Gå til innhold

Linn3c


Fremhevede innlegg

Skrevet
:) Hvor mange ganger skal jeg si det da? Du må ta det med ro vennen! Ingen bøying og tøying, henge opp tøy og sånt må du bare la være! Ingen vasking og støvsuging heller!

Har du vurdert bassengtrening for bekkenet?

Lettare sagt enn gjort, det der.. Når mannen er kanonsliten etter jobb og sovnar på sofaen like etter middag, og søv der til klokka åtte, og så sit med maskina til eitt, før han legg seg igjen. Har bedt han om han kan bera leikegrinda på loftet i snart ein månad, men det skjer ingenting. Og no ligg den og sperrar for trappa, så eg har ikkje fått henta ned julepynten eingong...

Bassengtrening, det er nok ein god idè. Får undersøkja litt etter nyttår.

Videoannonse
Annonse
Skrevet (endret)

Oversikt over ting som må gjerast:

* Kjøpa resten av presangane (svigers og mampap - sidan fotoboka ikkje blir ferdig. Svigers - vin, mampap - besteforeldrekoppar, viss eg finn. Krukker til snop frå Ikea.)

* Pakka inn resten av gåvene (besteforeldre og mine søsken)

* Laga nye karamellar, dei eg har laga vart aldri stive.

* Kjøpa og pynta juletre?

* Henta bilen på verkstad

* Levera julekort

* Levera gåver til naboen, svigerbesteforeldre og svigerfamilien

* Levera lånebilen tilbake og gåver til veneparet me har lånt han av

* Besøka grava til svigermor

* Pakka til turen

* Vatna blomar

* Klesvask - henge opp, legge saman, legge på plass

* Laga middag

* Rydda kjøkken

* Rydda stova

* Rydda soverommet

* Rydda og vaska badet

* Støvsuga

* Vaska golv

Hadde vore godt å koma heimatt til reint og ryddig hus for ein gongs skuld..

Nei, det er nok å ta av, eg får berre setja i gong! :vinke:

Endret av Linn3c
Skrevet
Lettare sagt enn gjort, det der.. Når mannen er kanonsliten etter jobb og sovnar på sofaen like etter middag, og søv der til klokka åtte, og så sit med maskina til eitt, før han legg seg igjen. Har bedt han om han kan bera leikegrinda på loftet i snart ein månad, men det skjer ingenting. Og no ligg den og sperrar for trappa, så eg har ikkje fått henta ned julepynten eingong...

Kjenner igjen det der ja. Mannen skulle gjort en god del hjemme da..men alt blir bare utsatt og utsatt. Har en del ting som skal bæres ned i boden.Og klærne får han nesten legge i skapet selv. Men blir det gjort...neida... Men han har alltid planer om det nårhan har frihelg da :ler: Men når helga er over, er det fremdeles ikke gjort noe. Og når jeg da snudde hele senga, sa han at;du skal ikke gjøre sånt helt alene... (når skal det ellers bli gjort :klø: )

Men skjønner veldig godt at han blir sliten etter jobb da. Spesielt nå rett før jul.

Skrevet

*takker høyere makter for at jeg har en ryddig mann*

Håper virkelig lillegutt blir bedre snart. Tett nese er skikkelig ubehagelig for voksne, så det må jo være helt forferdelig for en liten en.

:klem:

Skrevet

Pakkeliste:

H:

4 ullbodyar

3 ullstrømpebukser

4 par sokkar, 2 antiskli- og 2 ull-

3 bukser

3 gensrar

Utedress

Strikkebukse

Strikkegenser

Lue

Jakke

6 Smekker

Finkleda: skjorte, genser og bukse

Graut

2 flasker

Bøylen til tripp-trapp-stolen

Skrevet

Oss:

2 gensrar kvar

2 bukser kvar

4 sett undertøy kvar

4 par sokkar kvar

Finkle til begge,

->dress til mannen (hugs slips og slipsnål, finsko og finsokkar)

-> kjole til meg (hugs å kjøpe og ta med strømpebukse. Finsko og pynt til håret, smykker osb)

Jakke til begge

Regnkle?

Bæretøy

Skrevet (endret)

Oversikt over ting som må gjerast:

* Kjøpa resten av presangane (svigers og mampap - sidan fotoboka ikkje blir ferdig. Svigers - gin frå barskapet, mampap - cdar; siste av secret garden og jan werner)

* Pakka inn resten av gåvene (besteforeldre og mine søsken)

* Laga nye karamellar, dei eg har laga vart aldri stive.

* Kjøpa og pynta juletre? - utgår

* Henta bilen på verkstad - ferdig kl 17

* Skriva på og levera julekort

* Levera gåver til naboen, svigerbesteforeldre og svigerfamilien

* Levera lånebilen tilbake og gåver til veneparet me har lånt han av

* Besøka grava til svigermor

* Pakka til turen

* Vatna blomar

* Klesvask - henge opp, legge saman, legge på plass

* Laga middag - er planlagt, blir løvbiff med pommes frites

* Rydda kjøkken

* Rydda stova

* Rydda soverommet

* Rydda og vaska badet

* Støvsuga

* Vaska golv

Hadde vore godt å koma heimatt til reint og ryddig hus for ein gongs skuld..

Endret av Linn3c
Skrevet

Rent hus har jeg gitt opp tanken på at vi kommer hjem til, men mannn min har planlagt en middag som inneholder omtrent så mye forarbeid som vi har tid til... vi kjører innom pizzabakeren og bestiller, så drar vi på butikken og kjøper det vi trenger til i morgen, og så henter vi pizzaen på vei tilbake.

Ettersom han uventet likevel fikk juleferie kommer vi ikke tilbake hit i romjula, så det besøket får vi ha til gode til en annen gang. Og derved må jeg visst hoste opp rent tøy til å våkne i TI dager, i stedet for de 4 jeg hadde innstilt meg på...

Men nå må jeg reise og hente min mann, så om jeg ikke rekker innom her flere ganger de neste dagene:

GOD JUL!

Skrevet (endret)

Pakkeliste:

H:

4 ullbodyar

3 ullstrømpebukser

4 par sokkar, 2 antiskli- og 2 ull-

3 bukser

3 gensrar

2 Pyjamasar

Utedress

Strikkebukse

Strikkegenser

Lue

Jakke

6 Smekker

Finkleda: skjorte, genser og bukse + sko

Graut

2 flasker

Bøylen til tripp-trapp-stolen

Endret av Linn3c
Skrevet

Oss:

2 gensrar kvar

2 bukser kvar

4 sett undertøy kvar - manglar bh'ar, dei er til tørk

4 par sokkar kvar

Finkle til begge,

->dress til mannen (hugs slips og slipsnål, finsko og finsokkar)

-> kjole til meg (hugs å kjøpe og ta med strømpebukse. Finsko og pynt til håret, smykker osb)

Jakke til begge

Regnkle?

Bæretøy

Skrevet

Nå begynner det da å nærme seg slutten på pakkinga. :)

Skrevet

Innom for å ønske deg og familien en riktig god jul :nisse:

Skrevet

Åååå, det har eg heilt gløymt! Me er over halvvegs til termin, 12. mai! :hoppe:

Skrevet

Ja, så var romjula i gong, og me kosar oss inne i styggevêret. Henrik har lagt seg til vanleg formiddagslurtid, og eg lurer på om eg skulle lagt meg nedpå litt eg også.

Må hugsa å skriva handleliste til mannen, me har verken vått eller tørt i huset etter eit par dagar med stengte butikkar og høgtid. Me har jo heller nesten ikkje vore heime, så me hadde nesten ikkje handla nokonting til jula.

Skrevet

Gratulerer med over halvveis i svangerskapet, og vel overstått jul. :)

Skrevet

Har du bestilt deg time til 3D-ul enno? *spent*

Las dette på Majorstuaklinikken si side:

Den beste 3D-bildeopplevelsen får man mellom uke 24 og 34 (før hodet går ned i bekkenet).

Skrevet

Godt nyttår! :)

Her er det late dagar no på nyåret, eg og H har teke oss ei friveke til etter jula. Eller eg er jo sjukemeld, men han har fått tre dagar fri frå barnehagen. Og me storkosar oss i kvarandre sitt selskap! :-D

I dag har me sove lenge, heilt til kvart på ni, faktisk! Og så har me kosa masse, leika litt, sunge litt, ete litt og no kviler han seg etter god makaroni-varmlunsj eg laga til oss. Han er så herleg, den guten! :hjerte:

I går kveld, like før han skulle legga seg, så leika me fange-leik saman, alle tre. Kjempeartig! Eg kraup sakte etter han og sa at eg skulle komme og ta han, og han kvein i skrekkblanda fryd og sprang bort til pappa sine trygge armar. :hjerter_rundt:

No skal eg bera ned igjen slangen til sentral-støvsugaren, henga opp litt våte kle, legga saman og på plass litt tørre, så skal eg få vaska over golva. I alle fall oppe. Og då nærmar me oss nok våkning igjen, kan eg tenka meg. Eg plukkar vekk jula litt og litt, så det ikkje skal bli heilt tomt med ein gong. Ikkje det at me hadde så masse pynt rundtomkring, men det blir no alltid litt.

Ja, og så må eg hugsa å ringa Majorstueklinikkene. Må sjekka med mannen når det ikkje passar for han, så kan eg prøva å unngå dei dagane. :)

I morgon er eg 22 fullgåtte gravidveker! :hoppe:

I magen er det full fart, så snart eg set meg ned og tek det med ro. Som regel når H har lagt seg, elles er eg i vigør heile dagen. Ikkje det at eg gjer så masse, men ho blir nok vogga i søvn av dei vesle bevegelsane eg gjer likevel. Bekkenet har eg nesten ikkje hatt vondt i heile jula, men det har seg nok av at eg stort sett ikkje har gjort noko i det heile tatt. Eg merkar det knirkar og gjer vondt med ein gong eg vrir, snur, bøyer eller gjer noko anna som er utanom heilt vanlege plankekjøringsoppgåver for kroppen. Skubbe vogn for eksempel, gå på asfalt, bære posar eller ved opp frå nede til oppe.. Ja, stort sett det meste som eg har klart å unngå i jula, fordi eg har hatt så mange eg har kunna bedt gjera det for meg, rundt meg heile tida... Jaja, eg skal ikkje klaga. Nett no gjer det jo ikkje vondt! ;)

Skrevet

22 uker allerede. Så fort tida flyr!

Synes ikke det er lenge siden du fortalte det jeg. Og da visste jeg ikke engang om det som er i min mage...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...