Gå til innhold

Tidlegare seksuelle erfaringar - grensen til overgrep?


Fremhevede innlegg

Skrevet

Hei!
Litt bakgrunnsinfo om erfaringane eg tenkjer på:
Når eg var 12-13 var eg mykje på internett, spesielt på barnesider som 123spill og 1001spill osv. Her er det chattesider, og så mange menn tok kontakt, mange opp mot 30-40 år. Dei visste alderen min då vi gjorde "asl"-greiene. Raskt byrja dei å snakke sex og fantaserte om kva dei ville gjere med meg. Eg var jo berre 12-13 så eg jatta med. Når eg var 13 kom eg i kontakt med ein på 25. Vi snakka fleire mnd, og eg vart forelska. Han fekk meg også til å tru at han var forelska i meg, då han behandla meg og snakka til meg slik eg ville gjort om eg var forelska på den alderen. Vi budde på kvar vår side av landet. Han hadde fast jobb, hus og sambuar. Eg gjekk på ungdomsskulen. Vi møttes etter mange mnd med "kjæreste-prat", og hadde sex. Dette var min første gong, og eg hugsa at eg berre låg der. Eg visste jo sjølvsagt ikkje kva eg skulle gjere. Kort tid etter slutta han sjølvsagt å snakke med meg, då hadde han jo fått det han ville. Dette har prega meg, og eg hugsar framleis kjenslene han gav meg, på godt og vondt.

Når eg var 15-16 kom eg i kontakt med ein mann på 40 år her eg bur. Og vi hadde sex jamnt over tid. Siste gong var når eg var 17år. Han og følte eg meg forelska i, for han og behandla meg "bra". Han møter eg stadig på, då vi bur på ein liten plass, og eg kjenner eg blir uvel berre eg ser han. Han smiler og helser, så trur nok at eg framleis syns bra om han 🤷‍♀️

Eg har som de sjølv ser hatt kontakt med mange menn over internett, og møtt nokre. Møtte mannen min(jamnaldra) som 19-åring og har sjølvsagt då kun vore med han sidan. 
Men likevel har eg tenkt over åra "tenkjer dei på meg" - som i "forstår dei at dette faktisk ikkje er ok sjølv?". Ser at fleire av dei er gifte og har fått born.
Kva menn/folk gjer slikt mot så unge? Kjenner sjølv når eg no er 30 at tanken på så unge gjer meg uvel.

Eg er no gift med verdas snillaste mann, og han veit ingenting om dette, og eg trur han hadde reagert kraftig(på dei, ikkje meg).
No i det siste har eg tenkt litt meir på dette, og blir ganske uvel av å tenkje at dette foregikk, og med såpass vaksne menn. Veit sjølvsagt at eg berre må slutte å tenkje på det, og la det gå. Veit eigentleg ikkje kva eg vil med dette, kanskje det hjelper å "snakke" om det her..

Takk for at du las ❤️ 

Anonymkode: d430c...96b

  • Liker 1
Videoannonse
Annonse
Skrevet

Du var under seksuell lavalder med han første hvertfall og delvis med han andre. Så da er det definert som overgrep, for det er ulovlig å ha sex med noen under lavalder. Vil absolutt si det er overgrep ja. På grunn av din alder og at de er voksne menn. 

Anonymkode: 84c5d...98d

  • Liker 2
Skrevet

Jeg pleide selv å være på slike sider da jeg var 11-12 år. Og det er skremmende hvor mange voksne menn det var som tok kontakt og som begynte med seksuelle tilnærminger. Husker jeg hadde et forhold med en mann i 40-årene over noen mnd da jeg var 12, han gav meg kontantkort som "betaling". Skammet meg lenge over denne opplevelsen, og det er nesten ingen som vet hva som skjedde. 
Lurer på hvor mange andre han gjorde det samme mot. 

 

Anonymkode: 861eb...7a5

  • Liker 1
Skrevet

Ja det var overgrep. Dette var voksne menn og du var et barn. 
 

Ville fortalt din samboer og anmeldt forholdene. 
 

Anonymkode: 52d2e...872

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Opprett en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...