Gå til innhold

Fremhevede innlegg

Skrevet

Hei!

Eg er så heldig at eg har fått eit års permisjon frå studia mine for å jobbe (i ein jobb relevant for faget). Eg må flytte til ein annan kant av landet, men det er berre eitt år, og eg ser eigentleg fram til det. No nærmar det seg ganske raskt, og eg har framleis ikkje fått svar frå studiestaden min på nokre praktiske spørsmål. Reknar med det kjem etter ferien, men eg vil gjerne vite det litt snart. Det er jo ikkje usannsynleg at det er ting eg har gløymd å spørje om heller.

Så det eg lurer på er dette:

Eg er folkeregistrert i heimkommunen min, ikkje i kommunen eg studerer i. Må eg melde flytting til folkeregisteret til kommunen eg skal jobbe i, eller er ikkje dette naudsynt sidan det berre er eitt år og eg heilt sikkert skal tilbake til studia etterpå?

Må eg byrje å betale ned på studielånet?

Kan eg betale semesteravgift til skulen og på den måten framleis ha studentstatus?

Det er vel litt av dette som har opplagte svar, men når eg ikkje er heilt sikker kjennest det betre å spørje. Om de har fleire praktiske hint er det berre å kome med dei, eg er takknemleg for alle svar! :)

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...