Gå til innhold

Juleboka


silvius

Anbefalte innlegg

Herved erklærer eg nok ei julebok for åpna! :nisse::nisse::nisse:

Syns dette er ein grei måte å samle alle tankane rundt jul, julekort og julepresanger.

Har ikkje komt så veldig langt i planlegginga ennå. Men det er jo faktisk 2 måneder igjen da. Har jo litt tid igjen.

Men med tanke på at eksamen nærme seg så er det jo greit å få gjort unna litt av alt dette julebestyret!

Tar gjerne imot kommentarer og gode (og dårlige) råd!

Julegaver

Julekort

Ønskeliste

Endret av silvius
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fortsetter under...

Jul ja.

Sjølv om det er 2 månader igjen er det egentlig ikkje så lenge! Snart har eg ikkje tid til å tenke jul eingang.

Eg blir på sørlandet til midten av desember. Så blir det vel heim for å jobbe litt. Håpa eg sleppe å jobbe julaften i år! Eg har jobba på julaften dei siste 4 årene. 3 av dei i dagligvarebutikk, 9-13, men i fjor (der eg kjem til å jobbe denne jula) jobba eg ettermiddag 15-22. (eller 22.30, men likavel).

Så i år håper eg virkelig at eg kan sleppe å jobba den dagen. Men eg har på følelsen av at eg nok blir spurt. Og då kjem eg vel til å sei ja, for eg er vel den einaste der som ikkje er bundet av mann eller barn som trenger meg den dagen.

I fjor var egentlig julaften ganske grei, sjølv om eg var på jobb. Vi feira jo jul likevel. Med juletre, julepynt, pinnekjøtt, julekaker, godterier og frukt. Og gaver til brukerne. Eg angrer ikkje på at eg fekk delta på ein sånn type julefeiring!!!

Siden eg berre bur på hybel og ikkje kjem til å vera her midt i den verste julestria blir det nok ingen julebakst her sør. Får heller ta det igjen når eg kjem heim. Hjelpa mamma litt. Dei siste årene har eg og hjulpet den eldste søstera mi med baksten. Då har vi tatt for oss sju sorter og faktisk klart å gjort dei unna på ein dag!! Eller kanskje det var å ta litt for hardt i, for et par av deigane skal jo stå over natta og då har vi gjort den klar kvelden i forveien og bakt den ut og steikt den dagen etter sammen med resten av kakene.

Gleder meg veldig til eg får slått meg til ro og kan lage masse julekaker til meg sjøl og dei som måtte finne det for godt å komme på besøk. Det er virkelig noe spesielt med jul altså!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Julegaver

Håper på å komme godt i gang med julegavene snart.

Må i alle fall lage meg ei oversikt.

Skal kjøpe julegave til: Rødt er ferdig innkjøpt

Mamma - 'Telefonbord'

Pappa - gaven blir vel fort lagt sammen med mamma sin...

Søs1 og svoger – farrisglass (innkjøpt i august)

Niese1 - lavalampe og 'Tamagochi'

Niese2 – bok og spill

Nevø1 - fotball og "lego"-byggesak-ting

Bror og svigerinne – noe til huset eller noe dei samler på? Gavekort på en bedre middag?

Søs2 – noe i serviset eller bestikket ho samler på?

Nevø2 – genser og bukse

Onkel E - ?

Venninne LT og Mann - ?

Baby – ?

Veninne K – velværekorg

Sønn1 – klær eller leiker? spill?

Sønn2 – strikket genser (den stripete med tog på) Under produksjon :)

Edit:

29. nov - Change of plans... ;)

2. des - Litt meir forandring, og litt meir rødt!! Takk søs! :ler:

Endret av silvius
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Julekort

Har ikkje heilt bestemt meg for korleis dei skal sjå ut. Men har masse ideer. Var på kortkurs for ei vekes tid siden, lager vel muligens eit av dei korta. Men har litt lyst til å lage litt forskjellig.

Dei som skal få julekort er i alle fall:

Mamma og pappa

Bror med familie

Søs1 med familie - OK

Søs2 med familie

Onkel E - OK

Onkel og tante i Sverige (hvis det er der dei befinner seg på den tida)

Svigerinnes foreldre?

Venninne LT - OK

Venninne C - OK

Venninne K - OK

Venninne B - OK

Venninne E - OK

Venninne AM - OK

Her er to alternativ til kort..

post-6357-1161526653.jpg post-6357-1161526699.jpg

Endret av silvius
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Julekalender er jo og ein ting kom eg på.

Gidde ikkje laga noe stort utav det siden eg ikkje har noen å lage til eller å få av. Men regner med at det blir ein eller annen sort sjokolade-kalender som vanlig. Advent er liksom ikkje heilt det samme uten kalenderen ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei hei! :vinke: Eg måtte jo innom her og sjå litt eg også då :) Og så koseleg å finne nokon som skrive nynorsk! :hoppe: Eg vart så språkforvirra her inne og over meg sjølv, at eg berre byrja å skrive bokmål rett og slett .... :sjenert:

Ser du har komt godt i gong med juleforberedelsane, men det er som du seie: 2 mnd igjen :):nisse:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Så koselig at du stakk innom Loevinna!

