Gå til innhold

Linn3c


Linn3c

Anbefalte innlegg

Gjest ¤Ronja¤

Det slo meg plutseleg at eg saknar deg så fææælt!!!! Eg er så utruleg glad for at eg har blitt kjent med deg, jenta mi! Du er herleg!!

Gledar meg til å treffe deg igjen!

Until then; eg er glad i deg! :hjerte:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Meinte då heilt bestemt at eg skreiv her i går kveld, då eg oppdaga at det var kome meldingar til meg her. Men, ser ikkje ut som eg gjorde det likevel..

Ja, sjå.. Det var sikkert sånn eg gjorde i går også. No skreiv eg det over her, og så begynte eg å kike på det eg har i dei andre vindauga på skjermen... Og gløymte heilt av dette. Og så lånte mannen maskina i og lukka ned web-browseren min. Garantert det som skjedde.

Men uansett; Heisann jentene mine! :vinke:

Beklagar at eg ikkje er å finne så masse her på kg for tida, eg er travelt opptatt med å vera småbarnsmamma til ein - lurer på korleis det skal gå når/viss eg får fleire ungar..

Dagen min startar stort sett klokka sju, med at Junior våknar og eg tek han opp i senga vår, fordi eg er så trøtt at eg ikkje orkar å stå opp med ein gong. Han får mat og etterpå kosar eg litt på han medan eg halvsøv litt til. Mannen går rundt halv åtte, då står eg og Junior opp. Går på badet, og er der i mellom ein halvtime og ein time.

Først kler eg av Junior og legg han på eit helseteppe på golvet, me har varmekablar så der kosar han seg leeeenge. Medan han ligg der, ordnar eg meg; dusjar og kler på meg. Så finn eg klart klede til guten og legg alt klart. Når eg er ferdig, set eg meg på golvet i lag med Junior og snakkar med han og tullar litt. Når han er lei av å ligga på golvet tar eg han opp og kampen for å få på kleda begynnar. :ler: Han har då lege akkurat lenge nok på golvet til å vera ferdig med det, men er ikkje ferdig med å vera naken. Hehe, likar ikkje å få på klede, nei. Men det går som regel heilt fint. Me syng og kosar oss, og får på kleda til slutt.

Når klokka er sånn ca halv ni går me på kjøkenet, eg har som regel Junior på hofta då, for han treng litt liggepause. Eg lagar meg frukost og et den med guten på fanget. Etter frukosten min, legg me oss på matta på golvet og leikar litt - ser på leikane og han smakar på det han får tak i. No dei siste fire dagane har han rulla frå rygg til mage, så det blir ein del øving på det. Heldigvis er han såpass stø på magen no at han ikkje hyler med ein gong han rullar.

Der er han visst våken... Kjem tilbake med vidare rapport seinare! :vinke:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Koselig med en rapport :)

Var sååå koselig å være med på å ligge litt på gulvet og leke og øve på å rulle rundt (ok, JEG kan det da... men du skjønner hva jeg mener)

Håper å se dere om ikke så lenge, jeg måtte jo bare forklare min kjære hvor stor og flink han er blitt, gogutten din, og han sier bare "går han enda?" Tullingen min :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Me kosar oss ja! :)

Men skal ikkje legge skjul på at det er tunge stunder og dagar innimellom. I dag er ein litt tung dag. Småen har vore grinete i natt og har også vore ganske grinete på morgonen i dag. No søv han dagens andre lur, så får me håpa at kva det no er som plagar han, er forsvunne når han våknar igjen. Han ligg i vogna si i garasjen; han søv så godt ute, og i dag er det for dårleg vêr til at vogna berre kan stå ute, derfor den mellomstasjonen mellom inne og ute.

Eg er også trøtt og slapp i dag, men prøver å bruka sovetida til Prinsen til noko fornuftig. Har lagt på plass masse klede no, og sit og ventar på at vaskemaskina skal bli ferdig, så eg får hengt dei kleda opp også. Måtte ha ein liten pust i bakken før eg tok til med støvsuginga. Også har eg MASSE papirar, reklame, rekningar og så bortover, som eg må sortere og hiva sikkert mesteparten. Det samlar seg opp og rotar noko så inn i hampen...

Har planar om å flytta opp kommoden som står under trappa, på kjøkenet. Og så flytta ein sjenk som står på barnerommet, ut under trappa. Og så stikke innom på Ikea og finne ei fin bokhylle som kan stå på barnerommet. :)

Hmm, kanskje finne meg litt mat medan eg framleis har "fri"? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hus at som babymamma er det lovå bruke disse tidene da småtten sover til å hvile/sove. Spesielt ettersom du har sovet lite i natt, så kan du jo trenge det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har han sove i nesten tre og ein halv time! Begynnar neste å bli bekymra her! Lurer på om eg skal gå ned og sjekke om han pustar. Men då kjem han berre til å våkne...

Malama: Ja, eg søv alltid når han har den fyrste luren sin. Så eg får meg ca tre kvarter på puta då. :)

liv: Det meinar eg at eg har! ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Samle info:

Sist jeg var i Bergen så fikk vi ikke sett så mye for det regnet hunder (overraskende?)... Har litt lyst å ta fløybanen (er det ikke det det heter?) og ellers lite. Kom plutselig på at jeg har et søskenbarn i bergen med en gutt som er bare 3 uker eldre enn M. Så jeg må nesten en tur og hilse på de og så en tur og hilse på venninnen min og hennes kjempekoselige dame ;) Ellers så er det opp til deg! Er jo ikke så lenge vi skal være heller da!

Tenkte litt på bilsete, tror du dere kan få lånt et av noen ? Blir så tungt å dra med seg alt.. Eller så kan vi kanskje leie på type babyshop eller noe?

Ikkje så veldig overraskande at det regna sist du var her nei... :ler: Fløybanen kan me godt ta, det blir kjekt! :)

Me har to bilseter, så det treng du ikkje å tenka på. Bilen har du til disposisjon om du treng han. :orangesmil:

Du kjem torsdag kveld, ikkje sant? Så då er det vel ikkje så masse å gjera anna enn å komma seg heim til oss, eta og slappa av etter reisa. Fredag og lørdag blir jo dei to heile dagane du har her, så då blir vel den eine i sentrum, opp på Fløyen og sånn, og den andre rundt på besøk? Eg berre "tenker høgt" her... :sjenert:

Har du vore på Akvariet før?

Torsdag;

Avreise 10:40 Oslo Gardermoen (OSL)

Ankomst 11:35 Bergen (BGO)

Så vi har jo litt tid på torsdag også da!

Så har vi fredag og lørdag som er hele dager!

Det er jo begrenset hva vi får med oss og da, to vogner i bilen sammen med to barneseter blir passe trangt! Men det går kanskje busser også?

Søndag;

Avreise 15:20 Bergen (BGO)

Ankomst 16:10 Oslo Gardermoen (OSL)

Så jeg tenkte å høre med søskenbarnet mitt om han var hjemme på torsdag, kanskje de kan møte oss i byen på ettermiddagen? (Vi har vel egentlig null nix og snakke om men jeg må nå få hilst på barna, og vist frem Markus ;)  Har ikke sett de på 4 år, og det vvar et møte på 20 minutter, før det var det sikkert to år igjen).

Hvordan er det med buss fra flyplassen og til dere? Greit å få lempet fra seg baggen ;) Og hvordan er det med barnesete på den bussen? Hvilket selskap kjører? (ringe og høre!)

Flybussen går vel til sentrum trur eg, så då blir det bytte av buss der, til Åsane terminal, og nytt bussbytte der. Veit ikkje koss det er med barnesete på bussen. Det er vel Tide som kjører. Her er link.Men som sagt så går det heilt fint at me hentar på flyplassen. :)

Det tar berre ca ein halvtime til sentrum med buss om det klaffar med overgangen. Omtrent det same det gjer med bil. Men det er ikkje så veldig mange bussruter som går heilt hit då, det er det einaste..

Berre håpar det blir bra vêr når de kjem, så de får sett Bergen i all sin prakt! :)

Gler meg til å få besøk! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest KATTAstrofe

Hei, leste litt i den gamle dagboka di, og så til min forundring at du hadde første legetime nøyaktig ett år før meg. Jeg skal også 11. april kl 09 :) Morsom tilfeldighet ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Urk! Er ufatteleg dårlg til å halda liv i boka mi merkar eg. Men det skjer så masse heile tida! I dag kjem liv og sonen, så då blir det masse liv her hos oss iallefall! Me gler oss!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...