AnonymBruker Skrevet 15. mai 2020 #1 Skrevet 15. mai 2020 Finst det nokon her med litt peiling på fagfeltet draumetyding som kan svara på nokre ting eg lurer på? Eg kunne tenkt meg å studera noko i retning av filosofi/psykologi og i den samanheng registrerer eg i fritidslesinga mi at det ofte blir teke i bruk historiar og anekdotar om kva draumane kan fortelja oss om det ubevisste. Spørsmåla mine er kanskje derfor fyrst og fremst retta mot dei som har studert/studerer dette og som kanskje jobbar aktivt med det, som psykiatarar og psykologar (ikkje at eg veit kor stor del av arbeidet dette utgjer). Eg lurer på: Kor stor rolle speler denne tematikken i sjølve psykologutdanninga i Noreg? Eg kan jo tenka meg at Freud og Jung sine teoriar er viktige i grunnfaga, men leggjast det mykje eller lite vekt på draumar i forhold til det ubevisste? Kor vanleg er det å anvenda denne kunnskapen i det daglege verket som terapeut? Er det noko alle terapeutar har som eit ess i ermet i terapien, eller er det meir vanleg at ein jobbar spesifikt som "draumetydar"? Alle svar med enten kunnskap eller erfaringar frå dette er sjølvsagt velkomne - eg er altså ikkje utelukkande på jakt etter svar frå dei med fagleg bakgrunn:) Anonymkode: 5d57c...acb
Fremhevede innlegg
Opprett en konto eller logg inn for å kommentere
Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar
Opprett konto
Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!
Opprett en kontoLogg inn
Har du allerede en konto? Logg inn her.
Logg inn nå