Gå til innhold

Linn3c


Linn3c

Anbefalte innlegg

Då var gutane godt på plass på jobb og i barnehage, klesvask sett på, bilsetet til babyen remontert og frukosten er på god veg ned i magen. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Heima igjen. Og det med bil! :)

Mannen skulle på seminar i sentrum, så då drog eg likegodt inn dit og henta bilen. Så slepp eg å bussa til sentrum med barnevogn seinare i dag. *smart*

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så flott at alt ser bra ut på kontroll!!!! Vi saknar dykk!!!

Gjekk syinga greit? Prøvd deg på sjaltai også eller?

Tida flyr gitt, imponert over at de har fått babysetet på plass i bilen allereie!! Vårt er på utlån. Hehe... Har goood tid. :ler:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

God morgon! :)

Her sit eg med frukosten min. Har fått avgarde gutane mine, rydda litt nede, hengt opp to klesvaskar, lagt saman og på plass ein og no sit eg altså her.

Gløymte å senda med H kosepleddet i dag, så lurer på koss det går.. Eg vurderte faktisk å henta han tidleg i dag, og gå ein tur med han i vogna eller noko, så eg kan jo berre gjera alvor av planen, så får han pleddet sitt til sovinga likevel...

Elles har eg ikkje særleg planar for dagen. Rydda og stulla og stella litt her. Pakka fødebagen ferdig, kanskje? Og så skal eg sova litt. Ikkje dei største planane med andre ord..

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er viktig å slappe av og samle overskudd nå i denne siste tiden før fødselen. Det sier i alle fall alle til meg. (jada, de har begynt allerede, jeg må visstnok nyte å sove lenge om morgenen (ja, jeg som ikke evner å sove stort lenger enn til sju...) ligge "stjerne" i senga (hvor skal det bli plass til min mann?) før det flytter unger opp i den, og slappe av hvert sekund jeg kan rekke, for vips, så er det slutt på det for uoverskuelig fremtid... :ler: )

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ligg definitivt "stjerne" i senga på dagtid. Søv på ein heilt annan måte på dagen enn om natta. Men eg har jo ikkje hatt problemar med senga "full" av ungar så langt då. Men kan jo aldri vita.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Joda, ein grei kveld. Mannen har vore ute med jobben og ete middag, men er komen heim no. Eg held på å baka kake. :sikle:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Kaka vart veldig god. :)

God morgon!

No har eg endeleg funne meg frukost, etter ein særs aktiv morgon! :hoppe:

Eg må berre setja i gong med ein gong gutane dreg, elles sig eg berre saman framfor datamaskina og blir sittande her. Så då dei drog, gjekk eg på rommet til H og tok av sengesettet hans og hengte dyna, puta og lammeskinnet til lufting. Så tok eg smokkane og vatnflaska opp og hadde det i oppvaskemaskina etter at eg hadde tømt og fylt ho oppatt. Eg tok også med klesvasken opp og hengte den ut i det fine tørkevêret, etter at eg hadde sett på ein ny klesvask og teke ned den tørre frå snora.

Då eg hadde fått hengt ut klesvasken, gjekk eg på vårt soverom og rydda litt der, la saman alt stoffet mitt som berre hadde blitt slengt oppi kassen sin og flaut litt sånn lett utover kanten på kassen. Og så tok eg dei brukte og skitne kleda ned på vaskerommet. Så no er kjøkenet, soveromma og badet ryddige.

Då var eg endeleg klar for frukost. Svolta etter ein aktiv morgon. No har eg ete to skjever og ein halv banan, så no er eg mett og god og kjenner trøytta sige på.

Planen vidare er å få lagt saman litt tørre klede, kan ikkje forstå kvifor eg ikkje har lagt dei saman alt, for eg plar alltid å leggja saman kleda med ein gong eg tek dei frå snora. Men likevel har eg to fulle kleskorger med tørre kle som ikkje er samanlagte. Må berre ha meg ei lita oppdateringsrunde først. :sol:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ehh, har en stabel som gjør at det ikke er helt mulig å se at det står en stol på loftet jeg... men det ER en stol under alle de tørre klærne altså...

Jeg var flink lenge, men plutselig bygde det seg opp en stabel der... må ta en runde en dag. Tror det kommer litt av at jeg vaska opp masse sånne klær som dukka opp når mannen ommøblerte soverommet, klær som ikke er i bruk, som det derfor skal tas en avgjørelse på, om det skaø brukes eller gis til fretex eller kastes... slike ting blir lett utsatt...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...