Linn3c Skrevet 1. juli 2005 #1 Skrevet 1. juli 2005 Me mista barnet vårt! - Slik gjekk det til.... (saksa frå dagboka mi) Det heile starta på tysdag rundt klokka halv fem. Eg var på veg heim frå jobb, og fekk brått menssmerter. Noko eg ikkje har hatt sidan før eg vart gravid. Kom meg heim, og smertene vart verre utover kvelden. Etter nokre timar byrja smertene å koma nesten "støt-vis" som i rier eller veer. Eg tok ein paracet, og gjekk til sengs. Våkna opp klokka halv tre og merka at eg blødde. Gjekk på do og fekk det bekrefta. Gjekk inn på datarommet og surfa litt på nettet, prøvde å finna ut kva dette kunne vera. Om det kunne vera ufarleg, noko eg kunne gå til legen dagen etter å ordna opp i. Fann i grunn ikkje noko særleg dette kunne vera, anna en ein abort. Vart vettskremt og gjekk oppigjen i senga til mannen min. Vekka mannen og forklarte kva som var skjedd. Han var også redd og me lurte på å dra på legevakta. Men av ein eller annan grunn vart det til at me ville ringa ned på legevakta fyrst for å høyra om det var nødvendig. Me søkte på nettet etter telefonnummer, men fann liksom ikkje det riktige. Me havna i staden på Haukeland på legevakta der. Me vart sette over til KK (Kvinneklinikken) og dei fortalde oss at dette sannsynlegvis var ein spontanabort. Me vart kjempelei oss og visste ikkje kva me skulle gjera. Eg vrei meg i smerter kvart 5. minutt, nokre gongar oftare. Tilslutt fekk me time på Haukeland. Skulle vera der halv ti. Halv ni hadde eg så vondt at mannen orka ikkje vera her meir, ville berre komma oss oppover. Me drog oppover, og hadde fått beskjed om å møta på Poliklinikken. Så me gjekk til hovudbyugningen og inn på poliklinikken der. Der fekk me beskjed om at me hadde gått feil. Og eg hadde vear fleire gongar medan me stod der. Resepsjonsdama meinte at me kunne gå ned i hovudresepsjonen og få lånt oss ein rullestol. Då me gjekk frå poliklinikken fekk eg ei så hard og vond ri, at eg byrja å grine. Resepsjonsdama kom springande etter oss å befalte oss å gå ned å ta ein taxi. Så då gjorde me det. Me tok taxi bort til riktig plass, og venta i fem minutt. Så vart me lagt inn på eit rom, der eg endeleg kunne få leggja meg ned. Hadde grueleg vondt innimellom, men det vart betre når eg fekk ligga. Så venta me der ei stund, før me fekk koma inn på undersøkjingsrommet. Me traff legane, to av sorten. Ein "vanleg" og ein somarvikar. I tillegg til ein sjukepleiar. Så kledde eg av meg nedantil og la meg oppå benken, med beina "i vêret." Begge legane undersøkte meg nøye, fyrst såg dei berre vanleg. Deretter gjorde dei indre ultralydsundersøking på meg. Konklusjonen deira, etter lange venteminutt, og konferrering med overlegar og andre viktige helsepersonell, var at fosteret vårt var på veg ut. Kroppen min hadde prøvd å få det ut ei stund, så no låg det i livmormunninga. Fosteret var mykje mindre enn det burde vore, med tanke på når min siste mens var. Så det hadde kanskje vore dødt ei stund. Så sidan eg hadde rier allereie, ville dei helst at eg skulle føda ut fosteret sjølv. Så då fekk me eit rom til observasjon, og kunne ligga der til fosteret var ute. Me vart viste opp på den avdelinga me skulle vera på, og venta litt på ein sjukepleiar i venteområdet. Så kom me inn på rommet, som me delte med fyrst to, seinare tre andre. Og eg fekk eige bekken der eg skulle få ut restane. Eg skulle ikkje pressa, for dette skulle kroppen ordna sjølv sa dei. Så eg venta, låg å vrei meg i smerter, og venta meir. Men inkje foster ville koma ut. Etter to timar, fekk me beskjed om at det hjelpte å gå. Så då gjekk me, fram og tilbake i gongane. Opp og ned i trappene. Og så inn på bekkenet og pressa. Men det kom ikkje nokonting. Berre blod. Eg var kjempesliten. Ikkje kunne eg eta, og ikkje kunne eg drikka. I fall me skulle få utskraping likevel. Eg hadde berre (syns eg) meir og meir vondt for kvar ri, og eg pressa som ein gal. Trudde det heile tida var like om hjørnet, men ingenting kom. Så i fire-tida kom den nye sjukepleiaren (sikkert vaktskifte) og sa at me skulle få utskraping likevel og eg slapp å pressa meir. Då vart me letta. For eg var så fysisk sliten av alt saman. Det hadde jo haldt på i nesten eit døgn allereie. Me skulle få utskraping i seks-tida, men måtte ikkje bli overraska om det vart seinare. Så då fekk mannen min ringane mine og klokka mi. Og eg fekk band rundt armen. Me brukte tida litt til å ringe til familiane våre for å fortelja den triste nyhenda. Og alle vart jo sjølvsagt