Fossegrimen Skrevet 9 timer siden #1 Skrevet 9 timer siden Eg er meir og meir lei og sliten av kommersielle sosiale medium: 1) Dei er fylt av trolle-kontoar 2) Dei er algoritme-styrt 3) Dei stel persondataen min 4) Dei blir mindre og mindre brukarvennlege, med fleire og fleire irriterande funksjonar Eg vart derfor glad da eg fann ut at det finst alternativ, nemleg dei ulike plattformene som til saman utgjer "Fødiverset". Her finn ein fleire plattformar som liknar på (gamle) Twitter, Instagram, Facebook, og liknande. Den mest kjente er nok Mastodon, som liknar mest på Twitter. Fordelen med plattformene her er eigentleg det motsette av dei vanlege kommersielle: 1) Dei har lite trolle-kontoar og bots 2) Feeden din er vanlegvis kronologisk (eller basert på emneknaggar du vil følgje) 3) Dei stel IKKJE persondataen din. 4) Dei er desentraliserte - altså er det ikkje ei lita gruppe menneske som sit bak og kontrollerer alt for eiga vinning. Eg synst det her er eit godt alternativ og liknar meir på det Internett vi vart lova for over 20 år sidan, kor folk kan halde kontakten med kvarandre, og kor eigarskapet er spreidd. Det er også veldig kult at ein kan følgje profilar frå alle dei ulike plattformene i systemet her. Sjå for deg at du kan følgje folk på Twitter, Instagram og liknande frå Facebook-sida di, utan at du treng å opprette eigen brukar på dei andre. Har du høyrt om det her? https://framtida.no/2024/03/10/fodiverset-eit-godt-alternativ-til-instagram-og-tiktok
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå