Gå til innhold

Linn3c


Linn3c

Anbefalte innlegg

Bar han på magen då, er ikkje farleg å bæra i MT så lenge ikkje magen er i vegen. For når eg bær han i MT'en blir han midtstilt på kroppen min, og det er mykje sunnare for bekkenet.

Men det er pes å ha han i MT'en berre for å gå over stovegolvet, då prøver eg heller å ha han på sykkelen sin eller noko.

Det er forresten 26 dagar til UL, 11. desember! :)

Så du bærer på magen enno altså? Knerten er så tung at vi berre bærer på ryggen no, bortsett frå når vi kosebærer i slynge, derfor gjekk eg ut frå at du hadde han på ryggen. Hehe... Men det er ikkje farleg nei, heilt topp med magebæring så lenge du orkar og har plass!

Når det gjeld å gå over stovegolvet, om du ikkje har sykkel eller andre hjelpemiddel for handa, kva med å bære han på skuldrene? Bedre enn på hofta, i alle fall!

Men ta godt vare på deg sjølv vennen min... Tenker masse på deg... :klem:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Må ta vare på deg selv litt, vettu. :fy_fy:;)

Viiiiktig å ta vare på deg selv ja!

:sjenert:

Oi, gravid igjen?? :fnise:

Så koooooooselig!! :klemmer:

Håper virkelig du snart føler deg bedre!!

Takk Shiloh, kjekt at du syns det var koselig. :)

Så du bærer på magen enno altså? Knerten er så tung at vi berre bærer på ryggen no, bortsett frå når vi kosebærer i slynge, derfor gjekk eg ut frå at du hadde han på ryggen. Hehe... Men det er ikkje farleg nei, heilt topp med magebæring så lenge du orkar og har plass!

Når det gjeld å gå over stovegolvet, om du ikkje har sykkel eller andre hjelpemiddel for handa, kva med å bære han på skuldrene? Bedre enn på hofta, i alle fall!

Men ta godt vare på deg sjølv vennen min... Tenker masse på deg... :klem:

Her er det kosebæring på magen i MT'en. Feks når han er sjuk og liknande. Han er jo ikkje så tunge proppen, var 8,525 kg på ettårskontrollen.

Me ber han ein del på skuldrane, han kosar seg når han kjem opp i"høgden" (er jo begrensa kor høgt det er, med to relativt lave foreldre :ler: )

***

Henrik har forresten hatt sovedag her heime med meg i dag. Stod opp kvart på seks, noko som er tidleg til å vera han. Så då var han klar for å sova allereie før ni! Eg la han då, og la meg sjølv samtidig. Han sov berre ein times tid, og var fit for fight igjen.

Så var han trøtt igjen allereie klokka tolv, men eg haldt han vaken til ca eitt. Elles søv han så kort lur. Så eg la han då, og først over halv fem vakna han att! :overrasket:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hurra! Ein gjest i boka mi! :klemmer: på veslo!

Me har slappa av lenge i senga i dag, og så ete masse deilig frukost og så har Henrik leika seg litt. Eg har prøvd å hjelpa litt, men det er ikkje så behageleg å sitja på golvet for tida. Så då har han site litt på fanget og skrive med pappa på msn. :ler:

Etterpå gjekk me bort på leikeplassen. Der fann me ein mobil som me returnerte til eigaren via postkassen deira. Og så leika me litt i sandkassen. Henrik syns at det var kjekkast å sitja på fanget mitt og sjå på snøen og sanden og yret. Men me var då ute.

Så gjekk me nedom postkassen og tok med posten frå i går, før me snigla oss heimatt. Det går saaaakte med meg på asfalten, og spesielt når det er sånn flekkvis med is oppå. Så då eg endeleg nådde døra heima, var H sovna. Så då kledde eg av han og la han i senga. Han vart hyyysterisk når han ikkje fann kosepleddet sitt, så då måtte mammaen springa det ho makta for å henta det, så H ikkje våkna heilt.

Etter at han sovna såg eg på bæremammaene på GMN, med klump i halsen. Det er jo sååå flott å sjå så mange bærande samtidig! :rørt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skal me prøva oss på ein aldri så liten gjettekonkurranse?

Det er no litt over tre veker til UL, og eg er kjempespent på å få vita kjønnet til Småsmåtten!

Nokon som vil gjetta kjønnet?

Sjølv har eg ei kjensle på at det blir ein gut til. :babygutt:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ja, då var me klare for ein ny dag. Ja, det har me vore i ein time då, men no orka ikkje H å vera i senga vår og sjå på fjernsyn meir. Så no får me gå å henta ny leikekasse. Me har funne ut at det er betre å bytta kasse på laurdagar enn på søndagar, då få han leika med leikane sine heile helga! :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Ja, det er topp med leikekassebytting!

Han blir heilt gira av å få "nye" leikar kvar helg. Me har fire kassar som me byttar på, og nokre store leikar som me har "buande" i stova. Så då ser han igjen leikane kvar fjerde veke og kosar seg masse med dei. :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...