lei seg. Eg vrei meg i veane, men utan å presse, så då gjorde det litt mindre vondt. Etterkvart som eg vart meir "vant" med smertene vart eg litt meir oppegåande og me fann ut at me skulle ta oss ein tur til fellesrommet å sjå litt på TV. Eg anar ikkje kva klokka var, men sjukepleiaren vår kom svært stressa inn i rommet og sa at no måtte eg komma for no var tida inne. Mannen min vart med meg så langt han fekk lov, og drog heim for å kvila litt medan eg var inne. Eg vart plassert i ein slags gang, der lyset var av. Der var alle svært snille (som alle andre plassar me hadde vore før på dagen) og høflige og alle presenterte seg. Og sa kva yrket deira var. Eg fekk kanyle i handa medan eg låg i den mørke gangen, og i kanylen skulle eg få narkose og smertestillande. Eg fekk fysrt litt smertestillande som verka bortimot med ein gong, og det var godt. Så såg eg ho eine som var på rommet mitt bli køyrd ut, og eg skjønte at no var det snart min tur. Så kom dei snille damene og henta meg, og eg vart køyrd inn på operasjonssalen. Der måtte eg aka meg over på operasjonsbordet sjølv, og legga meg til rette sjøl. Når eg var på plass fekk eg narkose og alt vart svart. Eg sov visst veldig lenge i følgje sjukepleiaren som var der då eg vakna. Eg veit at klokka var kvart på noko når eg vakna,men eg hugsar ikkje om det var kvart på sju eller åtte. Så låg eg der i enten et kvarter eller ein halvtime til. Sov litt innimellom, så tida gjekk fort. Så vart eg køyrd ut att til det vanelge rommet eg låg på før utskrapinga. Og då eg kom ut, stod min kjøre mann i gongen der og venta på meg. Då var eg kjempeglad! Etter utskrapinga hadde eg ikkje vondt i det heile tatt. Føltes berre litt rart å vita at eg ikje lenger hadde eit foster i kroppen min. Så eg merka ingenting fysisk lenger. Me vart verande på rommet ei stund til. Før me fann ut at me skulle prøva å gå litt rundt og vera klare til å reise heim. Eg tok på meg mine klede att, og me gjekk inn på Tv-rommet litt. Så etter ei stund gjekk me for å sei ifrå at me var klare til å gå heim.
Lovebird Skrevet 1. juli 2005 #2 Skrevet 1. juli 2005 Så utrolig trist å lese. Det var nesten som å lese om min MA, men jeg var bare 8 uker på vei. Håper dere tar godt vare på hverandre i dagene som kommer. Stoor Lovebird
Gjest Lompa Skrevet 1. juli 2005 #3 Skrevet 1. juli 2005 :trøste: Uff, herregud, Linn, så grusomt trist. Men godt likevel å høre hvor fine alle hadde vært mot deg. Er vel ikke stort man kan si for å trøste nå, men sender en bråte med klemmer og lykkønskninger om at det går bra neste gang. Hvor langt på vei var du, forresten? Dobbelt klem!
knøtte Skrevet 1. juli 2005 #5 Skrevet 1. juli 2005 Huff og huff, vet ikke hva jeg skal si. Dette var fryktelig trist å lese....
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #6 Skrevet 1. juli 2005 Takk for klemmar og helsingar Eg var mellom 13 og 15 veker på veg.
Gjest Lompa Skrevet 1. juli 2005 #8 Skrevet 1. juli 2005 Man slapper liksom litt mer av etter å ha passert 12 uke, og så skjer noe sånt...Finner ikek ord,jeg!
Linn3c Skrevet 1. juli 2005 Forfatter #9 Skrevet 1. juli 2005 Uff. ja... - Men dei meinte visst at sidan fosteret var så lite som det var, så hadde det nok vore dødt ei stund...
Gjest Popelka ulogget Skrevet 1. juli 2005 #10 Skrevet 1. juli 2005 Saa synd! Hoertes ut som en ubekvem og lang prosess du maatte gjennom. Godt dere har hverandre!
Malama Skrevet 1. juli 2005 #13 Skrevet 1. juli 2005 :trøste: Trist lesing Håper det går bedre med dere, begge to. Tenker p ådere.
Gjest Trøsteline Skrevet 1. juli 2005 #16 Skrevet 1. juli 2005 Jeg trodde jeg skulle se liv for første gang på ultralyd uke 10 og endte noen timer senere opp på operasjonsbordet til utskrapning. Fordi jeg slapp både ventetid og smerter blir min opplevelse "tam" i forhold, men jeg sender 1000 varme tanker til deg!!! :trøste: For meg er det ekstra fantastisk at jeg nå er gravid på nytt, selv om det har tatt lang tid å innse at det nok kommer til å gå bra denne gangen. Krysser fingre for at du får en ekstra fin graviditet neste gang - for nå har du og kroppen vist at dere kan få det til!
Felicity Skrevet 1. juli 2005 #17 Skrevet 1. juli 2005 trist å høre. Håper at det går bedre neste gang. Hilsen
Ann Forup Skrevet 1. juli 2005 #19 Skrevet 1. juli 2005 så trist, så en masse trøst til begge to, synes nu du har lidt alt for længe trode det ville gå hurtig og man ville få noget for smerter.
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå