opptatt" og "Opptatt nummer" alle gongene. Æsj altså. Heldigvis har eg allerede ringt jordmor. Nå ventar eg berre på skriv i posten eller telefon om time. Håpar berre så inderlig eg har fått plass hos jordmor. (Dei sa ingenting om at det var fullt ennå då eg ringte, men eg stolar aldri heilt på ting før eg ser det svart på kvitt. ) Det er visst ikkje akkurat overflod av jordmødre i Trondheim... Nå kosar eg meg åleine heime, med PC, TV og ein liiiten pose vingummi og berre slappar av. Herleg med heime-åleine-kveldar innimellom, sjølv om eg så klart savner mannen etter kvart. Håpar han snart kjem heim, for eg begynner å bli klar for senga allerede. Tar på å ligga på sofaen... Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 12. august 2008 Forfatter #4 Del Skrevet 12. august 2008 Då har eg "bestemt" meg for at 1. juli var EL-dagen, og at eg berre har hatt lågt hcg-nivå ei stund. Så det så. Så får legane berre flytta termindato slik dei vil seinare. Greitt å ha ein dato å sjå fram imot (foreløpig 12 vekes-datoen), og då er det litt meir motiverande om det ikkje er lengst fram i tid. I følge babyverden.no har eg då blant anna følgjande datoar å forholda meg til: Unnfangelsen finner sted omkring: 1. juli 2008 Hjertet begynner å slå: 26. juli 2008 Embryoet beveger seg: 19. august 2008 Embryoperioden er slutt, du bærer på et foster: 26. august 2008 Alle indre organer er ferdig formet: 26. august 2008 Risikoen for spontanabort avtar: 9. september 2008 Tid for ultralyd: 14. oktober 2008 Du kan kjenne fosterets bevegelser: 21. oktober 2008 Svangerskapspermisjonen begynner: 5. mars 2009 Antatt termindato: 26. mars 2009 Åh, kjenner eg blir utålmodig berre av tanken. Men viss eg faktisk har rett, har faktisk hjertet til bønna begynt å slå, og om ei veke er det bevegelse i h*n. :rødme: Ein kan jo bli forelska av langt mindre! :love: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
F&b Skrevet 14. august 2008 #5 Del Skrevet 14. august 2008 Og gratulerer med den lille spiren Blir spennende å følge med framover! Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 17. august 2008 Forfatter #6 Del Skrevet 17. august 2008 (endret) Og gratulerer med den lille spiren Blir spennende å følge med framover! Takk for besøket i boka mi! Du har visst ikkje lenge igjen, du. *snike seg inn i boka til F&b og lese litt* --- Nå har eg endeleg fått bestilt meg legetime, og har i tillegg fått første time hos jordmor. Jordmortimen er 9/9 - det er jammen ikkje lenge igjen! "Berre" ein fellestime for fleire med termin i mars, men likevel like spennande. I dag har eg og mannen sylta bær. Så nå har me 6 nye boksar syltetøy i frysen. Rips og rips/bringebær denne gong. Og i kveld blir det vaflar med nyrørt syltetøy. Endret 17. august 2008 av dreia Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 17. august 2008 #7 Del Skrevet 17. august 2008 (endret) Gratulerer så mykje med ein liten spire i magen! Kjekt at det er fleire her på KG som skriv nynorsk. Endret 17. august 2008 av Mirabella76 Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Tussi! Skrevet 19. august 2008 #8 Del Skrevet 19. august 2008 Her har jeg vel ikke vært å gratulert ennå. Gratulere så mye Så du hadde meldt deg inn i mars/april klubben Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 19. august 2008 Forfatter #9 Del Skrevet 19. august 2008 (endret) Gratulerer så mykje med ein liten spire i magen! Kjekt at det er fleire her på KG som skriv nynorsk. Takk. :-D Kjekt med fleire besøk i boka mi. Og fint at det er fleire som skriv nynorsk. Det er ikkje akkurat mange her. Eg kjenner at eg blir påverka av all bokmålet, og må prøva å nullstilla meg for kvar gong eg skal skriva noko, elles set eg i gong på bokmål. :gjeiper: *innom boka til Mirabella for å oppdatera seg - og lesa litt nynorsk* Her har jeg vel ikke vært å gratulert ennå. Gratulere så mye Så du hadde meldt deg inn i mars/april klubben Takk! Så artig at fleire finn turen innom dagboka! :-D Ja, eg er mars/april-medlem. Sjølv om eg godt kunne tenkt meg eit april-barn, håpar eg på å bli ferdig allerede i mars. Eg får ta turen innom boka di også. Eg har til nå vore sniklesar. Har ikkje skrive noko, for eg klarar aldri å halda følgje med tempoet der inne, men bør leggja igjen eit spor nå. :gjeiper: For eg har følgt med deg, heilt frå ei stund før den positive testen... *prøver å ikkje virka som ein forfølgjar* :gjeiper: --- I dag har vore ein hard dag. Kvalmen har vore ille, sjølv om eg heldigvis slepp oppkast, og eg har vore frykteleg trøytt, slapp og sliten! Eg har vore heilt zoombie heile dagen. Det var berre såvidt eg orka stå opp igjen etter middagskvilen, sjølv om eg hadde fått to heile timar i senga... Heldige meg som har ein mann som gjer så mykje for meg og prøver å vera forståelsesfull. Eg var nesten på gråten då han rydda ut av oppvaskmaskina, sette inni det skitne etter middagen og fann eit glas (daud) Farris til meg. (Og det var sjølvsagt han som laga nesten all middagen også...) Note to self: Når eg har fått energien tilbake, må eg gjera noko for å takka den snille mannen min. *tenke ut kva det kan vera* --- Edit: Kvifor kjem ikkje :gjeiper: fram når eg skriv det riktig, altså :geiper:? Dårleg... Endret 19. august 2008 av dreia Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Tussi! Skrevet 19. august 2008 #10 Del Skrevet 19. august 2008 seg - og lesa litt nynorsk* Takk! Så artig at fleire finn turen innom dagboka! :-D Ja, eg er mars/april-medlem. Sjølv om eg godt kunne tenkt meg eit april-barn, håpar eg på å bli ferdig allerede i mars. Eg får ta turen innom boka di også. Eg har til nå vore sniklesar. Har ikkje skrive noko, for eg klarar aldri å halda følgje med tempoet der inne, men bør leggja igjen eit spor nå. :gjeiper: For eg har følgt med deg, heilt frå ei stund før den positive testen... *prøver å ikkje virka som ein forfølgjar* :gjeiper: --- Edit: Kvifor kjem ikkje :gjeiper: fram når eg skriv det riktig, altså :geiper:? Dårleg... Fjern spørsmålstegnet som står helt inntil kolon Hjelp, jeg har en forfølger Bare koselig at folk syns livet mitt er interessant nok Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 20. august 2008 Forfatter #11 Del Skrevet 20. august 2008 Fjern spørsmålstegnet som står helt inntil kolon Det er nok ikkje berre å fjerna kolonet. :geiper: blir ikkje godtatt. : gjeiper : er derimot skrivemåten for :gjeiper: er på KG. Eg kjenner eg klør etter å finna fram raudpennen. Berre synd det går ut over PC-skjermen min i så fall... --- Slitsom dag i dag også. Kvalm store deler av dagen, og for litt under ein time sidan vakna eg opp etter ein to timars middagskvil. Det begynner å bli vanleg med så lange middagskvilar om dagane nå. Men trenger den vesle bønna så mykje søvn, skal h*n få det. :-D Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Tussi! Skrevet 20. august 2008 #12 Del Skrevet 20. august 2008 Tok ikke den gitt. Kan man ikke skrive det på begge måter? Du er ikke lærer vel :gjeiper: Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 21. august 2008 Forfatter #13 Del Skrevet 21. august 2008 Tok ikke den gitt. Kan man ikke skrive det på begge måter? Du er ikke lærer vel :gjeiper: Busted! Vel, har lærarutdanning, men har ennå ikkje funne motet til å jobba som lærar, så for tida jobbar eg med noko anna (men relevant i forhold til utdanninga mi, heldigvis :-D ). Dessutan er eg nok over gjennomsnittet interessert i språk, sjølv om det ikkje betyr at eg er så veldig flink til å skriva bra... Og nei, gjeiper er nok ikkje riktig norsk... --- I dag har eg vore kvalm og trøtt, men er meir motivert. For nå er det berre EIN DAG IGJEN TIL HEEEEEELG!! I kveld er mannen på besøk hos ein kompis og jammer litt. Godt å sleppe gitarøvinga heime litt. Det er sjølvsagt fint når han spelar ordentlege songar, men akkurat øving er liksom ikkje det artigste å høyra på. Planen her heime var å lesa litt bok, men eg får sjå om/når eg klarar å lausriva meg frå PC-en. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 21. august 2008 Forfatter #14 Del Skrevet 21. august 2008 (endret) Det ser visst ikkje ut til å bli særleg med lesing på meg i kveld likevel. Eg klarar ikkje å dra meg bort frå PC-en. Sit faktisk og pløyer meg gjennom Mirabellas dagbok - og det er jo nokre sider... I dag såg eg forresten ein motorsykkel med to personar på. Ein vaksen person godt ikledd lær og stor, sikker hjelm, svart frå topp til tå - og ei lita jente i heilt vanlege klær med flagrande lyst hår! Kven f**n har vel med seg eit lite barn på motorsykkel og ikkje kler det i noko sikkerhetsutstyr whatsoever? Ah, som eg håpte på at politiet hadde kontroll lenger borte på vegen, sjølv om det nok var å håpa for mykje... Og nå sit eg og lyttar til lydar frå naboleiligheten. Me trur det er tidenes største raring me har som nabo. Me høyrer stadig keyboardmusikk, sjølvsagt alltid seint på kvelden ved leggetid. Og nå trur eg det må vera "flaskemusikk", altså blåsing på tomflasker?? Det er liksom det det har gått i dei siste par vekene. *har passe lite ønske om å faktisk bli kjent med rare naboen* :gjeiper: Endret 21. august 2008 av dreia Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 21. august 2008 #15 Del Skrevet 21. august 2008 Det er nok ikkje berre å fjerna kolonet. :geiper: blir ikkje godtatt. : gjeiper : er derimot skrivemåten for :gjeiper: er på KG. Eg kjenner eg klør etter å finna fram raudpennen. Berre synd det går ut over PC-skjermen min i så fall... Er akkurat som meg, du! Eg også irriterar meg grønn over skrivefeil. Og spesielt når det er skrivefeil i aviser, på TV, og for eksempel på slike store forum som KG faktisk er. Det ser visst ikkje ut til å bli særleg med lesing på meg i kveld likevel. Eg klarar ikkje å dra meg bort frå PC-en. Sit faktisk og pløyer meg gjennom Mirabellas dagbok - og det er jo nokre sider... Oi, jammen ikkje verst! Trur nok du må bruka ein god del tid på å koma deg gjennom alle dei rundt 40 sidene i dagboka mi, ja. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 21. august 2008 Forfatter #16 Del Skrevet 21. august 2008 (endret) Er akkurat som meg, du! Eg også irriterar meg grønn over skrivefeil. Og spesielt når det er skrivefeil i aviser, på TV, og for eksempel på slike store forum som KG faktisk er. Oi, jammen ikkje verst! Trur nok du må bruka ein god del tid på å koma deg gjennom alle dei rundt 40 sidene i dagboka mi, ja. Me er nok nokså like der. Eg likar heller ikkje skrivefeil. Veit eg skriv ein del feil sjølv, men mykje av det trur eg er bokmålsord som snik seg inn i nynorsken min. Men det er mest fordi eg ikkje klarar (les: ønskjer) å skriva like "erkenynorsk" som desse fanatiske målfolka vil at ein gjer. Eg likar best å skriva slik eg snakkar, eg (riktignok på litt meir uformelle stader) - og ikkje minst slik at bokmålsfolket faktisk skal forstå meg. då har eg komme meg gjennom dei 42 sidene. Og det utan å skumlesa også, altså. Må jo få med meg det som andre nynorskbrukarar skriv. Men eg må innrømma at eg begynte allerede for nokre dagar sidan, så det har tatt litt tid... (Nå har eg riktignok sove ein del dei siste dagane også, men...) Så i dag starta eg på side 17. Kan tru eg sat med hjarta i halsen enkelte gonger, særleg då du opplevde blødningar! *redd* Men heldigvis las eg det i dag og ikkje i mai, så eg blei veldig beroliga av at eg hadde mange sider igjen og tickeren din viste over 28 veker. *puste letta ut* Og eg ser iallfall at eg har mykje å gleda meg til framover. Så lenge alt går like bra med bønna mi, sjølvsagt... Endret 21. august 2008 av dreia Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Gjest ¤bella¤ Skrevet 22. august 2008 #17 Del Skrevet 22. august 2008 Gratulerer med spiren! Jeg har foreløpig termin 7 april, så det blir artig å følge med, til tross for at jeg må konsentrere meg litt når jeg leser nynorsk Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Mirabella76 Skrevet 22. august 2008 #18 Del Skrevet 22. august 2008 Me er nok nokså like der. Eg likar heller ikkje skrivefeil. Veit eg skriv ein del feil sjølv, men mykje av det trur eg er bokmålsord som snik seg inn i nynorsken min. Men det er mest fordi eg ikkje klarar (les: ønskjer) å skriva like "erkenynorsk" som desse fanatiske målfolka vil at ein gjer. Eg likar best å skriva slik eg snakkar, eg (riktignok på litt meir uformelle stader) - og ikkje minst slik at bokmålsfolket faktisk skal forstå meg. då har eg komme meg gjennom dei 42 sidene. Og det utan å skumlesa også, altså. Må jo få med meg det som andre nynorskbrukarar skriv. Men eg må innrømma at eg begynte allerede for nokre dagar sidan, så det har tatt litt tid... (Nå har eg riktignok sove ein del dei siste dagane også, men...) Så i dag starta eg på side 17. Kan tru eg sat med hjarta i halsen enkelte gonger, særleg då du opplevde blødningar! *redd* Men heldigvis las eg det i dag og ikkje i mai, så eg blei veldig beroliga av at eg hadde mange sider igjen og tickeren din viste over 28 veker. *puste letta ut* Og eg ser iallfall at eg har mykje å gleda meg til framover. Så lenge alt går like bra med bønna mi, sjølvsagt... Akkurat slik er det med meg og! Eg skriv alltid nynorsk, men eg skriv omtrent slik eg sjølv snakkar. Skriv ikkje slike ekstreme nynorskord som kun er i bruk i skriftspråket, og ikkje lenger i talespråket. Synst det blir kunstig å skriva ord verken eg eller andre brukar, som rett og slett har gått ut på dato. Så får heller dei fanatiske målfolka irritera seg så mykje dei vil over oss som innimellom tyr til bokmålsord, i staden for utgåtte nynorskord. Er veldig imponert over at du har lest gjennom heile dagboka mi - til og med uten å skumlesa! Flinke dreia! Nei, eg gløymer aldri den kvelden då eg reiste meg opp frå sofaen, og blodet rant i store mengder. Det er noko av det mest skremmande eg har opplevd, og eg gløymer aldri den angsten eg følte - for eg var 100% sikker på at det gjekk gale då. Men tenk at alt faktisk viste seg å vera i sin skjønnaste orden med babyen i magen min! :-D Sjølv om det gjekk bra for meg, så unner eg ingen å oppleva noko slikt. Den angsten eg følte då eg trudde at eg mista babyen min, var ubeskrivelig vond. Og til dei som påstår at ein mistar tidleg når ein "berre" er 15 veker på vei, så kan dei umulig ha opplevd å vera gravide sjølv, og følt på kroppen kor sterkt forhold ein allerede har fått til den lille i magen på det tidspunktet i graviditeten. Du har veldig mykje å gleda deg til i tida framover! Alt går nok bra, skal du sjå! Det er jammen herlig å vera gravid, og å tenka på at om berre litt over 2 månader, så er eg mamma. Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 24. august 2008 Forfatter #19 Del Skrevet 24. august 2008 Gratulerer med spiren! Jeg har foreløpig termin 7 april, så det blir artig å følge med, til tross for at jeg må konsentrere meg litt når jeg leser nynorsk Takk! Og gratulerer sjølv! :-D *stikke ein tur innom dagboka* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
dreia Skrevet 24. august 2008 Forfatter #20 Del Skrevet 24. august 2008 [...] Og til dei som påstår at ein mistar tidleg når ein "berre" er 15 veker på vei, så kan dei umulig ha opplevd å vera gravide sjølv, og følt på kroppen kor sterkt forhold ein allerede har fått til den lille i magen på det tidspunktet i graviditeten. Du har veldig mykje å gleda deg til i tida framover! Alt går nok bra, skal du sjå! Det er jammen herlig å vera gravid, og å tenka på at om berre litt over 2 månader, så er eg mamma. Er det verkeleg nokon som meiner ein mister tidleg når ein er "berre" 15 veker på veg? Eg trudde at om ein hadde passert 12 veker, mista ein "seint"? Men sjølvsagt, eg tenker at om ein skulle mista, ville eg heller mista i veke 15 enn i veke 38... Æsj, slikt burde uansett alle sleppa! Då hadde eg nok lagt meg i senga og ikkje orka stått opp på fleire år. *ønskje at eg kunne trylla alle (ønska) svangerskap vellukka* Jøss, berre 2 månadar igjen?! For ei spennande tid! :-D *følge godt med* Lenke til kommentar Del på andre sider Flere delingsvalg…
Anbefalte innlegg