Eg begynte litt å lure eg og no, for du skreiv da virkelig bokmål i dagboka di! ;)

Men så koselig med fleire som skriv nynorsk (sjølv om eg føler at eg skriv veldig på dialekt, prøver å skjerpa meg litt då, og skriva litt meir forståelig)

Eg har komt skikkelig i julestemning i dag då! Etter å ha lest ein del julebøker!

Får ikkje håpe det blir som i fjor, da eg hadde "brukt opp" all julestemninga mi før jula kom... :forvirret:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei! Så koselig at du stakk innom Loevinna!

Eg begynte litt å lure eg og no, for du skreiv da virkelig bokmål i dagboka di!  ;)

Men så koselig med fleire som skriv nynorsk (sjølv om eg føler at eg skriv veldig på dialekt, prøver å skjerpa meg litt då, og skriva litt meir forståelig)

Eg har komt skikkelig i julestemning i dag då! Etter å ha lest ein del julebøker!

Får ikkje håpe det blir som i fjor, da eg hadde "brukt opp" all julestemninga mi før jula kom...  :forvirret:

Eg skrive mest på dialekt når eg skriv på MSN og slikt, men veitkje heilt ka folk her inne syns om det.. Kan jo være vanskelig for andre å forstå meg då ;)

Eg venta nok med julebøkene til desember eg då.. det og julesangane :) Syns det blir litt for tidlig å dra fram... :sjenert: No først skal eg nyte høsten.. men sysle litt med julesmåting.. :) Har bladd i Pandurokatalogen idag, og fått litt idea til korleis eg vil lage julekorta i år.. :) Men eg må skaffe meg materialet først.. så får sjå om eg får gjort det ut i veka..

Ka julebøke e det du har lest idag då? :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Annonse

Eg tenkte på juledagbøker Loevinna, her inne på KG. Er enig i at sånne, eh.. fysiske bøker er litt tidlig å dra fram.

Akkurat som med julekakene og julemarsipanen som kom i butikkane for snart ein mnd siden!! :overrasket:

Det blir berre småsysling med kort og planlegging og slikt før desember. Men det var berre så koselig å lese om alle dagbøkene til folk som hadde begynt å forberede jula at eg egentlig skulle ønske at vi var komt til desember... :ler:

Å, så kjekt å høre Ronja!! Takk for det! :sjenert:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg tenkte på juledagbøker Loevinna, her inne på KG. Er enig i at sånne, eh.. fysiske bøker er litt tidlig å dra fram.

Akkurat som med julekakene og julemarsipanen som kom i butikkane for snart ein mnd siden!!  :overrasket:

Det blir berre småsysling med kort og planlegging og slikt før desember. Men det var berre så koselig å lese om alle dagbøkene til folk som hadde begynt å forberede jula at eg egentlig skulle ønske at vi var komt til desember...  :ler:

Å, så kjekt å høre Ronja!! Takk for det!  :sjenert:

ÅÅÅhh.. ja eg syns det vart vel tidlig med "fysiske bøker" som du kalte det :)

Og eg synes det er aaalt for tidlig med julekaker og julemarsipan i butikkene allerede nå!! :overrasket:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kanskje eg skulle ha begynt på ei ønskeliste og. Berre sånn at eg har noe å gi til familien når dei kjem og spør ka eg vil ha… Søstrene mine har fått den lista eg har til no, men det kan jo hende at eg finne på fleire ting eg skulle hatt.

* bøker med Hardangersøm-oppskrifter

* bøker med inspirasjon til kort/scrapping

* stempel eller annet stash til kort/scrapping

* ”Artenes opprinnelse” av Charles Darwin

* ”Emile” av Jean Jaques Rousseau

* "Legenden om Narnia" av Clive Staple Lewis

* Middagsservise

* Hardangerbestikk

* Disney Klassikere på dvd

Det er liksom ingenting eg trenge, siden eg bur på hybel. Dessuten er det begrensa ka eg kan lagre hos mampap eller her på hybelen og.

Men utenom skulen er det stort sett kort/håndarbeid/hobby som opptar tida mi.

Endret av silvius
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Annonse

[1] Category widget

I dag har eg smakt på årets første julebrus... :overrasket:

Har budd på sørlandet i 2 år no, så eg tenkte det var på tide å smake på den _brune_ julebrusen :klø: Heilt feil farge jo!

Ikkje var den spesielt mykje å skryte av heller. Var liksom ikkje julebrus. Den smakte veldig champagnebrus... Det er jo godt det da, men fortsatt ikkje julebrus!

;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

I dag har eg kost meg litt med julebrus og julekortlaging!

Det er søren ikkje lenge igjen til jul altså!! Eg kjenner det begynner å haste litt med julegaver og julekort ja. Men føler eg har sånn tålelig kontroll enda.

Og så har eg glømt Skomakergata-boka heime.... :tristbla: Eg som hadde gleda meg til å lese den i desember! No får eg ikkje lest den før i midten av desember jo!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Snakka med Søs2 i dag. Vi kjøper jo dei fleste gavene til familien sammen (då kan vi gje ein gave av litt større verdi enn to 'små') og ho hadde ein god del ideer til gaver! Jippi! Eg har ikkje ofra gavene ein tanke dei siste vekene, og kjem nok sikkert ikkje til å gjere det dei neste tre heller... Då er det godt å vite at ho er godt i gang. ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I dag har eg kjøpt meg Flax-kalender! No har eg noke å sjå fram til eg og!

Og på fredag starter desember!! Det er heilt utrulig! :hoppe:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...